Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2008 under Fiskeri- og kystdepartementet, mellom anna kapittel som gjeld forsking.

Departementet viser til at det i samband med statsbudsjettet for 2004 vart gjort framlegg om å etablere eit nytt selskap, Mariculture AS. 2,2 mill. kroner av løyvinga til etablering av selskapet var knytte til lisensinntekter frå sal av forskingsresultat ved Havforskingsinstituttet. Men som følgje av mellom anna prosessen i samband med etableringa av forskingskonsernet Nofima AS, vart selskapet ikkje etablert. Løyvinga kunne ikkje overførast, og lisensinntektene vart derfor trekte inn i statskassa.

Departementet vurderer det som rimeleg at opptente lisensinntekter skal tilfalle forskarane ved Havforskingsinstituttet, og at midlane derfor bør løyvast på nytt.

Departementet gjer på denne bakgrunnen framlegg om å auke løyvinga på kap. 1020 post 1 med 2,2 mill. kroner i 2008.

Departementet gjer vidare framlegg om å auke kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter med 70 mill. kroner i 2008, mot ein tilsvarande auke av oppdragsinntektene under kap. 4020 post 3. Bakgrunnen er at Havforskingsinstituttet dei seinare åra har hatt ein monaleg vekst i den eksterne oppdragsverksemda. Også i 2008 vil oppdragsverksemda auke utover dei overslaga som vart gjorde ved fastsetting av inntekts- og utgiftssida i 2008.

For å ivareta omsynet til realistisk budsjettering må det gjerast ei parallell justering av inntekts- og utgiftssida på dei kapitla og postane i 2008 som er knytte til bruttobudsjettering av Havforskingsinstituttets oppdragsverksemd (kap. 1020 og 1021 med tilhøyrande inntektskapittel).

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner i 2008 til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS på kap. 1020 ny post 70.

Ved etableringa av selskapet Protevs AS vart det i statsbudsjettet for 2002 løyvd til saman 660 000 kroner i aksjekapital, likt fordelt på kap. 1020 post 90 og kap. 1023 post 90, knytt til Havforskingsinstituttet og NIFES sin samla eigardel på 66 pst. av selskapet. Resterande aksjekapital på 340 000 kroner stod Universitetet i Bergen for, slik at samla aksjekapital i selskapet var 1 mill. kroner.

Selskapet vart etablert i ei tid då dei økonomiske utfordringane i havbruksnæringa etter kvart vart store. I tillegg vart prosessen i samband med det som i dag er blitt det nye forskingskonsernet Nofima AS, sett i gang. Samla sett bidro dette til at selskapet ikkje har fått opp den nødvendige aktiviteten som var tenkt ved etableringa. Samtidig vil Nofima kunne ivareta dei viktigaste intensjonane ved selskapet.

Eigarane er derfor einige om at det mest tenlege vil vere å gjennomføre ei styrt avvikling av selskapet. Avvikling er vedteke på ekstraordinær generalforsamling, med atterhald om fullmakt frå Stortinget, og dei formelle avviklingsprosedyrane er sette i gang. Det er venta at selskapet vil vere avvikla innan utgangen av 2008. Det er også venta at store delar av aksjekapitalen i selskapet vil vere tapt. Det ligg likevel ikkje føre endeleg oversikt over eventuell attverande aksjekapital når alle kostnader er dekte inn. Departementet meiner det derfor bør takast høgde for at heile aksjekapitalen vil vere tapt.

Budsjetteknisk foreslår departementet at dette vert handsama gjennom å løyve eit tilskot til nedskriving av aksjekapitalen i Protevs AS på 1 mill. kroner over kap. 1020 post 70 (NY) Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS, med tilsvarande inntektspost kap. 4020 post 96 (NY) Aksjepost i Protevs AS.

Departementet viser til kap. 1020 over og gjer framlegg om å auke kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter med 5 mill. kroner i 2008 mot ein tilsvarande auke av oppdragsinntektene under kap. 4021 post 1.