Samandrag
I St.prp. nr. 70 (2007–2008) blir Stortinget bedt om å gjere vedtak om utbygging og finansiering av T-forbindelsen – nytt vegsamband mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland.
Stortinget behandla i 2001 eit opplegg for finansiering av T-forbindelsen, jf. St.prp. nr. 72 (1999–2000) og Innst. S. nr. 120 (2000–2001). Opplegget omfatta delvis bompengefinansiering gjennom forskots- og parallellinnkrevjing i ferjesambandet E39 Mortavika–Arsvågen og etterskotsinnkrevjing på det nye vegsambandet.
I St.prp. nr. 70 (2007–2008) blir det no lagt fram eit revidert finansieringsopplegg av T-forbindelsen basert på m.a. oppdaterte kostnadsoverslag og trafikkprognosar. I tillegg til bompengar omfattar finansieringsplanen statlege midlar og lokale tilskot.
Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for heile det nye vegsambandet.
Prosjektet omfattar eit nytt samband aust/vest og eit nytt samband nord/sør. Krysset mellom dei to sambanda ved Fosen i Karmøy kommune er planlagt som rundkjøring.
Sambandet aust/vest mellom E39 ved Mjåsund i Tysvær kommune og rv 47 ved Håvik i Karmøy kommune er på om lag 10,8 km med ein samanhengande tunnel under Førresfjorden og Karmsundet. Tunnellengda er om lag 7,8 km.
Sambandet nord/sør mellom Fosen og E134 ved Raglamyr i Haugesund kommune er på om lag 9,1 km. Tunnelarmen nordover frå rundkjøringa er om lag 1,2 km lang. Det inngår også to tunnelar på om lag 270 m og om lag 700 m.
Ei strekning inn mot E134 ved Raglamyr er planlagt med fire kjørefelt. I stigningane er tunnelane planlagt med tre kjørefelt. Resten av prosjektet har to kjørefelt.
I St.prp. nr. 72 (1999–2000) omfatta forskots- og parallellinnkrevjinga begge ferjesambanda E39 Mortavika–Arsvågen og rv 47 Mekjarvik (Randaberg) – Skudeneshavn. I St.prp. nr. 1 (2001–2002) orienterte Samferdselsdepartementet om at innkrevjinga blei avgrensa til sambandet Mortavika–Arsvågen.
Det blir lagt opp til anleggsstart våren 2009 med trafikkopning rundt årsskiftet 2012/2013. I tråd med St.prp. nr. 72 (1999–2000) føreset Samferdselsdepartementet at ferjesambandet Mekjarvik–Skudeneshavn blir lagt ned som riksvegferjesamband når T-forbindelsen blir opna for trafikk.
Den lokalpolitiske behandlinga går nærare fram av kapittel 3 i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme for prosjektet på 1 440 mill. 2008-kroner og ei kostnadsramme på 1 650 mill. 2008-kroner. For T-forbindelsen blir det lagt til grunn eit trafikkgrunnlag for etterskotsinnkrevjinga på 3 100 kjøretøy (ÅDT) (basisår 2010). Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) er rekna til -980 mill. kroner, basert på at prosjektet er 100 pst. statleg finansiert. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til ‑0,8. I dette prosjektet utgjer den statlege finansieringa 31 pst. av styringsramma.
Finansieringa omfattar følgjande element: Bompengar, statlege midlar og lokale tilskot.
Forskotsinnkrevjinga i ferjesambandet starta opp 1. april 2001. Det er lagt til grunn at innkrevjinga i ferjesambandet skal halde fram til prosjektet blir opna for trafikk. Det blir dermed forskots- og parallellinnkrevjing i om lag 11 1/2 år. Det er rekna med at innkrevjinga i ferjesambandet vil gi eit finansieringsbidrag på 607 mill. kroner. Ved årsskiftet 2007/2008 hadde bompengeselskapet om lag 320 mill. kroner inneståande.
Ved etterskotsinnkrevjinga på prosjektet blir bomstasjonen etablert på aust–vestsambandet ved Mjåsund, om lag 1 km vest for krysset med E39. Det er lagt opp til å etablere ein automatisk bomstasjon med to takstgrupper: lette kjøretøy og tunge kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt over 3 500 kg). Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i 15 år.
Det er rekna med at etterskotsinnkrevjinga vil gi eit samla finansieringsbidrag på 285 mill. kroner, fordelt med 210 mill. kroner til å dekkje delar av investeringskostnadene og 75 mill. kroner til å dekkje finansieringskostnader. I tillegg kjem om lag 45 mill. kroner til å dekkje innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet. Finansieringskostnadene og innkrevjings- og driftskostnadene utgjer høvesvis 8 og 5 pst. av brutto bompengeinntekter på 939 mill. kroner.
Totalt omfattar finansieringsplanen 31 pst. statlege midlar, 57 pst. bompengar og 12 pst. lokale tilskot, jf. tabellen nedenfor:
Finansieringsplan
Mill. 2008-kr | |
Statlege midlar* | 405 |
Forskot frå Karmøy kommune* | 39 |
Bompengar – forskotsinnkrevjing på ferjesambandet | 607 |
Bompengar – etterskotsinnkrevjing på prosjektet | 210 |
Lokale tilskot – tilskot frå Karmøy kommune | 95 |
Lokale tilskot – tilskot frå Rogaland fylkeskommune | 84 |
Sum | 1 440 |
* Inkl refusjon av forskotteringa til Karmøy kommune etter 2015 utgjer statlege midlar 444 mill. kroner.
Andre føresetnader for finansieringsplanen går fram av kapittel 5 i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet viser til at ved den lokale behandlinga blei det lagt til grunn at "garantibeløpet" frå Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune på inntil 150 mill. 2007-kroner skal stillast til disposisjon avslutningsvis ved gjennomføringa av prosjektet dersom behovet tilseier dette. Vidare blei det lagt til grunn at eventuelt reduserte prosjektkostnader og auka bompengeinntekter kjem som frådrag på garantibeløpet. Samferdselsdepartementet føreset at "garantibeløpet" er eit tilskot som blir omgjort til eit forskot ved ev. kostnadsreduksjon og/eller auka inntening. Samferdselsdepartementet er i dialog med Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune om å få presisert at dei aksepterer dette gjennom nye vedtak før anleggsstart. Dei må også presisere vedtaka om garantiar for eit bompengelån på inntil 320 mill. kroner og fordele garantiansvaret mellom seg.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av rv 47 T-forbindelsen, vil Vegdirektoratet og Haugaland bompengeselskap AS inngå avtale i tråd med føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.