Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

I proposisjonen blir det gjort framlegg om bygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland.

Hovudmålet med prosjektet er å gi Jondal kommune betre og kortare samband mot Kvinnherad og vidare via Folgefonntunnelen mot Odda og E134. Jondal kommune har vel 1 000 innbyggjarar. Jondalstunnelen blir også vurdert som viktig for den regionale utviklinga i kommunane på og rundt Folgefonnhalvøya i Hardanger.

Finansieringa av Jondalstunnelen er basert på bompengar, statleg tilskot (overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt), tilskot frå kommunane Kvam, Odda og Jondal og fylkeskommunale midlar.

Det ligg føre planar for fleire traséløysingar. Fylkesmannen har lagt opp til at endeleg val av løysing vil bli tatt etter at det er henta inn tilbod frå entreprenør på fleire alternativ.

Konsekvensutgreiinga med ei rekke alternative løysingar blei godkjent i 2004. Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for prosjektet etter alternativ S1 + S9 i Kvinnherad kommune og alternativ N2 i Jondal kommune. Det er i tillegg utarbeidd forslag til reguleringsplan for alternativ S6 i Kvinnherad kommune og alternativ N6 i Jondal kommune. Ved full utbygging inngår S1 i alle alternativa. Dette gir følgjande kombinasjonar:

  • S1 + S9 + N2

  • S1 + S9 + N6

  • S1 + S6 + N2

  • S1 + S6 + N6

Alternativ S9 går i dag gjennom bygda ovanfor busetjinga i Øyre og Flatabø med tunnelpåhogg på nordsida av Nordrepollen. Alternativ S6 går opp langs Øyresdalen med tunnelpåhogg under anleggsvegen frå kraftutbygginga.

Dei godkjente reguleringsplanane omfattar kombinasjonen S1+S9+N2. Med denne kombinasjonen blir lengda på tunnelen 8,3 km, og dette er den løysinga som gir den kortaste tunnelen. Kombinasjonen S1 + S6 + N6 gir den lengste tunnelen på om lag 10 km.

Totalkostnadene ved full utbygging av kvar av dei fire kombinasjonane varierer frå om lag 1 000 mill. kroner til om lag 1 200 mill. kroner. Dette omfattar utbygging av tofelts veg på heile strekninga frå rv. 551 i Kvinnherad til Belsnes i Jondal.

Reguleringsplanen i Kvinnherad kommune blei kalla inn av Miljøverndepartementet, jf. § 27-2 nr. 3 andre ledd. Etter ei samla vurdering kom departementet i juni 2007 til at reguleringsplanen ikkje blir endra eller oppheva.

Til grunn for finansieringsplanen ligg m.a. ei redusert utbygging innanfor dei godkjente reguleringsplanane på dagstrekninga frå Øyre til tunnelpåhogget på nordsida av Nordrepollen og sjølve Jondalstunnelen.

Fylkeskommunen legg til grunn at det skal hentast inn tilbod for alle dei fire kombinasjonane. Dersom tilboda fører til at andre alternativ enn S1+S9+N2 kan realiserast innanfor finansieringsopplegget som er lagt til grunn, går fylkeskommunen inn for at trasévalet/reguleringsplanane blir behandla på nytt.

I proposisjonen er det lagt til grunn anleggsstart hausten 2009 og trafikkopning i 2012.

Statens vegvesen har vurdert rassikringstiltak m.a. langs eksisterande fylkesveg 51 mellom rv. 551 og tunnelpåhogget for Jondalstunnelen.

Ved redusert utbygging legg Statens vegvesen opp til å etablere rassikringsgjerde på to strekningar som til saman er om lag 1,1 km.

Ved full utbygging av traseen vil delar av strekninga ved Bergfjelltunnelen bli flytta nærare fjorden. Dette vil redusere rasfaren. I tillegg vil den breie grøfta bli forlenga med 500 m.

Den lokalpolitiske behandlingen er nærare omtala i kapittel 3 i proposisjonen.

Samferdselsdepartementet viser til at fylkeskommunen gjennom vedtak i fylkestinget 4. mai 2005 har streka under at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen har tatt på seg å dekke eventuell kostnadsauke.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 730 mill. 2007-kroner og ei kostnadsramme på 810 mill. 2007-kroner. Omrekna til 2008-prisnivå er styringsramma 760 mill. kroner og kostnadsramma 840 mill. kroner.

Basert på at prosjektet blir delvis bompengefinansiert, er samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) rekna til ‑150 mill. kroner ved redusert utbygging. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til ‑0,2.

Når Jondalstunnelen står ferdig, vil det vere fire alternative ruter frå Odda til området vest/nord for Hardangerfjorden:

  • 1. Via ferjesambandet Utne–Kvanndal

  • 2. Via Hardangerbrua (ferjesambandet Brimnes–Bruravik fram til opninga av brua)

  • 3. Via ferjesambandet Løfallstrand–Gjermundshamn

  • 4. Via Jondalstunnelen og ferjesambandet Jondal–Tørvikbygd.

