Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Olje- og energidepartementet (OED) foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet for 2008.

Departementet gjer vidare i proposisjonen greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Det blir i proposisjonen også gitt ei orientering om status i Snøhvit-prosjektet.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter med netto 2,9 mill. kroner, frå om lag 31,1 til 34 mill. kroner. Dette gjeld:

  • Utgifter i samband med kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA.

  • Tilskot til Telemarkskanalen og Haldenkanalen.

  • Energiutgreiingar og skredførebygging.

  • Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 43 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 249,7 mill. kroner.

Det blir foreslått å løyve 18,9 mill. kroner på ny post Aksjekjøp for 2008.

Posten blir foreslått auka med 1,8 mill. kroner.

Meirutgiftene på til saman 1,8 mill. kroner blir foreslått dekka inn ved at kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter blir redusert tilsvarande.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner knytt til naudsynt vedlikehald av kulturminna Telemarkskanalen og Haldenkanalen. Auken blir foreslått dekka inn ved at kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter blir redusert tilsvarande.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 61,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å gje NVE fullmakt til å inngå avtaler for heile prosjektet for Området Bøle i Skien på inntil 20 mill. kroner i 2008 knytt til denne posten, jf. vedtak II. Regjeringa vil komme tilbake når det gjeld budsjettkonsekvensane for 2009.

Operatøren for testsenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) har orientert OED og partnarane i TCM om at investeringskostnadene for TCM er estimert til om lag 5 mrd. 2008-kroner (inklusiv meirverdiavgift). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget vedrørande investeringsbeslutninga og budsjettkonsekvensane for 2009 når det gjelder testsenteret på Mongstad.

Det blir foreslått at posten tilføres stikkordet "kan overførast", jf. Forslag til vedtak III.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2008.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 48,5 mill. kroner.

Det foreslås endringar i underpostar, men det medfører inga endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 i høve til gjeldande løyving for 2008.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er samla redusert med 1 300 mill. kroner, frå 23 900 til 22 600 mill. kroner. Det er venta reduserte investeringskostnadar mellom anna på grunn av lågare boreframdrift på fleire felt. Dette blir til dels motverka av større investeringar på Snøhvit med om lag 200 mill. kroner på grunn av dei utfordringane som har vore på feltet.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 29 500 mill. kroner, frå 187 100 til 216 600 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at venta oljepris for 2008 er høgare enn det som vart lagt til grunn i Revidert budsjett for 2008. Gassprisen er òg auka.

Det er no lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 565 per fat for 2008. I Revidert budsjett for 2008 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på 500 per fat.

Kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar netto med 25 200 mill. kroner, frå 126 400 til 151 600 mill. kroner.

Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 700 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2008 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 27 100 mill. kroner, frå 122 859 til 149 959 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 0,5 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,3 mill. kroner, frå 1,8 til 1,5 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir 21 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir 79,5 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,5 mill. kroner, frå 1 til 0,5 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,6 mill. kroner, frå 15,7 til 9,1 mill kroner.

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda og SDØE, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2007–2008).

I proposisjonen gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av fylgjande fullmakter i 2008:

  • Fullmakt XI – Utbyggingsprosjekter på norsk kontinentalsokkel.

  • Fullmakt XIV nr. 2 – Forenkla samordning av eigardelar i utvinningsløyve.

Olje- og energidepartementet har ved fleire høve orientert Stortinget om situasjonen på Snøhvit og aukinga i kostnadene på feltet. StatoilHydro informerte departementet 15. oktober 2008 om dei oppdaterte investeringsanslaga.

Det er to delar av Snøhvit-prosjektet:

  • Fase 1: Vedteke i 2001 med eit budsjett på om lag 25 mrd. kroner. Det er denne delen av Snøhvit-projektet som no er ferdig. Kostnadene for Snøhvit fase 1 er på om lag 48 mrd. kroner, 3 mrd. kroner meir enn forventa i 2005 og nesten det doble samanlikna med budsjettet da saka vart fremma for Stortinget i 2001.

  • Andre del: Snøhvit fase 2–4, som skal gjennomføras i 2015–2032. Det er i desse prosjekta, som ikkje er endeleg vedtekne, at dei store aukingane i kostnadsanslaga er komne i år. Kostnadene for fase 2–4 er berekna til om lag 21 mrd. kroner, 7,5 mrd. kroner meir enn forventa i 2005. Det er knytte stor uvisse til dette talet.

I tillegg kjem kostnadene for det såkalla "Snøhvit forbedringsprosjekt" som skal identifisere moglege tiltak for å betre yteevna til anlegget, til mellom 2,5–5,5 mrd. kroner, avhengig av tiltaka ein vedtar å gjennomføre.

Departementet har tatt opp saka med operatøren. Det er viktig at styresmaktene er orienterte om kostnadsutviklinga og om den vidare drifta av feltet. På møte med StatoilHydro den 24. oktober 2008 spurte departementet selskapet om ei skriftleg utgreiing om Snøhvit-prosjektet og dei auka kostnadane. StatoilHydro ga denne utgreiinga i brev av 6. november 2008, og som er tatt med i proposisjonen.

Det er fleire årsaker til at Snøhvit-prosjektet er blitt så mykje dyrare enn slik det vart framstilt i St.prp. nr. 35 (2001–2002) Utbygging, anlegg og drift av Snøhvit LNG. I tillegg til kostnadene fekk ein også større problem i innkjøringsfasen enn kva som er vanleg.

Da prosjektet vart vedteke, var det bekymringar knytte til den teknologisk vanskelege og dermed risikofylte bygginga av anlegga til havs på stort dyp, og ilandføringa i røyr over lang avstand i kaldt vatn. Ein har erfart at anlegga på havbotnen og strekket til land har vore vellukka, kostnadene og tidsbruken er her i samsvar med planane. Den delen som er på land har imidlertid både hatt store kostnadsaukar og det har tatt lengre tid enn ein la til grunn i planen.

Prosjektet på land fekk tidleg problem, og denne dårlege starten har ein hatt med seg gjennom prosjektet. Departementet viser til at ein må erkjenne at for Snøhvit-prosjektet er ein del av årsaka knytte til val av løysing for LNG-anlegget, val av kontraktørar og at staden der anlegget er bygd, har klimatiske og geografiske tilhøve som gjer det vanskelegare å bygge der enn mange andre plasser der LNG-anlegg er bygd før.

Departementet viser i proposisjonen til at ansvaret for denne utbygginga heilt klart ligg – og skal liggje – hos operatøren som er StatoilHydro, og hos dei andre rettshavarane, Total, Gaz de France, RWE-Dea, Hess og Petoro. Men resultata påverkar staten si inntekt ved at dei auka kostnadene vil føre til lågare skatteinntekter. Dessutan investerer staten direkte gjennom Petoro. Men sjølv om staten må bære dei store kostnadene, er ansvaret hos rettshavarane. Slik systemet er lagt opp, har selskapa insentiv for å bygge ferdig i rett tid og i samsvar med dei kostnader dei la til grunn. Forseinkingar og kostnadsaukar går like mykje ut over selskapa sine inntekter som det gjer det for staten. Dessutan skader det rettshavarane sitt omdøme at prosjektet har hatt slike kostnadsaukar og forseinkingar.

Departementet viser vidare til at Snøhvit-utbygginga har vore ei særs vanskeleg oppgåve som har krevd stor innsats frå mange involverte. No er fase 1 av Snøhvit-prosjektet avslutta. Selskapa vil framleis arbeide med fleire tiltak for å betre yteevna til anlegget og med å optimalisere den vidare utbygginga av Snøhvit.