Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om menn, mannsroller og likestilling

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling. Meldinga viser til at likestilling lenge har vore synonymt med kvinner og deira kamp for økonomisk sjølvstende, lik løn, makt, og mot undertrykking og vald.

Likestilling handlar om begge kjønn. Når menn har mindre tid saman med eigne barn, er meir utsette for ulykker, er overrepresentert på kriminalstatistikken, og fell oftare frå vidaregåande utdanning, er dette døme på at menn òg kan tene på likestilling. Menn er i dag òg underrepresenterte i yrke som lærar i barnehage og grunnskule, sjukepleiar og barnevernspedagog. Samstundes sit menn framleis i dei fleste maktposisjonar, dei tener meir enn kvinner, og det er i hovudsak menn som står bak den grove valden i nære relasjonar.

Dei seinare åra har det skjedd positive endringar i mannsrolla. Det er no gått nesten 20 år sidan Mannsrolleutvalet i 1991 la fram si innstilling. Mannsrolleutvalet peika ut omfordeling av makt mellom kvinner og menn, meir tid for fedrane til omsorg for eigne barn både før og etter samlivsbrot, reduserte kjønnsforskjellar i val av utdanning og yrke, og å hindre menns vald mot kvinner, som sentrale mål for det framtidige likestillingsarbeidet. På fleire områder har utviklinga i mellomperioden vore positiv. Særleg er det grunn til å trekkje fram utviklinga i heimen, og den auka kontakten mellom fedrar og deira barn. På andre område har utviklinga stått stille eller vore negativ. Medan kvinner har kome inn på dei tidlegare mannsdominerte arenaene i arbeidslivet, har det ikkje vore nokon auke når det gjeld menn i helse- og omsorgssektoren, og i utdanningssektoren utgjer menn ei mindre gruppe i dag enn 15 år tidlegare. Det gjer at det er grunn til å gjenta måla frå Mannsrolleutvalet.

Det er òg behov for å oppsummere endringar som har skjedd som følgje av forslaga frå utvalet, og for å vurdere nye utfordringar i lys av den generelle samfunnsutviklinga. Forslaga som utvalet la fram, er mellom anna følgde opp med ein eigen fedrekvote i foreldrepermisjonsordninga. Det har medverka til endringar i mannsroller og i tradisjonelle oppfatningar om eigenskapar knytte til menn og maskulinitet. Den "nye mannen" er meir likestillingsorientert. Særleg er menn i dag meir delaktige i omsorga for barn, og endringane i farsrolla har vore spesielt store. Menn har òg fått utvida rom for handling.

Omsorg er ei åtferd hos menn som bør stimulerast. Omsorg er på mange måtar i utgangspunktet det motsette av vald, og dessutan ei viktig evne i oppseding og samvær med barn, også i yrke i barnehagar og skular. I omsorga for eldre har menn ei viktig rolle, og likeeins i sjukepleia generelt. Både menn og kvinner blir sjuke og pleietrengande og bør ha krav på å få møte personar av begge kjønn som omsorgsytarar.

Maskulinitet er, som feminitet, allment forbunde med ei rekkje positive verdiar og eigenskapar. I sum dannar dei eit mangfald som gir grunnlag for sosial, kulturell og økonomisk vekst i samfunnet. Enkelte åtferdstrekk som tradisjonelt er knytte til maskulinitet, er det likevel grunn til å vurdere kritisk. Det gjeld særleg trekk som har ein slik karakter at dei rammar kvinner, men òg grupper av menn, på ein negativ måte. Vald mot kvinner og barn eller andre menn, mellom anna vald mot homofile, er døme på dette.

Regjeringa erkjenner at likestilling berre kan oppnåast når menn og kvinner arbeider saman mot konkrete mål og aksepterer at både maskulinitet og feminitet har sider der endringar og nye tilpassingar trengst. Likestilling mellom kjønn handlar både om å endre haldningar hos menn og kvinner og om å sikre formelle rettar og plikter på individ- og gruppenivå.

Eit viktig formål med meldinga er å samle kunnskapsbasert materiale og data om menn og mannsroller. Materialet viser til fulle at det er store sosiale forskjellar mellom grupper av menn, og at det er god grunn til å bruke omgrepet "det ekstreme kjønnet". Menn utgjer nemleg både topp og botn i samfunnet sett med "sosiale auge". Dei er overrepresenterte i maktforum, og dei toppar dei "dårlege" statistikkane over vald, kriminalitet og sjølvmord. Åtte av ti skuleelevar med alvorlege åtferdsproblem er gutar.

Som bakgrunn for meldinga sette Barne- og likestillingsdepartementet i 2006 i gang ei brei gransking av haldningar og praksis i samband med likestilling mellom kvinner og menn. Resultata er presenterte i dei ulike delane av meldinga, og det blir då referert til "Likestillingsgranskinga". Eit samandrag av resultata går fram av vedlegg 1 i meldinga. Gjennomgåande har likestillingspolitiske tiltak, mellom anna med sikte på å sikre lik reell tilgang til utdanning uavhengig av kjønn og ein oppvekst utan preg av kjønnsstereotypiar, stor tilslutning blant kvinner og menn. Granskinga viser at likestillinga på heimebane blir gjennomført gjennom forhandlingar på dagleg og lengre sikt, og at menn deltek mykje meir i positiv forstand som medansvarlege for familiens ve og vel. Heile 90 pst. av både menn og kvinner meiner at arbeidet i heimen og forsørgjaransvaret for familien bør delast likt mellom kjønna, og langt fleire par følgjer og dette prinsippet opp i den daglege handlemåten.

Samtidig viser granskinga at arbeidslivet statistisk ikkje viser noko teikn til å bli meir likestilt, at det har skjedd lite eller inkje av eigeninitiert likestillingsutvikling, og at arbeidslivet fungerer som ein brems for likestillinga mellom kjønna. Når vi i tillegg har ein så kjønnsdelt arbeidsmarknad, ser vi at norsk samfunnsliv har store utfordringar på dette feltet i tida framover.

Barne- og likestillingsministeren etablerte i august 2007 eit mannspanel som fekk i mandat å drøfte og skape debatt rundt temaet menn, mannsroller og maskulinitet i eit likestillingsperspektiv. Mannspanelet blei òg bedt om å gi innspel til arbeidet med meldinga. Forslaga som Mannspanelet la fram i eit sluttnotat, er omtalte i dei ulike delane i meldinga. Notatet frå panelet går i tillegg fram av vedlegg 2 i meldinga. Departementet konstaterer at det nesten utan unntak var samsvar mellom dei områda der Mannspanelet ville setje inn tiltak, og dei sidene ved situasjonen til menn som meldinga allereie var retta inn mot. Etableringa av Mannspanelet viste på alle måtar behovet for å drøfte mannsrollene og livssituasjonen til menn. Ikkje minst var det interessant å sjå at så mange såg det som ein provokasjon at mennene i panelet ikkje skulle vere "ordentlege mannfolk". Det kan sjå ut til at somme meiner dei har einerett på å definere dette omgrepet, og at det berre er dei sjølve som fell inn under det. Utspela viser at behovet for å drøfte mannsroller og situasjonen til menn absolutt bør ha politisk og samfunnsmessig interesse.

Den delen av befolkninga som ikkje er fødd i Noreg, har auka vesentleg dei siste 15 åra. Særleg frå ikkje-vestlege land har tilflyttinga auka. I det same tidsrommet er det blitt langt større openheit om seksuell legning, og mangfald som ein viktig verdi har brei støtte i befolkninga. Dei nemnde faktorane viser både at mannsrollene har endra seg i løpet av åra som har gått sidan Mannsrolleutvalet, og at spekteret av mannsroller er utvida. Meldinga drøfter ulike sider ved mannsrollene og eigenskapar knytte til maskulinitet.

Regjeringa erkjenner at likebehandling av kjønn ikkje åleine kan oppnåast ved å gi menn og kvinner like formelle rettar og plikter. Når gutar blei oppseda til å halde igjen tårene, mens jenter fekk gråte openlyst, var ikkje det ulovleg forskjellsbehandling av kjønn, men like fullt ei kulturelt basert forskjellsbehandling som førte til at menn og kvinner tedde seg ulikt seinare i livet. I denne meldinga er søkjelyset først og fremst retta mot sosiale og kulturelle tradisjonar som reproduserer åtferd hos nye generasjonar, og kjønnsbasert forskjellsbehandling som rammar gutar og menn. Formålet er å finne ut korleis slik forskjellsbehandling og reproduksjon av uønskt åtferd kan fjernast.

Rettar og plikter som berre gjeld for det eine kjønnet, må reknast som brot på likebehandlingsprinsippet og krev særskild grunngiving. Lover og reglar er no i all hovudsak kjønnsnøytrale, og etter regelverket er det derfor stor grad av sjanselikskap for menn og kvinner i Noreg. På enkelte område har norske styresmakter sett i verk positiv særbehandling av det eine kjønnet for å skape resultatlikskap. Grunngivinga for tiltaka har vore at slik særbehandling på lang sikt vil tene likestillinga mellom kjønna.

Regjeringa vil arbeide for at økonomiske ordningar, lover og reglar skal vere kjønnsnøytrale og ikkje diskriminere det eine kjønnet. I denne meldinga går Regjeringa derfor gjennom og vurderer endringar i ordningar og reglar som kan verke diskriminerande overfor gutar og menn. Ei vel så stor utfordring for den enkelte gut og mann er nok likevel kulturelle og kollektive haldningar med historisk bakgrunn som inneber at menn og kvinner blir forstått og behandla ulikt. Slike haldningar set framleis klare grenser for kva jenter og gutar kan velje, og i meldinga foreslår regjeringa tiltak på ulike samfunnsområde for å endre dei.

Medan kvinnerolla vart vesentleg endra på sytti- og åttitalet, har ein dei to siste tiåra òg sett store endringar i mannsrolla. Å rette fokus mot menn og likestilling inneber ikkje at arbeidet med kvinner og likestilling blir nedprioritert. Tvert om heng dette tett saman. Det er framleis eit mål å sikre ei høg yrkesdeltaking hos kvinner, å få fleire kvinner inn i leiarstillingar og i styre. Men det er òg eit mål at fedrane får meir tid saman med eigne barn. Samstundes som det er eit mål å redusere forskjellen i timeløn mellom kvinnedominerte og mannsdominerte yrke, er det òg eit mål å få fleire menn til å velje sjukepleiaryrket eller andre yrke der kvinner er overrepresenterte. Likestilling mellom kvinner og menn handlar djupast sett om å oppnå ei rettvis fordeling av makt, ansvar og omsorg.

Meldinga meiner det vil tene både kvinner og menn, familien og samfunnet.

Kunnskapsdepartementet har våren 2008 lagt fram ein eigen handlingsplan for likestilling i barnehagen og i grunnopplæringa. Handlingsplanen foreslår ei rekkje tiltak for å betre kjønnsbalansen, både i utdanningsval for barn og unge og blant tilsette i sektoren. Formålet er å endre på tradisjonelle oppfatningar om utdannings- og yrkesval, og tiltak skal rettast mot begge kjønn anten ein er elev, student eller arbeidssøkjar. Meldinga drøfter behov for særskild innsats retta mot gutar innanfor skule og utdanning.

Eit særtrekk ved skulen er at gutar på alle nivå gjennomgåande har svakare resultat frå grunnskule og vidaregåande skule enn jenter. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at gutar i snitt ligg ein halv karakter bak jentene i avgangsresultat frå grunnskulen. Kjønnsforskjellane var betydelege òg for tjue år sida. Regjeringa ser på tidleg intervensjon som det viktigaste verkemidlet for å bøte på lærevanskar. Statistikken viser at fleire gutar enn jenter treng slik intervensjon, men det er langt færre (6,3 pst.) av elevane som får spesialundervisning enn som har lærevanskar. Samspelet mellom skule og foreldre er òg vesentleg, og fedrar, særleg fedrar med etnisk minoritetsbakgrunn, må stimulerast til å engasjere seg langt sterkare i skulekvardagen.

Forsking viser at gutar og jenter møter ulike forventningar når det gjeld skuletilpassing, både frå heim og skule. Slike kjønnsbaserte forskjellar i forventningar kan slå negativt ut for gutar seinare i livet. Forsking viser òg ein klar samanheng mellom forventningar og læring. Det er behov for meir forsking om årsaker til forskjellar i læringsutbyte. Ein fersk rapport frå NOVA fann ikkje grunnlag i forskinga for at skulen forsterkar kjønnsforskjellar i læringsutbyte, men heller ikkje for at skulen medverka til å redusere forskjellane. Svake avgangskarakterar frå grunnskulen er ein stor risikofaktor i høve til fråfall i vidaregåande skule. Når gutar har langt høgare fråfall i utdanninga enn jenter, vil det i eit likestillingspolitisk lys svekke gutars moglegheit ved val av vidare utdanning og yrke, samanlikna med jenter. Kunnskapsdepartementet vil derfor forsterke innsatsen for å bringe fram kunnskap om årsaker til kjønnsforskjellane i læringsutbyte.

Endringar i utdanningsval er sentrale for å lykkast med å bryte den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Utdannings- og yrkesrådgjevinga i skulen vil ha auka fokus på kjønnsutradisjonelle utdanningsval, slik Kunnskapsdepartementet si handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010) og St.meld. nr. 16 (2006–2007) om innføring av delt rådgjevingsteneste i grunnskulen og vidaregåande opplæring legg opp til.

Departementet vil setje i gang arbeidet med å utvide heimelen i likestillingslova om særbehandling av menn slik at det òg omfattar andre sektorar som arbeider med vaksne, der menn er underrepresenterte, bl.a. i pleie- og omsorgssektoren. Den norske arbeidsmarknaden er ein av dei mest kjønnssegregerte i Europa. Likestillingsgranskinga viser at arbeidslivet "bidrar til å bremse" likestillinga mellom kvinner og menn, og at lite har skjedd dei siste 20 åra når det gjeld å oppnå ei jamnare fordeling mellom kjønn i dei ulike yrka og næringane. Ei rekkje offentlege kampanjar har vore sette i gang for å endre dette biletet. "Likestilling i landbruket", "Kvinner i leiing", "Kvinner i realfag" er kampanjar som har vore lanserte og gjennomførte. Tilsvarande kampanjar retta mot menn har vore av mindre omfang, men dette er nå endra gjennom handlingsplan for fleire menn i barnehage og skule (Kunnskapsdepartementet).

Av kampanjar som ledd i arbeidet for å få fleire menn inn i arbeid med barn kan nemnast "Menn i barnehagen" (www.mibnett.no), "Menn i skulen" (www.menniskolen.no) og nokre spreidde prosjekt under Helse- og omsorgsdepartementet, til dømes "Kompetanseløftet". Regjeringa foreslår å styrkje verkemidla for å rekruttere menn til bransjar som i dag er kvinnedominerte. Alle offentlege sektorar skal vidare ha strategiar for å behalde tilsette av det underrepresenterte kjønn. Auka høve til positiv særbehandling av menn, i kombinasjon med ein bevisst rekrutterings- og personalpolitikk, kan vere med og jamne ut dei kjønnsforskjellane som eksisterer i dagens arbeidsmarknad.

Barnehagesektoren har god erfaring med rekrutteringsstrategiar der moderat kvotering vert kombinert med andre rekrutterings- og behaldetiltak. Talet på menn i barnehagane har auka med 50 pst. frå 2003 til 2007. Barnehagane som har lukkast (har minst 20 pst. menn blant dei tilsette), har kombinert positiv særbehandling med enkle virkemiddel som mellom anna marknadsføring der menn er målgruppa.

Regjeringa vil støtte opp om og leggje forholda til rette for at far skal ta meir ansvar for barn og familie. Regjeringa vil føre ein samlivspolitikk som styrkjer likestillinga i samfunnet og gir kvinner og menn høve til å delta på lik line i familielivet og i arbeids- og organisasjonslivet.

I samsvar med måla i SoriaMoria-erklæringa om meir sjølvstendige rettar for far vil Regjeringa arbeide for at alle fedrar som har opptent rett, skal ha rett til fedrekvote. Dette vil gi alle fedrar som har opptent rett til foreldrepengar, den same moglegheit til å ta ut ein fedrekvote. Dagens foreldrepengeordning er kompleks og har gjennomgripande svakheitar når det gjeld forskjellsbehandling av mødrer og fedrar. Departementet vil utgreie ei forenkla og likestilt ordning.

Å kombinere fulltidsjobb og familieliv er ei utfordring både for mødrer og fedrar, men fedrane har andre tilpassingar å gjere enn mødrene. Det kan skuldast kollektive haldningar, kultur og tradisjonar i samfunnet og på arbeidsplassane. I dag tek færre enn 20 pst. av fedrane med rett til fedrekvote ut meir enn dei øyremerkte vekene, og meir enn 80 pst. av barna bur saman med den biologiske mora etter eit samlivsbrot. Eit ansvarleg, forpliktande foreldreskap gjeld begge kjønn. Både mor og far er viktige omsorgspersonar for barnet.

Å utvide fedrekvoten er det mest effektive tiltaket for å auke fedranes bruk av foreldrepermisjon. I statsbudsjettet for 2009 er fedrekvoten foreslått auka til 10 veker, og samla permisjonsperiode med to veker. Regjeringa vil på sikt utvide fedrekvoten med ytterlegare fire veker til 14 veker, der to av vekene vil kome som forlenging av stønadsperioden. Dette legg grunnlag for ei vesentleg styrking av fedranes omsorgsrolle og sikrar samstundes familiane fleksibilitet.

Departementet vil òg greie ut korleis ordninga med den to veker lange omsorgspermisjonen ved fødsel eller omsorgsovertaking kan gjerast betre.

Regjeringa ønskjer å styrkje fedrane som omsorgspersonar. Endringar i samlivsformer medfører at stadig fleire fedrar har dagleg samvær med stebarn og periodisk samvær med biologiske barn. Nye samlivsformer krev at kjønnsrollene må endrast.

Eit eige utval, Barnelovutvalet (NOU 2008:9 Med barnet i fokus), har utgreidd endringar i barnelova. Utgreiinga vil bli følgd opp med ein lovproposisjon. Men når perspektivet for endringane i barnelova er å støtte opp under ei utvikling mot ei meir likeverdig deltaking frå begge foreldra overfor barnet etter eit samlivsbrot, handlar dette òg om menn og omsorg.

Det er barnet sitt beste som skal vere førande for endringar i barnelova. At barn kan oppretthalde og utvikle best mogleg kontakt med begge foreldra òg når dei ikkje lenger bur saman, vil i dei fleste høve vere til barnet sitt beste, og ei stode det bør oppmuntrast til gjennom lovverket.

Hovudsakleg som følgje av avtalar mellom foreldra bur fleirtalet av barna hos biologisk mor etter samlivsbrot. Når domstolen avgjer kven barnet skal bu hos fast, får far medhald i same grad som mor. Barna har i dei fleste høve rett til samvær med far, eventuelt mor. Regjeringa vil foreslå å utvide definisjonen av "vanleg samvær".

