Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

Justis- og politidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2008. Endringsforslaga på nokre av dei regelbundne postane er mellom anna baserte på rekneskapstal pr. 30. august 2008. Departementet vil understreke at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelege rekneskapstala kan avvike ein del frå desse prognosane.

Løyvinga på posten dekkjer faste og variable lønsutgifter, samt lønsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar og øvrige ordinære driftsutgifter.

Finnmarkskommisjonen blei oppnemnd ved kongeleg resolusjon 14. mars 2008 og er operativ frå hausten 2008. Oppnemninga av Utmarksdomstolen vil utstå noko sidan det ikkje vil vere høve til å reise sak inn for domstolen før kommisjonen har avslutta kartlegginga av eksisterande rettar i det første utreiingsfeltet. På grunn av forseinkinga foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 410 post 1 med 4 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er medrekna i rettsgebyret. Forbruket på posten er knytt til talet på og omfanget av saker og er derfor ikkje styrbar.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 410, post 21 med 4 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, skjønn, skifte, konkurs m.m. Inntektene er regelstyrte.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3410 post 1 med 30 mill. kroner.

Posten er nyoppretta i 2008 og skal dekkje inntekter frå tinglysing i fast eigedom ved Statens kartverk.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3412 post 2 med 57 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer sideutgifter som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker.

Justisdepartementet har fått meirinntektsfullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413 post 2. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 413 post 21 med 1 mill. kroner ettersom inntektene på kap. 3413 post 2 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, jf. omtale under kap. 3413 post 2.

Løyvinga på posten dekkjer inntektene som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413 post 2. Inntektene på posten er venta å bli 1 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving for 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 3413 post 2 med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 413 post 21.

Løyvinga dekkjer godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne og rettsvitne og reiseutgifter til desse. Posten dekkjer også utgifter til vitne som møter eller på anna måte forklarar seg for Kommisjonen for begjæring om gjenopptaking av straffesaker samt nødvendige blodprøver/DNA-testar i kommisjonen sitt arbeid.

På bakgrunn av rekneskapstal, erfaringstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 414 post 1 med 18 mill. kroner.

Løyvinga dekkjer utgifter til godtgjering til medlemmer av forliksråda og kompetansehevande tiltak i form av kurs.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auka løyvinga på kap. 414 post 21 med 3 mill. kroner.

Gjeldande løyving på posten i 2008 er 8,1 mill. kroner. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon våren 2008 blei det vedteke eit utbytte på 12,64 mill. kroner for rekneskapsåret 2007. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 5630 post 85 med 4,54 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 430 post 1 med 2,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 430 post 21.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 3. Ettersom inntekter frå sal og tilskot i 2008 er venta å bli høgare enn lagt til grunn for løyvinga i 2008, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 430 post 1 med 6,765 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430 post 3.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 4. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2008 er lågare enn lagt til grunn for løyvinga for 2008, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 430 post 1 med 108 000 kroner.

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 430 post 1 med 9,057 mill. kroner.

Posten omfattar utgifter arbeidsdrifta har til materiale, vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr, kursing av tilsette retta mot hjelpemiddel brukt i arbeidsdrifta, samt vedlikehald og drift av maskinparken. Arbeidspengar til dei innsette inngår også i løyvinga.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 2. Inntektene under kap. 3430 post 2 er venta å bli 5,894 mill. kroner høgare enn lagt til grunn for løyvinga for 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 430 post 21 med 5,894 mill. kroner.

Meirutgiftene i samband med arbeidsdrifta på kap. 430 post 21 er venta å bli lågare enn meirinntekta på kap. 3430 post 2. Justisdepartementet foreslår derfor å omdisponere 2,4 mill. kroner frå kap. 430 post 21 til kap 430 post 1.

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 430 post 21 med 3,494 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og oppdatert prognose foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 430 post 60 med 7 mill. kroner i 2008. Dette skuldast forseinkingar i enkeltsaker som gir utsetjing i utbetaling av refusjonar.

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 2. Basert på rekneskapstal og prognosar er inntektene på kap. 3430 post 2 venta å bli 5,894 mill. kroner høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430 post 2 med 5,894 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer bl.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 3. Inntektene frå sal og tilskot på kap. 3430 post 3 er venta å bli 6,765 mill. kroner høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430 post 3 med 6,765 mill. kroner.

Løyvinga på posten vart auka med 11 mill. kroner i 2008 pga. venta inntekt ved eigedomssal i Østensjøvegen. Netto salsinntekt blei 7,799 mill. kroner, noko som medførar at salet har gitt ei mindreinntekt på 3,201 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 3430 post 3 med 3,201 mill. kroner.

