Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Generalforsamlinga i haust var etter Regjeringa sitt syn prega av at ein er attende til meir normale tilstandar i FN. Etter ein reformprosess som aksentuerte konfliktlinene i organisasjonen, etterfølgd av ein periode med reformtrøyttleik, var det ikkje stor dramatikk på generalforsamlinga hausten 2007. Regjeringa viser til at Ban Ki-moon på si første generalforsamling som generalsekretær freista å profilere seg på saker som klimaendring og Darfur, men arbeidet med å finne ein brei og identifiserbar dagsorden er framleis under utvikling. Som forgjengarane sine er presidenten i Generalforsamlinga, dr. Srgjan Kerim, på si side hemma av eit lite støtteapparat og av at dagsordenen er sett av andre. Dette har gjort det vanskelegare for presidentskapet å øve innverknad, slik Regjeringa ser det.

Sjølv om dei underliggjande konfliktane mellom nord og sør og mellom Tryggingsrådet og Generalforsamlinga spela seg ut også på sesjonen i haust, meiner Regjeringa det samtidig var tendensar til ei viss oppmjuking av dei tradisjonelle skiljelinene, og nye alliansar på tvers av regionane har oppstått. Dette, saman med at USA etter skifte av FN-ambassadør – i alle fall i form – står fram som noko mjukare og meir konsensussøkjande, har ført til eit meir dempa konfliktnivå enn på tidlegare sesjonar.

Klimatoppmøtet samla mange statsleiarar og viste at klimaendring no er sett øvst på den internasjonale dagsordenen. Samtidig viste møtet og den følgjande generaldebatten i Generalforsamlinga òg, etter Regjeringa sitt syn, at medlemslanda har ulike og til dels uforlikelege syn på korleis ein skal løyse dei problema ein står overfor. Innlegga viste at det finst ein politisk vilje til handling, men samtidig òg at det er sterk usemje om kva som må prioriterast, og korleis ansvaret skal fordelast. I påvente av tingingane på Bali hende det, som venta, lite substansielt i Generalforsamlinga på dette området.

Arbeidet i fredsbyggingskommisjonen (PBC), der Noreg sin ambassadør Løvald leier Burundi-formatet, har gått i rett retning. Fredsbyggingskontoret har fått eit endeleg budsjett med stillingsheimlar, og det vert dermed lettare å planleggje på personellsida. Fredsbyggingsfondet har nådd målet på USD 250 mill. i bindande tilskot. Kommisjonen er framleis i etableringsfasen, men det er ei utbreidd oppfatning at kommisjonen har klart å leggje eit godt grunnlag for å endre FN og andre aktørar si handtering av postkonfliktland. Utviklinga av landspesifikke fredsbyggingsstrategiar (rammer for fredsbygging) gjennom samråd på landnivå og mellom landnivå og New York har sett ein nytt standard for korleis eit mellomstatleg FN-organ kan stille seg til eit medlemsland. Sentrale utfordringar framover vil verte å vise resultat på landnivå. Det vert òg ei utfordring å forankre kommisjonen og fredsbyggingskontoret sitt arbeid i FN-systemet, og blant eksterne aktørar, medverke til framleis fokus på og støtte til landa på dagsordenen, og utvikle fredsbyggingskommisjonen sine arbeidsmetodar vidare.

Regjeringa peiker på at det var påfallande stillstand på sesjonen i haust når det gjaldt reformprosessen og oppfølginga av reformpanelet (Stoltenberg-panelet) sine tilrådingar. Framlegga i rapporten har vorte oppfatta som kontroversielle og har medverka til store spenningar i G77. Ei rekkje sentrale utviklingsland hevdar at framlegga vil innebere ein ny kondisjonalitet i FNs utviklingssamarbeid, særleg i høve til menneskerettar, men òg for miljøaktivitetar og humanitære intervensjonar. Det er òg skepsis til framlegga til eit samordna, einsarta og sterkt FN på landnivå. Tanken om éin FN-leiar vert av mange sett på som opptakta til ei ordning med FN-ambassadørar. Skepsisen er grunna på frykt for at ein FN-ambassadør med makt og mynd vil verte oppfatta som ein motspelar i staden for ein medspelar for nasjonale styresmakter. Drøftingane om panelet sine tilrådingar kom seint i gang, og medlemslanda har ikkje klart å verte samde om korleis den mellomstatlege forhandlingsprosessen skal takast vidare. Sjølv på område som det burde ha vore mogeleg å ta ut av pakken, til dømes likestillingsarkitekturen, har det ikkje vore mogeleg å få framgang.

