Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Verksemda til Det internasjonale valutafondet

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF eller Fondet) har 185 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om økonomiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: førebyggje ubalansar og kriser ved å overvake økonomien i medlemslanda, låne til land som har betalingsbalanseproblem eller er i krisesituasjonar, og gi teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei betre i stand til å nedkjempe fattigdom og realisere FNs tusenårsmål.

Verksemda til IMF vart i 2008 sterkt prega av den finansielle og realøkonomiske krisa i verdsøkonomien. IMF var sentral i arbeidet med å analysere årsakene til krisa, leggje fram forslag om den økonomiske politikken til medlemslanda og bruke sine instrument for å dempe verknadene av krisa i dei hardast ramma landa. Mellom anna lånte IMF ut midlar til land som fekk akutte vanskar med betalingstilhøva med utlandet. Store lån til fleire land i krise førte til at IMF måtte arbeide med å sikre likviditeten til IMF. Reforminitiativ i regi av dei såkalla G20-landa for å betre tilsynet med og reguleringane av finansmarknadene fekk stor merksemd. IMF sin utlånspolitikk, verksemda i låginntektsland og spørsmål knytte til rolla til statlege investeringsfond var òg viktige tema det siste året. Arbeidet med reform av organisasjonen sitt styresett og konsolidering av finansane har halde fram.

Pkt. 6.2 i stortingsmeldinga gir ei generell oversikt over oppgåvene til IMF og pkt. 6.3 ei oversikt over styresettet til organisasjonen. Pkt. 6.4 omtalar IMFs handtering av finanskrisa, medan pkt. 6.5 omtalar andre aktuelle spørsmål som har vore til behandling i IMF sidan førre kredittmelding. Pkt. 6.6 gir eit oversyn over særskilde forhold som gjeld Noreg.

Finanskrisa viser at det er behov for sterke internasjonale organisasjonar for økonomisk samarbeid, mellom anna om finansmarknadsspørsmål.

Verken IMF eller andre internasjonale organisasjonar varsla den omfattande krisa som verdsøkonomien no er inne i. IMF har i fleire år peikt på risikoen knytt til dei globale ubalansane i utanriksøkonomien, til dømes underskotet i USA og overskotet i mange asiatiske land. Organisasjonen har òg peikt på risikoen for boblar i bustadmarknadane i fleire industriland, og dei negative konsekvensane for realøkonomien dersom bustadprisane fell vesentleg. Men IMF varsla ikkje i særleg grad om farane knytt til utviklinga av komplekse finansielle strukturar og til at vesenlege delar av finanssektoren i industriland ikkje var underlagt tilstrekkeleg regulering og tilsyn. Utviklinga har vist at trua på marknaden si evne til sjølvregulering var sterkt overdriven, og at manglande regulering var ei kjelde til ustabilitet.

Krisa syner at IMF si overvaking av finansiell stabilitet ikkje har vore god nok. Derfor er styrking av dette området ei viktig oppgåve. Dette må mellom anna føre til at IMF får betre tilgong til å gjennomgå dei finansielle marknadene i alle medlemslanda, og at alle land blir behandla likt. Til no har til dømes IMF sin særskilde gjennomgong av finansmarknadene (FSAP) i dei einskilde medlemslanda vore frivillig, og fleire sentrale land som til dømes USA har ikkje ønska ein slik gjennomgong før no. Frå norsk side har ein blant anna tatt til orde for at FSAP skal verte obligatorisk for alle medlemsland, og ein stør arbeidet med å utvikle eit system for tidleg varsling av fare for finansiell ustabilitet.

Då uroa i dei finansielle marknadene starta hausten 2007, var IMF raskt ute med analysar som synte alvoret i situasjonen. Dei peikte på risikoen for at utviklinga i finansmarknadene kunne føre til ein omfattande nedgangskonjunktur både i USA og industrilanda generelt. IMF kom dessutan med nedjusteringar av sine prognosar for den økonomiske utviklinga, og gav høge anslag for tapa i finansmarknadene, som fleire land og analysemiljø meinte var for pessimistiske. Organisasjonen peikte derfor tidleg på at det var behov for finanspolitiske tiltak, mellom anna fordi problema i finansmarknadene svekka effekten av dei pengepolitiske tiltaka som medlemslanda alt hadde sett i verk.

Samstundes har IMF teke aktivt tak i spørsmål knytte til finanskrisa på alle arbeidsfelta sine. Analysar og politikkråd har vore eit viktig satsingsområde. Gjennom sommaren og utover hausten vart styret stadig hyppigare orientert av staben og administrasjonen om utviklinga i finanskrisa. Styrediskusjonane om IMF sine hovudpublikasjonar for multilateral overvaking – World Economic Outlook (WEO) og Global Financial Stability Report (GFSR) – la vekt på desse forholda.

