3. Komiteens tilråding
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at:
1. riksveg med tilhøyrande gang- og sykkelveg som går fram av vedlegg 1 i St.prp. nr. 72 (2008–2009), blir med heimel i veglova § 62 tredje ledd omklassifisert til fylkesveg, i Oslo kommunal veg, med verknad frå 1. januar 2010, med unntak av rv 3/rv 25 Løten–Hamar, rv 13/rv 55 Oppheim–Hella–Sogndal og rv 94 fram til tunnelinnslaget på Mellandet, som framleis skal vere riksveg, og rv 4 sør for Sinsenkrysset i Oslo som vert omklassifisert til kommunal veg.
2. veg med tilhøyrande gang- og sykkelveg som går fram av vedlegg 2, blir med heimel i veglova § 62 tredje ledd teken opp som riksveg frå 1. januar 2010
3. Samferdselsdepartementet fastset med endeleg verknad kor riksveg tek slutt.
4. prosjektet E18 Krosby–Knapstad i Østfold blir gjennomført basert på revidert kostnadsramme.
5. Bompengeselskapet får høve til å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand, maksimalt ut vårsesjonen 2010. Vilkåra går fram av St.prp. nr. 72 (2008–2009) og Innst. S. nr. 312 (2008–2008).