At trafikantane har fleire alternativ, fører til at det er komplisert å rekne ut fordelinga på dei ulike rutene og dermed trafikkgrunnlaget for Jondalstunnelen.

Statens vegvesen sin transportmodell for Hordaland er nytta som grunnlag for å rekne ut trafikkgrunnlaget for Jondalstunnelen. Fleire konsulentar har vore engasjerte for å kvalitetssikre trafikkgrunnlaget.

Statens vegvesen har tilrådd at det blir lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på 340 kjøretøy (ÅDT) for Jondalstunnelen i opningsåret som her er rekna til 2010. Det er føresett at den årlege trafikkveksten er i samsvar med dei prognosane for Hordaland som blei utarbeidde til arbeidet med Nasjonal transportplan 2006–2015.

Finansieringsmodellen bygger på følgjande element: Bompengar, statleg tilskot, kommunale tilskot, og fylkeskommunale midlar.

Finansieringsplanen som er lagt til grunn, er vist i tabellen nedenfor:

Finansieringsplan

Mill. 2008-kr

Bompengar – forskotsinnkrevjing i ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd

9

Bompengar – etterskotsbompengar på prosjektet*

74

Statleg tilskot

52

Kommunale tilskot

58

Fylkeskommunale midlar – kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

60

Fylkeskommunale midlar – konsesjonskraftmidlar ("driftsmidlar")

19

Fylkeskommunale midlar – låneopptak/andre midlar

488

Sum

760

* I tillegg kjem bompengar til dekking av renter på bompengelån, innkrevjingskostnader, drift av bompengeselskapet, etablering av automatisk innkrevjing frå 2016 og tilbakeføring av tapte trafikkinntekter for Folgefonntunnelen.

Fylkestinget har i vedtak av 4. mai 2005 slått fast at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen har tatt på seg å dekke eventuell kostnadsauke.

Samferdselsdepartementet presiserer at staten sitt økonomiske ansvar for prosjektet er avgrensa til tilskot på 52 mill. 2008-kroner. Gjennom overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt var det høve til å prioritere tilskot på inntil 50 mill. kroner til slike prosjekt innafor fylkesfordelt ramme for perioden 2002–2005. For prosjektet Jondalstunnelen blei det opna for å utvide ordninga til også å omfatte perioden 2006–2009. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2005 løyvde Stortinget 30 mill. 2005-kroner til prosjektet Jondalstunnelen, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2004–2005).

Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i 15 år sjølv om bompengelånet skulle bli nedbetalt tidlegare. Bompengeinnkrevjinga er likevel føresett avgrensa til å dekke bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot (3 mill. kroner) og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak (18 mill. kroner).

Eventuell redusert inntening er ikkje eksplisitt nemnt i dei fylkeskommunale vedtaka. Statens vegvesen Vegdirektoratet tilrår at det i tråd med vanleg praksis for bompengeprosjekt blir gitt høve til at bompengeselskapet etter avtale med direktoratet kan auke takstane med inntil 20 pst. utover prisstigninga og forlenge bompengeperioden med inntil 5 år. Samferdselsdepartementet støttar denne vurderinga.

Samferdselsdepartementet legg stor vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til å delfinansiere utbygginga med bompengar. Sidan dette er eit fylkesvegprosjekt, må det etter departementet sitt syn leggjast spesielt stor vekt på fylkeskommunen sitt forslag til finansieringsopplegg inklusive forskotsinnkrevjing på ferjesambandet Jondal–Tørvikbygd. Etter ei samla vurdering tilrår derfor Samferdselsdepartementet bompengeopplegget, inklusiv forskotsinnkrevjing i ferjesambandet.

Det er lagt til grunn at etterskotsinnkrevjinga vil skje i ein bomstasjon ved Øyre i Kvinnherad kommune.

Odda, Kvam og Jondal kommunar har sagt seg villige til å gå inn med tilskot på til saman 58 mill. kroner, fordelt med ein tredel (19,35 mill. kroner) på kvar kommune.

Det er etablert ei ordning med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift. Fylkestinget har gått inn for at til saman 60,5 mill. kroner for åra 2004–2007 skal gå til bygging av Jondalstunnelen.

Med ei ramme på 50 mill. kr i årlege konsesjonskraftinntekter blir det årlege tilskotet til Jondalstunnelen på 6,5 mill. kroner. Førebels har fylkeskommunen lagt inn midlar for perioden 2007–2009 på til saman 19,5 mill. kroner. Fylkeskommunen omtalar desse midlane som driftsmidlar.

Basert på at totale kostnader er 730 mill. 2007-kroner har fylkeskommunen lagt til grunn at behovet for midlar ut over bompengar, statleg tilskot, kommunale tilskot, kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift og fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar skal finansierast ved opptak av lån.

Andre føresetnader for finansieringsplanen går fram av kapittel 8 i proposisjonen.