I byrjinga av oktober diskuterte styret IMF si rolle i den pågåande finanskrisa og samarbeidet med Financial Stability Forum (FSF). FSF vart etablert i samband med Asia-krisa på slutten av 1990-talet. Det har som hovudansvar å vurdere regelverksutfordringar for den internasjonale finansielle stabiliteten, identifisere og føreslå tiltak for å møte desse utfordringane og å fremje samarbeid og informasjonsutveksling mellom myndigheitsinstansar med ansvar for finansiell stabilitet i kvart enkelt land. FSF er dominert av G7-land, men har også medlemmer frå nokre andre sentrale land og frå forskjellige internasjonale organ som arbeider med internasjonal finansiell stabilitet, mellom anna IMF.

Dei enkelte medlemslanda i IMF – spesielt G7-landa, men også andre rike land – hadde i oktober innført omfattande tiltak for å møte krisa i finanssektoren, mellom anna: (1) lågare renter frå sentralbankane, (2) utvida tiltak for å sikre likviditeten i pengemarknadene, (3) kapitalstøtte til ulike finansinstitusjonar, (4) program for å kjøpe tapsutsette lån og (5) utvida garantiordningar for å sikre finansinstitusjonens finansiering. Styresmaktene i dei ulike land hadde også måtta overta enkelte finansinstitusjonar og/eller bidra til at institusjonar vart overtekne av andre.

FSF hadde føreslått mangesidige reforminitiativ som mellom anna omfatta (1) betre tilsyn med finansinstitusjonars kapital, likviditet og risikosystem, (2) større openheit og betre rekneskapsreglar for drifta i finansinstitusjonane, særleg for nye finansielle instrument og aktivitetar utanfor hovudverksemda, (3) endra rolle for kredittvurderingsbyråa, (4) oppgraderte rutinar for risikovurdering hos styresmaktene, og (5) styrkt myndigheitsberedskap for å møte kriser i det finansielle systemet. Mange av forslaga hadde som mål å fremje samarbeidet blant dei ulike myndigheitsinstansane innover i kvart enkelt land og over landegrensene. Fleire forslag omfatta også rollefordelinga og samarbeidet mellom internasjonale institusjonar, mellom anna spesielt forholdet mellom IMF og FSF.

Styret i IMF støtta dei tiltaka som var innførte av medlemslanda, spesielt sett i lys av kor alvorleg og omfattande finanskrisa hadde vorte. Styret understreka særleg kor viktig det er med intensivert internasjonalt samarbeid, dels gjennom koordinering av tiltaka i dei enkelte land og dels gjennom ei meir aktiv rolle for dei internasjonale institusjonane, mellom anna eit styrkt samarbeid mellom IMF og FSF. IMF skal ha ansvaret for overvakinga av det internasjonale finansielle systemet, medan FSF skal ha ansvaret for internasjonale reformer med omsyn til tilsyn, standardar og reglar for finansinstitusjonars drift. Det blir samarbeidd om utviklinga og bruken av tidlegvarslingssystem, der IMF konsentrerer seg om samspelet mellom realøkonomi og finanssektor og dessutan sårbarheit for det makroøkonomiske systemet, medan FSF konsentrerer seg om sårbarheita i det finansielle systemet. Sidan erfaringane hadde vist at desse forholda heng tett saman, vart det sterkt understreka at vidare nært samarbeid mellom institusjonane var kritisk viktig.

Denne forståinga av arbeidsdelinga og samarbeidet mellom IMF og FSF vart nedfelt i eit felles offisielt brev frå institusjonane til statsleiarmøtet i G20 i november. Der vart det også understreka at ansvaret for å følgje opp politikken overfor finanssektorane ligg til dei nasjonale styresmaktene. IMF vurderer dette i samband med den bilaterale overvakingspolitikken.

Dei nordiske og baltiske landa delte fullt ut dei vurderingane som kom fram i diskusjonen. Særleg la ein vekt på kor viktig det var å innføre tiltaka som takla den nærliggjande krisa, og kor nødvendig det er med tett samarbeid mellom land for å unngå uheldige samordningsproblem. Dei argumenterte også sterkt for at IMF skulle ta ei meir aktiv og sentral rolle i samsvar med mandatet det har, den universelle representasjonen og særskilde kompetansen på overvaking og rådgiving om samspelet mellom makroøkonomi og finansiell stabilitet.

