Vedlegg 2
St.prp. nr. 72( 2008 – 2009), som Stortinget no har til handsaming, omhandlar mellom anna forlenging av bompengeordninga i Kristiansand i Vest Agder, omtala i kapittel 2.5. Det er ikkje vedtakspunkt om dette i proposisjonen. Departementet bed om at det ved handsaminga av proposisjonen vert teke med eit vedtakspunkt, jf. tilsvarande punkt i St.prp. nr. 45 (2007-2008).
Det viser seg vidare at den framdrifta som det var lagt opp til for handsaming av fase 1 av ny samferdselspakke kan bli for stram. Departementet foreslår difor at bompengeselskapet får høve til å forlengje dagens bompengeordning noko lengre enn foreslått i St.prp. nr. 72 (2008 – 2009). I proposisjonen står det at seinaste sluttidspunkt vil vere årsskiftet 2009/2010. Departementet foreslår no at seinaste sluttidspunkt blir utgangen av vårsesjonen 2010.
Bompengeordninga gir 6-7 mill. kr per månad i inntekt etter at utgifter til drift er trekt frå.
Forslag til vedtakspunkt om forlenging av bompengeordninga i Kristiansand i Vest-Agder:
5. Bompengeselskapet får høve til å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand, maksimalt ut vårsesjonen 2010. Vilkåra går fram av proposisjonen.