Regjeringa meiner det likevel er viktig å merke seg at FN-systemet har fanga opp dei delane av reformpanelet sine framlegg som ikkje krev mellomstatlege avgjerder. Desse framlegga vert no gjennomførde. FN-organisasjonane arbeider tett saman for å harmonisere og forenkle dei administrative rutinane og framgangsmåtane sine på utviklingsområdet. På landnivå har FN sett i gang viktige reformer i eit utval land for å samordne innsatsen under éin leiar, eitt landprogram og eitt budsjett. Dette skjer med full tilslutning frå styresmaktene i landa. Stadig fleire utviklingsland ønskjer å gjennomføre tilsvarande reformer fordi ein ser ein gevinst i høve til auka ressursar, relevans, effektivitet og betre resultat av FNs samla innsats. Med dette ser vi konturane av noko nytt; ein reformprosess som finn fotfeste på landnivå i utviklingslanda, og som i neste omgang vil kunne medverke til å tvinge fram meir gjennomgripande reformer av heile FN-systemet i tråd med tilrådingane frå reformpanelet.

Når det gjeld spørsmålet om reform av Tryggingsrådet, var det stor aktivitet i haust. Fleire rapportar har vorte utarbeidde med framlegg til mogelege måtar å endre samansetjinga av rådet på. Sjølv om det store fleirtalet nok vil kunne slutte opp om trongen for å sjå på overgangsordningar, er framleis hovudfrontane like steile, og det momentumet mange meiner å ha sett i seinare tid, har så langt ikkje utkrystallisert seg til nokon konkret framgang.

FNs generalforsamling har gjeve Noreg, saman med Egypt, ansvaret for å førebu ein internasjonal konferanse i Doha i Qatar i november/desember 2008, der den internasjonale plattforma for utviklingspolitisk samarbeid som vart vedteken i Monterrey i Mexico i 2002 ("Monterrey-konsensusen"), skal gjennomgåast. På generalforsamlinga i haust vart det gjort eit vedtak om organiseringa av dette arbeidet og om målsetjingane for konferansen, der det mellom anna skal drøftast nye former for finansiering og utvikling. Konferansen vil vere ein viktig milestolpe i arbeidet med å nå tusenårsmåla i 2015.

I tillegg til vedtaket av dødsstraffresolusjonen, som utvilsamt var eit høgdepunkt på generalforsamlinga, er det verdt å merke seg at ein ny resolusjon, introdusert av USA, om nedkjemping av valdtekt og andre former for seksuell vald som instrument for å oppnå politiske og militære mål, vart vedteken. Resolusjonsframlegget møtte i utgangspunktet motstand, ikkje minst frå afrikanske land, som såg på framlegget som eit åtak på særskilde land (Sudan og DR Kongo), og gjorde raskt ikkjeinnblandingsargumentet gjeldande. Resolusjonen vart vedteken etter at amerikanarane viste fleksibilitet.

At det enno ein gong lukkast for Noreg å oppnå konsensus om resolusjonane om menneskerettsforsvararar og internt fordrivne, ser Regjeringa på som positivt, då det ikkje lenger kan takast for gjeve at resolusjonar av denne typen framleis oppnår konsensus.

Heller ikkje i haust var det mogeleg å bringe forhandlingane om terrorismekonvensjonen og definisjonen av terrorisme vidare. Dette understrekar ytterlegare at denne prosessen neppe vil finne ei løysing i Generalforsamlinga med det første, og at eventuelle initiativ difor må takast i andre fora.

Som i tidlegare år deltok den norske delegasjonen aktivt i forhandlingane om desse tema. Frå norsk side er det grunn til å vere godt nøgd med resultata – særleg når det gjeld arbeidet mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske, men òg fordi klimaspørsmål har fått ein langt breiare omtale enn tidlegare.

Sett fra Regjeringa si side er det positivt at FN-operasjonen i Afghanistan vert styrkt med nærare 40 pst., noko som inkluderer 69 stillingar, innkjøp av fleire køyrety, større aktivitet i provinsane og større fokus på internasjonal samordning. Som tidlegare nemnt, vart også FNs fredsbyggingskontor styrkt, og UNRWA fekk seks nye stillingar over det regulære budsjettet. Det ligg også inne ein auke av ressursane på menneskerettsområdet.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Knud Edmund Berthelsen, understreker at de aller fleste av Norges utenrikspolitiske interesser er tjent med forpliktende internasjonalt samarbeid innenfor FN. FN er den viktigste arenaen verdenssamfunnet har for å finne felles løsninger på de felles utfordringer vi står overfor.