Hovudbodskapane frå denne diskusjonen og dessutan diskusjonane om overvakingspolitikken, om World Economic Outlook og Global Financial Stability Report, danna bakgrunnen for diskusjonen om finanskrisa på møtet i IMFC (den internasjonale monetære og finansielle komiteen) i oktober 2008. IMFC-møtet vart overskygd av dramatikken i dei internasjonale finansmarknadene etter at den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers gjekk over ende i midten av september. Møtet i G7 dagen før IMFC-møtet skisserte ein omfattande tiltaksplan overfor finanssektoren, som i all hovudsak samsvarte med dei tiltaka som kvart av landa heilt eller delvis hadde innført. Det nye var at medlemslanda forplikta seg til å ta alle nødvendige skritt for å stabilisere situasjonen, at dei understreka kor viktig det var å gjere det samtidig, og at internasjonalt samarbeid var kritisk viktig for at dei skulle lykkast. Føremålet var å vise stor handlekraft for at tilliten til finanssektoren kunne gjenvinnast. IMFC la òg avgjerande vekt på ei aktiv rolle for IMF og FSF.

Uteståande lån frå IMF hadde nådd eit historisk lågt nivå i første del av 2008 etter fleire år med positiv utvikling i framveksande økonomiar og utviklingsland. Dette kom av sterk vekst i internasjonal økonomi og handel, kraftig oppgang i energi- og råvareprisar og dessutan gunstige forhold i internasjonale finansmarknader. Det kom òg av omlegging av den økonomiske politikken i mange land, noko som gav betre ekstern og intern balanse. Landa som kom til IMF for lån i samband med krisa i Asia og Latin-Amerika på slutten av 1990-talet og byrjinga av dette tiåret, hadde betalt ned si gjeld. Tyrkia betalte ned sitt IMF-lån i mai 2008.

Denne utviklinga snudde i andre halvdel av 2008 då den pågåande krisa ramma framveksande økonomiar med full tyngd. Lågare internasjonal vekst og handel og dessutan svært vanskelege forhold i dei internasjonale finansmarknadene medførte at ein del framveksande økonomiar fekk betydelege problem i utanriksøkonomien, gjennom kraftig forverring i driftsbalansen og/eller manglande refinansiering av privat eller offentleg utanlandsgjeld.

Dette resulterte særleg i to tiltak frå IMF si side. For det første vart den særskilde hurtigprosedyren for krisefinansiering igjen teken i bruk for fort å kunne hjelpe medlemsland som kom i betalingsvanskar. Denne prosedyren vart sist brukt under Asia-krisa og enkelte gonger etter det. Den gjer det mogeleg å yte lån på svært kort varsel til medlemsland som er i ein spesielt vanskeleg finansieringssituasjon, der rask respons frå IMF er avgjerande for å avgrense skadeverknadene for den finansielle stabiliteten i landet og i omverda.

For det andre vart det i slutten av oktober etablert ei ny låneordning for framveksande økonomiar (Short-Term Liqudity Facility), som skulle møte dei utfordringane enkelte av dei no stod overfor. Men denne ordninga vart nedlagd alt i mars 2009, då styret etablerte ei ny låneordning, "Flexible Credit Line", til erstatning.

Den særskilde hurtigprosedyren har vorte brukt i brorparten av dei nye kriselåna som har vorte innvilga. Dei nye kriselåna har vorte ytte i form av den vanlege kortsiktige låneordninga til IMF (SBA). Dei fleste låna har vore høgare enn den normale storleiken. Ved slike ekstraordinære lån blir det kravd at (1) presset på betalingsbalansen er stort, (2) at gjeldssituasjonen til landet er forventa å vere berekraftig, (3) gode utsikter for at landet vil gjenvinne tilgangen til private finansmarknader under løpetida for IMF-programmet og (4) stor sjanse for at den makroøkonomiske tilpassinga til landet vil lykkast. Det er òg strenge prosedyrekrav for styret si behandling av slike lån i form av dokumentasjon knytt til (1) dei nemnde krava, (2) alternative scenario som kan vurderast og (3) ein plan for korleis låneforholdet skal avviklast. Vanlegvis blir låna utbetalte over ein periode på om lag to år, for deretter å bli betalte tilbake over periode på 3 1/4 til 5 år. Det skal i tillegg gjennomførast ei grundig vurdering av lånet i etterkant.

Tabell 6.3 i meldinga viser dei medlemslanda som har inngått nye låneprogram med IMF (utanom dei særskilde låneordningane for utviklingsland) sidan sommaren 2008. Tabellen viser òg løpetida for lånet, storleiken på lånet både målt i SDR og som del av medlemslandet sin kvote, og om den særskilde hurtigprosedyren for krisefinansiering vart brukt. Bakgrunnen for låna til dei største av desse landa er nærare omtala i boks 6.1 i meldinga.

