Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

I St.prp. nr. 1 (2008–2009) blei det gjort greie for at leverandøren er forseinka i sin leveranse av Nødnett. Alle etatar har hatt meirutgifter i forbindelse med sine delprosjekt som følgje av leverandøren si forseinking.

Løyvinga under post 1 dekkjer staten sine kostnader til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og kostnader til drift til leverandør for dei områder som blir bygd ut og satt i drift i 2007 og 2008. Justisdepartementet har i 2008 budsjettert med inntil 17,5 mill. kroner på kap. 456 post 1 til å dekkje delar av meirkostnadene knytt til forseinkinga. Det blei bestemt at midlane skulle delast likt mellom etatane, dvs. 5,833 mill. kroner til kvar etat. Politietaten vil nytte sin del av refusjonen til dekning av meirutgifter til drift i sitt delprosjekt. Brannetaten vil nytte 4,355 mill. kroner på post 1 og 1,478 mill. kroner på post 45. Helseetaten vil nytte heile sin del av beløpet på post 45. Etatane sine ønskje om å nytte refusjonar på post 45 blir forklart med at dei ønskjer å nytte midlane til nødvendige endringar i kommunikasjonssentralar for eigen etat som del av tilleggskontrakten inngått med leverandør i sommar.

På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å omdisponere 7,311 mill. kroner frå kap. 456 post 1 til kap. 456 post 21.

Løyvinga under post 45 skal dekkje investeringar i radionett, utstyr til nødetatane sine kommunikasjonssentralar og terminalar for første utbyggingsområde.

Med bakgrunn i leverandøren sine forseinkingar på om lag eit år og endringane i kontrakten, foreslår Justisdepartementet ein reduksjon av løyvinga på kap. 456 post 45. Løyvinga på posten relatert til Nødnett blir foreslått redusert med totalt 273,561 mill. kroner.

DNK har varsla at dei i samband med dekning av deler av meirutgiftene til nødetatane har behov for å nedjustere løyvinga på kap. 456 post 1 med ei samanfallande oppjustering av kap. 456 post 45. Justisdepartementet foreslår derfor å omdisponere 7,311 mill. kroner frå kap. 456 post 1 til kap. 456 post 45.

Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 456 post 45 med 266,25 mill. kroner i 2008.

I samband med første utbyggingsområde av Nødnett vil det oppstå utgifter for DNK som skal bli refundert av leverandøren.

Basert på forseinkinga i utbygginga reknar DNK med refusjonar i 2008 på 16,253 mill. kroner. Gjeldande løyving under kap. 3456 post 2 er 21,253 mill. kroner, noko som utgjer eit mindrebehov på 5 mill. kroner.

På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3456 post 2 med 5 mill. kroner i 2008.