Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, frå Framstegspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Siri A. Meling og Erna Solberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, frå Kristeleg Folkeparti, Dagfinn Høybråten, frå Senterpartiet, Åslaug Haga, og frå Venstre, Anne Margrethe Larsen, støttar at det vert inngått avtale med Island om grenseoverskridande hydrokarbonførekomstar. Avtalen er i tråd med folkeretten og bygger på tidlegare avtalar. Avklarte vilkår er ein fordel både for styresmaktene og kommersielle aktørar.