5. Verksemda til Noregs Bank i 2007
Årsmeldinga 2007 for Noregs Bank blei behandla og godkjend i hovudstyremøtet 20. februar 2008. Etter § 30 i "lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet" (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15b i instruks for Riksrevisjonen skal Riksrevisjonen "rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Norges Bank". Årsmeldinga følgjer meldinga som utrykt vedlegg.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd andre punktum at "Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget". Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden "snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet oversende til Riksrevisjonen:
a) bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning
b) hovedstyrets årsberetning
c) representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken, og
d) statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank."
Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a–c, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Noregs Bank blei ikkje instruert med heimel i sentralbankloven § 2 tredje ledd i år 2007.
Det er i pkt. 5.1 i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon, samt verksemda til Noregs Bank i 2007.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
I St.meld. nr. 29 (2000-2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken, som blei lagd fram 29. mars 2001, trekte ein opp dei noverande retningslinjene for pengepolitikken. Retningslinjene blei fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jf. boks 5.2 i meldinga.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/– eitt prosentpoeng rundt målet for prisstiginga. Noregs Banks rentesetjing skal vere framoverretta og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når Noregs Banks hovudstyre fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som blir vurderte ikkje å påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. I dei fleste situasjonane vil det vere samsvar mellom omsynet til å stabilisere prisstiginga og omsynet til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, vil skjønnsutøvinga i pengepolitikken måtte vege desse to omsyna mot kvarandre.
I pkt. 5.2.3 i meldinga gir Noregs Bank sine vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2007.
Pkt. 5.2.4 gir ei oversikt over vurderingar frå andre instansar, mellom anna Noregs Bank Watch og OECD. I pkt. 5.2.5 gir departementet sine vurderingar.
Komiteen viser til at det 22. mai 2008 blei halde open høyring med sentralbanksjef Svein Gjedrem om utøvinga av pengepolitikken. Referat frå høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga. Komiteen tek omtalen under pkt. 5.2 til orientering.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til forskrift om pengepolitikken § 1 der det m.a. heiter:
"Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting."
Det heiter vidare i same forskrift:
"Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken."
Fleirtalet legg stor vekt på desse synspunkta.
Når det gjeld utøvinga av pengepolitikken, viser fleirtalet til Noregs Bank si årsmelding der det blei uttalt:
"Sentralbanken påverkar gjennom styringsrenta berre dei heilt korte pengemarknadsrentene direkte. Rentene som gjeld i marknaden vidare fram i tid, blir også påverka av tilhøva i marknaden og av forventningane til utviklinga i styringsrenta i framtida. Det viktigaste for aktørane sine konsum- og investeringsavgjerder er derfor forventningane dei har til den framtidige utviklinga i styringsrenta. Skal pengepolitikken vere vellukka, må han påverke desse forventningane. Når Noregs Bank offentleggjer renteprognosen sin, kan det vere lettare for aktørane i det økonomiske livet å skjøne banken sine intensjonar i rentesetjinga. Når Noregs Bank er open om avvegingane som er gjorde i pengepolitikken, gjer dette pengepolitikken lettare å føresjå og meir effektiv. Det kan verke til stabilitet i inflasjonen og i produksjon og sysselsetjing. Med prognosar grunnlagde på den utviklinga i renta som Noregs Bank meiner er mest realistisk, blir tolkinga og etterprøvinga av prognosane også lettare. Likevel kan aktørane i marknaden ha eit anna syn på utviklinga i inflasjonen og produksjonen framover og derfor på renteutviklinga."
Fleirtalet meiner det er nødvendig for ein effektiv pengepolitikk at sentralbanken er open om renteprognosane, og er tilfreds med at Noregs Bank legg vekt på dette.
Fleirtalet påpeiker at uroa i den internasjonale finansmarknaden har ført til at skiljet mellom pengemarknadsrenter og forventa styringsrenter auka både internasjonalt og i Noreg. I samband med dette viser fleirtalet til den opne høyringa med sentralbanksjefen, der han la vekt på følgjande:
"Siden slutten av juni i fjor har penge- og kredittmarkedene internasjonalt vært preget av kraftige svingninger, dårlig likviditet og mindre vilje til å ta risiko. Problemene startet i boliglånsmarkedet i USA, men spredte seg raskt til andre deler av finansmarkedene. Banker, fond og finanshus måtte ta lån fra obligasjonsmarkeder inn på egne balanser, de begynte å tvile på sine motparters økonomi, og de holdt på pengene. Det førte til at påslagene på renten bankene tar når de låner til hverandre, steg markert."