Regjeringa vil òg foreslå å auke ramma for fastsetjing av samvær med offentleg oppnemnd tilsynsperson. Endringane vil for barna kunne medføre auka samvær med fedrane etter samlivsbrot. Når ein av foreldra vel å flytte over store avstandar etter samlivsbrot, gjer det samvær med begge foreldra vanskeleg for barna. Regjeringa ønskjer derfor å innføre ei varslingsplikt før flytting innanlands som vil gi foreldra høve til å drøfte spørsmålet nærmare, og eventuelt reise sak for retten om kor barnet skal bu fast, om dei ikkje maktar å bli einige. Varslingsplikta bør omfatte både bustad- og samværsforeldre.

Unnataksvis skjer det at den av foreldra som barnet bur hos, lagar vanskar for eller gjer samvær umogleg for den av foreldra som barna har rett til samvær med. Det kan òg være andre grunnar til at ikkje samværsavgjerda vert oppfylt. Regjeringa er opptatt av at samværsretten vert respektert, og ønskjer å utgreie korleis lova kan styrkjast på dette punktet.

Menn og kvinner som bur saman har eit samarbeidsprosjekt knytt til familie og samliv. Ei likare fordeling av ansvar og oppgåver kan styrkje forholdet og førebyggje samlivsbrot. For par med barn kan det styrkje foreldreskapet til beste for barna. Målet er at begge kjønn blir likestilte partnarar og omsorgspersonar. Samtidig må arbeidsliv og tenesteproduksjon ta omsyn til at òg far har barn.

Departementet vil leggje til rette for å gjere "pappagrupper" til eit landsdekkjande tiltak. Erfaringar viser at menn/fedrar i mindre grad enn kvinner dannar denne typen nettverk.

Framleis er fedrane i klart mindretal blant foreldra som følgjer barna til kontroll på helsestasjonane under første leveår. For å bryte slike tradisjonar gjer Regjeringa framlegg om at fedrane, der begge foreldra bur saman, skal få oppmoding om å følgje barnet til kontroll når det er 8 månader.

Ulikskapar i helsetilstand mellom menn og kvinner heng i stor grad saman med forskjellar i livsstil og levesett. I 1999 la eit eige utval fram den første kvinnehelseutgreiinga og peikte på det nødvendige i eit "kvinne- og kjønnsperspektiv" i helsetenestene. Meldinga viser målretta tiltak for å betre kjønnsperspektivet. Tilgjengeleg statistikk viser betydelege kjønnsforskjellar i eigenopplevd og legevurdert helsetilstand. Det er framleis nærmare fem års forskjell i forventa levealder mellom kvinner og menn.

Hovudutfordringane når det gjeld likestilling innafor helse- og omsorgssektoren er å auke kunnskapen om kjønnsforskjellar i helse, sjukdom og helsetenester, og ta omsyn til kjønnsforskjellane ved utforminga av tiltak i førebyggjing og behandling. Innsatsen vert konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektiv i all verksemd og forsking der dette er relevant. Den andre er å fokusere spesielt på lidingar som utelukkande kvinner eller menn har, eller sjukdommar der det eine kjønnet er i fleirtal eller har særskilde vanskar.

Helse- og omsorgsdepartementet ber dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet om å ta inn som mål at helsetenestene utviklast i eit kjønnsperspektiv. Kjønnsperspektivet skal ivaretakast innafor det ordinære arbeidet med å førebyggje og behandle helsevanskar.

Eit overordna mål for Regjeringa er å hindre utstøyting frå utdannings- og arbeidsliv, og gi det einskilde individ moglegheit til ei tilvere med meining. Statistikken viser at gutar og menn er i fleirtal i fleire slike grupper. Regjeringa legg ikkje opp til særlege tiltak ovafor gutar og menn i slike grupper, men til at alle relevante tenester må ha eit kjønnsperspektiv, og om nødvendig settje i verk tiltak som når gutar og menn spesielt.

Regjeringa erkjenner at det alltid vil vere ein balansegang mellom den individuelle retten til å treffe eigne val og behovet for intervensjon. Intervensjon, først og fremst frå dei nærmaste omgivnadene, men òg frå styresmaktene, kan vere aktuelt. Slik intervensjon kan gjelde personar eller grupper som hamnar på sida av det som vanlegvis blir oppfatta som eit meiningsfylt liv. Sjølv om gutar og menn utgjer fleirtalet i grupper av marginaliserte eller risikogrupper for marginalisering, er det ikkje utan vidare gitt at styresmaktene bør intervenere og rette særskilde tiltak mot gutar og menn. I ein likestillingskontekst er det viktig å fastslå om slike grupper av menn kan seiast å vere utsette for direkte eller indirekte kjønnsbasert diskriminering. Fråfall i vidaregåande utdanning er ein særleg alvorleg risikofaktor for marginalisering. Det er ei kjensgjerning at langt fleire gutar fell frå i utdanninga enn jenter. For nokre grupper med etnisk minoritetsbakgrunn er fråfallet av gutar særleg stort.

"Satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring 2003–2005" har vore eit initiativ i regi av Kunnskapsdepartementet som er vidareført dei seinare åra. Tala tydar på at det er nødvendig at satsinga i endå sterkare grad har eit guteperspektiv, og særskilt fokuserer på risikogrupper blant gutar. Den overrepresentasjonen av unge menn blant mottakarar av uføretrygd og blant einslege mottakarar av sosialhjelp kan vere ein konsekvens av manglande intervensjon ved fråfall frå vidaregåande skule.

Blant menn finst det ei større gruppe med valdelege haldningar og handlingar enn blant kvinner. Gruppene utgjer likevel eit lite mindretal. Dette mindretalet blant menn representerer ein trussel mot kvinner og mot likestilling, og samtidig ein trussel og ei utfordring overfor andre menn. I meldinga vurderer Regjeringa òg tilbodet til menn som er utsette for vald, mellom anna familievald. Eit overordna mål er å førebyggje partnarvald. I den samanhengen er tilbod om meistring av sinne og aggresjon av særleg interesse. Statistikken viser at menn utgjer fleirtalet i målgruppa for slike tilbod.

Gjennom effektive hjelpe- og behandlingstilbod skal innsatsen mot valdelege tendensar vidareutviklast, og gjentaking av vald hindrast. Ei rekkje menn vender seg årleg til Ressurssenteret for menn REFORM og til dei lokale familievernkontora med ønske om hjelp til å takle sinne. Departementet vil styrkje REFORM og deira gruppetilbod til menn om meistring av eige sinne. Behovet for lågterskeltilbod er større enn det hjelpetenesta er i stand til å tilby i dag. Departementa vil derfor forsere oppbygginga av opne hjelpe- og behandlingstilbod, særlig i Vest-, Midt- og Nord-Noreg, der tilbodet i dag er lite eller fråverande. Oppbygginga vil skje frå Justisdepartementet gjennom ATV (Alternativ Til Vold) og frå Barne- og familiedepartementet gjennom familievernet. Familievernet og ATV vil vidare utvikle eit nærare samarbeid i alle regionar.

Krisesentertilbodet er sentralt for ofre for partnarvald og annan vald i nære relasjonar. Tilbodet skal betre tilpassast menn som ofre for slik vald.

Gjennom effektiv førebygging kan ein forhindre valden før den oppstår. I Regjeringa si handlingsplan "Vendepunkt", er det tatt inn fleire primærførebyggjande tiltak. Også "Manifest mot mobbing" er ei ramme for fleire haldningsskapande tiltak i skulen. Den internasjonale kampanjen "White Ribbon" er eit døme på grasrotrørsler blant menn for å fremme nulltoleranse for vald, som òg skal stimulerast i Noreg.

Å førebyggje tidleg er viktig. Sjølv om det er gjort mykje forsking på samanhengen mellom bruk av vald og inntaket av medievald, er det inga semje blant medieforskarar om effekten av slikt forbruk. Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing av samanhengen mellom medievolden som marknadsmessig særleg rettar seg mot gutar og menn, og mobbing og vald slik skule- og kriminalstatistikken viser.

"Kjønn er noko ein gjer, ikkje noko ein er" er eit velkjent postulat frå nyare kjønnsforsking. Kjønnsforskinga, og frå 1980-talet mannsforskinga som ein del av kjønnsforskinga, har kasta eit nødvendig lys over endringar i måten menn opptrer på som sosialt kjønn. Regjeringa oppsummerer forskinga rundt menn og maskulinitet som fenomen. Det er ei kjensgjerning at sosialt kjønn endrar innhald over tid. Døme på slike endringar i åtferd og oppfatningar om maskulinitet er at det i dag er ei sjølvfølgje å sjå menn trille barnevogn. Når departementet frå 2008 finansierer eit eige mannsforskingsprofessorat ved Universitetet i Oslo, er det for å støtte opp under forskinga som ei viktig drivkraft for endringar i mannsrolla framover.

Det går fram av meldinga at for Regjeringa er det sentralt at den enkelte, gut som jente, gjennom oppveksten får velje og må innrette seg på grunnlag av eigne evner og ressursar, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk opphav og andre bakgrunnsfaktorar.

Dei klare forskjellane mellom jenter og gutar, både i resultata dei oppnår på skulen og levekåra dei sjølve melder om, gir likevel grunn til bekymring. Resultata som Barne- og likestillingsdepartementet byggjer denne bekymringa på, seier noko om kva gutar får å velje i seinare i livet. Undersøkingane viser at ein gut på tampen av oppveksten i dag har svakare føresetnader for å lykkast i utdanning, arbeidsliv og sosialt enn ei jente. Forskjellane er av ein slik karakter at samfunnet ikkje kan kalle dei akseptable.

Meldinga viser til at det manglar oppdatert forsking om dagens gutar. Det er naudsynt å prioritere gutar som målgruppe for sosialiserings- og læringsforsking.

Forskjellane på kor mykje kontakt gutar i dag har med vaksne menn og kvinner, treng ikkje få eintydige negative eller positive konsekvensar for dei seinare i livet. Både kvantitet, kvalitet og korleis kontakt og oppfølging skjer, speler inn. Regjeringa vil likevel at oppveksten skal pregast av mangfald i vaksenkontakten. Det mangfaldet som finst elles i samfunnet, bør òg prege barnehage, skule og fritidsarenaer. Det gjeld både for gutar og jenter. Når det gjeld likestilling, er den svært skeive kjønnsfordelinga blant dei tilsette likevel ei utfordring som krev aktiv innsats. Fråvær av mangfald, særleg mangel på mannlege tilsette, kan ha meir negative konsekvensar for gutar enn for jenter. Dei lærer ikkje i praksis at òg menn kan jobbe med barn og unge.

Når gutar går ut av grunnskule og vidaregåande skule med vesentleg svakare resultat enn jenter, må tiltak setjast inn. St.meld. nr. 16 (2006–2007) legg vekt på tidleg innsats for å førebyggje manglande læringsutbyte, fråvær og fråfall i utdanninga.

Eit anna viktig område å arbeide innanfor er lærarutdanningane. Likestillingsarbeidet i barnehage og skule må òg handle om dei vaksne, ikkje berre om barna. Det er dei vaksnes praksis, og sementeringa av tradisjonelle kjønnsroller som barna dreg med seg fordi dei ikkje ser menn i desse verksemdene, som er utfordringa. Før barnehagar og skular får meir preg av mangfald i personalet og dei vaksne blir meir observante på seg sjølve som formidlarar av kjønnsroller, lærer ikkje barna godt nok å sjå og forstå seg sjølve uavhengig av kjønn.

Kunnskapsdepartementets handlingsplan for likestilling i barnehagar og i grunnopplæringa (2008–2010) tek sikte på å gjere noko med dette. Auka vekt på forsking synest å vere nødvendig.

Kjønnsstereotypiane pregar oppveksten gjennom media, idrett og kultur. Barne- og likestillingsdepartementet vil invitere til brei drøfting om moglege tiltak for å bryte skadelege stereotypiar. Kroppsideal som aukar risikoen for usunne og uønskte levevanar hos gutar (og jenter), må møtast med tiltak som bevisstgjer ungdommen.

Nedbygging av kjønnsstereotypiar og tradisjonelle oppfatningar om kjønnsroller må skje i samarbeid og samråd mellom foreldre, barnehage og skule. Barn som opplever stort avvik mellom likestillingspraksis i heimen og uttalte verdiar i skule og barnehage, er ei særlig utfordring. Barne- og likestillingsdepartementet vil vidareføre og byggje ut foreldrerettleiingsprogram som understrekar moderne likestillingsideal. Departementet foreslår i kap. 4 i meldinga tiltak for å auke foreldra sin bruk av foreldrepermisjonen. Ei jamnare fordeling av omsorgsoppgåvene mellom kvinner og menn er eit vesentleg bidrag til auka likestilling mellom kjønna.

Gjennom pågåande prosjekt som "Bærekraftige familier – likestilt foreldreskap" vil Regjeringa arbeide for at samhandlinga mellom dei offentlege tenestene for barn (barnehage, skule, helsestasjon) og dei føresette skal byggje på likebehandling av foreldra.

Jo meir likestilte foreldre, desto betre lærer barna om likestilling i praksis.

Regjeringa vil gjennomgå verksemda i barnehagane for å sjå til at gutar får same vaksenkontakt, oppfølging og rettleiing som jenter når dei utfaldar seg i aktivitetar i barnehagane. Dette er vareteke, og andre tiltak er foreslått, i den nye handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring.

Forskinga om kva barnehagen betyr for kjønnssosialiseringa, skal styrkjast.

Barnehagen kan på fleire måtar skape sosial utjamning og leggje til rette for like vilkår for alle barn.

Kunnskapsdepartementet la hausten 2006 fram St.meld. nr. 16 (2006–2007) "…og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring". Denne meldinga har eit livslangt læringsperspektiv og tek for seg heile løpet for utdanning frå barn i førskulealder til vaksne. I St.meld. nr. 16 (2006–2007) er det derfor lagt vekt på behovet for støtte i språkutviklinga allereie i førskulealder, med oppfølging gjennom konkrete stimuleringstiltak når det er behov for det. Regjeringa vil styrkje forsking som kastar lys over årsakene til dei store forskjellane i læringsutbyte mellom jenter og gutar som avgangsresultata frå grunnskulen har vist dei siste 20 åra. Tiltak for at skulen skal kunne medverke til å jamne ut forskjellar i læringsutbyte, skal setjast i verk på bakgrunn av ny kunnskap om årsakssamanhengar.

Halvparten av skulane som deltok i "Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdigheit 2003–2007", arbeidde med eigne tiltak for gutar. Størstedelen av desse tiltaka var utforma med tanke på å betre rammene eller motivasjonen for lesing hos gutar. Mange skular kjøpte inn bøker spesielt berekna på gutar. Evalueringa av strategien viser at det har vore vellykka å setje søkjelys på gutar og lesing, og at det har vore med og gjort leiarar og lærarar meir observante på dei utfordringane leseferdigheiter hos gutar byr på.

På bakgrunn av nærmare analysar av undersøkingar om mobbing blant norske skuleelevar vil Regjeringa gjennomføre særlege tiltak retta mot gutar både som mobbeoffer og som mobbarar.

Gjennom "Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005–2008" og tiltaksoversikta for skuleåret 2007–2008 har det vorte arbeidd for å betre det fysiske og psykososiale elevmiljøet. Utdanningsdirektoratet skal i samarbeid med Helsedirektoratet evaluere ressursboka Samliv og seksualitet, og det skal gjerast ein gjennomgang av samlivs- og seksualundervisninga i grunnopplæringa. På bakgrunn av dette arbeidet skal materialet analyserast i forhold til Kunnskapsløftet med tilvising til dei aktuelle læreplanane. I utarbeidinga av dette ressursmateriellet skal òg temaet arbeid mot mobbing og trakassering på grunn av kjønn og seksuell orientering styrkjast.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet støttar Russens organisasjonskomité (ROK) i samband med ein ungdomskampanje om seksualitet, kjønnsrelatert mobbing og grensesetjing. Kampanjen rettar seg mot alle elevar i vidaregåande opplæring, men med eit særleg fokus på russekulla. Kampanjen gir informasjon om seksualitet, søker å førebyggje seksuelle overgrep og oppfordre til klar grensesetjing når det gjeld eigen seksualitet. Prosjektet starta hausten 2007 og skal halde fram til sommaren 2009.

Nettstaden Skolenettet.no har eigne sider om seksualitet og samliv. Sidene har informasjon retta mot elevar og lærarar. Det er òg lagt ut informasjons- og undervisningsmateriell.

Regjeringa vil ta initiativ til eit samarbeid med Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar for å vurdere tiltak med sikte på å jamne ut kjønnsforskjellar i medlemsmassen i organisasjonane.

Regjeringa vil gjennom Den kulturelle skulesekken ha eit spesielt fokus på forskjellar på korleis gutar og jenter bruker kulturelle uttrykk.

Meldinga legg til grunn at å auke mannsinnslaget i kvinnedominerte yrke, krev komplementære verkemiddel som verkar i same retning. Regjeringa har gjennomført ulike rekrutteringskampanjar som særleg har teke sikte på å rekruttere menn til omsorgs- og undervisningsarbeid for barn. Regjeringa vil vidareføre satsinga og leggje til rette for større grad av positiv særbehandling av menn ved rekruttering til yrke der menn er underrepresenterte.

Handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 inneheld tiltak med sikte på å få eit breiare utdanningsval for gutar og fleire menn blant dei tilsette i barnehage og utdanning.

Utviklinga av strategiar for å rekruttere menn til arbeid på kvinnedominerte arbeidsplassar må forankrast hos partane i arbeidslivet. Regjeringa er interessert i ein brei dialog med desse partane og KS.

Regjeringa vil greie ut forslag om å utvide bruksområdet for heimelen i likestillingslova § 3a med forskrift til andre sektorar og utdanningar der menn er underrepresenterte. Likestillingslova § 3a med forskrift gjeld i dag for stillingar med ansvar for omsorg for og undervisning av barn, og gir heimel til å særbehandle menn, og mellom anna tilsetje menn så lenge dei er like godt eller nesten like godt kvalifiserte som beste kvinnelege søkjar (moderat kvotering). Det er ein føresetnad at menn er underrepresenterte i den aktuelle stillingsgruppa i verksemda. Forskrifta gjeld òg ved opptak til utdanning. Ei breiare vurdering av retten til positiv særbehandling av menn etter likestillingslova, sett opp mot formålsføresegna i lova, må sjåast i samanheng med arbeidet til diskrimineringslovutvalet. Utvalet skal levere innstilling 1. juli 2009.