Som følgje av den sterke veksten i utlåna og utsiktene til at fleire land kan få vanskar med å finansiere underskot på betalingsbalansen, er det eit spørsmål om utlånskapasiteten i tida framover vil vere tilstrekkeleg til å møte medlemslanda sin etterspørsel etter lån. IMFs utlånsressursar har dei siste ti åra minka sterkt sett i forhold til ulike mål for storleiken på verdsøkonomien (samla produksjon, handel, kapitalstraumar og liknande). Låneetterspørselen framover er usikker og er i stor grad avhengig av korleis finanskrisa utviklar seg. IMF har uttrykt at det kan vise seg nødvendig å doble utlånskapasiteten til om lag 500 mrd. USD. Tilgangen på utlånsmidlar kan aukast anten ved ein generell auke av kvotane eller gjennom særskilde avtaler med medlemsland om trekkrettar (lånetilgang).

I IMFs styre har den nordisk-baltiske valkrinsen støtta at ein tok opp arbeidet med å sikre utlånskapasiteten til fondet og særleg vist til multilaterale ordningar som NAB. I februar 2009 konkluderte styret med at det på kort sikt hastar med å auke utlånskapasiteten til fondet, men at ytterlegare analyse er nødvendig for å slå fast det langsiktige behovet. Styret la vekt på at kvotar skal utgjere den grunnleggjande kapitalen til fondet, men at bilaterale lån frå medlemsland på kort sikt er det beste alternativet for å auke utlånskapasiteten. Styret viste til avtala med Japan om ein auka lånetilgang på USD 100 mrd. og bad om at ein heldt fram arbeidet med å finne andre långivarar. Styret slutta seg òg til at IMF arbeidde mot ei utviding av NAB-ordninga. I mars 2009 tilbaud EU å gi IMF ein lånetilgang på 75 mrd. euro.

27. mars 2009 sende finansministeren eit brev til administrerande direktør i IMF med tilbod om å starte ein dialog om eit bidrag frå Noreg. Utgangspunktet frå norsk side var ein auka lånetilgang for IMF i Noregs Bank på opp til 30 mrd. kroner, under føresetnad av samtykke frå Stortinget. Regjeringa meiner at Noreg, som er blant dei landa med store internasjonale reservar, bør vere med og bidra til at utlånskapasiteten til IMF blir sikra i denne djupe internasjonale økonomiske krisa. Ei eventuell avtale med IMF vil Regjeringa leggje fram for Stortinget i ein eigen proposisjon.

G20 heldt ein konferanse for statsleiarar i Washington D.C. 15. november 2008, sjå boks 6.2 i meldinga om G20. Temaet var styresmaktene si handtering av den globale finansielle og økonomiske krisa. På kort sikt vart det sett søkjelys på å stabilisere verdsøkonomien gjennom makroøkonomiske tiltak og tiltak retta mot finanssektoren. Bodskapen var at styresmaktene ville ta i bruk alle nødvendige verkemiddel for å demme opp for krisa. Dernest var det fokus på tiltak for å førebyggje tilsvarande kriser for framtida. Særleg vart det teke initiativ for å fremje eit tettare internasjonalt samarbeid.

Kommunikeet frå konferansen var omfattande. I tillegg til dei kortsiktige tiltaka vart det knesett ein del hovudprinsipp for reform av finanssektoren: (1) Styrkt openheit, (2) forbetra regulering, (3) auka integritet, (4) tettare internasjonal samarbeid og (5) reform av multilaterale organisasjonar. Med bakgrunn i desse hovudprinsippa vart det nedsett eit sett med arbeidsgrupper som skulle førebu forslag til reformer til eit nytt møte for statsleiarar den 2. april 2009. G20-kommunikeet framførte fleire føringar for IMF sitt arbeid framover:

  • IMF er sentral i å analysere årsakene til og lærdommar frå krisa og å anbefale ulike tiltak for å førebyggje kriser i framtida. Analysar her vil mellom anna danne grunnlag for forslag til reformer for å motarbeide prosyklikalitet i finanssystemet.

  • IMFs arbeid med å vidareutvikle varslingssystem for mogelege kriser, der ulike risikoar, sårbarheiter og smittekanalar mellom land er viktig. Ein føresetnad er eit nært samarbeid med eit utvida FSF. Arbeidsdelinga mellom dei to institusjonane vart skissert i eit felles brev til G20-møtet.

  • IMFs ulike låneinstrument skal vurderast for å sikre at dei er vel tilpassa dei utfordringane framveksande økonomiar og utviklingsland no står overfor.

  • IMFs rolle i å yte råd om makrofinansielle forhold skal styrkjast. Dette skal skje parallelt med at den særskilde gjennomgangen av det finansielle systemet – Financial Sector Assessment Program (FSAP) – som blir gjennomført av IMF og Verdsbanken i fellesskap, skal få ein meir sentral og integrert plass i den bilaterale overvakinga i kvart enkelt medlemsland. Alle G20-landa forplikta seg til å gjennomføre ein FSAP.

