Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Finansiell stabilitet

Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er solid nok til å handsame forstyrringar i og frå økonomien, og såleis at det evnar å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte. For å tryggje finansiell stabilitet er det ein føresetnad at finansinstitusjonane har tilstrekkelege kapitalbufferar til å handsame tap, at finansmarknadene har reglar som fungerer under stress, og at tryggleiken i betalingssystema er forsvarleg.

Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Kredittilsynet. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad, særleg med omsyn til rammevilkåra for marknadene og institusjonane. Noregs Bank og Kredittilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank og Kredittilsynet overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje element som kan truge stabiliteten i det finansielle systemet. Kredittilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane.

Det er etablert såkalla trepartsmøter mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank mellom anna for å handsame og koordinere arbeidet for finansiell stabilitet. I utgangspunktet finn desse møta sted kvart halvår, men fleire møter haldast ved behov. I 2008 hadde ein fire slike møter, medan ein så langt i 2009 har hatt to møter.

I meir enn eitt og eit halvt år har finansmarknader rundt om i verda vore i ulage. Uroa som byrja i USA, spreidde seg frå september 2008 snøgt gjennom dei tett samanvovne internasjonale finansmarknadene. Krisa gav òg kraftige utslag i Noreg.

Problema på den amerikanske bustadmarknaden kom særleg til syne i det såkalla "subprime"-segmentet. Omfanget av desse låna auka kraftig frå tidleg på 1990-talet og fram til 2007, då om lag 15 pst. av amerikansk bustadgjeld var kategorisert som "subprime".

I byrjinga av 2007 gjekk mange av "introduksjonstilboda" til amerikanske bustadlåntakarar mot slutten. Låneformidlarar hadde fram til då i stor grad lokka med lån med låge, faste renter på dei første avdraga. Då desse vilkåra vart erstatta av høgare, flytande renter, fekk mange problem. Samstundes var det gjengse rentenivået på veg oppover. Ved utgangen av 2006 låg den amerikanske styringsrenta høgare enn 5 pst., og hadde gått opp heile fire prosenteiningar frå 2004. Veksten i dei amerikanske bustadprisane på 2000-talet var langt høgare enn inntektsveksten til amerikanske hushald. Prisveksten snudde nedover i midten av 2006, men heldt seg positiv fram til byrjinga av 2007. Fallet som då kom i bustadprisane vart etter kvart forsterka av ein kraftig auke i tvangssal av bustadeigedomar som følgje av misleghald, og sidan av forventningar i marknaden om vidare prisfall.

Tap på misleghaldne bustadlån spreidde seg gjennom verdipapir utferda av långivarane til store delar av den amerikanske finansmarknaden. Bankar som ytte "subprime"-lån og andre lån, pakka ofte desse saman og selde dei vidare som verdipapir til andre bankar, finansinstitusjonar, fond og investorar i form av obligasjonar med førerett, eller dei vart pakka saman og selde i komplekse verdipapir ("collateralised debt obligations" eller CDO-ar). Denne verdipapiriseringa av bustadlån tillét ei deling av risikoen som var knytt til låna, men skapte òg eit uoversiktleg bilete av kven det var som måtte bere eventuelle tap. Nær 60 pst. av amerikanske bustadlån var i 2007 verdipapiriserte.

Uvisse om omfanget av finansinstitusjonane sine eksponeringar mot dei samansette verdipapira med innslag av dårlege bustadlån, og igjen uvisse om kor eksponerte sjølve verdipapira var mot dei dårlege låna, slo ut i kraftig uro på finansmarknadene sommaren 2007. Bustadlånspapira fall i verdi, samstundes som investorar kravde høgare risikopåslag på andre typar verdipapir. I juni vart tiltrua i marknaden svekt etter konkursar i to store hedgefond forvalta av Bear Stearns (som sjølv vart overteken av JPMorgan eitt år seinare). Utviklinga på børsane var turbulent utover hausten 2007, men verdiane heldt seg i hovudsak oppe på grunn av sterk tru på vidare økonomisk vekst.

Uroa var særleg høg i marknaden for lån og innskot mellom bankane, interbankmarknaden. Bankane si tiltru til kvarandre fall i takt med uvissa om tapseksponeringar, og gav seg utslag i høgare renter, dyrare kredittrisikoforsikringar, og auka behov for tilskot av likviditet frå sentralbankane. Mange internasjonale (særleg amerikanske) bankar måtte ta tapsutsette bustadlånspapir inn i balansen, og marknaden vart uviss på kor store tap ein eigentleg måtte sjå føre seg i dei enkelte bankane. Bankar fekk vanskar med å sikre nye lån, samstundes som rentene på dei låna som vart innvilga, gjekk kraftig opp.

Forskjellen mellom pengemarknadsrentene og styringsrentene internasjonalt, er vanlegvis på om lag 0,15 prosenteiningar. Frå august 2007 vart påslaget radikalt endra. I USA, Storbritannia og i eurolanda låg tremånaders pengemarknadsrente mellom ein halv og ei prosenteining høgare enn styringsrenta gjennom hausten, medan den norske marknadsrenta heldt seg mellom ein kvart og trekvart prosenteiningar høgare enn styringsrenta frå Noregs Bank. Forskjellen på rentene gjekk noko ned i september 2007, men skaut opp igjen i november etter at bankane måtte justere opp tapsforventningane. Prisen på såkalla "credit default swaps" (CDS-ar), eller forsikringar mot kredittrisiko, mangedobla seg for internasjonale finansinstitusjonar frå hausten 2007, og etterspurnaden etter sikre statspapir auka kraftig. I september 2007 melde Bank of England at ein stod parat til å gi storbanken Northern Rock likviditetsstønad. Uvissa om banken sin økonomi utløyste eit såkalla "run" frå innskytarar som ville tømme kontoane sine i banken. Northern Rock vart overteken av britiske styresmakter i februar 2008.

Medan aksjemarknadene elles synte moderate fall, fall aksjeverdien av internasjonale bankar dramatisk på børsane fram mot sommaren 2008, somme med meir enn 60 pst.

I løpet av første del av 2008 forsvann tiltrua på vidare vekst i verdsøkonomien. Bustad- og verdipapirprisar fall etter kvart som framtidsutsiktene vart mørkare og meir uvisse. Problema spreidde seg raskt til andre sektorar i økonomiane. Samstundes var problema på pengemarknadene aukande, og mangel på likviditet tvinga fram sal av eigedelar for å frigjere midlar. Sidan eigedelar førast til marknadsverdi i bankane sine balansar, fekk finansinstitusjonar og investorar store rekneskapsmessige tap gjennom hausten. Sal av verdipapir for å sikre likviditet og minske risikoeksponering bidrog til auka tilbod av verdipapir og difor òg truleg til vidare prisfall på verdipapira.

Trass i fleire omgangar med likviditetstiltak frå sentralbankane, fungerte pengemarknadene dårleg sommaren 2008. Høgare motpartsrisiko, tillitssvikt og frykt for ei vidare systemkrise hindra normal flyt av kreditt bankane imellom, og mellom bankar og publikum.

Dei to store amerikanske bustadlånsinstitusjonane Fannie Mae og Freddie Mac mista tiltru i marknaden gjennom sommaren, i takt med at marknadsverdien på eigedelane deira fall markant. Etter nedgangen i bustadprisane, og framleis uvisse knytt til mogelege tap på subprimelån, trudde ikkje marknaden at institusjonane var solide nok til handsame forpliktingane sine, og sende aksjekursane ned over 90 pst. frå nivået eitt år tidlegare. Trass i ein hjelpeaksjon med billige sentralbanklån måtte amerikanske styresmakter ta over både Fannie Mae og Freddie Mac i byrjinga av september 2008. Då åtte (direkte eller gjennom garantiar) desse to institusjonane halvparten av alle amerikanske bustadlån, til saman verde om lag 6 billionar dollar.

