Samandrag
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes i Kvinnherad kommune i Hordaland. Ferjekaia vil erstatte noverande ferjekai på Løfallstrand i sambanda til Gjermundshamn og Varaldsøy. I tillegg til bygging av ferjekai på Årsnes vil det bli gjennomført utbetringstiltak på rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes.
Riksvegferjesambandet mellom Løfallstrand og Gjermundshamn er viktig både for lokaltrafikk og for langdistansetrafikk til og frå Sør- og Austlandet. Rv 551 frå Odda til Løfallstrand, ferje til Gjermundshamn og rv 48 vidare frå Gjermundshamn mot Bergen er eitt av fleire nytta reiseval på strekninga mellom Odda og Bergen. For lokalbefolkninga i Kvinnherad, på sørsida av Hardangerfjorden, er ferjesambandet den mest nytta reisevegen over fjorden og vidare mot Bergensregionen.
Samferdselsdepartementet har merka seg at dagens ferjekai på Løfallstrand er gammal og nedsliten. Området på Årsnes, der den nye kaia kjem, vil få betre plass og seglingsforholda blir betre. Departementet har merka seg at det vil bli sett av midlar til å utbetre rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes, som vil bli tilfartsveg til den nye ferjekaia for trafikken sør for Årsnes. Departementet legg stor vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til å delfinansiere bygginga med bompengar.
Det er lagt opp til anleggsstart våren 2009. Ferjekaia er planlagt opna for trafikk hausten 2010. Utbetringstiltaka på riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes vil bli gjennomførte parallelt med bygginga av ferjekaia.
Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.
Bygging av ny ferjekai på Årsnes er kostnadsrekna til 60 mill. kroner. I tillegg er det sett av 20 mill. kroner til vegutbetringane. Dette gir eit samla kostnadsoverslag på 80 mill. kroner.
Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til -50 mill. kroner. Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til -0,6.
Tiltaka er føresett finansierte med statlege midlar og bompengar. Bompengeinntektene vil komme frå auka takstar i ferjesambanda. Delar av finansieringa er basert på utsett statleg refusjon av tidlegare forskotterte midlar frå Kvinnherad kommune.
Det er lagt til grunn 40 mill. kroner i statlege midlar og at 40 mill. kroner vil bli finansiert med bompengar. Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing med ein innkrevjingsperiode på 15 år frå fullføring av prosjektet i 2010.
Det er vidare lagt opp til eit bompengepåslag pr. gjennomsnittsreise på om lag 21 kroner. Dette tilsvarar ein auke på fire takstsoner, dvs. frå takstsone 6 til takstsone 10. Det er føresett rabattar i samsvar med rabattordningane i riksregulativet for ferjetakstar. Andre føresetnader for finansieringsplanen går fram av proposisjonen.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.