Det er viktig at eit høve til positiv særbehandling blir brukt aktivt og er forankra hos arbeidslivsaktørane. Ei endring i likestillingslova med forskrift bør derfor følgjast opp av ein endra praksis der arbeidsgivarar i større grad tek i bruk dette verkemidlet. Samtidig må moderat kvotering kombinerast med informasjonskampanjar og andre strategiske grep for å auke rekrutteringa. Barnehagesektoren har allereie god erfaring med rekrutteringsstrategiar som kombinerer moderat kvotering med andre tiltak, mellom anna å oppfordre menn til å søkje og å utforme stillingsannonsar med sikte på å tiltrekkje menn. Kunnskapsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet vil vurdere korleis erfaringane frå arbeidet med å auke prosentdelen menn i barnehagane kan spreiast. Utviklinga av strategiar for å rekruttere menn til arbeid på kvinnedominerte arbeidsplassar må samtidig forankrast hos partane i arbeidslivet. Regjeringa vil drøfte oppfølginga med partane.

I arbeidet med å rekruttere til arbeid i barnehage og grunnopplæring vil Kunnskapsdepartementet i samarbeid med aktuelle partar leggje vekt på tiltak som kan redusere fråfall av mannlege studentar frå dei pedagogiske utdanningane og tiltak for å halde på mannlege arbeidstakarar i barnehage og grunnopplæring. Handlingsplanen inneheld slike tiltak. Planen omfattar tiltak for å auke mannsinnslaget i barnehagane til 20 pst. i 2010 og å få prosentvis fleire menn blant lærarane på grunnskuletrinnet og blant studentane i lærarutdanningane. Planen inneheld òg tiltak for å halde på dei som blir rekrutterte. Forsking viser at kjønnsminoriteten har stort fråfall i utdanningar og yrke:

  • Kjønnsbalanse skal inngå som kvalitetsmål i planer, styringsdokument og arbeidsgjevarstrategi.

  • Rettleiing til barnehagar og skular om rekruttering av menn som t.d. etablering av liknande nettstedar som mibnett.no.

  • Tildele statlege midlar til demonstrasjonsbarnehagar som skal informere og rettleie andre barnehagar om korleis rekruttere menn mv.

  • Etablere rekrutteringsteam for menn i barnehagen. Siktemålet er team i kvart fylke. Teama skal føre vidare arbeidet til MIB-nettverka. (MIB-Menn i barnehagen)

  • Rekruttering av menn til lærarutdanningane. Etablere ein tilskotspott for institusjonane for førskulelærarutdanning som har den største auka i talet på uteksaminerte mannlege kandidatar.

  • Likestillingspris til ein barnehage og ein kommune for arbeidet med å auke andelen menn i barnehagen.

Barne- og likestillingsdepartementet har i februar 2008 sett ned ei ekspertgruppe som skal gå gjennom utdanningane som er retta mot mellom anna arbeid i barnevernet. I praksis betyr det sosionom- og barnevernspedagogutdanningane. Verkemiddel for å rekruttere både fleire menn og personar med minoritetsbakgrunn til studia inngår i vurderinga. Tilrådingane frå ekspertgruppa blir rådgivande for høgskular, universitet og sentrale styresmakter.

Å utvikle gode rekrutteringsstrategiar krev betre og meir systematisk kunnskap enn vi har i dag. Prosjektet "Menn i Omsorgsyrker" ved Høgskolen i Telemark siktar mot å utvikle rekrutteringsstrategiar som både kan bevare og styrkje rekrutteringa av menn i og til omsorgsyrka. Helse- og omsorgsdepartementet vil gi Helsedirektoratet i oppdrag å greie ut korleis Kompetanseløftet 2015 kan medverke til å få fleire menn inn i omsorgsyrka.

Kunnskapsdepartementet vil arbeide for å styrkje rådgivingstenesta i ungdomsskulen og bidra til at den motiverer ungdom til å gjere utradisjonelle utdannings- og yrkesval.

Rådgivingstenesta i grunnskule og vidaregåande opplæring skal som hovudregel delast inn i ein sosialpedagogisk og ein yrkes- og utdanningsrettleiande del. Den yrkes- og utdanningsrettleiande delen skal leggje vekt på å gi råd som i større grad kan tilpassast elevens behov, ønske og anlegg, slik at feilval kan unngåast. Delt rådgivingsteneste vil medverke til auka fokusering på utradisjonelle utdanningsval med sikte på å rekruttere fleire menn til kvinnedominerte yrke.

Tiltak for å auke den aktive bruken av kjønnsperspektivet i utdannings- og yrkesrådgivinga inngår i planen. Utdannings- og yrkesrådgivinga i skulen skal medverke til at elevar vel utdanning og framtidig yrke uavhengig av tradisjonelle kjønnsroller:

  • Utdanningsdirektoratet vil kartleggje haldningane hos utdannings- og yrkesrådgivarar når det gjeld kjønnsroller og utradisjonelle utdannings- og yrkesval.

  • Det skal utarbeidast rettleiingsmateriell om kjønnsbevisste utdanningsval retta mot grunnopplæringa.

Det skal utarbeidast informasjon retta mot elevar og føresette om bevisste utdanningsval. Kunnskapsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet vil utarbeide ein rettleiar til bruk for utdannings- og yrkesrådgivarar om korleis motivere gutar til å ta utdanningar som i dag er kvinnedominerte (vidaregåande opplæring og høgare utdanning). Det skal gis opplæring i kvart fylke på basis av rettleiaren.

Det trengst ny forsking og kunnskapsutvikling på makronivå om dei kjønnsdelte strukturane i arbeidsmarknaden. Det er behov for meir systematisk og detaljert kartlegging av endringar i dei kjønnsdelte mønstra i arbeidsmarknaden sett under eitt. Det som finst av forsking, tyder på at kjønnsintegrering i all hovudsak skjer på grunn av at kvinner i aukande grad søkjer seg mot mannsdominerte område, både når det gjeld arbeid og utdanning. Partane i arbeidslivet må delta i utforminga av kunnskapsprosjektet.

For å oppnå meir likestilling mellom mødrer og fedrar i arbeid og familieliv vil Regjeringa

  • gi alle fedrar med opptent rett, rett til fedrekvote

  • utvide fedrekvoten til 14 veker av ein samla stønadsperiode på 48/58 veker ved fødsel eller 45/55 veker ved adopsjon

  • greie ut ei forenkla og likestilt foreldrepengeordning

  • i samarbeid med Nav styrkje informasjonen om fedrane sine foreldrepengerettar

  • auke fokuset på aktivitets- og utgreiingsplikta etter likestillingslova, med vekt på mannsperspektivet og på verksemder der menn er i klart fleirtal

  • i samarbeid med partane i arbeidslivet styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar til å tilpasse arbeid til familieliv

  • greie ut korleis ordninga med den to veker lange omsorgspermisjonen ved fødsel eller omsorgsovertaking kan gjerast betre

  • i samarbeid med partane i arbeidslivet utforme tiltak for å stimulere arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med bevisste strategiar for permisjonstakarar og arbeidstakarar med barn

Endringar i foreldrepengeordninga vert vurdert i samband med dei årlege budsjettframlegga.

Regjeringa meiner at ein føresetnad for å nå målet om full og reell likestilling mellom kjønna er at det blir lagt til rette for at menn betre kan realisere rollene og funksjonane sine i samliv og omsorg for barn. Likestilt foreldreskap kan òg vere svært viktig for å redusere samlivskonfliktar og førebyggje samlivsbrot.

I avveginga av tiltak for eit likestilt familieliv er det nødvendig å ha klart for seg kva det offentlege kan og bør gjere, og kva som høyrer heime i det sivile samfunnet. Det er ei offentleg oppgåve å skape rammer som gjer at den enkelte kan gjere rette val i eige liv. Det er ei statleg oppgåve å sikre rett lovgiving som byggjer ned hinder for likestilling og fremjar likebehandling og sjanselikskap. Men staten kan ikkje åleine garantere like resultat på individnivå.

  • Meir og betre målretta informasjon om parforhold og samliv kan vere med å gjere alminneleg samlivskonfliktar og senke terskelen for å søkje hjelp. Familievernkontora kan spele ei sentral rolle her. Befolkninga må informerast betre om kva familievernet kan tilby. Det er viktig at familievernkontora er kjende og brukte. Familievernkontoret bør profilerast som den naturlege staden å vende seg for å få hjelp med samlivskonfliktar. Familievernet bør setje i verk spesielle og målretta tiltak for å gjere tilbodet sitt betre kjent blant menn og informere om førebyggjande tiltak for å unngå uønskte samlivsbrot.

  • Regjeringa understrekar det viktige i auka forsking på menn og mannsroller i parforhold og samliv. Det er behov for å systematisere nasjonal og internasjonal erfaring og kunnskap på området. Det nyoppretta professoratet i maskulinitets- og likestillingsforsking ved Senter for kompetanse om kjønn, Universitetet i Oslo, vil ha ei naturlig rolle i dette.

  • Det store fleirtalet av dei som kjem til spedbarnskontroll ved helsestasjonane, er mødrer. Det heng mellom anna saman med at mødrer i stor grad tek ut foreldrepermisjonen i den intense spedbarnskontrollperioden. Mannspanelet rår til at menn som nybakte foreldre må få eit betre tilbod ved helsestasjonane. Regjeringa legg vekt på den viktige rolla òg mannen har under svangerskapet og i fødselsførebuande tiltak. Det er brei semje om at fedrar tidlegast råd bør integrerast og likestillast i foreldreskapet, da er eit godt grunnlag alt lagt. Gjennom ny og deltakande praksis blant fedrar i svangerskaps- og spedbarnsperioden kan fedrar få eit betre grunnlag for å vere ein ressurs for barnet i oppveksten. Her kan helsestasjonane spele ei viktig rolle ved å forvente og stimulere til deltakande farskap, stille krav til fedrar og følgje dei opp. Det vises i meldinga til at Helse- og omsorgsdepartementet tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i primær- og spesialisthelsetenesta, medrekna følgjetenesta. Det blir lagt vekt på tiltak som kan sikre høgast mogleg fagleg kvalitet i fødselsomsorga og tilgjengelege og trygge tilbod til gravide og fødande over heile landet. Her skal det mellom anna fokuserast på den rolla fedrane har som omsorgspersonar. Målet er at dei gravide og familiane deira skal møte ei heilskapleg og samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg. At far har lønn under omsorgspermisjon i to veker etter fødselen er viktig i denne samanheng.

  • Vidare vil Regjeringa gjere framlegg om at fedrane, der begge dei biologiske foreldra bur saman, skal få innkalling til kontroll på helsestasjonen når barnet er 8 månader. Sjølv om den nye innkallinga skal stilast til far, kan foreldra avtale kven av dei som skal møte på helsestasjonen til kontrollen. Slik blir det signalisert at det offentlege ser på far som ein sentral omsorgsperson, og det vil mellom anna vere naturleg å fokusere på saker som har med farsrolla å gjere. Helsestasjonen bør ha oversikt over lokale tilbod om pappagrupper og informere om desse på denne kontrollen.

  • Regjeringa vil gjennom haldningsskapande tiltak medverke til at menn i større grad enn i dag tek sin del av omsorgsansvaret for eigne barn. Dette kan det mellom anna vere naturleg å ta opp som tema i kurset "Godt samliv", statens landsdekkjande parkurs for førstegongsforeldre.

  • Barne- og likestillingsdepartementet vil leggje til rette for at "pappagrupper" kan bli til eit landsdekkjande tiltak. Erfaringar viser at menn/fedrar i mindre grad enn kvinner dannar denne typen nettverk. Pappagrupper vil organiserast som studieringar knytt til eit studieforbund. Studieringane bør ha samarbeidsflatar opp imot lokalt familievernkontor, og helsestasjon og jordmorteneste i kommunen.

  • Barne- og likestillingsdepartementet vil finansiere utvikling av eit kursopplegg for studieringane. Utvikling av eit slikt kurs kan skje gjennom til dømes REFORM. Drifta av studieringane vil av ansvarleg studieforbund bli søkt finansiert mellom anna gjennom tilskot frå vaksenopplæringsmidlane som administrerast av VOX.

  • Mødrer utgjer framleis fleirtalet på foreldremøte i barnehagar og skular. For å auke medvitet om farsrolla i omsorga foreslår Regjeringa å endre rutinane for kontakt mellom barnehagepersonalet og foreldra. Det bør utviklast betre rutinar for å trekkje far meir inn i foreldremøte og utviklingssamtalar i barnehage og skule. Begge foreldra skal konsekvent inviterast til foreldresamtalar, og personalet skal rutinemessig veksle på kven av foreldra dei ringjer opp ved sjukdom.

  • Regjeringa vil leggje til rette for vidare satsing for å styrkje omsorgsrolla til fedrane. Det kan byggjast vidare på viktige erfaringar frå prosjekt som alt er i gang eller gjennomførte.

  • Regjeringa vil setje i verk opplysnings- og motivasjonstiltak for å gjere samlivskurs og andre samlivsstyrkjande tiltak meir kjende og attraktive for menn.

  • Departementet har sett i gang eit arbeid med ein meir heilskapleg gjennomgang av familievernet, mellom anna med sikte på å vurdere om tenesta er godt nok tilpassa dagens behov både når det gjeld ressursar og kompetanse. Som ein del av denne gjennomgangen skal det òg gjennomførast eit kartleggingsprosjekt for å avklare om tilbodet ved familievernkontora i tilstrekkeleg grad er tilpassa menn sine behov.

I dag har foreldre som hovudregel foreldreansvaret saman for felles barn, og dei held fram med det etter eit samlivsbrot så lenge dei ikkje avtaler noko anna. Dersom foreldra verken er gifte eller bur saman når barnet blir født, har mor i utgangspunktet foreldreansvaret åleine. Foreldra kan òg avtale å ha foreldreansvaret saman, eller at far skal ha det åleine.

Barnelovutvalet har drøfta om det bør vere ein generell hovudregel om felles foreldreansvar uavhengig av foreldra si tilknyting til kvarandre på fødselstidspunktet. Eit fleirtal i utvalet meiner at dagens reglar bør vidareførast. Eit mindretal meiner at regelen bør vere felles foreldreansvar uavhengig av om foreldra har budd saman.

Subsidiært foreslår mindretalet at ugifte, ikkje sambuande foreldre får felles foreldreansvar når far ønskjer det og mor ikkje har gitt motsegn innan tre månader etter at ho fekk kunnskap om at far ønskjer felles foreldreansvar.

38 høyringsinstansar har uttalt seg spesifikt om dette forslaget. Av desse støttar 21 fleirtalet, 16 støttar mindretalet, og 4 gir støtte til det subsidiære forslaget til utvalsmindretalet.

Regjeringa viser til at gruppa foreldre som ikkje bur saman når barnet blir født, er samansett. Det er vanskeleg å utforme ein lovregel om foreldreansvar som skal gjelde for alle og som tar omsyn til barnets beste, og det vil være vanskeleg å lage unntaksreglar som dekkjer alle aktuelle situasjonar der det ikkje vil være bra med felles foreldreansvar. Regjeringa ser òg at ei utilsikta effekt av ein regel om automatisk felles foreldreansvar for dei som ikkje bur saman, kan være at fleire mødrer ikkje vil seie kven som er barnefaren.

Regjeringa er samd med fleirtalet i utvalet og fleirtalet av høyringsinstansane, og går derfor ikkje inn for automatisk felles foreldreansvar uavhengig av foreldra si tilknyting til kvarandre på fødselstidspunktet. Regjeringa vil vurdere om foreldre som ikkje budde saman då barnet ble født, skal møtast til mekling for å få hjelp til å lage avtaler om felles foreldreansvar og samvær. Slik mekling bør gjerast innan ein gitt frist etter at barnet er født.

Etter gjeldande rett kan den av foreldra som barnet bur fast hos, flytte innanlands utan samtykke frå den andre forelderen.

Fleirtalet i utvalet foreslår at avgjerda om å flytte med barnet blir lagd inn under foreldreansvaret, slik at begge foreldra må samtykkje til flytting innanlands. I forslaget er det ein føresetnad for samtykkjeplikt at flyttinga i vesentleg grad gjer samværet mellom barnet og forelderen som ikkje flytter, vanskeleg. Det blir samtidig foreslått at flyttespørsmålet skal kunne prøvast rettsleg dersom foreldra ikkje greier å bli samde.

Mindretalet foreslår at flyttekompetansen blir verande hos bustadforelderen, men slik at det ligg føre ei varslingsplikt.

Det er 24 høyringsinstansar som går imot forslaget frå fleirtalet. Av desse gir dei fleste (18) uttrykk for at dei støttar forslaget frå mindretalet om at flyttekompetansen blir liggjande hos bustadsforelderen, men slik at det ligg føre ei varslingsplikt.

Det er 14 høyringsinstansar som går inn for forslaget frå fleirtalet.

Det kan i mange tilfelle vere ei belastning for barnet å flytte, både fordi det mister nærleik til den andre forelderen, og fordi det blir skilt frå venner, skule og nærmiljø. Ei avgjerd om flytting kan i mange høve òg auke konfliktnivået mellom foreldra. Dette kan vere ekstra vanskeleg i samband med skilsmisse/samlivsbrot, der barnet er særleg sårbart. Samtidig kan det i visse høve vere gode grunnar til å flytte, mellom anna grunnar knytte til utdanning, arbeid og arbeidstider, økonomi, familie og sosialt nettverk.

Sjølv om det kan vere ei belastning for barnet å flytte, kan det likevel i nokre tilfelle vere til beste for barnet, fordi situasjonen for familien samla sett blir betre, noko som igjen kan verke positivt inn på den totale livssituasjonen til barnet. Det kan òg vere at det er betre for barnet å bli i nærmiljøet og få fast bustad hos den andre forelderen, enn å flytte. Regjeringa meiner at ei lovregulering av dette spørsmålet bør handle om kvar det er best for barnet å ha fast bustad, alt i alt, og ikkje om éin forelder må ha samtykke frå den andre for å kunne flytte.

Regjeringa meiner at det å flytte kan innebere store endringar, og kan vere ei stor belastning for barnet. Det er derfor viktig at foreldra får tid og eventuell hjelp til å drøfte på nytt kor barnet skal bu fast, og korleis samværsordninga skal vere dersom den eine av foreldra ønskjer å flytte. Regjeringa vil derfor sjå nærmare på om det bør innførast ein varslingsregel som inneber at foreldra får nok tid til å tenkje grundig igjennom situasjonen og eventuelt kan gå til mekling og rettssak om kvar barnet skal bu. Ein eventuell varslingsregel bør òg gjelde for samværsforelderen.

I 2004 var det 43 pst. av samværsforeldra som hadde meir enn "vanleg samvær", som er 8 dagar pr. månad. (26 pst. hadde 8–12 dagar, og 17 pst. hadde 13 dagar eller meir pr. månad).