Etter konkursen 15. september 2008 i investeringsbanken Lehman Brothers kom finansmarknadene verda over inn i ein svært alvorleg situasjon. Lehman Brothers var ikkje berre eit døme på ein bank som gjekk over ende etter å ha mista marknadens tillit, og som leidde til at meir kritisk lys og uvisse vart retta mot andre bankar. Banken hadde òg omfattande og systemviktig internasjonal verksemd, verda over, og konkursen leidde til noko nær eit samanbrot i delar av marknadene.

Det største forsikringsføretaket i verda, AIG, var 16. september 2008 nær ved å følgje Lehman Brothers og slå seg konkurs. AIG tok hausten 2008 store tap på kredittforsikringar, og vart tvinga til å likvidere eigedelar etter at dei vart nedgradert av ratingbyråa. Problema i AIG var særleg knytt til eit dotterføretak som hadde selt CDS-ar i stor mon. For å hindre eit totalt samanbrot i finanssystemet gjekk amerikanske styresmakter 16. september inn med 85 mrd. dollar, og overtok nær 80 pst. av AIG.

USAs største sparebank, Washington Mutual, vart mot slutten av september sett under administrasjon, og eigedelane vart seinare delvis selde til JPMorgan Chase. Den kjende investeringsbanken Merrill Lynch vart 14. september 2008 overteken av Bank of America, og den 22. september annonserte dei to siste store investeringsbankane, Morgan Stanley og Goldman Sachs, at dei endra føretaksform til vanlege forretningsbankar. Felles for desse føretaka var deira eksponering mot dårlege bustadlånpapir, og låg eigenkapital samanlikna med storleiken på verksemdene. OECD har anslått at dei subprimerelaterte tapa i Washington Mutual utgjorde meir enn to gonger kjernekapitalen til banken, og i Merill Lynch meir enn 1,5 gonger kjernekapitalen. Ein føresetnad for vidare drift i føretaka var fornya marknadsfinansiering, noko berre Morgan Stanley og Goldman Sachs greidde gjennom å gjere seg om til vanlege bankar og tiltrekkje seg innskot frå personkundar (og dermed kvalifiserte dei seg òg for deltaking i særskilde likviditetstiltak frå den amerikanske sentralbanken).

I tida som følgde fekk fleire bankar i USA og Europa problem både med eigen likviditet og med naudsynt tiltru i marknaden. Wachovia (USA), Dexia (Belgia), Fortis (Belgia/Nederland), Hypo Real Estate (Tyskland) og Bradford & Bingley (Storbritannia) var blant dei som vart redda anten av styresmaktene, eller gjennom samanslåingar eller kapitalutvidingar. Fleire av desse bankane var òg hardt råka av subprimerelaterte tap. Likevel vart det etter kvart meir og meir tydeleg at òg andre sider ved krisa hadde kraft i seg til å felle bankane.

I Norden vart dei tre største bankane på Island sette under offentleg administrasjon i oktober, medan fleire danske bankar fekk alvorlege problem gjennom hausten 2008. Åtte kriseramma danske bankverksemder vart avslutta i 2008, anten gjennom overtakingar frå andre bankar, eller gjennom avvikling. Den største av desse verksemdene, Roskilde Bank med ein forvaltningskapital på 37 mrd. danske kroner, vart overteken av den danske sentralbanken og sidan seld til ei privat bankgruppering. I Sverige har styresmaktene gitt stønad til to finansinstitusjonar, og sett meklarhuset Carnegie under administrasjon (som sidan er selt vidare).

Figur 2.2 i meldinga syner at kronerentene og rentene hos handelspartnarane til Noreg, til tider låg meir enn to prosenteiningar over forventa styringsrenter frå dei respektive sentralbankane. Påslaga i dollarmarknaden har vore særleg høge, og rentepåslaga her var i september 2008 oppe i nesten fire prosenteiningar. Sidan utgangen av fjoråret har pengemarknadsrentene gått i retning av meir normale nivå, men ligg framleis godt over det som var rekna som "normalt" før sommaren 2007.

Aksjekursane i Europa og USA fall omkring 25 til 45 pst. gjennom 2008. Nedgangen kom hovudsakleg i fjerde kvartal og var brei og omfattande, men ramma særleg bankar og andre finansinstitusjonar.

Ifølgje Det internasjonale valutafondet (IMF) har internasjonale bankar fram til januar 2009 varsla at dei har tapt eller skrive ned eigedelar for om lag 790 mrd. dollar. Mesteparten av tapa kjem frå urealiserte kurstap på obligasjonar, bustadlånpapir og andre verdipapir, som bankane etter rekneskapsreglane måtte bokføre til marknadsverdi. Valutafondet sitt anslag i april 2008 om at samla tapsnedskrivingar relaterte til amerikanskutferda gjeldspapir av ulike slag ville utgjere om lag ein billion dollar på verdsbasis, er sidan oppjustert to gonger. I oktober 2008 vart talet heva til vel 1 400 mrd. dollar, medan talet i januar 2009 var 2 200 mrd. dollar.

Dei norske finansinstitusjonane har ikkje vore like hardt råka av krisa internasjonalt som ein del utanlandske institusjonar. Dette kjem mellom anna av at norske finansinstitusjonar ikkje har hatt subprimerelaterte tap i særleg grad. Norske finansmarknader har like fullt vorte påverka. Særleg har kursane på aksjane til institusjonane vore utsette for ein veldig nedgang på Oslo Børs. Marknadsverdien til dei to største børsnoterte finansinstitusjonane i Noreg, DnB Nor og Storebrand, minska til dømes med høvesvis 67 pst. og 70 pst. i 2008.

Når norske bankar har klart seg forholdsvis godt samanlikna med utanlandske føretak, kjem dette mellom anna av at dei har tapt mindre på dårlege verdipapir, har hatt høg innskotsdekking (som gjer bankane mindre avhengige av andre innlån i marknaden) og solide balansar etter fleire år med god inntening. Norske bankar, i motsetnad til bankar i Danmark, Sverige, og særleg Island, hadde ikkje stor verksemd i utlandet då krisa trefte, og dette har dempa dei direkte impulsane til norske bankar frå krisa ute.

Norske statsfinansar er særs solide rekna i internasjonal samanheng. Dette har òg gagna finansinstitusjonane med omsyn til marknaden si tiltru til banksystemet, og til at styresmaktene har evne til å handsame eventuelle problem. Like fullt har norske bankar vorte meir sårbare for internasjonal påverknad dei siste åra, mellom anna gjennom lågare innskotsdekning. Bankane har såleis gjort seg meir avhengige av finansiering på marknaden.

Figur 2.2 og 2.4 i meldinga syner den dramatiske utviklinga i den norske pengemarknaden hausten 2008. I september, etter konkursen i Lehman Brothers i USA, skaut pengemarknadsrenta i vêret. Bankane i Noreg, i likskap med bankane internasjonalt, heldt på eigne midlar av omsyn til uviss motpartsrisiko og eige ønske og krav til likviditet. Sidan bankane i Noreg i hovudsak låner ut til publikum med vilkår om flytande renter, har dei òg stilt seg slik at dei har flytande renter på deler av innlåna sine. Såleis slo dei høge marknadsrentene snøgt inn på bankkostnadene, og bankane var snare med å setje opp rentene på utlåna til publikum. Bankane stramma òg inn på utlån til hushald og føretak.

Innlån frå pengemarknaden var ikkje berre særs kostbare, dei var til tider heller ikkje tilgjengelege. Fleire handelsdagar i september 2008 hadde særs låg omsetnad, og den 16. september vart ikkje Nibor-renta eingong fastsett. Berre ekstraordinære tiltak frå Noregs Bank tryggja heilt naudsynt likviditet til norske bankar. Utviklinga i pengemarknaden reflekterer ein meir gjengs uvilje mot å ta på seg risiko. Bankar, fond og investorar omplasserte i stor mon midlane sine til trygge statspapir i staden for i marknaden elles. Den høge etterspurnaden etter desse papira pressa dei effektive rentene på papira ned.