Utfallet av G20-møtet i november stadfesta IMFs sentrale rolle (1) i å handtere kriser, mellom anna gjennom kriselån, (2) i å førebyggje kriser, mellom anna gjennom overvakingspolitikken, mellom anna tidlegvarslingssystem, og (3) i å gi politikktilrådingar, mellom anna gjennom å analysere årsaker og lærdommar frå den pågåande krisa.

Den internasjonale krisa har sitt utgangspunkt i finanssektoren. Den har avdekt svakheiter i regulering og tilsyn i fleire land, og i finansinstitusjonane si risikostyring. Globalt integrerte finansmarknader har ført til at problem ein stad, og gjennom fleire kanalar, raskt har spreidd seg til å bli eit verdsomspennande problem. Det er derfor nødvendig med forbetringar av metodar for overvakinga av finansiell stabilitet.

Det må vere eit overordna mål at heile den finansielle sektoren skal omfattast av regulering og tilsyn. Ein må gå gjennom tilrådingane i Basel II-regelverket, og reglane i dei korresponderande EU-direktiva, i lys av finanskrisa. Det er eit overordna mål at regelverket i minst mogeleg grad skal bidra til å forsterke konjunktursvingingane Det er òg viktig å ha eit rekneskapsregelverk som fremjar openheit om den faktiske situasjonen i finansinstitusjonane. Rekneskapsreglane må alltid gi eit mest mogeleg rett bilete av den finansielle statusen.

Avlønningssystem i finanssektoren har stimulert til å ta risiko. Tilsynsmyndigheitene må sjå til at finansinstitusjonane ikkje bruker avlønningssystem (mellom anna provisjonssystem) eller andre insitamentsstrukturar som kan føre til at det blir teke risiko som ikkje kan sameinast med ei langsiktig berekraft.

Hemmeleghald i mange skatteparadis kan svekkje global finansiell stabilitet. Det internasjonale arbeidet mot hemmeleghaldet i skatteparadisa må styrkjast, både i OECD og gjennom andre kanalar.

Elles blir det i norske posisjonar mellom anna lagt vekt på at ein må unngå proteksjonisme og handelskrig. Svakheiter i WTOs regelverk må ikkje utnyttast til å byggje opp handelsbarrierar. WTO-forhandlingane må takast opp att så snart som råd.

Noreg helsar velkome det arbeidet som blir gjort i G20 for å nedkjempe økonomi- og finanskrisa. Det er viktig at resultata og tilrådingane frå G20-prosessen blir kanaliserte inn og forankra i det multilaterale systemet, så som IMF, Verdsbanken og FN-systemet.

Med breidda si, den politiske tilknytinga og den etablerte overvakinga av medlemslanda er det naturleg at IMF får ei sterkare rolle i samband med overvakinga av finansmarknadene. IMFs kompetanse og ressursinnsats på finansmarknadsspørsmål bør styrkjast. IMF bør utviklast til ein arena for samarbeid om – og utveksling av bestepraksis for – tilsyn og regulering av finansmarknadsinstitusjonar.

IMF bør leggje større vekt på finansmarknadsspørsmål i den bilaterale og multilaterale overvakinga, mellom anna med sikte på å vurdere systemiske aspekt. IMFs overvaking av finanssektoren i medlemslanda bør styrkjast, både ved FSAP og regulære artikkel IV-konsultasjonar. FSAP bør gjerast obligatorisk for systemviktige land.

IMF bør derimot vere tilbakehalden med å påta seg ei rolle i konkret regelverksutvikling. Dette meir teknisk prega arbeidet bør framleis liggje i Bank for International Settlements (BIS). Det kan likevel vere føremålstenleg at samarbeidet mellom IMF og BIS blir styrkt, anten direkte eller via FSF.

Samarbeidet mellom IMF og FSF bør styrkjast for å forhindre framtidige kriser. Arbeidet i FSF bør i større grad trekkjast inn i IMFs eiga verksemd. Det er positivt at medlemskrinsen i FSF er utvida til å inkludere alle G20-land. Dette vil bidra til å auke legitimiteten til FSF.

Tiltak bør iverksetjast for å sikre at IMF er i stand til å møte lånebehov som kan oppstå i løpet av den pågåande krisa.

Den noverande reformprosessen bør også brukast for å styrkje samarbeidet mellom Bretton Woods-institusjonane og FNs fond og program.

Dei multilaterale utviklingsbankane har ei viktig rolle i å hjelpe utviklingsland med å få tilgang til finansiering. Kapitalstraumane til utviklingsland minkar no klart, og utviklingsbankane (saman med IMF) er, gjennom auka långiving, nokre av dei svært få som motarbeider denne negative trenden. Samarbeidet mellom Bretton Woods-institusjonane og FNs fond og program bør styrkjast.

