Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om årsmelding til Stortinget frå Styret for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar for 2007

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Styret i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar legg i dokumentet fram melding for budsjettåret 2007.

Pr. 31. desember 2007 var det i alt 358 pensjonar til utbetaling, 230 alderspensjonar/ventegodtgjersler, 8 uførepensjonar, 117 enkje-/enkjemannspensjonar og 3 barnepensjonar.

Til pensjonar var det for 2007 løyvd 60 000 000 kroner. Under kap. 41 post 1 blei det utgiftsført 50 141 988 kroner til pensjonar. Administrasjonskostnadene utgjorde 1 479 274 kroner.

Pensjonsgrunnlaget i denne pensjonsordninga følgjer av den til kvar tid gjeldande årlege godtgjersla som vert fastset av Stortinget sin lønskommisjon med samtykke frå Stortinget.

Gjeldande pensjonssatsar går fram av dokumentet.

Komiteen viser til dokumentet, har ingen merknader og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument nr. 16 (2007–2008) – årsmelding til Stortinget frå Styret for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar – vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 11. juni 2008

Tor Hagebakken

Åge Starheim

leder

ordfører