Verdiane på Oslo Børs har vorte kraftig reduserte i 2008. Auka uvilje mot å ta på seg risiko og auka uvisse knytt til inntening og soliditet i norske føretak har gitt lågare marknadspris på partar i føretaka, og til tider særs låg omsetjing av verdipapir. Utanlandske investorar har trekt seg ut av den norske verdipapirmarknaden, og prosentdelen av føretaka som er noterte på Oslo Børs og åtte av utlendingar, fall frå 41 til 33 pst. gjennom 2008. Samstundes har verdipapirfond selt seg ned for å kunne løyse inn partseigarar. Auka tilbod og svekt etterspurnad etter verdipapir har bidrege til lågare verdsetjing av aksjar og andre verdipapir.

Utviklinga på Oslo Børs frå 2004 er teikna inn i figur 2.3 i meldinga. Medan verdiane på børsane no er omtrent tilbake på nivået for fem år sidan, har fallet på Oslo Børs vore meir dramatisk. Berre frå september til november 2008 fall verdiane med heile 55 pst. Ein del av det særlege norske børsfallet kan forklarast med det kraftige prisfallet på olje og andre råvarer i 2008. Av bransjeindeksane har energi- og finansindeksen falle mest.

Sommaren 2008 var den norske krona historisk sterk målt mot internasjonale valutaer. Investorar søkte seg hausten 2008 etter kvart bort frå valutaene til mindre land, og særleg frå valutaene til kriseramma Island og Ungarn, då frykt for statsfinansielle problem spreidde seg. Sjølv om omdømmet til dei norske statsfinansane ikkje var svekt, trekte internasjonale investorar seg frå kronemarknaden til føremon for dei større valutaene. Kraftig prisfall på olje bidrog òg til ei svekking av krona. Mot slutten av 2008 var krona, jamført med valutaene i dei landa Noreg handlar mest med, svakare enn på ti år.

Dei kraftige svingingane på verdipapir- og pengemarknadene roa seg noko mot slutten av 2008, samstundes som utlånsrentene frå bankane til publikum vart sette ned.

Etter at tiltrua til bankane og banksystema rundt om i verda hadde nådd ein botn ein ikkje hadde sett sidan depresjonsåra på 1930-talet, vart det i oktober 2008 gjort kjent ei rekkje nye tiltak frå styresmakter i fleire land. Sentralbankane hadde då vore aktive i lengre tid med likviditetstiltak som særleg store og lange lån, og lemping på krava til sikkerheiter og til aksepterte motpartar. Den amerikanske sentralbanken, Federal Reserve, opna valutabyteavtaler med ei rekkje andre sentralbankar for å tryggje tilbodet av dollarlikviditet, samstundes som særlege ordningar for byte av lite omsetjelege verdipapir mot statspapir var oppretta i fleire land (mellom anna i Storbritannia, der ein sette i verk eit slikt program allereie i april 2008).

Frykt for såkalla "run" på bankane frå innskytarar leidde til at somme land styrkte eksisterande innskotsgarantiprogram, medan andre oppretta nye ordningar eller stilte fulle garantiar for alle innskot. Irske styresmakter gjorde til dømes 30. september 2008 kjent ein uavgrensa garanti for innskot. Noko liknande gjorde Hellas, medan EU heva minstesatsen for nasjonale garantiar frå 20 000 til 50 000 euro.

EU-kommisjonen føreslo den 15. oktober 2008 å heve minstesatsen ytterlegare til 100 000 euro innan eitt år. Etter framlegg frå Europarådet som EU-parlamentet slutta seg til, skal satsen i tillegg gjerast til ei øvre grense frå slutten av 2010, gjennom ei europeisk fullharmonisering. EU-kommisjonen skal i ein rapport innan utgangen av 2009 vurdere om det er naudsynt og føremålstenleg at satsen på 100 000 euro vert fullharmonisert.

Innskotsgarantiordninga i Noreg er ei god ordning for innskytarane. Opptil 2 mill. kroner per innskytar per bank er dekt dersom banken er medlem i Bankenes sikringsfond, kor medlemskap er obligatorisk for alle norske bankar, jf. banksikringslova § 2-1. Noreg vil arbeide aktivt for å behalde nivået på innskotsgarantiordninga. Spørsmålet om fullharmonisering av europeiske innskotsgarantiar blir eit eiga tema om det måtte bli aktuelt med innlemming i EØS-avtala av dette direktivet. Med eit garantibeløp på 100 000 euro blir dekt beløp for norske innskytarar meir enn halvert om ein skulle gjennomføre ei slik ordning.

Den norske innskotsgarantien har sikra tryggleik for innskytarane, vore med på å stabilisere innskotsdekninga hos bankane, og avverja at Noreg har måtta gjere særskilde kortsynte endringar i ordninga i ei utsett tid. Norske styresmakter har arbeidd aktivt for å påverke EU-framlegget, heilt sidan det vart gjort kjent i fjor haust.

I oktober 2008 kom fleire styresmakter med tiltak for likviditetsforsyning til marknaden og finansinstitusjonane, ulike garantiopplegg for innlåna og innskota til bankane, og i nokre tilfelle verkemiddel til fremje av soliditet og kapitaldekning i finansinstitusjonane. Ordningane for tilførsel av eigenkapital inneheldt i mange høve vilkår som avgrensar utbytteutbetalingar, leiarløner og bonusar. Avtalevilkåra skulle, i tillegg til å motverke uheldig åtferd frå bankane si side, gi styresmaktene betalt for den risikoen dei tok på seg. Vidare kunne det vere vilkår om at bankane måtte halde oppe utlånsveksten, og krav om ei viss kapitaldekning. I midten av oktober vart dessutan EU-landa einige om gjengse retningslinjer for statlege kapitaltilskot og garantiar for innlån.

USA og Storbritannia, som vart tidlegast og hardast ramma av finanskrisa, var òg tidleg ute med omfattande tiltak retta inn mot banksystemet. Den amerikanske krisepakka på 700 mrd. dollar vedteken 3. oktober 2008, skulle opphavleg gå til oppkjøp av dårlege verdipapir frå balansane til finansinstitusjonane, men desse planane vart kort tid etter endra til kjøp av eigenkapitalinstrument direkte i bankane. Finansdepartementet i USA fekk vide fullmakter for bruken av midlane i pakka, og har òg gått inn med kapital i andre føretak enn bankar, og bidrege til nokre av ordningane frå sentralbanken si side. I november vart nye og vidtrekkande tiltak lagde fram og sette i gang, mellom anna ei pakke frå sentralbanken på 800 mrd. dollar til oppkjøp av gjeld og verdipapir, og til nye statlege lån.

Britiske styresmakter skaut først i oktober inn eigenkapital i åtte av dei største britiske bankane, og har sidan utvida tilbodet til fleire bankar og finansinstitusjonar. Storbritannia har òg etablert program for verdipapirbyte, garantiar og ulike forsikringar for eigedelane til bankane. Mange større bankar i fleire europeiske land, mellom anna Frankrike, Tyskland og Irland, har motteke statlege kapitaltilskot, men få i så stor mon som britiske bankar. Til dømes har storbanken Royal Bank of Scotland no den britiske staten som største eigar.

I Danmark vart det i oktober etablert ei garantiordning som gav full trygd for alle fordringar frå innskytarar og alminnelege kreditorar i danske bankar. Banknæringa sjølv bidrog med 35 mrd. danske kroner til ordninga, medan staten garanterte for tap frå deltakande bankar ut over dette. Det vart òg oppretta eit eige føretak for avvikling av insolvente bankar. Føretaket skal, om ikkje private løysingar er mogelege, opprette mellombelse einingar som skal overta verksemda og eigedelane til insolvente bankar, med sikte på kontrollert avvikling. Svenske styresmakter la òg fram ein tredelt stabiliseringsplan for finanssystemet. Ei kredittordning i sentralbanken skulle leggje til rette for utlån til bedrifter frå bankar (gjennom at bankane kunne stille sertifikat utferda frå ikkje-finansielle føretak som sikkerheit for lån), dei mellomlangsiktige innlåna til bankane kunne garanterast av staten mot ei avgift, medan eit nyoppretta statleg stabilitetsfond skulle byggjast opp for å kunne skyte inn kapital ved framtidige soliditetsproblem i bankane.