Noreg har utarbeidd posisjonspapir til dei spørsmåla som vart drøfta av stats- og regjeringssjefane i G20-landa på møtet i London 2. april. Desse posisjonane er formidla til IMFs administrerande direktør. Tilsvarande brev er sendt til mellom andre finansministrane i Storbritannia og USA, leiaren av ECOFIN-rådet i EU og til kommissærar i Europakommisjonen. Dei norske posisjonane er også sende til Sveriges finansminister Anders Borg som nordisk representant i IMFC.

I Island hadde store økonomiske ubalansar bygd seg opp gjennom fleire år, og ut over våren 2008 vart det klart at desse utgjorde eit betydeleg problem. IMF åtvara i juli 2008 mot vesentlege risikoar knytt til bankane og finansmarknaden, og bad styresmaktene om "aktivt og raskt sette i verk tiltak for å dempe risikoen". Samstundes fekk islandske bankar auka problem med å finansiere seg i dei internasjonale marknadene.

Noregs Bank og den islandske sentralbanken, Seðlabanki Islands, inngjekk 16. mai 2008 ei kredittavtale motsvarande opptil EUR 500 mill. med løpetid ut 2008. Kredittavtala hadde som mål å støtte dei islandske styresmaktene i arbeidet med å stabilisere den økonomiske utviklinga på Island. Noregs Bank bad i brev av 8. mai 2008 om Finansdepartementet si godkjenning til å inngå avtala, jf. sentralbanklova § 26. I brev av 14. mai 2008 godkjende Finansdepartementet inngåinga av kredittavtala og gav Noregs Bank fullmakt til å forlengje avtala. Seðlabanki Islands inngjekk tilsvarande kredittavtaler med sentralbankane i Danmark og Sverige. På bakgrunn av nytt spørsmål frå Seðlabanki Islands til Noregs Bank vart kredittavtala på EUR 500 mill. i byrjinga av november forlengd med eitt år til utgangen av 2009. Tilsvarande forlengingar skjedde med avtalene med sentralbankane i Danmark og Sverige.

Island inngjekk 24. oktober ei førebels avtale med IMF om stabiliseringsprogram for islandsk økonomi. Det mest akutte tiltaket i programmet er å gjenopprette tilliten til den islandske krona og islandsk økonomi. I programmet er det anslått at Island har eit finansieringsbehov på 5 mrd. USD. Av dette dekkjer IMF om lag 2 mrd. USD, medan det resterande beløpet kjem frå bilaterale långivarar.

På bakgrunn av dette finansieringsbehovet sende Seðlabanki Islands 24. oktober ein førespurnad til Norges Bank om mellom anna å yte eit mellomlangsiktig lån. Tilsvarande førespurnad vart send til dei andre nordiske landa. Noregs Bank har tilrådd å gi eit slikt lån dersom den norske staten stiller garanti for beløpet, og Regjeringa gav 3. november tilsegn om ein slik statsgaranti, med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Frå norsk side har ein lagt stor vekt på eit tett nordisk samarbeid om støtte til Island. I samband med IMF-styret si godkjenning av Islands stabiliseringsprogram 19. november 2008, gjekk Noreg derfor saman med Danmark, Finland og Sverige om å love at dei fire landa samla ville gi eit mellomlangsiktig lån på 2,5 mrd. USD. Det vart samtidig klart at det ikkje var behov for utbetaling av det nordiske lånet før i 2009. Noregs del av det nordiske lånet er 675 mill. amerikanske dollar. Basert på valutakursen 15. april tilsvarer dette om lag 4,5 mrd. kroner.

I St.prp. nr. 47 (2008–2009) bad Regjeringa om fullmakt frå Stortinget til å stille statsgaranti for eit slikt lån frå Noregs Bank til Seðlabanki Islands. For nærare omtale av dette lånet og Islands stabiliseringsprogram viser ein til denne stortingsproposisjonen.

Latvia er i store økonomiske problem og inngjekk 23. desember 2008 ei avtale med IMF om eit stabiliseringsprogram og finansiell støtte. Med betydelege bidrag frå EU, EBRD, Verdsbanken og dei nordiske landa fekk landet ei tilsegn om lån på til saman 7,5 mrd. euro. Det nordiske bidraget som Danmark, Finland, Sverige og Noreg har lova, er på om lag 20 pst. av den samla finansieringa (2,5 mrd. USD), med første utbetaling i 2010. Noreg har lova eit lån på 525 mill. USD, med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Den økonomiske krisa i Latvia følgjer etter ein sterk, kredittfinansiert oppgangsperiode som har ført til stor naud for internasjonal finansiering. Dei siste åra har det bygd seg opp store ubalansar med høge bustad- og aksjeprisar og ein markert auke av privat gjeld. Driftsbalanseunderskotet har vore høgt i fleire år og var i 2007 på heile 24 pst. av BNP. Utanlandsgjelda har kome opp i 135 pst. av BNP. Ein forventar eit sterkt fall i BNP i år.

