Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Generelt om kontrollverksemda

Utvalet orienterte i meldinga i fjor om undersøkingar som var gjorde av om det var mogleg at PST og E-tenesta hadde kjennskap til eventuell bruk av norske flyplassar til ulovlege fangetransportar utførte av amerikanske styresmakter (ein praksis som er blitt kjend under nemninga "extraordinary rendition"). Bakgrunnen for undersøkingane var at amerikanske styresmakter i 2006 stadfesta ein slik praksis, og det var spekulasjonar i media om at også norske flyplassar var nytta til slike transportar. Undersøkingane utvalet gjorde, gav ikkje haldepunkt for å tru at tenestene kunne vere involverte i eller ha kjennskap til ei slik verksemd. Men det stod som uklart kva informasjon norske luftfartsstyresmakter får når utanlandske fly bruker norske flyplassar.

Etter dei opplysningane utvalet har fått i Luftfartstilsynet og Avinor, er den informasjonen norske luftfartsstyresmakter får når utanlandske fly bruker norsk luftrom og norske flyplassar, svært avgrensa. Informasjon som blir gitt i slike samanhengar, er knytt til flytryggleik og innkrevjing av avgifter, og omfattar bl.a. kva registreringsnummer flyet har. Men luftfartsstyresmaktene får f.eks. ikkje passasjerlister eller informasjon om kva type flyging det dreier seg om eller liknande. Dei undersøkingane utvalet gjennomførte, har ikkje gitt grunn til å tru at norske luftfartsstyresmakter får kunnskap som gjer dei i stand til å identifisera flygingar av denne karakteren.

Dei siste åra har det skjedd ei utvikling også her i landet der det har vakse fram private tryggingsselskap som tilbyr fleire tenester innanfor trygging og etterretning, f.eks. avlytting, spaning, gisselforhandling og livvakttenester. Internasjonalt har konkurranseutsetjing av offentlege tenester også nådd somme oppgåver innanfor politiet, og etter kvart også det militære ansvarsområdet. I Noreg ser det ut til at utviklingstrekka er dei same.

Både politiet og Forsvaret, ved FSA, er merksame på utviklinga, og har det siste året undersøkt utviklinga innanfor ansvarsområda sine og utarbeidd analysar og rapportar om problemstillingar knytt til verksemda i den private tryggingsbransjen og grenseområda mellom denne bransjen og dei organiserte tenestene.

Også for kontrollen med EOS-tenestene kan denne utviklinga reise problemstillingar ved at utvalet skal kontrollere "etterretnings-, overvåknings- og sikkerhetstjeneste som utføres av den offentlige forvaltning eller under styring av eller på oppdrag fra denne". Utvalet har henta inn og gått gjennom dei nemnde rapportane som er utarbeidde, og vil følgje utviklinga nøye framover.

Utvalet har i tidlegare meldingar gjort greie for auken i det internasjonale samarbeidet mellom tryggings- og etterretningstenester i arbeidet mot internasjonal terrorisme.

Denne utviklinga utgjer ei stor utfordring for kontrollutvala i dei fleste land. Det internasjonale etterretningssamarbeidet reknast av tenestene som særs sensitivt, og kontrollorgana må respektere at informasjon frå utanlandske tenester normalt vert halden utanfor innsyn. Trass i slike avgrensingar er det mykje kontrollutvala i dei ulike landa kan lære av kvarandre. Som i alle tilfelle av internasjonalt samarbeid gir det mest utbytte å samarbeide med kontrollutval frå land med noko likearta ordningar, som f.eks. Canada, Nederland, Belgia, Sverige og Storbritannia.

Også organisasjonen Geneva Centre for the Democratic Control of Armed Forces (DCAF) er ein god samarbeidspartnar.

Utvalet vil i 2008 halde fram samarbeidet med DCAF, og planlegg ein internasjonal konferanse i Oslo hausten 2008. Også det prosjektbaserte arbeidet som er nemnt over, skal utviklast ved å utveksle erfaringar med utvala i andre land.

Det ligg i saksnaturen at arbeidet i EOS-utvalet ikkje er særleg tilgjengeleg for allmenta, delvis fordi det er teieplikt for store delar av arbeidet. Det er likevel mange sider ved verksemda som kan diskuterast i det offentlege rommet, og som blir diskuterte i internasjonale fora. Utvalet vil her nemne balansen mellom tryggingspolitiske avvegingar og den rettstryggleiken individet skal ha i eit demokrati. I det internasjonale samarbeidet er det av stor verdi at årsmeldingane til utvalet ligg føre på engelsk, og utvalet vil frå i år omsetje årsmeldinga. Eit siktemål er òg at meldingane kan bli publisert på nettsidene for utvalet i ei noko meir tilgjengeleg form enn til no. Utvalet vurderer også å følgje eksempelet frå Sverige og omsetje orienteringa om utvalet og eventuelt regelverket til aktuelle minoritetsspråk.

I fjorårets årsmelding ble det orientert om undersøkelser om eventuelle ulovlige fangetransporter på norsk jord. Undersøkelsene utvalget gjorde, ga ikke holdepunkter for at tjenestene skulle være involvert eller ha kunnskap om slik virksomhet. Komiteen er tilfreds med at de ytterligere undersøkelsene som er foretatt i 2007 med hensyn til norske luftfartsmyndigheter, styrker denne konklusjonen.

Komiteen registrerer at det de siste årene er blitt etablert en rekke private sikkerhetsselskaper som tilbyr tjenester innenfor sikkerhet og etterretning, spaning osv. Internasjonalt har utviklingen nådd enda lenger, slik at disse tilbudene også omfatter polititjenester og deler av det militære ansvarsområdet. Komiteen ser alvorlig på denne utviklingen og ber Regjeringen vurdere eventuelle tiltak for å sikre kontroll med virksomhetene. Komiteen forutsetter at utvalget følger situasjonen nøye.

Komiteen viser for øvrig til redegjørelsen for EOS-utvalgets internasjonale samarbeid og for utvalgets arbeid med å informere allmennheten om sider ved tjenestenes virksomhet, og tar denne til orientering.