Sentralbanksjefen uttalte vidare:
"Bankene her hjemme finansierer seg i stor grad i utlandet. Derfor har disse påslagene i pengemarkedene i USA og Europa smittet raskt over på norske renter, selv om de norske bankene er lønnsomme, har tillit og er lite utsatt for tap."
Fleirtalet er bekymra for at problema i norsk finansmarknad skal vare ved eller auke i omfang. Ei slik utvikling vil også kunne føre til høge utlånsrenter frå bankane. Fleirtalet ber Regjeringa om å følgje utviklinga nøye.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre, viser til at Noregs Bank allereie i 2005 varsla ein vesentleg renteoppgang. Renteprognosane er sidan blitt justerte opp fleire gonger med den grunngivinga at veksten i norsk økonomi har vore uventa sterk, kapasitetsutnyttinga har vore uventa høg og at teikn tydde på at det høge aktivitetsnivået kunne halde seg oppe lenge. Høgare vekst hos handelspartnarar trekte òg renteutsiktene opp. Dette fleirtalet viser i den samanhengen til den opne høyringa med sentralbanksjef Svein Gjedrem 22. mai 2008, der sentralbanksjefen uttalte følgjande:
"Siden 2003 har veksten i norsk økonomi vært høy, og høyere enn ventet. Den skjøt fart både raskere og mer markert enn i konjunkturene på 1980- og 1990-tallet. Til å være så langt ut i oppgangen var veksten uvanlig høy i fjor. Den årlige veksten i BNP for Fastlands-Norge i de tre årene 2004 – 2006 var i gjennomsnitt på over 4 prosent. I 2007 var veksten i overkant av 6 prosent."
Dette fleirtalet er svært tilfreds med den gode utviklinga i norsk økonomi og konstaterer at aktivitetsnivået er høgt. På denne bakgrunnen meiner dette fleirtalet det er som forventa, ut frå forskrifta om pengepolitikken, at Noregs Bank har auka foliorenta til eit meir normalt nivå.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at man siden innføringen av den såkalte handlingsregelen våren 2001, har hatt pågående debatt om dette er en fornuftig regel. Disse medlemmer har hele tiden har vært imot handlingsregelen, og mener at forslagene til statsbudsjett de siste årene er en erkjennelse av at regelen kan avvikles. Siden den ble innført våren 2001, har handlingsregelen vært trikset med en rekke ganger, avhengig av regjeringens behov for å løse ulike budsjettutfordringer. Siden innføringen av regelen i 2001 og frem til i fjor hadde det vært brukt over 100 mrd. kroner mer enn handlingsregelen skulle tilsi. Så har man opplevd at man det siste året bruker langt mindre oljepenger enn det man kan i henhold til regelen. Dette vitner om at handlingsregelen er lite egnet til å styre etter, og at man knapt kan sies å styre etter en regel i det hele tatt. Disse medlemmer ønsker å erstatte handlingsregelen med retningslinjer for vekst i statens utgifter.
Disse medlemmer mener Regjeringen med sine fremlegg og sin retorikk er mer opptatt av at man skal klare å følge denne regelen enn å se på hva som er fornuftig bruk av oljepenger i økonomien.
Hovedproblemet med handlingsregelen er at den sterkt begrenser det finanspolitiske handlingsrommet. En av handlingsregelens viktigste svakheter er at den ikke forholder seg til hvor, når eller hvordan oljeinntektene brukes, og at den ikke skiller mellom oljepenger brukt til skatte- og avgiftslettelser, offentlige realinvesteringer eller offentlig forbruk.
Svært mye av den økonomiske debatten i Norge dreier seg om hvordan vi som nasjon skal forholde oss til oljeinntektene. Disse medlemmer vil påpeke det åpenbare ved at oljeinntektene i bunn og grunn er inntekter på lik linje med alle andre inntekter fra norsk produksjon. Det særegne med oljeinntektene er den høye avkastningen, relativt til ressursinnsatsen i form av arbeidskraft og investert kapital. I tillegg tilfaller det aller meste av oljeinntektene staten direkte som grunneier og skatteoppkrever og indirekte via statlig eide oljeselskap.
Disse medlemmer mener at en ansvarlig og langsiktig forvaltning av oljeformuen må fokusere på å maksimere økonomisk vekst, og at oljeinntektene i større grad dermed kan konverteres til real- og humankapital fremfor finanskapital. Det hjelper svært lite for kommende generasjoner at de arver vår oljeformue i form av et oljefond, hvis de samtidig avspises med mye mindre real- og humankapital. Infrastruktur i form av bredbånd eller veier er eksempler på slik fremtidsrettet investering.