Latvia deltek i valutakurssamarbeidet ERM II i EU. ERM II stiller krav om å halde valutakursen innanfor eit band på +/- 15 pst. overfor euro. Latvia har unilateralt sett ein svingingsmargin på +/- 1 pst. som mål med tanke på snarleg euromedlemskap. Som ei følgje av ubalansane i økonomien er det anslått at nivået på prisar og lønningar i Latvia er 30 pst. høgare enn det ei langsiktig likevekt i utanrikshandelen tilseier.

Dei viktigaste tiltaka i stabiliseringsprogrammet med IMF er:

  • stabilisering av banksektoren, mellom anna nasjonalisering av Parex, som er den einaste større banken ått av innlendingar. Dei største bankane er svenskåtte, men også DnB Nor har betydeleg verksemd i landet gjennom DnB NORD, som DnB Nor eig 51 pst. av.

  • vidareføring av dagens valutakurs og deltaking i ERM II

  • konsolidering av offentlege finansar

  • betring av konkurranseevna gjennom finans- og inntektspolitikken. Offentleg sektor legg opp til lønnskutt på 25 pst. i 2009

Regjeringa vil i ein eigen proposisjon kome tilbake til Noregs lån til Latvia når ramma rundt dette er tilstrekkeleg klarlagd.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Venstre, konstaterer at verken IMF eller andre internasjonale organisasjonar varsla den omfattande krisa som verdsøkonomien no er inne i. IMF peikte rett nok på at ubalansar og bobler var i ferd med å byggje seg opp, men overvakinga av finansiell stabilitet har ikkje vore god nok. Politisk kontroll med utviklinga innanfor kreative finansprodukt er blitt redusert dei siste tiåra. Fleirtalet er einig i at IMF må styrkje innsatsen sin på dette området. Institusjonen må få betre tilgang til informasjon om utviklinga på finansmarknadene i alle medlemslanda, og den må bruke eit breiare spekter av økonomiske og politiske styringsteknikkar når det blir gitt råd om å motverke finanskriser. Fleirtalet meiner at finanskrisa viser at det er behov for sterke internasjonale organisasjonar for økonomisk samarbeid, og ser fram til at FNs generalforsamling om kort tid mellom anna skal behandle rapporten frå Stiglitz-kommisjonen.

Fleirtalet konstaterer at Regjeringa meiner at styret i IMF har gjort endringar i kondisjonaliteten som blir brukt i samband med utlån. Fleirtalet meiner at meir fleksibilitet vil opne for at stabiliseringsprogramma på ein betre måte vil kunne målrettast og tilpassast forhold i det enkelte land og sikre både produksjon og sysselsetjing. Det vil gi hovudmerksemd på realøkonomien i det aktuelle landet.

Fleirtalet viser til at Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen i IMF lenge har vore kritiske til at IMFs lån til låginntektsland har fått ein langvarig karakter. Fleirtalet har registrert at styret i IMF skal ta stilling til endringar i lånefasilitetar for låginntektsland i løpet av første halvår i 2009. Fleirtalet er einig med Regjeringa i at det er viktig at IMF har ei ordning med gunstige rentevilkår for å korrigere kortsiktige problem med betalingsbalansen i låginntektsland.

Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre, støttar òg det synet at dersom Noreg igjen skal medverke til finansiering av PRGF-ordninga, må låginntektslanda få same politiske handlingsrom og den same fridommen til å føre konjunkturstyring som industrialiserte land har brukt i oppbygginga av sine økonomiar. Det må følgjeleg ikkje stillast krav om privatisering og konkurranseutsetjing.

Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Venstre, deler Regjeringa sitt syn på at Noreg, som er mellom landa med store internasjonale reservar, bør medverke til at utlånskapasiteten i IMF blir sikra i den typen internasjonal krise som vi no opplever.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at det spesielt i en tid med økende økonomisk integrasjon på tvers av landegrensene – økonomisk globalisering – blir stadig viktigere å styrke det internasjonale samarbeidet og de viktige spillereglene som økonomisk globalisering forutsetter. Spesielt viktig er det å vedlikeholde og videreutvikle legitime og tillitvekkende internasjonale institusjoner og spilleregler som understøtter fri handel og frie bevegelser av arbeidskraft, kapital og investeringer – innenfor betryggende regulerte rammer. Kjennetegnet ved gode institusjoner og spilleregler er at de bygger opp under den alminnelige tilliten og fremtidstroen som er så avgjørende for all kreativ og nyskapende aktivitet – og som reduserer den opplevde risikoen ved å foreta langsiktige investeringer.

