Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

I stortingsproposisjonen legg Justisdepartementet fram forslag til styrking av redningshelikoptertenesta.

I St.prp. nr. 1 (2007–2008) blei redningshelikoptertenesta styrkt med om lag 160 mill. kroner til drift og investeringar i samband med etablering av tilstadevakt ved redningshelikopterbasane på Ørland og Rygge, etablering av ny redningshelikopterbase i Florø, auka vedlikehaldskostnadar og vidareføring av prosessen for kjøp av nye redningshelikopter. Forsvarsdepartementet har gjort ein ny gjennomgang av kostnadane til redningshelikoptertenesta. Denne viser ytterlegare auka kostnadar for å kunne oppretthalde redningshelikoptertenesta på det nivået som er vedtatt. Som fylje av dette har redningshelikoptertenesta i handsaminga av St.prp. nr. 59 (2007–2008) blitt tilført ytterlegare 15 mill. kroner til drift i 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008).

Likevel er det for 2008 framleis nødvendig å styrkje driftsbudsjettet til redningshelikoptertenesta for å oppretthalde aktiviteten samt fortsette planen med oppstart av ny redningshelikopterbase i Florø slik at beredskapen for kysten med stor oljerelatert verksemd og mykje fiskeriaktivitet kan verte betre. Prognosane på drift pr. 1. august 2008 inneber at drifta må styrkjast med 33,75 mill. kroner i 2008 dersom ikkje tilbodet skal reduserast.

Justisdepartementet legg derfor med dette fram følgende endringsforslag til drift av redningshelikoptertenesta:

Posten dekker bl.a. utgifter til den offentlege redningshelikoptertenesta, inklusiv tilstadevaktordninga.

Prognosane på drift pr. 1. august 2008 inneber at drifta må styrkjast med 33,75 mill. kroner i 2008 for å kunne oppretthalde redningshelikopterberedskapen. Justisdepartementet foreslår derfor å auke kap. 455 post 1 med 33,75 mill. kroner.