Foreldra kan sjølve avtale omfanget av samvær ut ifrå kva dei meiner er best for barnet. I barnelova er det ein definisjon som blir lagd til grunn dersom det er avtalt eller fastsett såkalla vanleg samværsrett. Blir det avtalt eller fastsett "vanleg samværsrett", gir det rett til å vere saman med barnet éin ettermiddag i veka, annakvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.

Fleirtalet i utvalet vil behalde regelen om vanleg samværsrett, men endre han slik at samværet i veka blir utvida til å omfatte overnatting. Samværet i sommarferien blir utvida til tre veker. Haust- og vinterferiar skal òg inkluderast. Mindretalet i utvalet meiner at regelen om vanleg samværsrett bør takast ut av lova. Samvær med offentleg oppnemnd tilsynsperson kan i særlege tilfelle tilkjennast for inntil 16 timer i året. Eit samla utval går inn for å auke ramma til 32 timer.

22 høyringsinstansar er samde med fleirtalet i utvalet.

Seks høyringsinstansar er samde med mindretalet i utvalet.

Slik Regjeringa ser det, er det vektige argument både for og imot å behalde ein definisjon av "vanleg samværsrett" i barnelova. Normalt er det bra for barn å bevare god kontakt med begge foreldra, sjølv om dei ikkje bur saman. Både utvalet og mange av høyringsinstansane meiner at definisjonen av "vanleg samvær" bidreg til å sikre eit minimumssamvær for foreldre som har liten kontakt med barna sine. Men utvalet peiker òg på at definisjonen kan verke bindande når foreldra skal komme fram til ein avtale, og såleis kan hindre eit meir omfattande samvær mellom foreldre og barn.

Kanskje er det slik at legaldefinisjonen fører til meir samvær for nokre grupper, men mindre samvær for andre. Det kan ikkje utelukkast at nokre familiar ville ha komme fram til ei meir omfattande samværsordning utan ein slik definisjon å ta utgangspunkt i. Regjeringa meiner likevel at det er viktigare at dei som har lite samvær, blir sikra eit minimum av samvær. Er foreldra først innstilte på at det skal vere mykje samvær, vil dei i mange tilfelle uansett bli samde om samvær som går utover det som ligg i definisjonen.

Regjeringa har komme til at det meste taler for å behalde ein definisjon av "vanleg samværsrett" i barnelova. Regjeringa legg særleg vekt på at ein slik definisjon kan verke konfliktdempande.

Regjeringa er samd med utvalet i at definisjonen bør utvidast, og ser utvidinga som ei naturleg følgje av ei utvikling der fedrar i stadig større grad ønskjer nær kontakt med barna sine, også etter eit samlivsbrot.

Regjeringa ønskjer òg å utvide ramma for kor mange timar det offentlege kan påleggjast å oppnemne tilsynsperson under samvær. Denne ordninga kan bidra til at det kan vere samvær i saker der det elles ikkje ville vore forsvarleg.

Ved manglande etterleving av samvær fastsett ved dom eller rettsforlik kan domstolen etter gjeldande rett påleggje bustadsforelderen ei tvangsbot. Dette i motsetnad til tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvar og bustad, der lova òg opnar for fysisk avhenting av barnet som verkemiddel. Dersom den som har foreldreansvaret, eller som barnet bur fast hos, hindrar at ein samværsrett blir gjennomført, kan den som har samværsretten reise sak og krevje ny realitetsavgjerd i omsorgsspørsmålet. Resultatet av ei slik prøving kan bli at retten finn at omsynet til at barnet bør ha kontakt med begge foreldra tilseier at barnet skal bu fast hos den andre av foreldra.

Fleirtalet i utvalet foreslår at fysisk avhenting av barnet skal bli eit tvangsmiddel òg ved gjennomføring av samværsavgjerder. Det blir framheva at tvangsfullføring gjennom fysisk avhenting kan ha ein viktig preventiv effekt.

Mindretalet meiner at det ikkje bør opnast for fysisk avhenting i desse tilfella, ettersom det vil vere eit dramatisk myndigheitsinngrep som kan vere traumatisk både for barnet og foreldra. Vidare blir det framheva at det ikkje er tilstrekkeleg behov for å endre regelverket.

Om lag halvparten av høyringsinstansane som uttaler seg, støttar forslaget frå fleirtalet. Den andre halvparten av høyringsinstansane som har uttalt seg, går imot forslaget frå fleirtalet.

Det kan stillast spørsmål ved om dagens reglar verkar preventivt nok og/eller avhjelper manglande oppfylling av samværsrett. Som fleire høyringsinstansar påpeiker, manglar kunnskap om tilstanden i dag, deriblant om effekten av verkemidla som er i bruk, årsaker til at fastsette samværsavgjerder ikkje blir oppfylte, og omfanget av problemet.

Saker der det er problem med å gjennomføre fastsett samvær, kan vere svært ulike og samansette. Manglande oppfylling av samværet kan skrive seg frå forhold hos barnet sjølv, bustadsforelderen eller samværsforelderen, eventuelt ein kombinasjon av desse. Dette kan komme av at konfliktnivået mellom foreldra er høgt, med ulike former for kommunikasjons- og samarbeidsproblem på éi eller begge sider. Årsaka til at samværet ikkje blir gjennomført, kan òg vere at barnet sjølv motset seg samvær.

I eit pågåande forskingsprosjekt om barn som har lite kontakt med den eine forelderen, gjennomført av Statistisk sentralbyrå/Agderforskning på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet, vil det mellom anna bli analysert kva faktorar som gir auka risiko for lite kontakt mellom samværsforeldre og barn, og forskarane vil søkje å fange opp kva konfliktnivået mellom foreldra har å seie. Første delen av undersøkinga skal avsluttast innan desember 2008, mens den kvalitative delen vil bli ferdigstilt sommaren 2009.

Funn frå denne undersøkinga og gjennomføring av andre undersøkingar vil bidra til at det blir kasta betre lys over problemstillingar som har med manglande oppfylling av samværsrett å gjere, og gi grunnlag for å vurdere målretta tiltak. Det visast òg til at ei eining ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo skal sjå nærare på prosessen ved henting av barn som plasserast utanfor heimen i regi av barnevernstenesta.

Regjeringa vil likevel skissere nokre moglege alternativ i det vidare.

Det ser ut til å vere behov for eit breiare spekter av verkemiddel i desse sakene, mellom anna verkemiddel som i større grad kan bidra til å redusere konfliktnivået mellom foreldra og hjelpe dei til å samarbeide til beste for barnet. Langvarige og fastlåste konfliktar mellom foreldra er skadelege for barn og kan dessutan redusere omsorgskompetansen til foreldra. Mekling og tilgang til heilskapleg bistand frå hjelpeapparatet (familievernkontor, psykisk helsevern, Nav) kan vere godt eigna til å redusere konfliktnivået mellom foreldra og styrkje høvet til å få gjennomført samværsavgjerder. Gode tilbod om foreldresamarbeid i regi av familievernkontora og andre vil gjere at foreldra betre kan skilje mellom rollene som foreldre og ekspartnarar. Dersom det i tillegg blir gitt høve til tilsyn under samvær på dette stadiet, kan det bidra til å gjere bustadsforelderen og/eller barnet tryggare i tilfelle der dette er ei aktuell problemstilling.

Samtidig er det viktig å sikre at saksbehandlinga til tingrettane i tvangsfullføringssaker er forsvarleg og gjer det mogleg å skilje ut dei sakene som ikkje er eigna for mekling og/eller ikkje skal tvangsfullførast på grunn av "umoglegheit", til dømes fordi det å gjennomføre avgjerda vil føre til alvorlege psykiske belastningar for barnet. Saker der det er særlege grunnar til å få prøvd innhaldet i avgjerda på nytt, bør kanaliserast til ny realitetsbehandling ved domstolen.

Fysisk avhenting av barnet som mogleg tvangsmiddel ved manglande oppfylling av samværsavgjerder kan truleg ha ein preventiv effekt og dermed føre til at fleire samværsavgjerder blir gjennomførte. Det er i utgangspunktet positivt. Å tvangshente barnet til samvær er like fullt eit svært sterkt verkemiddel som krev avveging opp mot andre omsyn. Det er fare for at høve til gjennomføring av fysisk avhenting kan verke psykisk belastande på barnet i saker som frå før er fastlåste, og det kan ha ein negativ effekt på den totale omsorgssituasjonen til barnet. Fysisk avhenting som verkemiddel kan òg auke konfliktnivået og verke negativt inn på framtidig samarbeid om oppfylling av samværet, og det kan gjere det vanskeleg å byggje opp tryggleik hos barnet. Verkemiddelet kan elles vere problematisk med tanke på at samvær er ei stadig tilbakevendande hending, og at samvær vanlegvis gjennomgår forandringar over tid.

På bakgrunn av dette ønskjer Regjeringa at det, i tillegg til eksisterande verkemiddel, blir utreda alternativ til forslaga frå utvalet som vil være betre egna til å fremje fastsett samvær i desse fastlåste sakene der samværet ikkje blir oppfylt som fastsett. Regjeringa vil òg påpeike at arbeidet med å sikre at forlik og dommar er gode og robuste, er viktig for å førebyggje desse vanskelege sakane.

Regjeringa ser det som eit viktig mål å sikre barn ein tilfredsstillande situasjon etter samlivsbrot mellom foreldra. Fordi konfliktfylt foreldresamarbeid verkar svært negativt både på vaksne og barn, er det viktig å styrkje hjelpetilbodet på dette området.

Slike tiltak kan setjast inn på mange nivå. Det kan vere juridiske eller økonomiske tiltak, konfliktreduserande tiltak mellom foreldre eller tilbod om hjelp og støtte før og etter brotet. For å leggje til rette for ein god og nær kontakt med begge foreldra etter eit samlivsbrot må det setjast i verk tiltak som kan redusere konfliktnivået i tilfelle der foreldra ikkje klarer å leggje gamle konfliktar bak seg.

  • I konklusjonsnotatet sitt rår Mannspanelet til at barnelova blir endra, slik at ho tek utgangspunkt i eit likeverdig foreldreskap. Regjeringa vil vurdere kva endringar som best kan sikre eit likeverdig foreldreskap med barnets beste som rettesnor. Vurderinga skal mellom anna ta utgangspunkt i Barnelovutvalet sin lovverksgjennomgang (NOU 2008:9) med påfølgjande høyringsrunde, og tilrådingane frå Mannspanelet.

  • Det må setjast i verk tiltak for å få foreldre til å gjere meir bruk av det etablerte tilbodet om konfliktløysing og betre foreldresamarbeid, mellom anna meklingsordninga. Formålet med meklinga er at foreldra skal komme fram til ein avtale om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast, og kva samværsordning som skal gjelde. Mannspanelet foreslår i konklusjonsnotatet at meklingsordninga som ligg føre i dag, bør evaluerast. Hovudutfordringa i dag ligg i å få foreldre til å utnytte meklingsordninga betre. Meklingsordninga blei sist endra i januar 2007. Det blei innført obligatorisk mekling ved samlivsbrot for sambuarar med barn under 16 år, og timetalet for mekling blei endra. Meklingsordninga skal evaluerast på nytt, mellom anna for å sjå om ho verkar slik det var tenkt.

  • Barne- og likestillingsdepartementet arbeider med problemstillingar knytte til korleis ein kan redusere konfliktane etter samlivsbrot, mellom anna korleis ein kan redusere talet på saker som reisast for domstolane.

  • Det må setjast i verk tiltak for å dempe konfliktnivået mellom foreldre i samband med samlivsbrot og i det vidare samarbeidet om felles barn. Tilbod om konfliktløysing og betre foreldresamarbeid etter samlivsbrot kan vere eit viktig bidrag til at færre barn veks opp i langvarige og skadelege konfliktar mellom foreldra. Familievernkontora blir ein sentral aktør i dette arbeidet.

Kjønnsforskjellane er klare både når ein ser på rapportering av sjukdom og bruk av helsetenester. Menn og kvinner har i dag om lag fem års forskjell i forventa levealder, og dødsårsakene varierer mellom kvinner og menn. Eit langsiktig mål er å redusere og utlikne kjønnsforskjellane, men sidan årsaksforholda bak forskjellane er så komplekse, er det ikkje mogleg å fastsetje forpliktande mål med den kunnskapen vi har i dag. Kjønnsforskjellane kan ikkje berre forklarast biologisk. Ei rekkje andre faktorar verkar inn, mellom anna livsstil og kulturelt fastlagde haldningar, haldningar til eigen kropp og forskjellar i bruk av helse- og omsorgstenester. Sosiale forskjellar får òg ulike helsefølgjer for menn og kvinner.

Det kan òg vere andre faktorar som verkar inn, og det er ikkje kjent kor mykje dei ulike årsakene betyr kvar for seg. Noreg har som andre land hatt ei utvikling med auka levealder for begge kjønn, og dei siste tiåra er forskjellen mellom kvinner og menn redusert. Ein faktor som har medverka både til å heve den forventa levealderen og å minske forskjellen mellom kjønna, er den reduserte dødsrisikoen hos spedbarn. Brorparten av veksten i forventa levealder kjem av betre folkehelse og førebygging av sjukdom, mens ein mindre del av forklaringa ligg i den medisinske utviklinga.

Merksemd om kjønnsforskjellar i helse og helsetenestebruk kan medverke til betre helse i befolkninga og betre kvalitet på helse- og omsorgstenestene. Sentrale element i arbeidet er:

  • formidling av helseinformasjon som når begge kjønn

  • ei skulehelseteneste og helsestasjonar for ungdom som er like attraktive for gutar som for jenter

  • eit innarbeidd kjønnsperspektiv i helse- og omsorgstenestene, og i forskinga om helse

  • auke kunnskapen om kjønnsforskjellar i bruken av helsetenester

  • målrette tiltak for å redusere førekomsten av seksuelt overførbare infeksjonar.

Styresmaktene bruker i dag store ressursar på å spreie helseinformasjon til befolkninga. Informasjonsspreiinga skjer direkte i regi av offentlege styresmakter og gjennom forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og brukargrupper. Informasjonen blir spreidd i form av publikasjonar, via Internett og på andre måtar. Kommunikasjon er i dag brukt som tiltak på linje med lovgiving, finansieringsordningar og strukturelle rammevilkår.

For Regjeringa er det vesentleg å bidra til at helseinformasjon når fram til både kvinner og menn. Menn og kvinner bør i ein del tilfelle møtast ulikt med helseinformasjon, på same måten som det må takast høgd for andre sosiale bakgrunnsvariablar når det skal utviklast kommunikasjonstiltak, og når helsepersonell møter pasientar med ulikt kjønn og ulik bakgrunn.

Arbeidet med likestilling mellom kjønn, mellom anna for å motverke uheldige stereotypiar, kan tyde på at seksualitet og oppfattingar om seksualitet er noko ein bør skaffa meir kunnskap om.

I offentlege helsekampanjar må kjønn vurderast som ein variabel det må takast omsyn til når kommunikasjonsstrategiar skal utviklast. Korleis dette bør gjerast, skil seg naturleg nok frå tiltak til tiltak. I nokre tilfelle kan helseinformasjon som er tilrettelagd etter kjønn, vere nyttig.

Det førebyggjande arbeidet på livsstilsområdet er forankra i handlingsplanen for betre kosthald i befolkninga (2007–2011), handlingsplanen for fysisk aktivitet (2005–2009), den nasjonale strategien for det tobakksskadeførebyggjande arbeidet (2006–2007) og opptrappingsplanen på rusfeltet.

Kjønnet si innverknad står sentralt i det førebyggjande arbeidet innafor kosthold, fysisk aktivitet, tobakk og rus. Alle dei aktuelle strategiane og planane inneheld omtale av kjønnsforskjellar og legg vekt på kjønnsperspektivet ved utforming av tiltak.

Helsestasjons- og skulehelseteneste frå 0 til 20 år er ei lovpålagd kommunal teneste som skal vere lett tilgjengeleg for brukarane. I mange kommunar inkluderer tilbodet helsestasjon for ungdom. Tenesta skal førebyggje psykiske og fysiske plager og lidingar hos barn, ungdom og gravide gjennom rettleiing, rådgjeving, nettverksarbeid og helseundersøkingar. Ferske tal frå SINTEF Helse viser at gutar i langt mindre grad enn jenter oppsøkjer skulehelsetenesta.

For at gutar skal få sine behov stetta, er det viktig at tilbodet er tilgjengeleg på skulen og synleg i skulemiljøet. Det skal takast i bruk fleire informasjonskanalar for å gjere tenesta lettare tilgjengeleg. Informasjon på nett kan bidra til at gutar gjer meir bruk av tilbodet. Nettstaden "Klara Klok" er eit døme på det.

I Asker kommune er det etablert eit eige helsestasjonstilbod for gutar med opningstid to timar i veka. Trass i at gutane har tilgang til det ordinære tilbodet i regi av helsestasjonen for ungdom, vel 50 pst. av gutane å møte på tidspunkt som er avsette spesielt for gutar. Det kan tyde på at gutar oppsøkjer tilbodet i regi av helsestasjons- og skulehelsetenesta når det er tilrettelagt for deira behov.

Departementet oppfordrar kommunane til å utvikle skulehelsetenesta slik at ho blir like attraktiv for gutar som for jenter.

Menn og kvinner har ulike erfaringar med helse og sjukdom. Derfor er eit kjønnsperspektiv på helse og livskvalitet viktig. Eit mannsperspektiv på helse og livskvalitet vil gagne likestillinga og leggje til rette for at menn og gutar kan oppnå levekår og helse meir på linje med kvinner.

Både forskingsresultat og erfaringar hos helsepersonell tyder på at menn og kvinner har ulik psykososial tilnærming til kroppen og handterer helse og sjukdom ulikt.

Helse- og omsorgsdepartementets forskingsstrategi for 2006–2011 understrekar behovet for meir kunnskap om kjønnsforskjellar på helsefeltet. Programma i regi av Noregs Forskingsråd, som får tilskot frå Helse- og omsorgsdepartementet, speglar òg dette. I programma skal forskingsrådet stimulere til at kjønn og kjønnsforskjellar i helse og sjukdom blir tekne opp og drøfta i alle relevante prosjekt.

Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 30. januar 2008 ein rekommandasjon om at kjønnsperspektivet og arbeidet for å minske kjønnsforskjellane på helseområdet skulle innarbeidast i den nasjonale helsepolitikken. Statane blir oppfordra til å samle inn kjønnsspesifikke helsedata rutinemessig og å utvikle eit tydeleg kjønnsperspektiv i helseforskinga.

Hovudutfordringane på likestillingsområdet innafor helse- og omsorgssektoren er å auke kunnskapen om kjønnsforskjellar i helse, sjukdomar og helsetenester, og ta omsyn til kjønnsforskjellar ved utforming av tiltak i førebygging og behandling. Helse- og omsorgsdepartementets mål er konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektiv i all verksemd der perspektivet er relevant. Den andre er å fokusere spesielt på lidingar som utelukkande kvinner eller menn har, eller sjukdomar der det eine kjønnet er i fleirtal eller har særskilde vanskar.