Noregs Bank har sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke dei negative verknadene av den internasjonale finanskrisa. For det første vart langt fleire lån mot sikkerheit i verdipapir, såkalla F-lån, lagde ut i 2008 enn det som er normalt, og med lengre løpetider. Gjennom hausten tilbaud sentralbanken F-lån med tre og seks månaders løpetid, og frå november vart det gitt toårslån for over 12 mrd. kroner, særleg retta mot mindre bankar. I tillegg til kronelån tilbaud sentralbanken dollarlån og ulike valutabyteavtaler for å betre likviditetshøva til bankane. Noregs Bank lempa òg på krava til verdipapirsikkerheiter. Mellom anna vart krav om børsnotering og kredittvurdering av obligasjonsutferdarar fråfalle. Tiltaka frå Noregs Bank overfor pengemarknaden ser ut til å ha hindra at innlånskostnadane hjå bankane auka like mykje som pengemarknadsrentene gjennom hausten 2008.

Den norske styringsrenta vart, i likskap med i dei fleste andre landa i Europa og USA, sett raskt og kraftig ned, jf. figur 2.9 i meldinga. Frå oktober til desember 2008 vart renta senka med til saman 2,75 prosenteiningar.

Den 12. oktober 2008 melde Regjeringa og Noregs Bank at dei oppretta ei byteordning der bankane fekk låne statspapir av staten i byte mot obligasjonar med førerett. Ordninga hadde som føremål å betre bankane si evne til finansiering i marknadene, gjennom at dei kunne stille statspapira som sikkerheit for innlån. Det vart òg vektlagt at bankane kunne selje dei innlånte papira, og såleis skaffe seg likviditet. Ramma for nyutferding av statspapir til ordninga vart sett til 350 mrd. kroner.

Etter at byteordninga vart sett i verk, saman med nye tiltak frå Noregs Bank, fall dei norske pengemarknadsrentene kraftig. Dei lågare marknadsrentene kom dels av redusert styringsrente og voner om ytterlegare nedgang, men òg av at bankane lettare fekk tilgang til langsiktig og mellomlangsiktig finansiering gjennom hausten, som følgje av byteordninga. Presset i pengemarknaden letta noko mot slutten av året, men forholda var framleis ikkje normaliserte.

Høve til sal av verdipapir ein ikkje eig, såkalla "shortsal", har òg vorte innskrenka. Tidleg i oktober 2008 vurderte Kredittilsynet, ut frå dei rådande marknadsforholda, at shortsal av aksjar og grunnfondsbevis som er utferda frå norske finansinstitusjonar, stod i mishøve til verdipapirhandellova § 3-9 om forbod mot urimelege forretningsmetodar. I januar 2009 uttala Kredittilsynet at dei framleis oppfatta slikt shortsal som lovstridig, og kom samstundes med framlegg om lovendringar.

Tidleg i 2009 vart det gjort kjent ein ny runde med tiltak frå styresmaktene overfor finansmarknadene i Noreg og i andre land. Desse tiltaka var i stor mon kjenneteikna av at dei skulle styrkje eigenkapitalen i bankane. Danske styresmakter melde til dømes 18. januar 2009 at dei, innanfor ei ramme på 100 mrd. danske kroner, ville skyte inn såkalla hybrid kjernekapital i solide danske bankar, på forretningsmessige vilkår. Sverige varsla ei liknande ordning med ei ramme på 50 mrd. svenske kroner 3. februar. Regjeringa der la då, og seinare ved eiga forordning 10. februar, opp til at staten skulle ta del i vanlege aksjekapitalemisjonar saman med andre investorar, med avgrensing av staten sin del av emisjonane på 70 pst. (for at den svenske staten skal bidra med meir enn 70 pst., må kapitaltilførsla gå føre seg på vilkår som er fastsette av staten).

I Noreg la Regjeringa 9. februar 2009 fram ei omfattande kredittpakke i to hovuddelar, jf. Ot.prp. nr. 35 og St.prp. nr. 40 (2008–2009). Statens obligasjonsfond på 50 mrd. kroner oppretta innanfor Folketrygdfondet, skal investere i den norske obligasjonsmarknaden. Statens finansfond med ei løyving på 50 mrd. kroner skal ha som føremål å kjøpe visse eigenkapitalinstrument utferda frå norske bankar. Medan Statens obligasjonsfond vil gjere det lettare for norske føretak å finansiere seg utanfor bankane, vil bankane sjølve kunne styrkje kapitaldekninga si gjennom tilskot av preferansekapital eller kjøp av fondsobligasjonar frå Statens finansfond (på marknadsmessige vilkår). Regjeringa legg opp til å rapportere om verksemda i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond til Stortinget i Kredittmeldinga 2009.

Høgare kapitaldekning vil gi bankane betre høve til å låne ut pengar til hushalda og føretaka. Vidare peikar fleire omstende i retning av at bankane no bør hente inn meir kjernekapital. Bankane står no overfor ei tid med auka tapsrisiko, samstundes som marknaden krev høgare kapitaldekning enn tidlegare. Ratingbyråa krev òg meir kapital for å gi ein god kredittkarakter, noko bankane er avhengige av for å oppnå rimelege vilkår for innlån, og for å halde ved like tiltru i marknaden. Sidan kapital frå marknaden har vorte dyrare og vanskelegare tilgjengeleg i løpet av dei siste månadene, har fleire statar sett det naudsynt å skyte inn kapital i bankane.

Reguleringa av finansnæringa tek i alle land mål av seg til å betre stabiliteten i dei finansielle systema gjennom tilsyn og regulering. I politiske krinsar og faglege forum internasjonalt føregår det no ein debatt om kvifor reguleringa og tilsynet med finansinstitusjonane ikkje hindra ubalansane som førte til finanskrisa.

Ulikskap mellom land inneber at skilnader i regulering og tilsyn kan vere naudsynte for å skape finansiell stabilitet. Til dømes har lånemarknaden i USA dei seinare åra vore prega av nye låneprodukt, nye måtar å organisere salet av låneprodukta til kundane på, og nye måtar å "pakke" inn og selje låna vidare på. Denne nyskapinga har omforma finansnæringa i USA. Produkta vart òg selt til investorar i andre land, samstundes som forretningsmodellane spreidde seg utanfor USA. I dei landa kor finansnæringa har leia denne utviklinga, har det vore særleg trong til skjerpa reguleringar og til å styrke tilsynet med næringa. I staden har det vore ein utvikling med avregulering.

Tilsynet og reguleringa i Noreg har ein del særtrekk. Her i landet var ein til dømes tidleg ute med å fusjonere tilsynseiningane for ulike typar finansinstitusjonar, slik at ein fekk eit felles tilsyn med heile finansnæringa. Eit slikt tilsyn har mykje betre føresetnader for å ha oversikt over utviklinga i finansnæringa enn fleire ulike tilsyn.

I Noreg har ein etablert ei heilskapleg og samanhengande regulering for finansinstitusjonane. Finanskonsern, mellom anna dei såkalla blanda finanskonserna som består av ulike finansinstitusjonar, fekk tidleg stor utbreiing i Noreg. Som følgje av dette var norske styresmakter raskt ute med å lage eit heilskapleg regelverk for finanskonsern. Reglane om kapitaldekning på konsolidert nivå har vore eit sentralt stabilitetsskapande element i dette regelverket. Reglane motverkar at finanskonserna utnyttar skilnader i regelverket for ulike institusjonar i konsernet på ein uheldig måte. Sjølv om det innanfor EØS no er krav om at kvart land skal ha reglar om finanskonsern, og samanlikningar av ulike regelverk er vanskeleg, er det eit inntrykk at regelverket om finanskonsern i Noreg i sum er godt eigna til å sikre at finanskonserna har nok kapital og er høveleg regulerte.