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3430 post 3 med 3,564 mill. kroner.

Løyvinga dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 4. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga i 2008, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3430 post 4 med 108 000 kroner.

Løyvinga dekkjer lønsutgifter til skulens personale, løn til aspirantar og utgifter til drift og husleige til skulebygningen.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432 post 3. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 432 post 1 med 770 000 kroner på grunn av at inntektene på kap. 3432 post 3 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2008.

Løyvinga omfattar mellom anna inntekter frå aspirantane sin del av skulebøker og studietur. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432 post 3. Basert på rekneskapstal og prognosar er inntektene på kap. 3432 post 3 venta å bli 770 000 kroner lågare enn det som er lagt til grunn i løyvinga for 2008. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 3432 post 3 med 770 000 kroner.

Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).

Det er venta ei auke i talet på produserte pass på 60 000 stk. Dette vil gje auka utgifter på til saman 16,5 mill. kroner basert på ein einingspris på 275 kroner. På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 14,3 mill. kroner.

I juni 2008 leverte Politidirektoratet rapporten "Politiet mot 2020 – Bemannings- og kompetansebehov i politiet". Rapporten foreslår ei bemanningsauke i politi- og lensmannsetaten med 2 700 polititenestemenn og 1 000 sivile stillingar innan år 2020. I St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Justisdepartementet har Regjeringa følgd opp dette forslaget ved at opptaket ved Politihøgskolen er auka til 552 studentar. Det er også foreslått å auke talet på sivilt tilsette. På grunn av at opptaket på Politihøgskolen har vore lågt i mange år, er det ikkje mogleg å auke talet på polititenestemenn på kort sikt. Det er derfor viktig at driftsbudsjetta til politidistrikta mellom anna gjev rom for å tilsetje sivile slik at politiutdanna tenestemenn kan frigjerast til operativt politiarbeid.

Politidirektoratet oppgjev eit meirforbruk på 3,7 mill. kroner til drift av eksisterande valdsalarmar samt ein kostnad på 7 mill. kroner til anskaffing og forbetring av nye alarmar. Samla meirbehov er såleis 10,7 mill. kroner. I tillegg er utgiftene til biometri og utvikling av eit operativsystem for den elektriske brikka i passet blitt høgare enn budsjettert. Meirutgiftene er på 19,4 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 440, post 1 med 30,1 mill. kroner til drift og investering.

Under kap. 440 og kap. 441 foreslår Justisdepartementet samla ei tilleggsløyving på 46,6 mill. kroner. Løyvinga dekkjer i utgangspunktet ugifter til produksjon av pass, valdsalarmar og produksjon av pass med biometri. Dette vil føre til at politidistrikta får auka løyvingane til drift i 2008. Politidirektoratet vil frigjere reservar som ellers skulle ha blitt brukt til desse investeringane, og fordele dette til distrikta. I den seinare tid har det vore ei stor utfordring for bemanninga i politiet at polititenestemenn i større grad enn tidlegare uttrykkjer eit ønskje om å verne om fritida si. Politimeistrane melder om ein vanskeleg driftssituasjon. Tilleggsløyvinga vil betre denne situasjonen.

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 44,4 mill. kroner i 2008.

Posten dekkjer sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.

Gjeldande løyving på posten er 74,9 mill. kroner. Rekneskapen på posten viser eit forbruk på 35,2 mill. kroner pr. 31. august 2008. Forbruket har vore lågt 1. halvår 2008. Forbruket 2. halvår er venta å bli ein del høgare, mellom anna som følgje av fleire transportar utanfor Europa, auke i arbeidet med ID-fastsetting samt meir bruk av tvang ved uttransporteringar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 440 post 21 med 5 mill. kroner.

Posten dekkjer inntekter frå gebyr for pass og våpenløyvingar.

Det vert vist til omtale under kap. 440 post 1 om auka passproduksjon med 60 000 pass. Rekneskapstal viser også ei svak auke i inntektene frå våpengebyr. Samla viser prognosane bygd på produksjons- og rekneskapstal ei auke på 24,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2008. Justisdepartementet foreslår såleis å auke løyvinga på kap. 3440 post 1 med 24,2 mill. kroner.

Posten dekkjer gebyr ifm. statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, busettings- og utdanningsløyver.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 6 med 20 mill. kroner i 2008.

Posten skal dekkje gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga med 75 mill. kroner i 2008. Reduksjonen i inntektene skuldast i første rekkje nedgang i talet på saker i forliksrådet.

Posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter i Oslo politidistrikt.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 441 post 1 med 2,2 mill. kroner på grunn av ei venta auke i talet på produserte pass.

Løyvinga på posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter og investeringar for hovudredningssentralen, redningshelikoptertenesta og anskaffingsprosjektet for nye redningshelikopter.

Den døgnkontinuerlige vaktordninga i redningshelikoptertenesta vert frå 1. juli 2008 utvida til også å omfatte Rygge og Ørland. Kostnadane knytt til legeberedskapen blir finansiert av Justisdepartementet. I 2008 blir det foreslått å overføre 3,84 mill. kroner frå kap. 455 post 1 til Helse- og omsorgsdepartementet. I samband med dette blir det foreslått å auke kap. 732 post 72 med 2,04 mill. kroner og kap. 732 post 74 med 1,8 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterorganisasjonar i det enkelte redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av materiell m.m. Det er opp til den enkelte hovudredningssentral å vurdere behovet og omfanget for bistand frå frivillige organisasjonar og private selskap. Kostnadane blir refundert i tråd med retningslinjer frå Justisdepartementet. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, då utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.

Gjeldande løyving på posten er 7,517 mill. kroner i 2008. Prognosar for 2008 tilseier eit forbruk på 11 mill. kroner, dvs. eit meirbehov på 3,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 455 post 21 med 3,5 mill. kroner.

Stortinget har gjort vedtak om å oppnemne ein undersøkingskommisjon etter fiskefartøyet "Western" sitt forlis 6. februar 1981 og å løyve 7 mill. kroner til dekning av utgifter knytt til kommisjonen sitt arbeid. Arbeidet har blitt meir omfattande enn ein rekna med, særleg knytt til undersøkingar av delar av vraket. Dette har også ført til høgare utgifter til arbeidet i kommisjonen. Det er derfor behov for ytterlegare midlar utover løyvinga som blei sett av til kommisjonen på 7 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 461 post 1 med 0,5 mill. kroner i 2008. Eventuelt behov for tilleggsmidlar utover dette blir dekt innanfor rammene av posten, mellom anna frå gjenståande løyving til Ålesundsutvalet.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvarar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten i den enkelte sak eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekkjer også tapt arbeidsforteneste til ikkje-salærberettiga tolkar og sakkunnige i straffesaker. Løyvinga dekkjer dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, enkelte utgifter i sivile saker og utgifter i Justisdepartementet til oversetting i rettsoppmodning og utleveringssaker. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 466 post 1 med 95 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri saksførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 470 post 1 med 0,5 mill. kroner.

Løyvinga på posten skal gå til å dekkje utgifter til advokat i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 470 post 70 med 6 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470 post 71 med 5 mill. kroner.

Saksomkostningar tilkjent staten i benefiserte saker blir førte under posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å nedjustere løyvinga på kap. 3470 post 1 med 1,5 mill. kroner.

Etter straffeprosesslova kap. 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter urettkomen straffeforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreisning etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkomande blir frifunne, forfølginga mot vedkomande blir innstilt, eller vedkomande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 471 post 72 med 6 mill. kroner

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til gransking av konkurs- og tvangsavviklingsbo iht. Justisdepartementet si særskilte garantiordning og utgifter til drift av Konkursrådet.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 475 post 21 med 0,5 mill. kroner.

Justisdepartementet har fått førespurnad frå Sletta Burettslag v/Kriminalomsorga region nordaust om avhending av veggrunn frå staten v/Justisdepartementet til Ullensaker kommune. Vegen blir nytta av Sletta burettslag ved Ullersmo fengsel, og tilhøyrer staten.

Fengselet og burettslaget har i dag alt vedlikehald av vegen. Kommunen vil overta vedlikehaldet mot at eigedomen blir overført vederlagsfritt til dei. Vegarealet er 1 740 kvadratmeter og har ein marknadsverdi på 350 000 kroner. Vedlikehaldskostnadane for vegen er berekna til omtrent 10 000 kroner pr. år. Snøbrøyting kjem i tillegg til dette. Kommunen er ikkje villig til å overta vedlikehaldet med mindre eigedomen blir overdratt til dei.

På bakgrunn av at eigedomen er av liten verdi samt at vedlikehald fører til årlege kostnader, foreslår Justisdepartementet følgjande romertalsvedtak:

"Stortinget samtykkjer i at deler av staten sin eigedom, gnr. 29, bnr. 268 blir overdratt vederlagsfritt til Ullensaker kommune."