Ved bruk av oljeinntekter er det derfor viktig å skille mellom forbruk og investering, samt innkjøp fra utlandet som ikke skaper press i norsk innenlandsøkonomi, og andre innkjøp.
Disse medlemmer viser til at i den situasjonen landet nå befinner seg, ville det være fornuftig å bruke mer midler til investeringer på områder hvor det er ledig kapasitet, for eksempel innenfor anleggsbransjen. Bransjen selv opplyser om ledig kapasitet, og ved å bevilge mer midler til dette formålet ville man utnytte den ledige kapasiteten som finnes i markedet, uten å skape press i økonomien. I tillegg ville man med fornuftige investeringer på veisektoren sørge for bedre effektivitet for næringslivet og innbyggere, og reduserte omfang av skader. Dette vil være positivt for økonomien.
I en situasjon med stadig færre arbeidsledige, hvor man på mange sektorer har behov for tilgang på arbeidskraft, ville det være fornuftig å investere i økt og raskere pasientbehandling. Dette ville medføre at arbeidsføre mennesker som venter på en operasjon, kunne få denne utført raskt ved enten offentlige eller private institusjoner, eventuelt i utlandet. Dermed hadde man fått innsparinger på offentlige velferdsordninger, samtidig som man hadde fått denne arbeidskraften raskere tilbake i jobb. Dette vil virke pressdempende på økonomien.
Disse medlemmer viser til at stadig flere fagøkonomer er uenig i stortingsflertallets ensidige fokus på handlingsregelen. Disse medlemmer viser også til at flere stortingsrepresentanter for regjeringspartiene og andre lokale og regionale folkevalgte representanter fra de samme partiene tar avstand fra handlingsregelen som styringsverktøy.
Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet i 2001 fikk flertall for å innføre inflasjonsmål for pengepolitikken. Disse medlemmer forventer at Norges Bank praktiserer en rentepolitikk som er i samsvar med renteforskriftens bestemmelser. Disse medlemmer påpeker at en rekke mennesker har fått merkbart tøffere privatøkonomi som følge av de 14 renteøkningene som er foretatt siden regjeringen Stoltenberg II tok over. Flere av renteøkningene burde ikke blitt foretatt, etter disse medlemmers oppfatning.
Disse medlemmer viser til at renteøkningene siden regjeringen Stoltenberg II overtok, utgjør om lag 25 000 kroner per million en familie har i lån. Tallet er justert for skattemessig rentefradrag.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre viser til at Regjeringen fører en ekspansiv finanspolitikk. Det bidrar til at Norges Bank gjennom pengepolitikken får et større ansvar for å bremse presset i økonomien gjennom høyere rente. Disse medlemmer mener at kombinasjonen av en ekspansiv finanspolitikk, manglende initiativ for å øke tilbudet av arbeidskraft, full stopp i modernisering av offentlig sektor og fjerning av sparestimulerende tiltak gjør at Regjeringen må bære et medansvar for en stadig høyere rente, og en økende rentedifferanse til EU.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre viser til at Noregs Bank i Pengepolitisk rapport 3/2005 publiserte eit intervall for renteutviklinga framover, kor det i referansebana vart gjeve ein prognose om auka styringsrente med 2,35 prosentpoeng frå prognosetidspunktet til 4. kvartal 2008 (jf. figur 1.5a i Pengepolitisk rapport 3/07). Banken kommenterte samstundes at den trudde på ein sterkare renteoppgang enn kva som låg inne i terminrentene i marknaden. Terminrentene vert ofte sett på som eit rimeleg anslag på marknaden si forventning til framtidige renter.
Desse medlemene konstaterer at styringsrentene er heva med 3,5 prosentpoeng sidan hausten 2005.
Desse medlemene syner òg til at Noregs Bank i same rapport anslo at rentedifferansen mot utlandet i pengemarknaden ville auka fram til 4. kvartal 2008 til i overkant av 0,5 prosentpoeng (jf. figur 1.6a). Forskjellen mellom norske pengemarknadsrenter (3 månaders renter) og tilsvarande i euroområdet er no om lag 1,6 prosentpoeng.
Tabell 5.2 og 5.3 i meldinga viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 2007, samanlikna med tilsvarande tal for 2006.
Komiteen tek omtalen til orientering.