Kjønnsperspektivet vert følgd opp i Helse- og omsorgsdepartementets dokumenter, m.a. stortingsmeldingar, nasjonale strategier og handlingsplaner.

Strategiar og tiltak på området seksuell helse er forankra i handlingsplanen for førebygging av uønskte svangerskap og abortar (2004–2008) og strategiplanen for førebygging av hiv og seksuelt overførbare sjukdommar. På begge desse områda skal det leggjast fram nye planar i 2009.

Kjønnsforskjellar har stor innverknad i arbeidet med ungdom og seksualitet. Gutar har andre erfaringsverder, bruker andre arenaer for helseopplysning og har nytte av andre tiltak enn jenter. Helseinformasjon på dette området må derfor ha eit språk og ei form som er i pakt med metaforane i gutekulturen, og vere innretta på behova blant gutar. Undersøkingar viser at gutar har dårlegare kunnskap enn jenter i sentrale spørsmål som vedgår kropp og seksuell helse. Undersøkingane viser òg at gutar ønskjer slik kunnskap, og at dei gjerne vil kommunisere med nokon som veit kva guteproblem dreier seg om. Det er ei utfordring at det er stor mangel på vaksne menn som rollemodellar, rådgjevarar og samtalepartnarar på handlingsarenaene til unge gutar. Det kan vere ein viktig grunn til at gutar ikkje bruker tilbodet i regi av helsestasjons- og skulehelsetenesta i same grad som jenter. Ungdomshelsestasjonane er framleis ein kvinnedominert arena både når det gjeld brukarar og helsearbeidarar.

Meldinga viser til at ein finn menn både på toppen og botnen av samfunnet.

Mange samfunnstoppar er menn, og slik kjem det til å vere. I motsett ende er situasjonen den at den typisk bustadlause er ein einsleg etnisk norsk mann tidleg i 30-åra utan fullført vidaregåande utdanning og utan varige arbeidsforhold. Dermed er han avhengig av økonomisk sosialhjelp. I tillegg er han gjerne rusavhengig og/eller har ei psykisk liding. Denne gruppa blir her omtala som "marginalisert".

Det ligg utanfor ramma for denne meldinga å drøfte kva omfang og type tiltaka for bustadlause generelt, og gruppa bustadlause menn spesielt, bør vere av. Departementet vil peike på at rådgivingstenesta i skulane, velferdstenestene, helsetenestene og andre instansar har eit ansvar for å fange opp alle som står i fare for å falle utanom sosialt, uavhengig av kjønn. Men tenestene som arbeider med marginaliserte grupper og med risikogrupper, må ha eit kjønnsperspektiv. Det at fire av fem som på meir varig basis står utan bustad, er menn, indikerer at kjønnsroller og eigenskapar ved mannsrolla bør endrast. Og at tenestene som marginaliserte grupper eller grupper med risiko for marginalisering får tilbod om, må ha eit tilstrekkeleg kjønns- og mannsperspektiv. Desse tenestene lykkast nemleg mindre overfor menn enn overfor kvinner, målt etter dei resultata dei ifølgje tilgjengeleg offisiell statistikk oppnår.

Marginaliserte er dei som ufrivillig står utanfor lønnsarbeid, utdanning, arbeid i heim og familie eller annan aktivitet som normalt blir rekna for å gjere kvardagen meiningsfylt. Det finst inga enkeltståande årsak til at gutar og menn blir marginaliserte.

Det komplekse årsaksforholdet er knytt til ulike risikofaktorar. Éin slik risikofaktor er fråfall frå vidaregåande opplæring, som i dagens samfunn aukar risikoen for å bli ståande utan fast arbeid seinare i livet. Nedsett funksjonsevne eller psykiske lidingar, som inneber mellombels eller permanent fråvær frå lønna arbeid, er ein annan risikofaktor, likeins misbruk av rusmiddel. Dei same faktorane kan vere årsak til arbeidsløyse, som òg kan føre til marginalisering dersom situasjonen varer ved. Vidare må livsopphaldet baserast på sosialhjelp og ytingar frå trygdesystemet, noko som i seg sjølv kan opplevast som stigmatiserande, og som dessutan gir dårlegare levekår. Det ligg ikkje føre forskingsresultat som viser i kva grad endra kjønnsroller og endra verdsetjing av tradisjonelt maskuline (eller feminine) eigenskapar verkar inn på risikoen for marginalisering.

Det er viktig å drive førebygging og arbeide for at flest mogleg menn skal få bruke evnene og ressursane sine på ein meiningsfylt måte. Mellom ungdom generelt og ungdom som er marginalisert, finn SSB påfallande forskjellar. Dei marginaliserte har generelt dårlegare helse, relativt fleire er langvarig sjuke, og dei rapporterer psykiske plager to til tre gonger oftare enn unge generelt. På område som alkoholforbruk, mosjon, røyking og fedme er det opp til tre gonger så mange med dårlege vanar blant dei marginaliserte som blant unge elles. I tillegg kjem dei dårlegare ut enn andre på indikatorar for sosial kontakt, mellom anna ved at dei manglar venner, manglar nærleik og deltaking frå andre og har vanskeleg for å få praktisk hjelp.

Dagens arbeidsmarknad etterspør i høg grad formell kompetanse, og utdanning er ofte nøkkelen. Dei som manglar arbeidserfaring og utdanning, vil i større grad bli tilbydde jobbar med dårleg lønn, utrygge tilsetjingsforhold og små sjansar for opprykk. Derfor er det grunn til å vere bekymra over at stadig fleire avbryt vidaregåande utdanning. Gutar avbryt vidaregåande skule oftare enn jenter, og kvinner går i større grad enn menn over til høgare utdanning.

Det er mange og samansette årsaker til at elevar avbryt vidaregåande opplæring. Satsinga mot fråfall har då òg vore prega av store regionale forskjellar og eit mangfald av tiltak. I alle fylke medførte satsinga at fleire både i og utanfor skulen engasjerte seg i arbeidet mot fråfall. Tiltak som syntest å ha god effekt, var mellom anna styrkt yrkes- og utdanningsrettleiing for elevar, auka involvering av foreldre, kompetanseutvikling for rådgivarar, kontaktlærarar og Nav-tilsette og informasjonsutveksling og samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule om utsette elevar. Barne- og likestillingsdepartementet starta hausten 2008 opp mentorordning "Nattergalen", sjå pkt. 1.7.8.

Til no er det ikkje funne revolusjonerande enkelttiltak som kan hindre fråfall. Regjeringa meiner at eit langsiktig og målretta arbeid på mange frontar samtidig må til for å oppnå gode resultat. I dette arbeidet vil fokus bli retta mot gutar, særleg gutar med svake avgangsresultat frå grunnskulen, sidan dei utgjer ei vesentleg risikogruppe med tanke på fråfall i utdanning.

Ei stabil tilknyting til utdanning og arbeidsmarknad er viktig for å oppnå og sikre gode levekår. Deltaking i arbeidslivet gir enkeltmennesket arbeidsinntekt og fremjar ei jamnare fordeling av dei økonomiske ressursane i samfunnet. Svak tilknyting til arbeidsmarknaden er ofte ei hovudårsak til at enkelte får fattigdomsproblem.

Noreg har ein stor del av den vaksne befolkninga i arbeid samanlikna med andre land.

I 2006 var 76 pst. av mennene og 68 pst. av kvinnene i aldersgruppa 16–74 år yrkesaktive. I aldersgruppa 25–54 år var yrkesaktiviteten 91 pst. for menn og 83 pst. for kvinner.

Unge vil oftare enn eldre mangle nødvendig utdanning og arbeidserfaring, samtidig som arbeidsgivarar kan vere usikre på kor stabile og produktive dei er. Derfor er unge meir sårbare på arbeidsmarknaden, og dermed er dei i større grad enn andre grupper avhengige av etterspørselen etter arbeidskraft.

Det er fleire menn enn kvinner blant unge mottakarar av sosialhjelp, og kjønnsforskjellen blant unge mottakarar er omtrent den same som blant alle mottakarar.

Dei unge er sterkt overrepresenterte blant mottakarane i 2005. Av unge i alderen 16–30 år hadde 5,7 pst. sosialhjelp i 2005, mot berre 2,8 pst. av alle over 30 år.

Det er kjent at det er prosentvis fleire personar med låg utdanning blant mottakarar enn i befolkninga elles.

Meldinga viser til at som eit ledd i satsinga mot fattigdom vil Regjeringa sikre eit tilbod til bustadlause.

Tiltak retta mot bustadlause er på generelt grunnlag ikkje noko relevant tema i ei melding om menn og likestilling, sjølv om eit klart fleirtal er menn. Derimot er det relevant å sjå nærmare på om eigenskapar ved mannsrolla gjer menn særleg utsette for marginalisering, og kor vidt tiltak for bustadlause har eit tilstrekkeleg kjønns- og mannsperspektiv.

For ein del av dei bustadlause er problemet av forbigåande karakter, men for fleirtalet er det langvarig eller permanent. I eit likestillingsperspektiv er det særleg urovekkjande at mannsinnslaget er endå høgare i gruppa langvarig eller permanent bustadlause. Det kan indikere at tiltak for bustadlause ikkje har eit tilstrekkeleg kjønnsperspektiv, og at tiltak for menn har mindre effekt enn tiltak for kvinner.

Kjenneteikn ved bustadlause stadfester at fråfall frå vidaregåande skule, manglande innpass i arbeidslivet og liknande faktorar aukar risikoen for marginalisering. Gutar/menn er overrepresenterte i risikogruppene. Det understrekar at rådgivingstenesta i vidaregåande skule og i Nav må ha eit kjønnsperspektiv, slik at tiltak kan få same effekt for gutar som for jenter.

Kriminalitet er eit av dei mest mannsdominerte områda i samfunnet vårt.

Lovbrotskarrierane er forskjellige, og nokre er meir typiske enn andre. Jo alvorlegare lovbrotskarriere ein har, desto dårlegare skårar ein på viktige sosiale indikatorar. Svært mange personar med eit langvarig lovbrotsmønster har ikkje fullført vidaregåande skule, mange er langtidsmottakarar av sosialhjelp og har i liten grad stabil tilknyting til arbeidslivet. Sjølv om dei aller fleste i alle gruppene har foreldre med utdanning frå vidaregåande skule eller meir, er innslaget av personar med låg eller inga utdanning langt høgare blant dei med ein alvorleg lovbrotskarriere enn det er i normalbefolkninga.

Biletet av ungdomskriminalitet som ein relativt "normal" del av ungdomslivet ser ut til å vere i endring. Samtidig som færre unge gjer noko kriminelt, viser studiar at dei som gjer det, gjer det oftare. Det er altså ei auka polarisering i ungdomsbefolkninga. Dei aller fleste gjer seg ikkje skuldige i alvorleg kriminalitet, men ei lita gruppe står fram som særleg belasta. Og gutar utgjer det store fleirtalet i den gruppa.

Kriminalitet kan sjåast som ein måte å "styrkje sin maskulinitet" på blant gutar og menn som elles ikkje har andre ressursar til å gjere seg gjeldande. Unge marginaliserte menn kan til dømes gjennom vald og vilje til å slåst oppnå status, rykte og sjølvrespekt.

Gjengkriminalitet har vore eit problem i det norske samfunnet sidan 1950-talet.

Dei to siste tiåra er "gjeng" langt på veg blitt synonymt med den typen gjengar og kriminalitet vi finn blant gutar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Grupper med etnisk minoritetsbakgrunn blir ofte gjenstand for forenkla idear om kven dei er. Slike stereotypiar kan lett føre til at dei unge i desse gruppene prøver å leve opp til det biletet andre har av dei. Framstiller media unge med innvandrarbakgrunn som farlege, kan det lett danne seg grupper som set seg sjølve i scene som nettopp det.

Ikkje-vestlege innvandrarar er meir eksponerte for faktorar som er kjende for å ha samanheng med kriminalitet. Det er fleire unge blant dei, dei bur i større grad i Oslo, har lågare utdanning og høgare arbeidsløyse og er i ein vanskelegare økonomisk situasjon enn nordmenn flest. Kjønn, utdanningsnivå hos foreldra, eigen økonomisk situasjon og integrasjon i skule og arbeidsliv er viktigare årsaker enn innvandrarbakgrunn for å forklare registrert kriminalitet.

Alle desse sosiale forholda har meir å seie enn innvandrarbakgrunn når det gjeld å bli teken for brotsverk i ungdomstida. Men ikkje-vestlege innvandrarar er framleis overrepresenterte i forhold til resten av befolkninga.

Av dei rundt 40 000 barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet i 2006, var om lag 54 pst. gutar. Barn med etnisk minoritetsbakgrunn er langt oftare mottakarar av hjelp frå barnevernet enn barn utan etnisk minoritetsbakgrunn. Barne- og likestillingsdepartementet er i gang med å styrkje den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. På oppdrag frå departementet har fire utvalde høgskular utvikla ei vidareutdanning for auka fleirkulturell kompetanse i barnevernet.

Hausten 2008 starta Barne- og likestillingsdepartementet dessutan opp mentorordninga "Nattergalen" ved åtte høgskular/universitet. Hovudmåla er å styrkje det fleirkulturelle erfaringsgrunnlaget i barnevernet ved at studentar ved barnevernsfagleg og sosialfagleg utdanning får auka kunnskap om barn, unge og familiar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Ein longitudinell studie av barnevernsbarn i perioden 1990 til 2005 viser at det går dårleg med mange barnevernsbarn. Hovudkonklusjonen er at personar som har vore barnevernsklientar, får dårlegare levekår enn personar som ikkje har vore i barnevernet. Det viser seg at det går relativt bra med ein tredjedel av barnevernsbarna, mens to tredjedelar har dårlegare levekår enn personar som ikkje har vore i barnevernet. Det blir dokumentert store forskjellar når det gjeld utdanning, inntekt, bruk av sosialhjelp og arbeidsløyse. Vidare indikerer resultata at tidlegare klientar har større helseproblem enn befolkninga elles. Tidlegare studiar har vist at forskjellane er store mellom barnevernsbarna og resten av befolkninga når det gjeld siktingar for brotsverk. Kunnskap om opphoping av levekårsproblem hos utsette grupper tilseier at det er store forskjellar på andre område òg.

Det blir i tillegg rapportert nokre fordelingar etter kjønn, og det viser seg at det går endå dårlegare med gutane i barnevernet enn med jentene.

Det statlege barnevernet arbeider med å implementere og vidareutvikle metodar og modellar retta mot unge med alvorlege åtferdsvanskar, deriblant kriminelle unge. Tiltaka og metodane rettar seg mot både gutar og jenter, men eit eksplisitt maskulinitetsperspektiv er i liten grad innarbeidd i barnevernsarbeidet.

Norsk forsking har i liten grad sett på gutar i barnevernet, kriminalitet blant gutar og møtet mellom kontrollapparatet og desse gutane, i eit kjønnsperspektiv. Dei få forskingsbidraga som legg eit maskulinitetsperspektiv til grunn, viser at ein slik synsmåte gjer det lettare å forstå kvifor unge gutar blir kriminelle, og likeins korleis kjønn verkar inn på samhandlinga mellom miljøarbeidarane og gutane, og på det daglege livet i institusjonen.

Dagens barnevern vil ha mykje å hente på å trekkje nyare kjønnsforsking, spesielt nyare maskulinitetsforsking, inn i kunnskapsgrunnlaget sitt når det gjeld arbeid med gutar. Auka medvit om kjønn som praksis, relasjon og prosess vil redusere faren for at barnevernsarbeidarar undergrev sitt eige arbeid.

Meldinga viser til at ei viktig årsak til at vi ikkje har oppnådd full likestilling, er vald som menn brukar mot kvinner og barn.

Menns vald mot kvinner handlar i dag ikkje berre om mannen som utøvar vald mot kona eller sambuaren. Det handlar òg om prostitusjon og menneskehandel.

Dei fleste gutar og menn har ikkje noko valdsproblem og utøvar ikkje vald, verken i eller utanfor nære relasjonar. Det er utøvaren av valden som har ansvaret for valdshandlinga. Men alle menn har eit kollektivt ansvar for å ta tydeleg stilling mot vald på arbeidsplassen, blant venner og i sitt eige sosiale nettverk.

Vald handlar ikkje berre om kvinneundertrykkande haldningar som uttrykk for manglande likestilling. Vald handlar òg om nærværet av vald, toleransen for vald og i kva grad valden er normalisert i livet til ein mann. Valden kan vere situasjonsbestemt eller knytt til eigne valdstraume hos den enkelte.

For denne regjeringa har innsats mot vald, medrekna vald utøvd i nære relasjonar, høgaste prioritet. Gjennom handlingsplanen "Vendepunkt" set Regjeringa i verk ei rekkje tiltak for å førebyggje vald. I handlingsplanen ligg det hjelpe- og behandlingstiltak overfor offer for vald, men òg tilbod til valdsutøvarar.

I eit likestillingsperspektiv, og med særleg fokus på gutar og menn, blir desse strategiane sentrale i det vidare arbeidet:

  • Greie ut samanhengen mellom den kommersielle valden og valdelege haldningar og handlingar, særleg hos gutar og menn

  • Utvikle landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod for gutar og menn med valdelege haldningar og handlingar

  • Drive haldningsskapande arbeid blant menn og i mannsdominerte miljø

  • Drive førebyggjande innsats i grunn- og vidaregåande opplæring.

Den kommersielle valden og måten han særskilt rettar seg mot gutar og menn på, kan ha stor innverknad. Likestillingsgranskinga spør mellom anna om respondentane liker å sjå valdsfilmar på film, TV og Internett. Mens meir enn ein av tre menn seier at dei liker slik underhaldning, seier færre enn ei av ti kvinner det same. Undersøkingar av mediebruk hos barn i regi av Kultur- og kyrkjedepartementet viser at gutar i langt større grad enn jenter bruker spel eller Internett på ein måte der vald og action inngår som vesentlege element. Statens institutt for forbruksforsking summerar opp at leiker retta mot gutebarn ofte fokuserer på vald, mens det så å seie ikkje førekjem når målgruppa er jenter.

Å førebyggje tidleg er viktig. Regjeringa meiner at ein òg må sjå nærmare på graden av årsakssamanheng mellom den kommersialiserte valden, som marknadsmessig særleg rettar seg mot gutebarn, gutar og menn, og utøvd mobbing og vald slik det går fram av skule- og kriminalstatistikk. Regjeringa vil derfor sette i verk ei utgreiing om kva den kommersielle valden har å seie, set i samanheng med andre moglege årsaker til valdelege haldningar og bruk av vald hos grupper av unge gutar og menn.