Komiteen mener vi trenger et sterkt FN med høy grad av legitimitet, og slutter seg til generalsekretær Ban Ki-moons ord da han i sin åpningstale til den 62. generalforsamlingen ba verdens ledere om å støtte ham i å bygge et sterkere og mer samlet FN, bedre rustet til å møte verdens utfordringer.

Komiteen erkjenner at det finnes et betydelig forbedringspotensial hva angår FNs effektivitet og ressursbruk, og ønsker et reformert og mer effektivt FN som vil gjøre det lettere å oppnå resultater i avgjørende saker som internasjonal fred og sikkerhet, nedrustning, klima, menneskerettigheter, fattigdomsbekjempelse og FN-reform.

Komiteen er særlig urolig over at konflikten i Darfur fortsetter i mangel på en robust FN-styrke. Det er viktig at Norge, i samarbeid med likesinnede land, gjør sitt ytterste for å gjenvinne FNs omdømme og autoritet.

Komiteen er enig i at Norge bør forsøke å bygge broer mellom bl.a. G77-landene og WEOG-gruppen. Resolusjonen om dødsstraff i desember 2007 viser at FN kan gjøre store skritt fremover når landene trer ut av blokkdelingen mellom nord og sør. Samtidig understreker komiteen at en norsk brobyggerrolle i FN ikke skal gå på bekostning av Norges verdimessige, politiske og økonomiske forankring.

Komiteen viser til Norges kandidatur til FNs menneskerettighetsråd i 2009. Komiteen er urolig over at FNs normer på menneskerettighetsområdet stadig angripes innenfor 3. komité. Samtidig deler komiteen internasjonale menneskerettighetsorganisasjoners bekymring over at det selektive fokus på Israels menneskerettighetsbrudd svekker Rådets verdi og autoritet. Det er for tidlig å konkludere hvorvidt Rådet representerer en forbedring i forhold til FNs menneskerettighetskommisjon. Dersom Norge vinner plass i Rådet, mener komiteen at medlemskapet må benyttes for å eksponere og påtale menneskerettighetsbrudd uansett hvor de skjer.

Komiteen støtter FNs valg av klimaendring som en hovedsak under plenumssesjonen i forkant av klimatoppmøtet på Bali. Skal FN lykkes i å føre an i arbeidet, kreves en langt større grad av enighet om prioriteringer og landoverskridende tiltak.

Komiteen merker seg at rapporten fra FNs høynivåpanel for reform har ført til enkelte forbedringer av FNs operasjoner på landnivå. Samtidig merker komiteen seg at de viktigste reformene i rapporten har støtt på motstand fra utviklingslandene. Komiteen fastholder Stortingets krav til bistand hva angår bl.a. styresett, fravær av korrupsjon, demokrati og respekt for menneskerettigheter. Det bør være åpenhet i FN og overfor mottakerlandene om at dette er kondisjonalitet. Samtidig er komiteen urolig over at medlemslandenes gjeld til FN er voksende og var på ca. USD 4 milliarder i 2007.

Komiteen merker seg fremdriften innenfor FNs kontinentalsokkelkommisjon samt bestrebelsene på å begrense ulovlig, uregulert og urapportert fiske. Det er viktig at Norge fortsetter å spille en aktiv rolle på disse områdene.

Komiteen tar sterk avstand fra overgrep mot lokalbefolkningen av personer tilknyttet FNs fredsbevarende styrker. Norge bør vektlegge arbeidet i 4. komité med å forebygge, avdekke og straffe overgriperne, herunder utarbeidelse av ny folkerett som gjør rettsforfølgelse lettere for senderlandet. Oppfølgingen av ofrene må også prioriteres.

Komiteen understreker at FNs politiske arbeid bør skje i størst mulig åpenhet, og hvor både Stortinget og representanter for det sivile samfunn har anledning til å følge sakene. I et slikt perspektiv er det positivt at Regjeringen fører kontinuerlig oversikt på Internett over EU-uttalelser som regjeringen har sluttet seg til i FN. Komiteen vil anse det som nyttig dersom Regjeringen kunne utvide oversikten til også å inneholde møter og debatter der Norge har deltatt, med informasjon om norske innlegg, avstemningsresultat og norsk stemmegivning.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 20 (2007–2008) – Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN – vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 4. juni 2008

Olav Akselsen

Finn Martin Vallersnes

leder

ordfører