Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Kredittmeldinga 2008 omhandlar følgjande tema:

Kapittel 2 handlar om føresetnadene for, og utsiktene til, finansiell stabilitet i Noreg. Under dette er risikoane på dei norske finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga innanfor dei norske finansinstitusjonane. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga, og dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2008.

Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2008, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtala av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ei omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2008. Omtala i kapittel 4 og 5 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet. Årsmeldingane frå Noregs Bank og Kredittilsynet for 2008 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Peter N. Myhre og Jørund Rytman, frå Høgre, Svein Flåtten, Linda C. Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at høyring med sentralbanksjef Svein Gjedrem blei halden torsdag 14. mai. Referat frå høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga.