Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

9. Bruken av nynorsk i kommunane

Noreg er eit lite språkområde, og det norske språket er under eit konstant press. Det er naudsynt med ein offensiv språkpolitikk. Regjeringa er oppteken av det verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar. Nynorsk og bokmål er formelt jamstelte, men reelt sett har nynorsk vanskelegare vilkår enn bokmål. Regjeringa legg difor særleg vekt på å sikra ei god utvikling for nynorsk målbruk.

Det vil bli vurdert å gjera ei meir omfattande kartlegging av korleis det står til med bruk av nynorsk i kommunesektoren.

Kunnskapsministeren og kommunal- og regionalministeren ynskjer å sikra grunnskuleelevar lærebøker på nynorsk i samsvar med det tidspunktet dei er tinga til. I brev av 4. februar 2008 vart difor KS invitert til eit samarbeid om dette.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, er klår over at det norske språket er under konstant press. Skriftkulturen er bærebjelken i norsk samfunns- og kulturliv. Fleirtalet vil peika på det verdifulle mangfaldet som ligg i å ha to norske skriftkulturar. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskelegare vilkår. Det er derfor særleg viktig å sikra nynorsken gode høve til vidare utvikling.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, meiner at vedtak om administrasjonsmål må etterlevast i praksis i kommunane og fylkeskommunane. Med bakgrunn i dette må reglane for språkleg jamstelling fylgjast opp i skulane og i offentleg administrasjon. Dette fleirtalet viser til dei pålegg offentleg sektor har i samband med å sikre at folk får svar på eiga målform, og dei mål som er sette for kor stor del av informasjon frå statlege instansar som skal vera på kvar målform. Det er viktig å fylgje opp at desse vert nådde.

For å betra grunnlaget for dette meiner dette fleirtalet at opplæringa av nynorsk og bokmål i skulen må jamstellast. Dette fleirtalet er klår over at skal dette kunna skje, må parallellutgåver av lærebøker føreliggja til same tid og same pris. Dette har ikkje fungert godt nok dei seinare åra.

I tillegg meiner fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, at obligatorisk undervisning i sidemål må oppretthaldast for å gi elevane godt grunnlag for seinare bruk av nynorsk.

Dette fleirtalet viser til at undersøkingar syner at ikkje alle saksbehandlarar på kommuneplan meistrar bruken av nynorsk, heller ikkje i nynorskkommunar. Dette fleirtalet meiner derfor at det må leggjast til rette for særskilde opplæringstiltak der det er nødvendig. Dette bør også vurderast for tilsette i Kommunal- og regionaldepartementet, som har den direkte kontakten med nynorskkommunane.

Dette fleirtalet støttar arbeidet med ei meir omfattande kartlegging av korleis det står til med bruken av nynorsk i kommunesektoren.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet er einige i at nynorsk og bokmål må jamstellast i norsk skule. Desse medlemene meiner at ei slik jamstelling inneber at elevane får fridom til å velje bort undervisning i sidemål, og at alle elevar skal ha krav på undervisningsmateriell og opplæring på sitt hovudmål. Desse medlemene meinar at undervisninga i norsk, uavhengig av om elevane har nynorsk eller bokmål som hovudmålform, vil bli styrkja av å gjere undervisning i sidemål valfri. I dag opplever mange elevar undervisninga i sidemål som unyttig, og grunngjevinga for å fjerne obligatorisk undervisning og eksamen i sidemål er at ein meiner at dei to skriftspråka er så like at ein ikkje treng ein skriftleg eksamen for å forstå kvarandre.

Desse medlemene tek avstand frå fleirtalet i komiteen sitt syn om at sidemålsopplæringa, og då spesielt på nynorsk, bør styrkjast. Desse medlemene meiner at ved å gjere undervisning og eksamen i sidemål valfrie kan ein oppmuntre studentane som ynskjer seg ei karriere i til dømes kommune- eller statsadministrasjonen, til å velje nynorsk som valfag fordi dei veit dei er nøydde til å kunne nynorsk for å gjere karriere. Dei som då vel nynorsk frivillig vil kunne ha eit konkurransefortrinn når dei skal søkje jobb, og dette vil styrkje nynorskfaget heller enn å svekke det. Valfri eksamen og undervisning i sidemål vil føre til at fleire ser nytten av nynorsk og ikkje opplever sidemål som eit unyttig fag. Desse medlemene vil vise til at i ein sentralt gjeven eksamen frå Utdanningsdirektoratet i matematikk i år vart det funne 20 nynorskfeil, noko som kan tyde på at opplæringa i nynorsk, med tvungen undervisning i sidemål, ikkje har vore vellukka.

Det er allereie ein del grupper som i dag har fritak frå vurdering i sidemålet. Dette gjeld mellom anna elevar med opplæring i samisk, elevar med opplæring i finsk som framandspråk, elevar med teiknspråk som fyrstespråk og elevar med anna morsmål enn norsk. Dette syner at det er erkjent at sidemål ikkje er eit naudsynt fag for å klare seg i det norske samfunnet. Slike fritak er til dømes ikkje gjeldande for undervisning i andre obligatoriske fag som matematikk, naturfag eller engelsk.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Høgre viser til at språkprofessor Finn Erik Vinje gjev full støtte til eit slikt syn, og seier mellom anna til NRK at han meiner den skriftlege undervisninga i sidemål er overmogen for utskifting:

"Den har snart eksistert i 100 år og har utspilt sin rolle. Det ligger noe nesten naturstridig i at man skal uttrykke sine tanker, stemninger og meninger på to variantar av norsk skriftspråk, som i tillegg er til forveksling like."

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, meiner at dette syner at det ikkje finst store faglege argument til å oppretthalde obligatorisk undervisning i sidemål, men at ein tvert om kan ha mykje å hente på å gjere det valfritt, slik at dei som verkeleg ynskjer å lære sidemål, får gjere det på ein skikkeleg måte. Desse medlemene viser til Dokument nr. 8:29 (2007–2008) om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie.

Medlemene i komiteen frå Høgre viser til merknadene og standpunkta sine i høve til den skriftlege eksamen i sidemål i Innst. S. nr. 119 (2007–2008).