Disse medlemmer mener derfor at Norge bør delta aktivt i arbeidet med å reformere og fornye de internasjonale institusjonene som trengs for å etablere og håndheve et mer balansert og stabiliserende rammeverk for de globale finans- og valutasystemene. En vesentlig medvirkende årsak til den aktuelle finanskrisen har vært en finansiell verdensorden preget av store ubalanser over lang tid, spesielt tydeliggjort gjennom de store og økende underskuddene i USAs og Storbritannias driftsregnskap på den ene side – og det tilsvarende store driftsoverskuddet i land som Kina, Japan og Tyskland – samt en rekke mindre fremvoksende økonomier. Norge både kan og bør spille en konstruktiv internasjonal rolle i denne sammenheng. Et av de store spørsmålene vil bli hvordan fremtidens IMF bør se ut, og hvordan vi på internasjonal basis skal lykkes med å skape mer effektive, lettere korrigerbare og mer legitime internasjonale institusjoner for å regulere og stabilisere de globale finans- og valutasystemene bedre.

Et bedre internasjonalt reguleringsregime bør etter disse medlemmers mening tilfredsstille noen grunnleggende krav, som alle er med på å bygge opp under en global økonomi basert på åpne markeder, rettferdige spilleregler og et tillitvekkende sett av reguleringer.

Disse medlemmer vil særlig peke på betydningen av å reformere og styrke det internasjonale pengefondet (IMF) kraftig. Det er viktig at sammensetningen av IMFs styrende organer reformeres slik at de fremvoksende landene og fattige land får en langt større innflytelse sammenliknet med dagens situasjon. Dette for å styrke IMFs legitimitet, og derigjennom muligheten til å spille en viktigere og mer effektiv rolle i fremtiden. Det er naturlig at innflytelsen i de styrende organer i langt større grad gjenspeiler verdensøkonomien av i dag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet deler ikke flertallets frykt for IMFs krav overfor utviklingsland om liberalisering og privatisering, når vi vet at dette vil være avgjørende for en rekke utviklingsland for å komme ut av den situasjonen de befinner seg i. Disse medlemmer viser til at kapitalisme og det frie marked utvilsomt er det redskap som har løftet flest mennesker ut av fattigdommen. Kina, Indonesia, Malaysia, Japan, Sør-Korea, Vietnam, Brasil, Argentina og Tyrkia er gode eksempler på dette.

Disse medlemmer mener at man kan stille spørsmål ved deler av IMFs virksomhet, spesielt knyttet opp til om de økonomiske ordningene sett under ett, faktisk hjelper land ut av fattigdom. I tillegg bør man ha et kritisk blikk på organisasjonen og kostnadene knyttet til byråkrati og administrasjon av IMF og de økonomiske ordningene. Disse medlemmer er derfor glade for at IMF har startet et arbeid med effektivisering og kostnadsbesparelser knyttet til organisasjonen.

Disse medlemmer tar for øvrig omtalen til orientering.

Komiteens medlem fra Venstre vil styrke IMFs allerede aktive rolle innen teknisk assistanse, det vil si som eksperthjelp innen finans- og pengepolitikk til land med behov for assistanse. IMFs rolle innen internasjonal overvåkning av makroøkonomisk politikk, valuta- og pengepolitiske forhold samt finansiell systemrisiko må rustes opp kraftig. En slik opprustning er av helt avgjørende betydning for at IMF skal kunne fylle sine to øvrige roller på en god måte (koordinering av makroøkonomisk politikk internasjonalt og utlånerrollen til land i vanskeligheter). IMF bør også innta en viktig rolle (som ikke ivaretas i dag) knyttet til å fremme fornuftig koordinering av makroøkonomisk politikk knyttet til valutakurser, betalingsbalanse samt finans- og pengepolitiske stimulansetiltak. Til slutt er det avgjørende at IMF tilføres vesentlig mer midler for å kunne ivareta sin rolle som international lender of last resort (som kredittyter til land i vanskeligheter), samt for å kunne gi bidrag til valutastabiliserende operasjoner. I denne sammenheng bør det vurderes å oppkapitalisere IMF gjennom å utstede såkalte spesielle trekkrettigheter (SDRs – Special Drawing Rights) i bytte mot midler i de hovedvalutaene som er dominerende i verdensøkonomien. Dette vil i hovedsak være tale om USD, GBP, yen, renminbi og euro. Som en engangsoperasjon kan det i den aktuelle dype globale krisen utgjøre et viktig bidrag til global etterspørselsstimulans at midlene som tilføres fondet gjennom SDRs, bygger på ekspansjon av pengemengden i de respektive valutaland – en inflasjonsimpuls i en verden som trues mer av deflasjon.

En reform av IMF i den retningen som dette medlem har pekt på innebærer at det ikke er nødvendig å etablere nye internasjonale samarbeidsorganisasjoner, men heller at IMF rustes opp til å ivareta en viktigere og langt mer relevant rolle i verdensøkonomien.