Soria Moria-erklæringa slår fast at behandlingstilbodet til valdsutøvarar skal vidareutviklast og gjerast landsdekkjande. Vidare går det fram at Alternativ til Vold skal ha ei sentral rolle i ei slik etablering.

Som eit første trinn i arbeidet med å utvikle eit landsdekkjande tilbod har Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå aktuelle departement kartlagt eksisterande tilbod. Kartlegginga viste at dei fleste hjelpe- og behandlingstilboda til vaksne valdsutøvarar blir gjennomførte i regi av kriminalomsorga, og at få av tilboda er opne for personar som ikkje samtidig er klientar i kriminalomsorg, psykisk helsevern eller rusomsorg. Geografisk er tilboda sentrerte i Sør-Noreg og på Austlandet. I dei tre nordlegaste fylka er det berre to opne tilbod.

Kartleggingsrapporten frå NKVTS er følgd opp i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, "Vendepunkt" (2008–2011), der det går fram at det skal leggjast til rette for fleire og betre tilbod til personar som utøvar vald. Det skal utviklast ein gjennomføringsplan for å opprette eit landsdekkjande tilbod til valdsutøvarar som er tilpassa situasjonen og behova deira. Fleire tilbod skal vere opne, og det skal leggjast til rette for å styrkje hjelpe- og behandlingstilbodet innanfor familievern, psykisk helsevern og dei allereie etablerte tilboda som har behandling av valdsutøvarar som sitt hovudområde. Hjelpe- og behandlingstilbodet til menn må ha eit mangfaldsperspektiv, og det må tilbydast både samtalegrupper og meir spesialiserte tenester, alt etter kva valdsutøvaren treng. Tilbodet må leggjast til rette for unge og vaksne, både dei som sjølve ønskjer hjelp til å førebyggje og unngå vald, og dei som allereie er valds- og overgrepsdømde. I tillegg er det viktig at tilbodet er tilrettelagt for menn med ulik etnisk bakgrunn.

Som eit ledd i utbygginga av eit landsdekkjande tilbod viser meldinga til at det i 2008 vert etablert ytterlegare tre behandlingstilbod under leiing av Alternativ til Vold, høvesvis i Stavanger, Kristiansand og Arendal. Desse tilboda kjem i tillegg til eksisterande verksemd i Oslo, Drammen, Asker og Bærum, Vestfold og Langesund. Den nasjonale spreiinga av tilbodet om sinnemeistringsmodellen frå St. Olavs Hospital, avdeling Brøset, vert vidareført slik det framgår av tiltak 18 i handlingsplanen mot vald i nære relasjoner (2008–2011) "Vendepunkt".

I 2009 er det lagt opp til at det skal opprettast fire nye tilbod i regi av Alternativ til vold i Hordaland, Nordland, Troms og Hedmark/Oppland. I tillegg vert familievernet styrka med 2 mill. kroner for å utvida tilbodet til valdsutøvarar i region nord, i samarbeid med Alternativ til vold. Også REFORM – ressurssenter for menn, og deira gruppetilbod om meistring av sinne, skal styrkast. Med denne styrkinga i 2009 vil hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar bli tilnærma landsdekkjande.

Mannspanelet seier i sitt konklusjonsnotat at etablerte gute- og mannstiltak bør styrkjast og utviklast. Den internasjonale kampanjen Kvite band er eit døme på ei grasrotrørsle blant menn som skal fremje nulltoleranse for vald, og som bør styrkjast og utviklast.

Elevundersøkingane måler jamleg førekomsten av fysisk og psykisk mobbing i skulen. Nyleg framlagde tal viser at meir enn 6 pst. av elevane no blir mobba jamleg, trass i tiltaka som blir gjennomførte som ledd i "Manifest mot mobbing". Igjen er det gutar som både seier å mobbe mest, og som blir mest mobba. Unntaket er seksuell trakassering, som jenter peiker på som eit større problem enn gutar. Mobbing i skulen er òg peikt på som ei utfordring i skulen i St.meld. nr. 16 (2006–2007) "…og ingen sto igjen", der det òg heiter at mobbing har eit kjønnsaspekt. Det manglar likevel tiltak særskilt retta mot gutar.

Regjeringa vil ta initiativ til å utvikle eit tydelegare kjønnsperspektiv i det førebyggjande arbeidet mot vald, som mellom anna går føre seg gjennom oppfølging av Manifest mot mobbing.

Som eit tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008–2011) skal det utviklast eit prøveprosjekt for vidaregåande opplæring med særleg fokus på familierelasjonar, kommunikasjon og konflikthandtering. Prosjektet skal utviklast som eit samarbeid mellom familievern og skule, og skal vere eit tilbod til skular i nokre regionar, gjennom utvalde familievernkontor.

Det går fram av meldinga at med støtte frå Barne- og likestillingsdepartementet skal Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep arrangere ein internasjonal konferanse om seksuelle overgrep mot gutar og menn. Konferansen er mynta på fagpersonar og andre som arbeider med, eller ønskjer kunnskap om, overgrepsproblematikk sett i lys av kjønnsperspektiver.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) skal gjennomføre ei undersøking om vald og overgrep mot menn i nære relasjonar, og deira hjelpebehov. Resultata av undersøkinga skal danne grunnlag for vidare metode- og tiltaksutvikling.

Formålet med dette kapitlet er ifølge meldinga å gi ei kort innføring i generelle tema som gjeld menn i eit kjønnsperspektiv, og syne den kunnskapen som ein meir generelt har om menn og maskulinitetar. Kapitlet viser kvar forskinga står når det gjeld visse sider ved det å vere mann i Noreg i dag, og det dannar derfor eit viktig grunnlag og bakteppe for drøftingane og forslaga i kapitla i meldinga. Det inneheld naturleg nok ein del forskingsomgrep og forståingsrammer som ikkje er direkte knytte til omgrepa som blir brukte i dagleglivet. Referansane her er derfor reint forskingsmessige beskrivingar og presentasjonar, ikkje politiske vurderingar.

Mannsforskinga som har vakse fram dei to siste tiåra, har vore med og kasta lys over mannsroller og maskulinitet – over endringane på dette området og årsakene til dei. Mannsforskinga, som ein del av kjønnsforskinga, kan syne korleis politiske avgjerder kan påverke mannsrollene, men politiske avgjerder kan òg skje som resultat av dei mannsrollebeskrivingane forskinga presenterer. Kjønnsforskinga oppstod samtidig med og som ein del av kvinnerørsla på 1960- og 1970-talet. Rørsla hadde eit reindyrka kvinnefokus og arbeidde for likestilling for kvinnene. I den første fasen var kjønnsforsking synonymt med kvinneforsking.

I forskinga har bevisst tenking om mannen som kjønn i stor grad mangla. Mannsforskinga voks fram på 1980-talet, og særleg utover på 1990-talet bar ho preg av å vere ei forlenging av den feministiske forskinga. Mannsforsking er ikkje all forsking om menn og deira bedrifter, men forsking som er seg bevisst at også menn har eit kjønn, at menn står i ein kjønnsrelasjon til andre menn og til kvinner.

Korleis feminitet og maskulinitet blir oppfatta, er i kontinuerleg endring.

Mannsrolla og normene for det mannlege har òg forandra seg dei tre siste tiåra. Den "nye mannen" er likestillingsorientert. Granskinga viser at særleg yngre menn har ein likestillingsorientert praksis i heim og familie.

Likestillingsgranskinga viser at likestillinga mellom kjønna er kommen langt i Noreg, og det har skjedd ei markant forbetring dei siste tjue åra.

Kjønnsforskinga fokuserer på at normer er noko som heile tida blir stadfest, utfordra eller omforhandla gjennom praksis. Når individa samhandlar, blir dei forma av normene for kva som er akseptert som kvinneleg og mannleg, samtidig som samhandlinga òg formar normene. Kva som blir oppfatta som feminitet og maskulinitet, er sosialt konstruert. I eit slikt perspektiv er ein oppteken av personlege og sosiale identitetar som noko som blir til i samhandlinga mellom menneske. Identitet er ikkje eit ferdig sluttprodukt, men eit fenomen i ein endringsprosess.

Eit maskulinitetsperspektiv i forskinga inneber mannsforsking med vekt på menn som kjønna individ. Det betyr at ein i forskinga om menn undersøkjer kva førestellingane om det maskuline og det mannlege har å seie for menns praksis.

Dei moderne media speler ei avgjerande rolle som formidlarar av kjønnsrollemodellar for gutar og menn.

Det er ei gjennomgåande oppfatning innanfor medieforskinga at dei felles kulturelle oppfatningane av kva som er å rekne for "mandig" eller "feminint", blir danna og kjem til syne gjennom ulike medieuttrykk.

Måten media påverkar oppfatningar av kjønn og kjønnsidentitet på, har vore eit prioritert område i norsk og internasjonal medieforsking. Eit manglande mannsperspektiv har gjort sitt til at det i medievitskapen er ei utbreidd oppfatning at det berre er kvinner, og det som blir oppfatta som det kvinnelege, som blir forma og formidla gjennom media. Men mykje tyder på at oppfatningane av mannsroller og maskulinitet i vel så stor grad har blitt sementert gjennom kulturelle uttrykk.

Kjønnsforskinga har vist at det finst fleire måtar å vere mann på og ei variasjonsbreidd for kva som blir oppfatta som maskulint. Dei siste tiåra har menn fått eit utvida rom for handling som omfattar omsorg for barn, openheit og nære relasjonar. Men rommet for handling er framleis trongt, og undersøkingar viser at det går klare grenser for kva ein gut og mann kan gjere.

Omgrepet "maskulinitet" dekkjer dei førestellingane, normene og ideala som er forbundne med det å vere mann til kvar tid i eit gitt samfunn. Ideala og førestellingane kan endre seg avhengig av den kulturelle konteksten. Men òg i eit gitt samfunn i ein bestemt tidsepoke kan førestellingar og ideal variere. Til dømes kan det vere ulike forventningar til og vurderingar av kva som er maskulint, alt etter alder, klasseposisjon og etnisitet. Forventningane kan òg variere etter om det er fokusert på ein mann som er til dømes son, far, ektemann eller kollega.

Eit viktig formål med kjønnsforskinga i dag er å undersøkje og understreke korleis kjønn påverkar og samspeler med andre sosiale kategoriar som seksualitet, alder, klasse og etnisitet. Då finn ein ut korleis ulike relasjonar gjensidig påverkar kvarandre, korleis dei forsterkar eller svekkjer kvarandre, utfyller eller konkurrerer med kvarandre i eit dynamisk samspel. I mannsforskinga er derfor fokuset blitt flytta til "maskulinitetar" i fleirtal.

Kjønnsforskinga i Noreg har til no skaffa fram lite kunnskap om menn med innvandrarbakgrunn og deira maskulinitetsforståing. Barne- og likestillingsdepartementet har derfor sett i gang eit prosjekt om familieforhold og likestilling blant innvandrarar. Formålet er å få auka kunnskap om familieåtferd og likestilling for å kunne utforme offentlege tilbod som betre kan stette behova til familiar med innvandrarbakgrunn, og for å få kunnskap om korleis menn med innvandrarbakgrunn ser på maskulinitet og kjønnsroller for å målrette likestillingspolitikken.

Forsking om funksjonshemming har i svært liten grad hatt eit kjønnsperspektiv, samtidig som kjønnsforskinga har mangla fokus på personar med nedsett funksjonsevne.

Funksjonshemming eller varierande funksjonsevne kan forståast på ulike måtar. Mens funksjonshemming tidlegare blei rekna som ein eigenskap ved individet, blir det no sett på som noko som blir til i relasjonane mellom personen og miljøet. Forhold i samfunnet gjer at individet støyter på funksjonshemmande barrierar og kan oppleve ulike gradar av funksjonshemming i ulike situasjonar.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Fremskrittspartiet, Georg Indrevik og Ulf Erik Knudsen, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Magnhild Eia, og frå Venstre, Trine Skei Grande, meiner Noreg på mange område har kome langt i likestillingsarbeidet. Likevel står det framleis att viktig arbeid for å skape eit endå meir likestilt samfunn. Likestilling har fyrst og framst handla om kvinner og deira kamp for økonomisk sjølvstende, lik løn, makt, og mot undertrykking og vald. Dette har vore, og er framleis viktige område å jobbe vidare med, men det er ikkje tilstrekkeleg. Likestilling handlar om begge kjønn, og både menn og kvinner er gjensidig avhengig av kvarandre for å kome vidare i likestillingsarbeidet. Det krev både endra haldningar og å sikre formelle rettar og plikter på individ- og gruppenivå.

Komiteen viser til at menn mellom anna har mindre tid saman med eigne barn, er meir utsette for ulykker, er overrepresentert på kriminalstatistikken og fell oftare frå vidaregåande utdanning. Dette er eksempel på at likestilling også omhandlar menn, og det vil betre tilhøva både for kvinner og menn om ein får eit meir likestilt samfunn òg på dei områda der menn i dag ikkje er reelt likestilt med kvinner.

Komiteen er difor nøgd med at Regjeringa har lagt fram ei eiga stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling. Meldinga tek for seg eit breitt spekter av område som ein framover må vie ekstra merksemd. Meldinga fremjar særskilte tiltak og verkemiddel for betre likestilling, og samlar kunnskapsbasert materiale og data om menn og mannsroller.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har lenge hevdet at det offentlige arbeid mot diskriminering og for likestilling, som har vært ført siden 70-tallet, har vært ført på feil grunnlag – og at virksomhetene innen dette felt derfor mål legges om. Disse medlemmer mener den fremlagte stortingsmeldingen i stor grad dokumenterer at disse medlemmer har hatt rett. Det kan konstateres at politikken som har vært ført i liten grad har påvirket utviklingen positivt, og i noen grad faktisk har skapt en ny "tapergruppe" – mennene.

Disse medlemmer har i en rekke saker tatt til orde for at man ikke finner det rimelig at noen skal ha krav på spesielle tiltak og særlig beskyttelse av lov og/eller ombud kun basert på kjønn, rase eller seksuelle preferanser. Fremskrittspartiet tar altså avstand fra at det offentlige skal bruke store ressurser på å ivareta friske, voksne, intelligente, og i mange tilfeller velutdannede menneskers rettigheter. Disse medlemmer har full tiltro til menneskenes egen evne til å klare dette, tiltro til at kvinner og menn kjenner sine behov og rettigheter, og tiltro til at de selv kan ivareta disse gjennom det generelle lovverk som gjelder for alle i landet. All annen tankegang er etter disse medlemmers syn en krenkelse av det enkelte individs integritet og evne til å ta egne beslutninger. Disse medlemmer mener at den beste likestillingspolitikken et samfunn kan føre, er en politikk som baserer seg på at mennesker er ulike, men at de gjennom et kjønnsnøytralt lovverk skal gis like muligheter og rettigheter med hensyn til livsførsel, familie og jobb.

At det er betydelige krefter i det norske samfunn som ønsker å videreføre gårsdagens likestillingspolitikk, bekreftes ikke minst ved at mange fortsatt har en ufravikelig tro på kjønnskvotering. Disse medlemmer mener et individ som har fått et arbeid eller en posisjon pga. sitt kjønn og ikke pga. sine kvalifikasjoner, nedvurderes både av samfunnet og seg selv. Disse medlemmer mener at likestillingsarbeid i offentlig regi bør avvikles. Det forutsettes selvfølgelig at avviklingen skjer i tråd med arbeidsmiljølovens og tjenestemannslovens regler.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti mener at ethvert barn har rett til å vite med sikkerhet hvem deres biologiske foreldre er. Dette betyr at disse medlemmer vil gå imot enhver innskrenking i eksisterende rett til DNA-test for å konstatere rett farskap. Disse medlemmer mener de omfattende rettigheter man i dagens Norge har til DNA-testing er med på å sikre trygghet rundt identitet, tilknytning, arv, organdonasjon eller arvelige sykdommer.

Komiteens medlem fra Høyre mener det er viktig å sette grenser for politikkens virkefelt. I spørsmål som likestilling betyr dette at man fortløpende må avveie hvilke føringer staten skal legge og hvilken valgfrihet som skal tilligge den enkelte. Dette medlem vil også peke på den samfunnsutvikling som ligger i det sivile samfunn der organisasjoner og interessegrupper vil gjøre seg gjeldende. Dette medlem vil her vise til hvordan kvinnebevegelsen har kjempet frem holdningsendringer og politiske grep med hensyn til velferdsordninger, og gjennom dette ryddet grunnen for større likestilling. I spørsmålet om likestilling mener dette medlem at de virkemidler staten skal ta i bruk ikke bør legge sterke politiske føringer på hvordan folk velger å leve sine liv, men snarere gjennom eksempler og egen praksis vise vei. Når det gjelder statens lovgiveroppgave, er det selvsagt et overordnet mål å skape forutsetninger for at likestilling faktisk kan skje. Høyres utgangspunkt er at slik lovgivning i minst mulig grad bør gjøre forskjell på kjønnene og at familienes valgfrihet til selv å innrette seg i størst mulig grad må være intakte. Flere av de tiltak som foreslås i meldingen, bærer preg av et ønske om å regulere menneskers valg og tilrettelegge for en ønsket utvikling i et likhetsperspektiv. Forslagene tar ikke tilstrekkelig hensyn til at familieliv og sivilt samfunn i størst mulig grad må utvikles uavhengig av politisk styring og kontroll for å sikre folket mot statlige overgrep og overstyring.

Dette medlem vil derfor avvise flere av de forslag til tiltak som meldingen fremmer med begrunnelse i den ideologiske og prinsipielle tilnærming partiet Høyre har når det gjelder å sette grenser for politikk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at i meldingen foreslås at staten skal innlede et samarbeid med LNU for å vurdere tiltak med sikte på å utjevne kjønnsforskjeller i frivillig sektor. Disse medlemmer mener frivillig sektor er en del av det sivile samfunn som ikke skal brukes som politikernes instrument til å nå overordnede politiske målsettinger for den til enhver tid sittende regjering. Det er derfor ikke en god løsning å politisk fastsette et slikt samarbeid i en stortingsmelding. Videre foreslås å bruke Den kulturelle skolesekken for å fokusere på hvordan gutter og jenter bruker kulturelle uttrykk. Disse medlemmer mener Regjeringen her pålegger de som ivaretar arbeidet med å gi barn og unge kulturelle opplevelser gjennom Den kulturelle skolesekken et formål som ikke kan forsvares. Formålet med den kulturelle skolesekken er å sette elever i stand til å oppleve, tolke, forstå og bruke kulturelle uttrykk på fritt grunnlag, ikke å analysere kjønnsperspektivet i bruken av kulturelle uttrykk.

