Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen, som er ein undersjøisk tunnel mellom Balsnes og Larseng i Tromsø kommune.

Fastlandssambandet erstattar riksvegferjesambandet Vikran–Larseng.

Ryaforbindelsen vil betre kommunikasjonen internt i Tromsø kommune og mellom Tromsøområdet og delar av Balsfjord kommune.

Nærleiken til Tromsø sentrum (3 mil) gjer at det kan ventast ein auke i arbeidspendlinga etter at Ryaforbindelsen er bygd. I tillegg kan det påreknast ein auke i fritidsreiser til hytter og rekreasjonsområde på Malangshalvøya.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,2 km ny tofelts veg med vegbreidde 8,5 m, inkl. ein undersjøisk tunnel på 2,7 km. Reisetida vil bli korta ned frå i gjennomsnitt ein halv time til under fem minutt. I tillegg vil den faktiske kjørelengda for dei fleste trafikantane bli litt kortare enn i dag då tunnelen er plassert på ein annan stad enn ferjesambandet.

Kostnadsoverslaget er 240 mill. 2007-kroner, inkl. 4 mill. kroner til bygging av bomstasjon. Omrekna til 2008-prisnivå blir kostnadsoverslaget 250 mill. kroner. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag 110 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0,4.

Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtala i kapittel 3 i proposisjonen.

I 2007 hadde ferjesambandet ein årsdøgntrafikk på om lag 270 kjøretøy. Det er lagt til grunn ein årsdøgntrafikk på 320 kjøretøy i opningsåret 2011, noko som inneber ein eingongsvekst på nærare 15 pst.

Veksten i trafikken i ferjesambandet har etter 2000 vore på om lag 3 pst. pr. år. I finansieringsplanen for Ryaforbindelsen er det rekna med ein årleg trafikkvekst på 2 pst. frå trafikkopning i 2011 til og med 2019. Deretter er det lagt til grunn 1 pst. vekst.

Det er planlagt å starte anleggsarbeida første halvår 2009, med fullføring våren 2011. Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

Det er lagt til grunn at innspara ferjetilskot som følgje av dagens ferjesamband mellom Vikran og Larseng blir lagt ned, skal nyttast til å delfinansiere Ryaforbindelsen. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet på 55 mill. 2008-kroner frå innspara driftstilskot over ein 15-årsperiode. Innspara kapitalkostnader for ei statleg ferje vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet på 59 mill. 2008-kroner over ein 15-årsperiode.

I finansieringsplanen er det lagt opp til ei statleg løyving på til saman 57 mill. 2008-kroner i 2009 og 2010.

Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i om lag 19 år. Innkrevjingsperioden blir såleis frå 2011–2030. Det er rekna med at bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på 144 mill. kroner, fordelt med 54 mill. kroner til å dekkje delar av investeringskostnadene og 90 mill. kroner til å dekkje finansieringskostnader, inkl. kostnadene ved forskotteringa. I tillegg kjem om lag 29 mill. kroner til å dekkje innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Programstyret gav i 2005 ei løyving på 25 mill. kr til Ryaforbindelsen AS. Eventuelle ytterlegare midlar kan bli lagt inn seinare.

Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, er finansieringskostnadene, inkl. kostnadene ved forskotteringa, rekna til 90 mill. kroner. Samla gir dette eit finansieringsbehov på 340 mill. 2008-kroner.

Ein eventuell kostnadsauke er føresett dekka i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt.

Andre basisføresetnader for finansieringsplanen går fram av pkt. 5.6 i proposisjonen.

Balsfjord og Tromsø kommunar og Troms fylkeskommune har fatta vedtak om garanti for eit bompengelån på til saman 50 mill. kroner, fordelt med høvesvis 4 mill. kroner, 21 mill. kroner og 25 mill. kroner. Fylkeskommunen har vidare akseptert at ordninga med betinga refusjon kan nyttast til dette prosjektet med inntil 28 mill. kroner frå den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Troms i 2010 og 2011.

Garantien vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje er mogleg å handtere etter at takstane er auka med 20 pst., bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år og selskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen.

Økonomien i prosjektet er følsam for endringar i føresetnadene. Det er derfor ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om ei lågare lånerente enn 6,5 pst. for ein periode på 10–15 år. Samferdselsdepartementet sluttar seg til det skisserte opplegget for handtering av kostnadsauke/-reduksjonar og auka/redusert inntening.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.