Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Samandrag

Fleire av vedtaka i Utlendingsdirektoratet (UDI) kjem seinare på året enn forventa. Dermed er det færre busetjingsklare personar i mottak samanlikna med føresetnadene i budsjettet. Busetjingsbehovet frå mottak for 2008 er redusert frå 4 000 til 3 400 personar. Talet på overføringsflyktningar som kjem til landet og blir busett i 2008 reknast til 1 000 personar, ikkje 1 120 som løyvinga er basert på. Talet på familiesameinte forventas framleis å vere 1 200. Til saman utgjer dette 5 600 personar. Dette er hovudårsaka til at løyvinga ventast redusert i 2008.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 651 post 60 med 94,1 mill. kroner.

Det er løyvd 1 351,1 mill. kroner på kap. 651 post 61.

Tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sida 1. september 2005 samansatt av eit tilskot pr. person (pr. capitatilskot), eit skjønnstilskot (inkludert basistilskot) og eit resultattilskot. Kommunane får òg eit tilskot for personar som oppheld seg i mottak. Personar som var i målgruppa for norskopplæring før 1. september 2005, utløyser tilskot etter ei overgangsordning, som er ei vidareføring av ordninga som gjaldt før 1. september 2005.

Utbetaling etter overgangsordninga i 2008 blir redusert med 67,9 mill. kroner samanlikna med det som blei lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

Rapporteringa frå fylkesmennene syner òg at talet på pr. capitatilskot frå tidlegare år som blir utbetalt i 2008, aukar samanlikna med det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Samstundes kjem fleire kommunar inn under ordninga for basistilskot, og det er søkt om fleire resultattilskot. Det er eit mindre forbruk på skjønnsmidla som kommunane kan søkje om. Samla har forventa utbetaling til pr. capita-ordninga auka med 41,8 mill. kroner samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett.

Talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak er lågare enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 80 (2007–2008). Utgiftene til tiltaket blir difor redusert med 5 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga 31,1 mill. kroner.

(1 000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2007

Løyving 2008

Forslag 2008

Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)

2

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgiftar

32 700

74 745

70 580

-4 165

Løyvinga for 2008 er 74,8 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4,165 mill. kroner.

Det er i 2008 løyva 3,7 mill. kroner på posten.

Løyvinga utgjer avkastninga av fondet for 2007. Avkastninga av Romanifolkets fond har bygd seg opp over fleire år og utgjer i dag om lag 13,4 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 9,64 mill. kroner.

Løyvinga for 2008 er 2,2 mill. kroner.

Gjennom initiativet til ein handlingsplan for å betre levekåra til rom i Oslo er det behov for auka middel til pågåande og planlagde tiltak.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 800 000 kroner i 2008.

Løyvinga for 2008 er 3,7 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 3670 post 71 med 9,64 mill. kroner til 13,3 mill. kroner.

Løyvinga for 2008 er 5,8 mill. kroner.

Mindreforbruket på posten blir forklart med at eit tilskot på 825 000 kroner, som skulle blitt utbetalt i 2007, ved ein feil ikkje blei rekneskapsført før etter årsskiftet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 681 post 72 med 825 000 kroner i 2008.

Løyvinga for 2008 er 656,3 mill. kroner, som vert løyvd for å styrke norske utanriksstasjonar med spesialutsendingar frå utlendingsforvaltninga. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet er samde om at storparten av midlane bør budsjetterast under Utanriksdepartementet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 690 post 1 med 2,7 mill. kroner.

Løyvinga for 2008 er 71,6 mill. kroner.

Mengda av intervju i asylsaker har blitt lågare enn venta, og tidsbruken pr. intervju er også noko lågare enn tidlegare berekna. Noko av forklaringa på dette ligg i stordriftsfordelar knytt til mange søkjarar av same bakgrunn.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 690 post 22 med 11,2 mill. kroner.

Løyvinga for 2008 er 6,2 mill. kroner.

Barne- og likestillingsdepartementet har gjeve UDI belastningsfullmakt på 0,5 mill. kroner over kap. 840 post 21, for å finansiere ei utgreiing av bruken av eigenerklæringsskjema i samband med avdekking av kjønnslemlesting. Prosjektet har blitt noko forsinka, og det er usikkert om dette vil innebere ei terminforskyving for utbetalinga. Det blir difor gjort framlegg om å overføre midlane til kap. 690 post 71.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 690 post 71 med 0,5 mill. kroner

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 691 post 21 med 2,2 mill. kroner.