Kapitaldekningsregelverket for finansinstitusjonar i Noreg er basert på at lik risiko skal handsamast likt. Difor er bankar, livsforsikringsselskap og pensjonskasser underlagde kapitalkrav som er avhengige av kva slags risiko institusjonen tek på seg. Det er ikkje vanleg i utlandet at til dømes livsforsikringsselskap og pensjonskasser er underlagde kapitaldekningskrav for marknadsrisiko. Dette norske reguleringsprinsippet fremjar soliditeten i livsforsikringsselskapa og pensjonskassene, bidreg til meir einskaplege konkurransevilkår, og hindrar at risiko hopar seg opp der han er minst regulert.

Sal av lån til eit føretak som har til føremål å finansiere kjøpet med å utferde verdipapir, blir gjerne kalla verdipapirisering. I nokre land har føretaka som utferdar verdipapira, ikkje vore underlagde ordinære kapitaldekningskrav. Reguleringa i Noreg inneber at kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett (OMF-ar), er underlagde dei same kapitalkrava som bankane. I Noreg er det såleis ikkje mogeleg for bankane å omgå kapitalkrava gjennom å verdipapirisere utlån.

Utlånstapa i USA kjem mellom anna av at det i sum er ytt store lån til hushald som ikkje har hatt økonomisk evne til å betene låna. Fleire har peika på at modellen med vidaresal av utlån har svekt motivasjonen hos långivarane til å vurdere om låntakarane har økonomi til å betale tilbake dei låna som er gitt. I Noreg har långivarane plikt til skriftleg å rå lånsøkjarar frå å ta opp lån, dersom långivaren finn grunn til å tru at lånsøkjaren ut frå økonomisk evne eller andre tilhøve, burde vurdere å la vere å ta opp lånet. Ansvaret til låntakaren kan lempast om dette ikkje skjer. Frårådingsplikta er ein del av regelverket som skal beskytte forbrukarane, men slike føresegner kan òg ha verknad på kva for lån som blir gitt, og den samla risikoen i det finansielle systemet.

Shortsal er sal av finansielle instrument ein ikkje eig. Dei norske reglane for shortsal vart endra i 1997. Forbodet mot shortsal gjennom meklarapparatet vart då oppheva, og det vart opna for at verdipapirføretak kan formidle (eller sjølv utføre) såkalla dekt shortsal, det vil seie shortsal der den som sel, har sikra seg tilgang til dei finansielle instrumenta på avtaletidspunktet, jf. verdipapirhandellova § 10-4. Verdipapirføretaka kan ikkje medverke til udekt shortsal.

Omsyn til auka likviditet i verdipapirmarknadene og til betre samspel mellom derivatmarknader og marknader for dei underliggjande verdipapira var hovudgrunngivingane for å gi verdipapirføretaka høve til å medverke til dekt shortsal. Sjølv etter lovendringane i 1997 har norske aktørar i finansmarknaden avgrensa høve til å shortselje finansielle instrument gjennom meklarføretak, samanlikna med det som er vanleg i andre land.

Som nemnt i pkt. 2.1.4 i meldinga innskrenka Kredittilsynet i oktober 2008 høvet til shortsal av verdipapir som var utferda frå norske finansinstitusjonar, av omsyn til dei heilt særskilde marknadsforholda. I januar 2009, etter oppmoding frå Finansdepartementet, kom Kredittilsynet òg med framlegg til lovendringar om shortsal. Kredittilsynet føreslo for det første at forbodet mot å gjennomføre udekt shortsal skal utvidast frå berre å gjelde verdipapirføretak, til òg å gjelde investorar direkte. Vidare føreslo Kredittilsynet at ein skal kunne sanksjonere brot på eksisterande og moglege nye føresegner med vinningsavståing eller straff.

Kredittilsynet føreslo òg at tilsynet skulle få heimel til å påleggje mellombelse forbod mot shortsal, både dekte og udekte, og at desse kan femne om derivatkontraktar med tilsvarande verknad på aksjekursar som ordinære shortsal. Samla kan slike endringar innebere ei betydeleg skjerping av det allereie avgrensa høvet til å shortselje finansielle instrument i den norske finansmarknaden. Finansdepartementet sende framlegga frå Kredittilsynet på vanleg høyring i februar 2009.

Føresetnadane for finansiell stabilitet verda over har svekt seg monaleg i 2008. Bankar og andre finansinstitusjonar i USA og Europa har gått over ende, heile marknader har stoppa opp, og styresmakter har sett i verk tiltak av store omfang. Sentralbankane har sikra finansinstitusjonar likviditet etter at pengemarknadene nær stoppa opp, medan regjeringar etter kvart som krisa forverra seg òg har lagt til rette for styrka soliditet i føretaka.

I lengre tid før uroa i 2007 hadde kraftig gjeldsauke i USA og Europa vore finansiert av oljeeksporterande land og framveksande økonomiar i Asia. Høge spareratar i asiatiske land, saman med låge prisar på importerte varer, gav rom for historisk låge renter i Vesten. Dei låge rentene bidrog til auka etterspurnad etter kreditt hos hushald og føretak. Høgare prisar på bustader og råvarer både følgde av, og bidrog til, auka etterspurnad etter kreditt.

Optimisme og framtidstru bidrog til låge påslag for risiko og at risikoen vart undervurdert. Mange har peika på at denne utviklinga syner at marknadene ikkje sjølve klarer å avverje ubalansar og kredittbobler.

Nye føretaksmodellar hos kredittgjevarane kan ha vore medverkande til utviklinga. Medan bankane som gjer lån med sikte på å holde dei til førefall har motivasjon og tradisjon for å vurdere risikoar langt fram i tid, kan dei meir transaksjonsbaserte investeringsbankane og spesialføretaka som gjerne vart oppretta for å finansiere kreditten, ha vore meir opptekne av resultata på kortare sikt.

Reguleringa, særleg i USA og Storbritannia, kan òg ha forsterka desse institusjonane si rolle i kredittsystemet. Finanskonsern kunne til dømes minske avsetningskrava gjennom å opprette dotterføretak. Dei såkalla investeringsbankane, saman med ulike holdingføretak og fond, kunne operere med særs låge kapitalbufferar sidan dei ikkje var underkasta vanlege reglar. Investeringsbankane i USA hadde på det høgaste utlån og verdipapir som var verdsette til meir enn 30 gonger eigenkapitalen i føretaka.

Gode økonomiske førehald og låge tap over lengre tid, kan ha minska kjensla av risiko. Høg lønsemd kan ha bidrege til det same, sjølv om gjengs økonomisk logikk skulle tilseie at høg lønsemd og raske verdistigningar òg inneber høg risiko.

Optimistiske kredittvurderingar gav låg risikovekting og låge avsetningar for tap i føretaka. Kapitaldekninga i dei internasjonale finansinstitusjonane var god i rekneskapen, men desse tala var i mange tilfelle resultat av for låg vurdering av risikoane i eigedelane. Kredittratingsbyråa sine vurderingar av høgrisikopapir, særleg subprimepapir og komplekse instrument, har vore kritiserte i ettertid. Tapsforventningane på subprimelåna var til dømes ofte bygd på faktisk misleghald frå berre dei første par åra desse låna hadde tap, noko som ikkje fanga opp mogelege tap under meir krevjande omstende.

I figur 2.25 i meldinga er samanhengen mellom dei mest sentrale mekanismane drøfta ovanfor illustrert. Figuren syner nokre av dei kompliserte verknadene frå låge renter og manglande regulering som leidde til høg risiko i systemviktige institusjonar.

Subprimemisleghaldet i USA og verdifallet på samansette produkt, og på dei institusjonane som åtte slike produkt, avslørte i 2007 kor sårbare dei oppbygde strukturane var. I byrjinga av uroa vart bankane sine problem dempa gjennom innhenting av ny kapital frå marknaden. Men etter kvart som det vart klart at eigedelsporteføljane eigentleg var større og hadde høgare risiko, fall aksjekursane og det vart særs vanskeleg å hente inn meir kapital. Ved utgongen av januar 2009 hadde internasjonale bankar nedskreve om lag 790 mrd. dollar, medan dei hadde henta inn vel 820 mrd. dollar i ny kapital, ifølgje Det internasjonale valutafondet. Av den nye kapitalen var 380 mrd. dollar statleg innskotne midlar.

