Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Linda C. Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Ingunn Gjerstad, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til forslag frå Regjeringa om endringar i statsbudsjettet for 2009 for å motverke arbeidsløyse og dempe verknadene av den internasjonale finansuroa på norsk økonomi. Regjeringa har tidlegare gjennomført tiltak retta spesielt mot finansnæringa og penge- og kredittmarknaden, og Regjeringa har lagt fram nye tiltak 9. februar for å betre tilgangen på kreditt for føretak og hushald.