Innstilling frå næringskomiteen om endring i statsbudsjettet for 2009 under Fiskeri- og kystdepartementet (garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa)
Dette dokument
- Innst. S. nr. 275 (2008–2009)
- Kildedok: St.prp. nr. 66 (2008–2009)
- Dato: 02.06.2009
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I samband med behandlinga av St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009), vedtok Stortinget ei eiga ordning for garantiar knytt til førstehandsomsetning av fisk. Garantiramma for ordninga vart sett til 525 mill. kroner, medan løyvinga på post 50 Tapsavsetning garantiar vart sett til 175 mill. kroner.
Innovasjon Norge har til no inngått garantiavtalar med to fiskesalgslag med samla garantirammer på 570 mill. kroner.
Innovasjon Norge har nytta 427,5 mill. kroner av garantiramma på 525 mill. kroner. Det er sett av til saman 107 mill. kroner til avsetning for tap.
Dei andre fiskesalslaga har fått tilbod om garantiavtalar på tilsvarande vilkår, men har ikkje søkt. Det står dermed att 97,5 mill. kroner av garantiramma og 68 mill. kroner av løyvinga til tapsavsetningar.
Samtidig er det mange fiskeindustribedrifter som manglar driftskapital for å kunne kjøpe inn meir fisk. Garantiar for driftskreditt vil kunne bidra til å auke tilgangen på driftskapital i fiskeindustrien. Det blir difor fremma forslag om at Stortinget gir fullmakt til at Innovasjon Norge kan nytte attståande garantiramme og løyving til tapsavsetningar til garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa elles. Dette vil gi Innovasjon Norge høve til å gi garantiar for driftskreditt for enkeltbedrifter i fiskerinæringa for ein samla driftskreditt på 130–195 mill. kroner, avhengig av kva risikodel Innovasjon Norge bestemmer å stille med i den enkelte saka (50–75 pst. risikodel).
Fiskeri- og kystdepartementet har vurdert tiltaka opp mot relevant internasjonalt regelverk. Det er ingen endringar i vurderinga i høve til då ordninga vart etablert i februar 2009.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Ola Borten Moe, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at Stortinget tidlegare har vedteke ei eiga ordning for garantiar knytt til førstehandsomsetninga av fisk. Garantiramma vart sett til 525 mill. kroner med tapsavsetningar på 175 mill. kroner. Garantiordninga vert forvalta av Innovasjon Noreg som ei eiga ordning.
Komiteen viser vidare til at Innovasjon Noreg har inngått garantiavtale med to fiskesalslag. Dei andre salslaga har fått tilbod om garantiavtalar, men har ikkje nytta seg av tilbodet. Det står no att 97,5 mill. kroner av garantiramma og 68 mill. kroner av løyvinga til tapsavsetningar. Komiteen er samd med Regjeringa i at den attståande delen av garantiramma og tapsavsetningane bør nyttast til garantiar for driftskreditt elles i fiskerinæringa.
Komiteen er kjend med behovet for ytterlegare driftskreditt i enkeltbedrifter i næringa og føreset rask handsaming i Innovasjon Noreg, slik at løyvingane kan kome til nytte for gjennomføringa av vårtorskefisket utanfor Finnmark og seifisket langsmed kysten.
Komiteen strekar under at det er viktig at bankane etter kvart tek til å fungere på normal måte. Komiteen er difor samd i at desse garantiane må rettast inn mot auka driftskreditt til bedriftene og ikkje ta over risikoen for eksisterande driftskreditt.
Komiteen har elles ingen merknader til Regjeringa sitt framlegg.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
1. inntil 427,5 mill. kroner knytt til førstehandsomsetning av fisk, der det er ein føresetnad at tilsegn om garantiar blir gitt knytt til eigne garantiavtalar for det enkelte fiskesalslag.
2. inntil 97,5 mill. kroner knytt til fiskerinæringa elles.
Oslo, i næringskomiteen, den 2. juni 2009
Ola Borten Moe |
Steinar Gullvåg |
leiar |
ordførar |