Medan vi i Noreg er vane med at alle delar av finansmarknaden er regulerte av styresmaktene, var om lag halvparten av den amerikanske finansmarknaden utanfor tilsyn og kapitalkrav ved inngangen til krisa, ifølgje berekningar frå Kredittilsynet. Utferding av verdipapir med sikkerheit i bustadlån og fast eigedom låg utanfor amerikansk regulering. I byrjinga rekna ein denne verksemda for å vere marginal, og uviktig for stabiliteten i det finansielle systemet. Men i løpet av nokre få år vart fleire og fleire bustadlån verdipapiriserte, og utgjorde om lag 60 pst. av alle amerikanske bustadlån i 2007, jf. ovanfor. Såleis vart utferdarane av desse papira i høgste grad systemisk viktige, utan at reguleringa følgde etter. Til samanlikning vart slik verksemd tillaten i Noreg først i 2007, og då strengt regulert. Utferdarane må til dømes oppfylle gjengse kapitalkrav, og det er berre lån med panteverdiar opp til 75 pst. som kan verdipapiriserast.

Kredittrisikoen til dei norske bankane har dei siste månadane auka markert, særleg med omsyn til den svake realøkonomiske utviklinga. Det er stor uvisse om den vidare utviklinga i norsk og internasjonal økonomi. Medan det kan kome tap framover som vil svekkje soliditeten i bankane, er det lite truleg at vi får ei ny bankkrise. Likevel kan ein ikkje sjå bort frå at einskilde bankar kan få problem i år eller i 2010, og at det i nokre tilfelle kan bli naudsynt med ytterlegare tiltak.

I meldinga pkt. 2.3 er risikoane på den norske finansmarknaden nærmare omtalt. Utviklinga på dei norske finansmarknadene er nærmare omtalt i pkt. 2.4 i meldinga, og handsaming av einskilde institusjonar i pkt. 2.5 i meldinga.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Framstegspartiet og Venstre, viser til at det har vore uro på finansmarknader i verda i over eitt og eit halvt år. Finansuroa har spreidd seg til realøkonomien, og verda er no inne i det alvorlegaste økonomiske tilbakeslaget på mange tiår. Uroa starta med subprimelån i USA, men har spreidd seg raskt til ei rekkje land. Krisa har også gitt kraftige utslag i Noreg, og norske finansmarknader er ramma. Likevel er ikkje dei norske finansmarknadene like hardt ramma som ein del utanlandske institusjonar. Dette skuldast mellom anna at norske finansinstitusjonar ikkje har vore eksponerte mot subprimelån i særleg grad.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre, konstaterer at norske bankar, i motsetnad til ein del bankar i andre nordiske land, ikkje hadde stor verksemd i utlandet då krisa oppstod. Dette har dempa dei direkte verknadene av finanskrisa for dei norske bankane. Likevel er også norske bankar blitt meir utsette for internasjonal påverknad dei siste åra, mellom anna fordi dei er blitt meir avhengige av finansiering på den internasjonale marknaden.

Fleirtalet viser til at utviklinga i den norske pengemarknaden var dramatisk hausten 2008. Pengemarknadsrentene gjekk kraftig opp, og i nokre periodar var det ikkje mogleg for norske bankar å låne i denne marknaden. Bankane stramma inn på utlån til hushald og føretak. Fleirtalet viser til at Noregs Bank har sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke dei negative verknadene av den internasjonale finanskrisa. Noregs Banks styringsrente er sett ned frå 5,75 pst. til 1,5 pst. Regjeringa og Noregs Bank har oppretta ei byteordning som inneber at bankane får låne statspapir i byte mot obligasjonar med fortrinnsrett. Desse tiltaka medverka til at presset i pengemarknaden letta noko mot slutten av 2008, og pengemarknadsrentene er blitt kraftig reduserte. Men forholda er framleis ikkje normale. Fleirtalet viser vidare til at Regjeringa i februar i år la fram ein omfattande kredittpakke. Statens obligasjonsfond på 50 mrd. kroner skal investere i den norske obligasjonsmarknaden. Statens finansfond på 50 mrd. kroner skal kjøpe eigenkapitalinstrument utferda av norske bankar. Det er enno for tidleg å vurdere effekten av desse tiltaka.

Fleirtalet vil peike på at det er ei rekkje forhold som har medverka til at vi har fått ei finanskrise. Vi har framleis ikkje full oversikt over årsaker og samanhengar. Fleirtalet er likevel ikkje i tvil om at svak og til dels manglande regulering av delar av finansmarknaden, særleg i USA, har vore ei medverkande årsak. Opphevinga av Glass-Steagall Act i USA i 1999, lova som skilde forretningsbankar og investeringsbankar, saman med opphevinga av eigenkapitalgrensa til amerikanske investeringsbankar våren 2004 og den enorme veksten i forsikringar mot kredittrisiko dei siste åra, har etter fleirtalet sitt syn vore medverkande årsaker til at den finansielle krisa har fått så stort omfang. Forsikringar mot kredittrisiko viste seg å verke svært medsyklisk. Fleirtalet viser til at dei fire store investeringsbankane i USA, med unntak av Lehman Brothers som blei slått konkurs, no er gjorde til vanlege forretningsbankar eller er overtekne av andre finansinstitusjonar. Felles for desse var eksponeringa deira mot dårlege bustadlånspapir og låg eigenkapital samanlikna med storleiken på verksemdene. Fleirtalet viser til at problema i fjor haust i AIG, det største forsikringskonsernet i verda, særleg var knytte til eit dotterføretak som hadde selt kredittrisikoforsikringar i stort omfang. Fleirtalet vil peike på at reguleringa som amerikanske og britiske styresmakter hadde av investeringsbankar og spesialføretak som blei oppretta for å finansiere kreditt, kan ha forsterka den rolla desse institusjonane hadde i kredittsystemet. Fleirtalet konstaterer at det har vore stor kreativitet knytt til oppretting av stadig nye former for finans- og kredittføretak, der styresmaktene systematisk har vore på etterskot når det gjeld regulering. Dette har medverka til auka risiko og dermed større ustabilitet og det må etter fleirtalet sitt syn få ny og forsterka merksemd frå reguleringsstyresmaktene si side. Fleirtalet poengterer kor viktig det er for finansiell stabilitet at forsikringsselskap held seg til forsikring av liv og eigedom og ikkje kredittrisiko.

Fleirtalet vil peike på at vi i Noreg, i motsetning til i mange andre land, har eit integrert finanstilsyn. Kapitaldekningsregelverket for finansinstitusjonar er basert på at lik risiko skal behandlast likt. Dette prinsippet hindrar at risiko hopar seg opp der den er minst regulert. Fleirtalet vil vidare peike på at reguleringa i Noreg inneber at kredittføretak som utferdar obligasjonar med fortrinnsrett, er underlagde dei same kapitalkrava som bankar. Det er derfor ikkje mogleg for bankane å omgå kapitalkrava gjennom å verdipapirisere utlån, slik det er i ein del andre land. Fleirtalet meiner at den norske innskotsgarantiordninga har gjort mykje for å sikre innskytarane sine rettar og stabilisere innskotsdekninga i bankane. Fleirtalet støttar Regjeringa sitt arbeid for å halde fast ved den norske ordninga.

Fleirtalet viser til at høge spareratar i asiatiske land, saman med låge prisar på importerte varer, gav rom for historisk låge renter i den vestlege verda. Dei låge rentene førte til auka etterspurnad etter kreditt frå hushald og føretak. Optimisme og framtidstru medverka til låge påslag for risiko og undervurdering av risiko. Fleirtalet konstaterer at mange har påpeikt at denne utviklinga viser at marknadene ikkje sjølve klarer å hindre ubalansar og kredittbobler.