Komiteen viser til den grundige gjennomgangen som meldinga inneheld om korleis oppveksten for gutar og jenter er ulik og har endra seg over tid. Komiteen merker seg at det er sentralt for Regjeringa at den enkelte, gut som jente, gjennom oppveksten får velje og må innrette seg på grunnlag av eigne evner og ressursar, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk opphav og andre bakgrunnsfaktorar. Komiteen merker seg òg at dei aller fleste gutar og jenter opplever oppveksten i Noreg som god og harmonisk. Meldinga viser samstundes at mykje av kjønnssosialiseringa i oppveksten i dag skjer gjennom media og den generelle underhaldningskulturen, og at det framleis er sterke kjønnsstereotypiar innan mellom anna reklame, film, musikk og spel. Mediebruk er ein viktig del av oppveksten for gutar og jenter.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, støtter Regjeringa sitt arbeid med likestilling i barnehagen og grunnopplæringa. Det er viktig med ein betre kjønnsbalanse både i utdanningsval og blant tilsette innan sektoren. Fleirtalet meiner det er behov for meir kunnskap om situasjonen for gutar både i barnehagen og i skulen, og støttar at det blir forska meir på dette, slik Regjeringa legg opp til.

Komiteen ser et stort behov for flere mannlige ansatte i skole og barnehager. Komiteen mener den enkelte virksomhet må ha dette som fokusområde i sitt arbeid med rekruttering. Samtidig er det også viktig at de høyere utdanningsinstitusjonene som utdanner til disse feltene, har et fokus på å markedsføre seg overfor mannlige søkere.

Komiteen viser til at gutar gjennomgåande har lågare karakterar enn jenter i grunnopplæringa, og at dette påverkar gutar sine moglegheiter seinare i livet. Komiteen understrekar i den samanhengen kor viktig det er med tidleg intervensjon for å bøte på lærevanskar, og at fleire gutar med lærevanskar i større grad enn i dag må få tidleg oppfølging og eventuelt spesialundervisning.

Komiteen støtter også det arbeidet Regjeringa gjer med å bringe fram meir kunnskap om årsakene til kjønnsforskjellar i læringsutbyte og viser i den samanhengen til den varsla stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet om kompetanse for framtida.

Komiteen sluttar seg til målet om eit meir kjønnsblanda arbeidsliv. Eit kjønnsdelt arbeidsliv bidreg til å reprodusere tradisjonelle kjønnsroller og bremser arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn.

Komiteen viser til at fordommer om typiske mannsyrker og kvinneyrker kan føre til at unge velger bort yrker de kunne vært veldig godt egnet for. Det kjønnsdelte arbeidslivet gir et stivt og lite fleksibelt arbeidsmarked der samfunnet ikke får utnyttet de menneskelige ressursene fullt ut. Komiteen vil peke på at den økende arbeidsledigheten og det endrede arbeidsmarkedet skaper behov for ytterligere fleksibilitet og overgang mellom yrker, noe det kjønnsdelte arbeidsmarkedet og fordommer rundt utdannings- og yrkesvalg kan være en kraftig hindring for.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, viser til at den alvorligste konsekvensen av det kjønnsdelte arbeidsmarkedet er store lønnsforskjeller mellom menn og kvinner. Ifølge Likelønnskommisjonen er det ikke forskjeller i utdanningslengde eller alder som forklarer lønnsgapet, og kvinner har om lag lik lønn i samme stilling i samme virksomhet. Det er dokumentert at lønnsgapet følger det kjønnsdelte arbeidsmarkedet, i tillegg til at forhandlingsmodellen opprettholder stabile lønnsrelasjoner og at lønnsforskjellene vokser i foreldrefasen. Det faktum at kvinner og menn arbeider innen hver sine sektorer, bedrifter, yrker og stillinger, er altså en hovedårsak til at kvinner og menn har gjennomgående ulik lønn i Norge. Når man ser hele arbeidsmarkedet under ett, er den generelle lønnsforskjellen mellom menn og kvinner på 15 pst. Inntektsforskjellen er på hele 35 pst. Flertallet vil videre påpeke at lønnsforskjellen har vært den samme de siste tiårene. I 1985 tjente gjennomsnittskvinnen om lag 85 pst. av en manns lønn pr. time. I 2007 tjente hun 84,7 kroner for hver hundrelapp mannen tjente.

Flertallet mener det er viktig å gjøre noe med det kjønnsdelte arbeidsmarkedet og med likelønnsutfordringene. Likelønn er etter flertallets mening først og fremst et spørsmål om rettferdighet. Likelønn er viktig for at kvinner skal få uttelling for den utdanningen de har tatt, for å kunne forsørge seg selv og sikre økonomisk trygghet for alderdommen. Flertallet mener også at med likere lønn mellom kjønnene vil permisjonsdelingen bli jevnere, og familien kan ta friere valg når det gjelder arbeidsdeling, kontantstøtte osv.

Flertallet viser til at Likelønnskommisjonen dokumenterer at likelønnsutfordringen er særlig uttalt for de kvinnedominerte utdanningsgruppene i offentlig sektor. Lønnsgapet er på 20,5 pst. for denne gruppen, og det er økende. Flertallet understreker at dette er særlig synlig for kvinnedominerte utdanningsgrupper i offentlig sektor i forhold til mannsdominerte yrkesgrupper i privat sektor med tilsvarende utdanning, men at også innenfor de ulike tariffområdene i offentlig sektor har vi likelønnsutfordringer. Flertallet vil påpeke at partene i arbeidslivet har et betydelig ansvar for å rette opp lønnsdiskrimineringen mellom kvinner og menn.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti anbefaler partene i arbeidslivet å sette av midler til kombinerte lavtlønns- og kvinnepotter i lønnsforhandlingene.

Dette medlem viser til Budsjett-innst. S. nr. 2 (2008–2009) der komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti fremmet følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme en forpliktende plan for likelønn."

og

"Stortinget ber Regjeringen bidra med tiltak for kvinnedominerte utdanningsgrupper i offentlig sektor, i tråd med Likelønnskommisjonens anbefalinger".

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at likestillingslova i dag gjev heimel til positiv særbehandling av menn ved tilsetjing i stillingar der hovudoppgåva er å undervise eller yte omsorg for barn. Stortinget har tidlegare gått mot ein allmenn rett til positiv særbehandling av menn.

Fleirtalet sluttar seg til at Regjeringa set i gang arbeid med å utvide heimelen i likestillingslova om særbehandling av menn, slik at den òg skal gjelde andre sektorar der menn er underrepresentert, til dømes i pleie- og omsorgssektoren. Fleirtalet meiner ei slik utviding er naudsynt som eitt insitament for menn til å bryte det kjønnsdelte mønsteret på arbeidsmarknaden.

Fleirtalet meiner i tillegg det er naudsynt med ein bevisst rekrutterings- og personalpolitikk for å rekruttere menn til bransjar som i dag er kvinnedominert for å jamne ut dei kjønnsforskjellane som eksisterer i dagens arbeidsmarknad. Fleirtalet viser i den samanheng til meldinga og sluttar seg til denne.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine innledende merknader og sine merknader under 2.2.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, viser til at Likelønnskommisjonen konkluderte med at det finnes for lite forskning på dette temaet i Norge. Vi trenger mer kunnskap om temaet fordi vi ikke vet nok om hvilke mekanismer som ligger bak det kjønnsdelte arbeidsmarkedet.

Komiteen er glad for at ein dei siste åra har hatt ei utvikling der fedrane både tek og har fått meir ansvar for omsorga for eigne barn. Det er viktig at både far og mor får høve til å delta på lik line både i familielivet og i arbeids- og organisasjonslivet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti, sluttar seg til Regjeringa sitt arbeid for at alle fedrar som har opptent rett, skal ha rett til fedrekvote.

Komiteen er samd i at dagens foreldrepengeordning er kompleks og har gjennomgripande svakheiter når det gjeld forskjellsbehandling av mødrer og fedrar. Det må difor vera ei prioritert oppgåve å greie ut og leggje fram ei forenkla og likestilt ordning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er sterkt kritisk til Regjeringens manglende arbeid med å sikre fedre en selvstendig rett til opptjening av rett til permisjon. Her forskjellsbehandler man den enkelte mann ut fra hvilken situasjon kvinnen var i da hun ble gravid. Denne forskjellsbehandlingen gjør barnet til taper ved at barnet mister tid med sin far i barnets første leveår.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil også påpeke at man ikke deler Regjeringens syn med hensyn til fordeling av permisjonstiden. Disse medlemmer mener det må være opp til det enkelte par hvordan man ønsker å fordele tiden med barnet mellom seg.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at 35–40 pst. av dagens fedre ikke tar ut lønnet pappaperm, og at ca. 1 av 5 av dagens fedre ikke har rett til permisjon fordi mor ikke har jobbet over 50 pst. Disse medlemmer mener det er svært uheldig at ikke alle fedre har rett til pappaperm og vil gi alle fedre selvstendige permisjonsrettigheter.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at disse partier gjentatte ganger har fremmet forslag og bedt Regjeringen legge fram sak om at far på selvstendig grunnlag opparbeider seg rett til pappapermisjon.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, ønsker å legge til rette for aktive fedre. Det er svært positivt at fedre tar og får mer ansvar for egne barn. Fedrekvoten er i den sammenheng spesielt viktig, fordi kjønnsfordelingen i foreldrepermisjonen ofte setter standard for arbeidsfordelingen mellom foreldrene senere i samlivet. Selvstendige rettigheter for alle fedre er avgjørende for å endre tradisjonelle rollemønstre i familien. Samtidig viser det seg at det er færrest samlivsbrudd blant par som deler på omsorgsoppgavene.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti er også samd i ei utviding av fedrekvoten med ytterlegare 4 veker til 14 veker, der 2 veker kjem ved utviding av dagens ordning. Når dette er nådd, må målet vera ei endå jamnare fordeling av omsorgsansvaret for barna mellom fedrar og mødrer. Øyremerking er det som må til for å endre kjønnstradisjonelle val.

Eit tredje fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti, støttar ei utgreiing av korleis ordninga med den to veker lange omsorgspermisjonen ved fødsel eller omsorgsovertaking kan gjerast betre. Ei slik utgreiing bør vurdere om tilbodet skal lovfestast.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre vil understreke betydningen av likestilling og like muligheter for foreldre i omsorgen for barna og rett til arbeidsdeltakelse. Som utgangspunkt mener disse partier at enhver familie skal ha frihet til å innrette sine liv etter hva som passer den enkelte familie best. Disse partier mener det har vært et riktig grep i en periode å tildele far en bestemt andel av permisjonstiden gjennom en fedrekvote.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre støtter også en fortsatt utvidelse av fedrekvoten, men mener det er et brudd på regjeringserklæringen når to av ukene i utvidelsen tas fra den perioden som i dag tilfaller begge foreldre og overføres til far alene.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener alle fedre bør ha anledning til å være hjemme de to første ukene med lønn etter at barnet er født og viser til Budsjett-innst. S. nr. 2 (2008–2009) der komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti fremmet følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen på egnet måte legge frem en sak om rett for alle fedre til to uker lønnet permisjon i forbindelse med fødsel."

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, vil understreke arbeidslivets nøkkelrolle når det gjelder fedres – og mødres – mulighet til å tilpasse arbeidet til familielivet. Flertallet mener det er helt avgjørende at arbeidslivet tilpasses familielivet og ikke omvendt. Det er blant annet viktig for at både far og mor skal ha mulighet til å beholde sin tilknytning til arbeidslivet også etter at de har blitt foreldre, for at permisjonsdeling og fravær fra arbeidslivet skal kunne fordeles likere, for at deltidsarbeid skal fordeles likere mellom kjønnene og for at hverdagen skal gå i hop for familiene.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til at arbeidsmiljøloven gir viktige rettigheter til permisjon, regulering av arbeidstid, korttidsfravær og fleksibel arbeidstid. Dette flertallet vil imidlertid peke på at også forhold på arbeidsplassen er avgjørende for fedres uttak av foreldrepermisjon, fordeling av korttidsfravær og arbeidstid. Arbeidsgivers og kollegers holdninger til permisjoner og tilpasninger har stor betydning for den enkeltes valg. Det vises i meldingen til at det kjønnsdelte arbeidsmarkedet og overrepresentasjonen av menn i privat sektor tyder på at fedre oftere arbeider i virksomheter og bransjer der redusert arbeidstid er diskreditert. Dette flertallet vil peke på at det er stor variasjon i aksepten for å ta ut permisjon utover fedrekvoten, redusere arbeidstiden, nekte overtid eller tilpasse arbeidstiden for å kunne følge og hente barn i barnehagen eller på skolen/SFO. Det er derfor positivt at Regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet vil utforme tiltak for å stimulere arbeidsgivere til å ha en personalpolitikk med bevisste strategier for permisjonstakere og arbeidstakere med barn. Dette flertallet vil også peke på at det er viktig at rettighetene i folketrygdloven, arbeidsmiljøloven og likestillingsloven som på ulike måter sikrer retten til å tilpasse arbeid og familieliv, faktisk er kjent og brukes i alle bransjer. Det er fornuftig at Regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet utarbeider informasjonstiltak rundt dette.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til at småbarnsforeldre ønsker mer tid sammen med barna sine, og barna ønsker mer tid sammen med foreldrene sine. Dette medlem ønsker å gi familiene mer tid sammen slik at de ikke bare må stresse mellom jobb, barnehage, skole, middagslaging og husarbeid. En utvidet og mer fleksibel fødselspermisjon bidrar også til at foreldre kan beholde tilknytningen til arbeidslivet. Dette medlem mener at alle foreldre i tillegg til dagens foreldrepermisjon skal få tre og en halv måned (14 uker) ekstra som de kan ta ut når som helst fram til barnet er ti år. Ti uker av den totale foreldrepermisjonen skal være forebeholdt pappa og ti forbeholdt mamma. Dette medlem mener en slik utvidet og mer fleksibel permisjonsordning vil gi mer tid mellom foreldre og barn – også når man er over småbarnsfasen, og at det er en ordning som møter barnefamilienes hverdagsbehov. Med en slik fleksibel permisjon kan hver enkelt familie løse sine hverdagsproblemer, enten det for eksempel gjøres ved å redusere arbeidstiden i hverdagen eller ved å ta ut sommer-, høst- og vinterferier sammen. Dagens ordning med fleksibelt uttak av foreldrepenger gir mulighet til at foreldrene selv kan kombinere arbeidsdeltakelse og uttak av foreldrepenger etter eget ønske. Det innebærer at man kan jobbe så mye eller lite man vil, med unntak av tre uker før og seks uker etter fødsel. Perioden med foreldrepenger kan utsettes, men uttaket kan maksimalt løpe i tre år etter fødsel eller adopsjon. Dette medlem mener dette er en god og fleksibel ordning, men at en ytterligere utvidet permisjonstid bør kunne tas ut når som helst fram til barnet er ti år.

Komiteens medlem fra Venstre synes det er positivt at mannens rolle med denne meldingen har fått mer fokus, men savner en større oppmerksomhet og tiltak rundt mannen som omsorgsperson. Dette medlem mener innføring av en mer fleksibel foreldrepermisjon vil kunne øke fedres deltakelse i sine barns oppvekst. Dette medlem viser til at det i perioder kan være en utfordring for enkelte foreldre å få tatt ut permisjonen i barnets første leveår. Dette medlem ønsker å legge til rette for at foreldrene selv skal kunne velge når og hvordan de vil ta ut sin foreldrepermisjon. For noen vil det være naturlig å ta hele permisjonen i barnets første leveår. For andre passer det bedre å gå tilbake i jobb, men ha en ekstra ferieuke i flere år framover. Andre foretrekker en fridag i uken mens barna er små, mens enkelte vil gå litt tidligere fra jobb et par ganger i uka. Dette medlem mener en slik fleksibel ordning vil være til gunst for både barnet og foreldrene og tror særlig at far/barn-relasjonen vil ha utbytte av en mer fleksibel foreldrepermisjonsordning.

Dette medlem mener også at en tredeling av foreldrepermisjonen vil kunne styrke forholdet mellom far og barn. Dette medlem vil derfor at permisjonsandelen forbeholdt henholdsvis mor og far skal være minst 5 måneder hver, av totalt 15 måneder.

På denne bakgrunn fremmer dette medlem følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre en fleksibel foreldrepermisjon på 15 måneder som gjelder fram til barnet fyller 12 år, der permisjonsandelen forbeholdt henholdsvis mor og far skal være 5 måneder hver."

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til meldinga som gjer greie for kor viktig det er med tidleg kontakt mellom far og barn. Fleirtalet meiner at jo tidlegare kontakt, desto betre er det. Det er difor viktig med ein tidleg og så lang samanhengande permisjon som mogleg for å oppnå god kontakt mellom far og barn. Fleirtalet meiner ei permisjonsordning som gjeld fram til barnet fyller 12 år, vil vera i strid med dette målet.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til dei andre tiltaka som er skissert i meldinga og sluttar seg til desse.

Komiteen er opptatt av at eit likestilt foreldreskap føreset ei styrking av mennenes rolle og funksjon i samliv og omsorg for barn. Yngre menn og fedrar viser i dag ei merkbart større interesse for farsrolla enn tidlegare. Det er viktig å leggje til rette for at fedrar tidleg kan ta del i omsorga for barna.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner at innføringa av fedrekvota var viktig for å styrkje farsrolla. I tillegg meiner fleirtalet ein bør leggje betre til rette både i fødselsførebuingane og barseltida. Fleirtalet støttar etablering av pappagrupper i regi av helsestasjonane, familiesenter og frivillige organisasjonar. Fleire stader har ein slike tilbod i dag, og fleirtalet støttar at Regjeringa legg til rette for at dette kan bli eit landsdekkjande tilbod.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, Høgre og Venstre, meiner at eit anna viktig tiltak vil vera at fedrar, der dei biologiske foreldra bur saman, blir innkalla til kontroll på helsestasjonen når barnet er 8 månader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har intet ønske om å detaljregulere foreldreskap og kjønnsforskjeller på den måte flertallet her legger opp til med egne pappagrupper, egne pappainnkallinger etc. Disse medlemmer gjør oppmerksom på at det er fullt tillatt for pappaer å kontakte helsestasjoner, å ha med barna på kontroller, og sågar delta i barselgrupper (selv om dette kanskje ikke er det mest vanlige).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre mener det ikke er en statlig oppgave å bestemme hvem av foreldrene som skal gå til de ulike kontrollene ved helsestasjonene og at dette fritt må bestemmes av foreldrene seg imellom. Innkalling til kontrollene skal skje til barnets foreldre.

Komiteen viser til gjennomgangen i meldinga av Barnelovutvalet sine forslag til tiltak for å styrkje fedrerolla etter samlivsbrot. Komiteen vil understreke at alle endringar i barnelova skal ha som utgangspunkt kva som er til beste for barnet. Komiteen meiner dei endringane Regjeringa legg opp til, vil styrkje fedrerolla og samstundes vera til beste for barnet. Komiteen sluttar seg til vurderingane frå Regjeringa når det gjeld automatisk felles foreldreansvar uavhengig av foreldra si tilknyting til kvarandre på fødselstidspunktet, flytting innanlands, utviding av samværsnormen, samt tvangsfullføring av samvær, slik det går fram av meldinga.