Sentralbanksjefen tok under høyringa 14. mai i år til orde for høgare eigenkapitalkrav i bankane. Han la vekt på at dette måtte skje på eit felles nordisk nivå på grunn av konkurransen i den nordiske bankmarknaden. Fleirtalet sluttar seg til vurderinga frå sentralbanksjefen.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre understreker at en velfungerende markedsøkonomi forutsetter politiske rammebetingelser som skaper rettferdige spilleregler og produktive insentiver, og som motvirker maktkonsentrasjon og andre former for verdiødeleggende atferd. Slike rammebetingelser kan aldri skapes en gang for alle. De må hele tiden videreutvikles og fornyes i takt med samfunnsutviklingen – så vel nasjonalt som internasjonalt.

Disse medlemmer viser til at Norges robuste statsfinansielle situasjon, basert på at handlingsregelens integritet er ivaretatt fornuftig over tid, gjør at landet står godt rustet til å møte vanskelige tider. Samtidig kan den samme styrken lett skape en sovepute som gjør at vi har vanskeligheter med fullt ut å erkjenne alvoret i den internasjonale krisen, og hvordan den allerede virker inn på norsk økonomi.

Disse medlemmer er spesielt bekymret over at store deler av vår eksportrettede industri allerede merker den internasjonale krisen gjennom et sterkt fall i både produktpriser og etterspørsel som er direkte koblet til nedgangen i verdensøkonomien. Selv om også store deler av norsk industri er rettet mot oljevirksomhet og innenlands etterspørsel, som trolig vil holde seg bedre oppe, er ikke det tilstrekkelig til å endre på totalbildet. Nedgangen i norsk industri ventes samlet sett å bli kraftig i 2009.

Disse medlemmer viser videre til at Regjeringen og flertallet hevder at krisen er påført landet fra utlandet, og ikke har innenlandske årsaker. Selv om dette hovedsakelig er riktig, er det grunn til å understreke at vi også i Norge har opplevd en betydelig penge- og kredittekspansjon i de senere år, med påfølgende tendenser til vedvarende økning i boligprisene. Både pengemengde og kredittvolumet økte med i overkant av 10 pst. årlig i perioden mellom 2005 og 2008 – et godt stykke i overkant av et langsiktig bærekraftig nivå.

Disse medlemmer understreker at de norske bankene, spesielt de lokale sparebankene, er relativt solide målt i egenkapitaldekning. Den aktuelle finanskrisen har allikevel vist at det er helt opplagt at kapitaldekningen i bankene må justeres opp på et høyere nivå enn Basel II-kravene tilsier – på mellomlang sikt. Dessuten har finanskrisen vist at det skaper betydelig systemrisiko hvis deler av finansnæringen ikke avkreves en viss minimal egenkapitaldekning, som i USA og Storbritannia. Erfaringsmessig har det også vist seg at systemrisikoen er vesentlig mindre i land med mer helhetlige reguleringer, som Canada og Norge.

Disse medlemmer mener også at det er svært viktig å tilføre finansmarkedet nye motsykliske mekanismer. Det vil si regulatoriske mekanismer som krever høyere kapitaldekning og/eller tapsavsetninger i tider med sterk kredittvekst (også for å dempe kredittveksten), og tilsvarende lavere krav/avsetninger i dårlige tider med lav kredittvekst (for å dempe kredittørken).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er ikke uenig i alle deler av flertallets merknader, men konstaterer at noen premisser og forutsetninger er det uenighet om. Disse medlemmer velger derfor å ikke slutte seg til flertallets kommentarer i sin helhet, men velger i stedet å ta omtalen i Kredittmeldingen til orientering. Disse medlemmer har følgende kommentarer til Regjeringens fremlegg:

Disse medlemmer viser til behandlingen av Bankpakke II med opprettelsen av Statens finansfond og Statens obligasjonsfond, jf. Innst. S. nr. 158 (2008–2009) og Innst. O. nr. 48 (2008–2009). Disse medlemmer påpekte i den forbindelse viktigheten av at Stortinget ble løpende orientert om virksomheten, ettersom opprettelse av Statens finansfond og Statens obligasjonsfond innebærer at Stortinget gir Regjeringen vide fullmakter til den videre utformingen av regelverk og betingelser i tilknytning til fondene, samt virksomheten. En slik orientering burde være naturlig å omtale i Kredittmeldingen. Disse medlemmer viser også til at disse medlemmer i Innst. S. nr. 158 (2008–2009) fremmet forslag som lød:

"Stortinget ber Regjeringen på egnet måte regelmessig orientere Stortinget om virksomheten, samt status for forvaltningen av fondenes midler."

Disse medlemmer viser til at finansministeren nokså naivt i høst uttalte at vi ikke ville oppleve en finanskrise i Norge, for her var alt så godt regulert. Disse medlemmer setter spørsmålstegn ved om regelverket og reguleringene i finanssektoren har hatt riktig innretning når man nå trenger to bankpakker for å få kredittmarkedet på fote igjen.

Disse medlemmer er også av den oppfatning at Regjeringens fremstilling av finanskrisens årsaker i Kredittmeldingen for 2008 er feilaktig og mangelfull.

Disse medlemmer vil også understreke at problemet i USA ikke er at markedet har vært "helt fritt" og uregulert, slik man kan få inntrykk av blant politikere på venstresiden, men feil reguleringer og pengepolitikk, foruten statsinngrep i boligfinansieringsmarkedet.

Disse medlemmer finner dermed grunn til å presisere at det i hovedsak er myndighetenes reguleringer som har bidratt til finanskrisen, blant annet gjennom et regelverk som har tvunget banker til å yte lån til mennesker som ikke har hatt tilstrekkelig betalingsevne, gjennom såkalt "sosial boligpolitikk".

Disse medlemmer viser til at amerikanske myndigheter, under Bill Clintons regjeringstid, førte en svært aggressiv politikk overfor de private bankene i USA for å få dem til å låne ut penger til boligkjøpere med lav kredittverdighet. Under Clintons første presidentperiode brukte man en kombinasjon av trusler og gulrøtter for å få de amerikanske sparebankene til å låne ut penger, spesielt til minoritetsgrupper med lav inntekt og liten formue, gjennom såkalte "affordable lending requirements". Dette var initiativ som Fannie Mae og Freddie Mac ble tvunget til å imøtekomme.

De to gigantiske og halvstatlige boligfinansieringsselskaper, Fannie Mae og Freddie Mac, overtok risikoen forbundet med disse "subprime"-lånene. Dermed reduserte man bankenes risiko ved å gi folk lån. Disse to selskapene ble igjen gitt lov til å pakke inn den råtne gjelden i verdipapirer som ble solgt videre til de store forretnings- og investeringsbankene på Wall Street. Denne gjelden kunne selges videre igjen til andre banker og finansselskaper, både i USA og andre land. AIG forsikret disse investeringsbankenes "junk bonds", og risikoen ble dermed skjøvet fra ledd til ledd i kjeden. Alle aktørene var dermed avhengige av at boligprisene steg.

Dermed ble hele finanssektoren rammet, noe høstens konkurser og redningsaksjoner vitner om.

Disse medlemmer viser også til at kredittpolitikken ført overfor sparebankene stod for ca. 3/4 av subprime-lånene. I tillegg har man brukt statlige virkemidler overfor de private forretnings- og investeringsbankene. I 1999, da deler av den mye omtalte Glass-Steagall Act ble avviklet og erstattet med Gramm-Bleach-Bliley Act, insisterte Clinton-administrasjonen på å bake inn den såkalte Community Reinvestment Act (CRA) i den nye loven. CRA var nok et virkemiddel for å få de private bankene til å gi boliglån til mennesker med lav kredittverdighet.

Hvis forretnings- og investeringsbankene ikke oppfylte CRA-kravene, risikerte de å få avslag fra deres reguleringsinstans om å få lov til å kjøpe opp og slå seg sammen med andre banker. Dermed la man klare føringer på bankenes utlånspolitikk. At de private bankene opptrådte "uansvarlig" i et slikt reguleringsregime er alt annet enn overraskende.

Investeringsbankene spesialiserte seg i sin tur på å redusere egen risiko ved risikofylte utlån ved å inngå avtaler om såkalte credit default swaps (CDS). Dette går ut på at et annet finansselskap enn det som opprinnelig ga lånet, gir en slags forsikring mot en viss sum med penger. Igjen ble bankene pålagt å gi risikofylte lån, men risikoen ble overflyttet til andre finansselskaper. Et selskap som virkelig kom i uføre på grunn av CDSer, var forsikringsgiganten AIG.

Disse medlemmer mener det er verdt å merke seg at både Alan Greenspan og offisielle kredittvurderingsbyråer tok dette finansinstrumentet imot med åpne armer, fordi man mente at det ville virke stabiliserende på finansmarkedet ved å spre risikoen blant mange aktører. Det motsatte skjedde: Man mistet oversikten og risikovilligheten økte voldsomt.

Disse medlemmer viser også til at tidligere finanskriser og krakk oppstått i USA har vært forårsaket av uklok økonomisk politikk fra myndighetene i USA. Det klassiske eksemplet er krakket på Wall Street i 1929 og depresjonen som fulgte. Politikken som fulgte utover på 30-tallet var skadelig for den amerikanske økonomien, noe som forklarer hvorfor depresjonen ikke tok slutt før USA gikk inn i andre verdenskrig.

For eksempel satte Hoover opp skattene kraftig under en depresjon. I tillegg lot administrasjonen og Federal Reserve pengemengden falle med rundt 1/3. De fleste økonomer, uavhengig av skoleretning og politisk tilhørighet, kan fortelle at dette var noe av det verste man kunne gjøre i en slik situasjon.

Franklin D. Roosevelts New Deal var også feilslått, og arbeidsledigheten forble kronisk høy helt fram til andre verdenskrig. Også Roosevelt satte opp skattene og lot pengemengden falle i 1936, noe som førte til en "depresjon i depresjonen", i seg selv en av de verste depresjonene i amerikansk historie.

Disse medlemmer viser for øvrig til rapportene "Finanskrisen: Markedssvikt eller styringssvikt?" utarbeidet av Civita (2009) og "Finanskrisen – ett gigantiskt politikmisslyckande", Munkhammar m.fl. (2008).

Disse medlemmer vil understreke at løsningen ikke nødvendigvis er mer reguleringer, men riktige reguleringer. Reguleringene må ikke i for stor grad åpne for politisk skjønn og kortsiktige politiske gevinster. Videre må reglene utformes slik at en unngår "moral hazard" eller såkalte "perverse insentiver", dvs. at hvis alt går bra sitter man igjen med fortjenesten selv, men hvis det går dårlig griper staten inn. Reguleringene, og forventningene til reguleringenes håndheving, medfører altså det uheldige at andre ender opp med kostnaden forbundet med en risiko som en aktør selv burde tatt regningen for.

Disse medlemmer påpeker at finansmarkedene er integrert over landegrensene, og at harmonisering av regelverket internasjonalt kan være av nødvendighet. Et slikt arbeid kan Norge ta initiativ til. Disse medlemmer ønsker i første omgang å sette ned en bankkommisjon for å utrede hvilke svakheter systemet har, samt på hvilke områder systemet burde forbedres. Disse medlemmer viser til sitt forslag om å sette ned en bankkommisjon fremmet i Innst. S. nr. 158 (2008–2009).

Vi er nå kommet i en situasjon som etter hvert kan føre til at mange mennesker kan komme i uføre med gjeldsproblemer. Disse medlemmer viser til Dokument nr. 8:16 (2007–2008) fremmet av Fremskrittspartiet. Representantforslaget tok sikte på å belyse og utrede forslag til endringer i regelverket omkring personer tynget av gjeld, slik at ikke systemet unødig bidro til å forverre problemene. Disse medlemmer konstaterer at kun disse medlemmer stemte for forslaget, og således er de eneste som tar dette problemet tilstrekkelig alvorlig.

Den økonomiske situasjonen landet nå er inne i må tas alvorlig. Disse medlemmer viser til at Regjeringen med sitt forslag til statsbudsjett for 2009 ikke tok høyde for den økonomiske situasjonen Norge var på vei inn i. Regjeringen var heller ikke villig til å justere kursen eller anslagene som lå til grunn for budsjettene, og fremmet først en tiltakspakke 26. januar 2009. Disse medlemmer vil påpeke at problemet med tiltak som settes i verk av politikerne er at de virker for sent. Hurtighet er derfor avgjørende. På dette området kunne Regjeringen vært bedre. Disse medlemmer viser til at de allerede i sitt alternative budsjett for 2009 foreslo bevilgninger for å avhjelpe krisen. Da disse tiltakene ikke fikk flertall, fremmet disse medlemmer en rekke tiltak på nytt i januar 2009. I motsetning til Regjeringen prioriterte disse medlemmer skattelette for å øke kjøpekraften og bedre rammevilkårene for landets bedrifter. Disse medlemmer viser for øvrig til Innst. S. nr. 139 (2008–2009).

Disse medlemmer viser til at venstresiden i norsk politikk siden finanskrisen startet, i sin propaganda har proklamert at markedsøkonomien er død og at kapitalismen har spilt fallitt. Dette kan ikke fremstilles mer feil. Frihandel og markedsøkonomi har fått millioner av mennesker ut av fattigdom, og verden har opplevd en enorm velstandsvekst siden krigen.

I motsetning til sosialistisk planøkonomi har markedsøkonomien evnen til å korrigere feil. Det er det som skjer når man opplever justeringer og krakk. Dette viser nettopp at systemet fungerer. Men systemet er ikke perfekt, og det kan legges til rette for at det fungerer enda bedre, blant annet gjennom bedret informasjon i markedene.

Kriser rydder ofte opp i økonomien og gir grunnlag for nye ideer og ny vekst. Kriser kan åpne for kreativitet og muligheter for gründervirksomhet og innovasjon, fordi ressurser frigjøres og ledig kapasitet kan settes inn.

Disse medlemmer viser eksempelvis til at Norsk Hydro fikk oppsving som følge av innovasjon på 30- og 40-tallet innen fullgjødsel. I denne perioden oppstod også møbelindustrien på Vestlandet.

Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at myndighetene legger til rette for nyskapning, fremfor å legge hindringer i veien. Politikernes oppgave er å skape grobunn for optimisme.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre vil peke på at det fra Regjeringen og regjeringspartiene stadig vekk blir hevdet at krisen skyldes et totalt frislipp av markedskrefter og en til dels uregulert finansnæring. Et stykke på vei er det nok rimelig å hevde at tilsyn og reguleringer av finansmarkedene i Norge har vært mer helhetlige og strengere enn i for eksempel Island, Storbritannia og USA. Men det er på sin plass å minne om at vi – på tross av mer helhetlige og strammere reguleringer av finansnæringen – har opplevd at en hel del uheldige situasjoner knyttet til såkalte sammensatte spareprodukter har oppstått – produkter som er godkjent av det norske Kredittilsynet, og at det ikke er mer enn om lag ett år siden den sittende regjering foreslo å tillate drift og markedsføring av såkalte spesialfond eller hedgefond i Norge. Det er etter disse medlemmers syn også grunn til å merke seg at det har vært flere advarsler i pressen enn det har vært fra Kredittilsynet omkring de mer spekulative spareproduktene som selv solide banker har solgt. Det har heller ikke vært noen interesse fra Regjeringens side for å se kritisk på de advarsler som tross alt har kommet i løpet av de siste årene.

Komiteens medlem fra Venstre vil peke på at det ikke er tvil om at Norges Banks lavrentepolitikk over mange år har vært en sterkt medvirkende årsak til den betydelige veksten i pengemengde og kredittvolum de senere år. Styringsrenten ble holdt under 3 pst. helt fra august 2003 til november 2006.

Dette medlem vil vise til motsykliske kapitalkrav for bankene som blant annet har vært praktisert i Spania. Spanske banker har vist seg å klare seg bra til tross for at landet er sterkt rammet av finanskrisen og av en eksepsjonell sterk boligboble. I denne sammenheng er det naturlig å lære av det regulatoriske regimet i Spania, som må kunne sies å være en suksesshistorie på dette feltet.