Komiteen viser til at selv om samlivsbrudd noen ganger er en nødvendig løsning, er samlivsbrudd uansett en stor utfordring for de som er involvert, ikke minst for barn. Derfor er det viktig å forebygge konflikter.

Forebyggende familiearbeid kan gjøre at færre barn opplever samlivsbrudd. Komiteen vil peke på at familievernet er grunnstammen i hjelpetilbudet til familier i forbindelse med samlivsproblemer og konflikter i parforhold. Komiteen mener familievernets arbeid er uvurderlig. Familievernet gjør en viktig jobb, både forebyggende og i forbindelse med mekling.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil videre peke på at samlivskurs og foreldreveiledning er viktige forebyggende tiltak. Det er mange gode samlivskurs rundt omkring.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener familievernet må styrkes slik at de får kapasitet til mer forebyggende arbeid. Familievernet bør ha mulighet til å drive mer forebyggende arbeid, ikke bare mekling.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sin merknad til statsbudsjettet for 2009, kapittel 842 Familievern:

"Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener er av den oppfatning at en rekke oppgaver løses best av private, frivillige organisasjoner. Mange slike organisasjoner har et verdigrunnlag som er et godt fundament for å løse nettopp de oppgaver de tar sikte på. Disse medlemmer mener at enhver økning på dette kapittel må gå til Kirkens familievern, ikke til et tungrodd og byråkratisk offentlig apparat."

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre vil ha økt satsing på samlivstiltak og foreldreveiledning og mener at alle nygifte, samt førstegangsforeldre, skal få tilbud om gratis samlivskurs.

Disse medlemmer vil også peke på at likestilling er viktig for å forebygge og unngå store samlivskonflikter og samlivsbrudd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det er helt sentralt at barn vokser opp med god og regelmessig kontakt med begge foreldre. Det finnes selvfølgelig unntakstilfeller – der den ene part sliter med store problemer med for eksempel rus, vold eller andre forhold. Men det kan ikke være tvil om hovedregelen: Barn har behov for begge foreldre. I undersøkelsen "Likestilling og livskvalitet 2007" mente et overveldende flertall av både kvinner og menn (hhv. 65 pst. og 84 pst.) at dersom det skulle bli samlivsbrudd, burde egne barn bo omtrent like mye hos hver. Dette er en kraftig økning i forhold til tilsvarende undersøkelse for 13 år siden, da tallene var henholdsvis 37 pst. blant kvinnene og 65 pst. blant mennene ("Likeverd 1994"). Disse medlemmer ser denne utviklingen som klart positiv – og den viser at det er bred oppslutning om det syn som Fremskrittspartiet i mange år har tatt til orde for, altså at hovedregelen ved samlivsbrudd må være delt omsorg/bosted.

Disse medlemmer viser også til at dette syn underbygges av forskning. I februar i år la Statens Folkhelseinstitutt i Sverige frem en svært omfattende analyse av 24 internasjonale forskningsrapporter på området. Forskerne konkluderer som følger:

"Vår utförliga undersökning av 20 års forskning visar att barn totalt sett gagnas av att ha aktiv och regelbunden kontakt med en fadersfigur. Vi fann till exempel olika studier som visade att barn som haft engagerade fadersfigurer rökte mer sällan, kom längre i sin utbildning, mer sällan råkade i klammeri med polisen och fick goda vänner bland barn av båda könen."

Disse medlemmer har merket seg anslag på at rundt 10 pst. av alle skilsmissesaker blir avgjort av domstolene. Det tilsier rundt 1 700 saker i året. Dette er saker hvor domstolene er tvunget til å velge mellom far og mor, jf. regelen om at de ikke kan dømme "delt bosted". Med høye "gevinster" for den av foreldrene som vinner frem i form av aktiv deltakelse i barnas oppvekst, mulighet for nesten daglig kjærlighet barn/foreldre, og en rekke økonomiske fordeler, bør det ikke være noen overraskelse at kampen i rettssalene blir svært hard – med barna som de største taperne.

Disse medlemmer mener på denne bakgrunn at tiden er overmoden for en lovrevisjon som tar utgangspunkt i at hovedreglen skal være delt omsorg.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen snarest legge frem sak om lovrevisjon av de aktuelle lover slik at delt omsorg og bosted for barn blir hovedregel ved samlivsbrudd."

Disse medlemmer mener at man i forbindelse med ovenstående må se på de negative sider for barnet ved at en av foreldrene flytter etter samlivsbrudd. Disse medlemmer merker seg at Regjeringen vurderer flere alternativer i denne sammenheng. Det sentrale ved ordningene må være hensynet til barnets rett til å ha samvær med begge foreldre.

Disse medlemmer viser til at når en av foreldrene velger å flytte over store avstander etter samlivsbrudd, gjør det samvær med begge foreldrene vanskelig for barna. Disse medlemmer merker seg at Regjeringen ønsker å innføre en varslingsplikt før flytting innenlands som vil gi foreldrene anledning til å drøfte spørsmålet nærmere, og eventuelt reise sak for retten om hvor barnet skal bo fast, om de ikke makter å bli enige. Disse medlemmer mener varslingsplikten bør omfatte både bosteds- og samværsforeldre.

Disse medlemmer ser svært alvorlig på at den av foreldrene som barnet bor hos, gjør samvær vanskelig eller umulig for den av foreldrene som barna har rett til samvær med. Disse medlemmer er opptatt av at samværsretten skal bli respektert, og mener det haster med at loven styrkes på dette punktet.

Disse medlemmer vil vise til Reform – ressurssenter for menns brev til familie- og kulturkomiteen der det blant annet heter:

"Delt foreldreskap er et av de viktigste premissene for et likestilt samfunn. En endring av Barneloven mot et mer likestilt foreldreskap vil være et avgjørende bidrag til å synliggjøre at far er en like viktig ansvars- og omsorgsperson for barn som mor. Som meldingen beskriver henger likestilling og livskvalitet sammen. Menn frykter i større grad enn kvinner å miste kontakten med barn etter samlivsbrudd, og de fleste barn har bostedsadresse hos mor etter brudd. Dette faktum alene tyder på at vi fortsatt innretter oss etter en betydelig morspresumpsjon. Denne morspresumpsjonen er etter Reforms mening et av de virkelig store likestillingshinder på strukturnivå, noe som ikke er til barnets beste. Barnets beste avhenger av foreldrenes opplevde livskvalitet."

Videre heter det:

"Reform mener videre det er svært uheldig dersom man i 2009, etter en grundig gjennomgang av barnelovens regler om foreldreansvar, bosted og samvær, ender opp med et lovverk som ikke fullt og helt støtter opp under et likestilt og likeverdig foreldreskap."

Komiteens medlem fra Venstre mener lovverket for barnefordeling må være nøytralt med hensyn til hvor barnet skal bo ved samlivsbrudd. Avtalefrihet er viktig for Venstre, og det leves ulike liv. Dette medlem mener derfor ikke loven skal angi en norm for samvær. Det bærende prinsipp må alltid være barnets beste. Målet må være å ha så gode familieverns- og meklingsordninger at færrest mulig må ta i bruk domstolene i barnefordelingssaker. Dersom konflikter om barnefordeling likevel ender i retten, må dommeren med dagens system bestemme at barnet skal bo fast hos en av foreldrene. Dette medlem mener det oftest vil være den mest hensiktsmessige løsningen, men mener likevel at det ikke kan utelukkes situasjoner der delt bosted vil være best for barnet og at slike løsninger vil føre til bedre kontakt mellom far og barn. Domstolene bør derfor stå fritt til å velge den samværsløsningen som dommeren mener er til barnets beste.

Komiteen viser til omtala av kjønnsspesifikke forskjellar innan helse i meldinga. Det er naudsynt med meir kunnskap om årsakene til forskjellane. Helsevesenet må bli betre på formidling av helseinformasjon som når begge kjønn. Ein må etablere ei skulehelseteneste og helsestasjonar for ungdom som er like attraktive for gutar som for jenter. Det må innarbeidast eit kjønnsperspektiv i helse- og omsorgstenestene og i forskinga om helse. Ein treng auka kunnskap om kjønnsforskjellar i bruken av helsetenester.

Komiteen viser til at meldinga har ein grundig gjennomgang av problemstillingar knytt til gutar og menn som er sosialt utsette. Komiteen er tilfreds med at Regjeringa vier stor merksemd til desse spørsmåla.

Komiteen meiner kunnskapsgrunnlaget i meldinga må leggjast til grunn for tiltaka ein set i verk overfor sosialt utsette gutar og menn.

Komiteen vil understreke at alle har rett til ein stad å bu, og at bustadløyse er ein særs viktig faktor for å forklare kvifor nokre gutar og menn er sosialt utsette. Det er naudsynt med eit breitt spekter av tiltak for å hjelpe bustadlause med eit tilbod om ein stad å bu.

Arbeidsløyse er ein anna viktig faktor som forklarer kvifor nokon blir sosialt utsette. Komiteen meiner at tiltak for å sikre folk arbeid, gjennom utdanning, skolering og andre former for arbeidsmarknadstiltak er særs viktig. I ei tid då arbeidsløysa er stigande, er det viktig med målretta og kraftige tiltak.

Komiteen vil i den samanhengen mellom anna vise til dei ulike tiltakspakkane og verkemidla Regjeringa så langt har lagt fram for å møte utfordringane i samband med den internasjonale finanskrisa, og legg til grunn at Regjeringa vil fremje fleire saker for Stortinget om det skulle vera behov for det.

Komiteen mener at antall elever som ikke fullfører videregående skole, er bekymringsfullt. En av tre fullfører ikke videregående opplæring, mens tallene er enda høyere for innvandrerungdom, og særlig gutter. Komiteen mener at dette innebærer at samfunnet svikter i å gi alle unge en mulighet til utdannelse og arbeid. Komiteen viser til at årsakene til frafall er mange. Komiteen viser imidlertid til at vi dessverre finner mange av de menneskene som er en del av denne statistikken, igjen i andre statistikker senere knyttet til sosialhjelp og arbeidsledighet. Derfor er det for komiteen avgjørende at det raskt settes i gang tiltak for å bidra til at flere fullfører videregående. Komiteen har merket seg at det finnes mange gode lokale tiltak på skolene for å snu denne utviklingen. Komiteen mener vi i langt større grad må nyttiggjøre oss gode erfaringer og følge de gode eksemplene.

Komiteen viser til at det er i de yrkesfaglige studieretningene at vi ser størst frafall, og at de som ikke får lærlingeplass, er i enda større risiko for ikke å fullføre.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre mener derfor at lærlingetilskuddet som bedriftene får for å ta inn lærlinger, er for lavt og bør økes. Disse medlemmer mener det er viktig at elever med spesielle behov også får bedre tilgang på lærlingplass.

Komiteens medlem fra Høyre mener det er viktig med avgiftslettelser for bedrifter som velger å ta inn lærlinger i en tid med stigende arbeidsledighet og viser til Høyres forslag om å fjerne arbeidsgiveravgiften for lærlinger i Høyres alternativ til Regjeringens krisepakke.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at Regjeringen har valgt å sette fokuset på behovet for tidlig innsats. Disse medlemmer er ikke uenig i dette, men mener at Regjeringen glemmer ungdomsskolen. Det foreligger lite eller ingen forskning på ungdomsskolens store utfordringer som resulterer i frafall i den videregående skole. Undervisningen er for teoritung, det er store utfordringer knyttet til bråk og uro, og mange lærere gruer seg for å jobbe på dette trinnet. Det er grunn til å tro at dette forplanter seg videre og fører til at vi har en dramatisk høy frafallsprosent i videregående. Disse medlemmer mener det ikke hjelper med tidlig innsats, hvor alle skal med i de første årene, når tiltakene avsluttes og elevene glemmes så snart de kommer til ungdomsskolen. Ungdomsskolen må bli en mestringsarena for barn og unge. Når elever ikke henger med i det teoretiske, må de tilbys en mer praktisk skolehverdag.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner rådgjevingstenesta er av stor verdi med omsyn til fråfall i vidaregåande opplæring. Fleirtalet viser difor til at mellom anna nye forskrifter for rådgjeving i skulen vart innført pr. 1. januar 2009, der den einskilde elev etter forskrifta har rett til to ulike former for rådgjeving, sosialpedagogisk rådgjeving og utdannings- og yrkesrådgjeving.

Fleirtalet viser også til den komande stortingsmeldinga om kompetanse for framtida, som er varsla denne vårsesjonen. Fleirtalet viser til at meldinga mellom anna vil omhandle ungdomstrinnet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet konstaterer at det ikke står bra til med integreringen her i landet. Dette kommer blant annet til uttrykk ved at IMDIs integreringsbarometer viser at nordmenns holdninger overfor innvandrere generelt, og muslimer spesielt, i økende grad er negative. Noe av dette skyldes at for få flyktninger og innvandrere har etablert seg med jobb – men lever på sosialhjelp/trygd – og mange er dårlig i norsk. Men det skyldes også i stor grad holdninger som eksisterer i en del miljøer – som i et moderne vestlig demokrati anses som svært kvinnediskriminerende. Når disse holdinger overføres til barn og unge, vil problemene vedvare.

Tall fra SSB og forskning gjort ved NOVA viser at gutter og menn med flyktning- og innvandrerbakgrunn i gjennomsnitt er mer utsatt for å utvikle problemadferd og etablere seg i negative ungdomsmiljøer enn etniske norske ungdommer. Barn med flyktningbakgrunn har åtte ganger så stor fare som etniske norske barn for å vokse opp i fattigdom. De har langt lavere deltakelse i idrett og fritidsaktiviteter og har vanskeligere for å etablere nettverk i nærmiljøet. Dette er avgjørende risikofaktorer som kan føre til problemadferd. Enkelte familier etablerer seg raskt og tilpasser seg godt det norske samfunnet, men for de aller fleste er denne integreringen en tung og tidkrevende prosess. Disse medlemmer mener at meldingen i for liten grad tar opp problemene vedrørende negative sider ved mannskulturen i innvandrermiljøene.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at for å redusere valdsbruken er det heilt naudsynt med tiltak som er retta særskilt mot menn. Det gjeld både førebyggjande arbeid i grunn- og vidaregåande skule, haldningsskapande arbeid blant menn og i mannsdominerte miljø, samt utgreiing av samanhengen mellom den kommersielle valden og valdelege haldningar og handlingar, særleg hos gutar og menn.

Komiteen viser til at Regjeringa har lagt fram ein eigen handlingsplan mot vald i nære relasjonar, som inneheld 50 konkrete tiltak. Det er viktig å få på plass eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod for menn som er valdsutøvarar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, sluttar seg til det arbeidet Regjeringa gjer for å etablere eit slikt tilbod.

Fleirtalet viser elles til meldinga og sluttar seg til strategiane og tiltaka som blir lagt fram.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet kan ikke se det er forskningsmessig bevist at kommersiell vold i for eksempel dataspill, film eller fjernsyn har direkte relasjoner til voldelig adferd.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at ein i dag nærmar seg eit landsdekkjande tilbod for menn som utøver vald. Fleirtalet meiner det er feil bruk av ressursar å etablere eit samla behandlingstilbod i alle fylke. Til det er talet på voldsutøvarar for lite, og variasjonen i behandlingsbehovet er for stort. Fleirtalet meiner det må etablerast eit landsdekkjande tilbod som ivaretek heile spekteret av behandlingsbehov, og er nøgd med at Regjeringa prioriterer dette arbeidet.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil understreke at det er viktig å etablere et behandlingstilbud for menn som utøver vold, overfor kvinner og barn. Menn som tyr til vold, må få et behandlingstilbud slik at de kan lære seg å mestre trangen til å utøve vold. Det er viktig å få tilgjengelig et behandlingstilbud i alle fylker.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for at et behandlingstilbud for menn som utøver vold overfor kvinner og barn, gjøres tilgjengelig i alle fylker."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener Mannsmeldingen på enkelte punkt tenderer til å fremstille vold som et problem som særlig knytter seg til menn. Disse medlemmer mener dette bildet bør nyanseres. Det er selvfølgelig slik at menn og kvinner fra naturens side er skapt forskjellige, og det er helt urealistisk å tro at vi en dag vil få overrepresentasjon av kvinner som utøvere av grov fysisk vold mot medmennesker.

Disse medlemmer viser til at det finnes en del undersøkelser vedrørende vold generelt og vold i nære relasjoner. Felles for de fleste er at menn begår flest drap og grove legemsfornærmelser av voksne mennesker (hovedsakelig andre menn), mens kvinner er overrepresentert når det gjelder barnebortføring, samt drap eller grov mishandling av barn og psykisk vold.

Disse medlemmer merker seg også at meldingen fremstiller menns egenskaper helt ulikt, avhengig av om de befinner seg på jobb eller i hjemmet. I kapittelet: "Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden – effektar på arbeidskvalitet og -trivsel" får vi vite at menn har en konfliktdempende effekt i arbeidslivet. Undersøkelser viser nemlig at typiske kvinneyrker har spesielt dårlig arbeidsmiljø; med konflikter og mye baksnakking. Egenrapportert trivsel er således lavere på kvinnearbeidsplasser. Menn fører til mindre krangling kvinner imellom. Flere mannfolk er derfor ønsket på disse arbeidsplassene og skal kvoteres inn – for å gjøre hverdagen lettere for kvinnene.

Man har altså konkludert med at: Menn skaper vold og uhygge i familierelasjoner. I arbeidslivet, derimot, bringer menn med seg trivsel, harmoni og har en konfliktdempende effekt på kvinner. Her er det vel noe som ikke stemmer?

Komiteen viser til oversikta i meldinga om kvar kjønnsforskinga står når det gjeld visse sider ved det å vera mann i Noreg i dag. Oversikta er eit viktig grunnlag og bakteppe for dei tiltaka som blir foreslått i meldinga. Komiteen har elles ingen merknader.

Komiteen har ingen merknader.

Forslag fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen sørge for at et behandlingstilbud for menn som utøver vold overfor kvinner og barn, gjøres tilgjengelig i alle fylker.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen snarest legge frem sak om lovrevisjon av de aktuelle lover slik at delt omsorg og bosted for barn blir hovedregel ved samlivsbrudd.

Forslag fra Venstre:

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre en fleksibel foreldrepermisjon på 15 måneder som gjelder fram til barnet fyller 12 år, der permisjonsandelen forbeholdt henholdsvis mor og far skal være 5 måneder hver.

Komiteen viser til meldinga og til merknadene sine og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 8 (2008–2009) – Om menn, mannsroller og likestilling – vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 28. april 2009

May-Helen Molvær Grimstad

Espen Johnsen

leiar

ordførar