2. Politiets tryggingstjeneste (PST)
- 2.1 Samandrag
- Inspeksjonar, generelt om kontrollen med tenesta
- Kontrollen med arkiv og register
- Oppheving av innsynslova og makuleringsstoppen for PST
- Interne retningslinjer for å behandle opplysningar i PST
- Korleis tenesta praktiserer kravet om individuell vurdering før registrering
- Kontrollen av emnearkiv og personsaksarkiv
- Lokale arbeidsregister
- Registreringsomgrepet og slettingsomgrepet i arbeidsregisteret i PST
- Utlevering av personopplysningar til utanlandske samarbeidande tenester
- Bruk av skjulte tvangsmiddel i PST
- Samarbeidsoperasjon mellom PST og E-tenesta
- Samarbeidet mellom PST og tollstyresmaktene
- Prosedyrane ved oppføring på og sletting frå terrorlista i FN
- 2.2 Merknader frå komiteen
Utvalet har i 2007 gjennomført seks inspeksjonar i Den sentrale eininga (DSE). Det er vidare gjennomført inspeksjon av PST-einingane i Agder, Vest-Oppland, Aust-Finnmark og Gudbrandsdal.
Utvalet har i 2007 fått 18 klager frå enkeltpersonar retta mot PST, mot 14 i 2006. Alle saker er undersøkte sentralt i DSE, og i lokale ledd der utvalet har funne grunn til det. Ei klagesak retta mot PST som utvalet avslutta i 2007, blei også undersøkt i det ordinære politiet på bakgrunn av merknader frå klagaren. Det er ikkje funne grunnlag for kritikk i nokon av sakene.
Utvalet har i tilknyting til ei konkret klagesak, teke opp med PST og seinare Justisdepartementet korleis ein skal forstå og praktisere reglane i offentleglova og tryggingslova om mest mogleg offentleg innsyn, og om korleis ein skal behandle krav om avgradering. Utvalet vil arbeide vidare med desse spørsmåla i 2008.
Utvalet orienterte i meldinga for 2005 om at det ville leggje større vekt på å få kunnskap om samarbeidsrelasjonane mellom EOS-tenestene og andre offentlege organ på grunn av den verdien kunnskap om slike samarbeidsforhold og grenseflater kan ha for kontrollen med tenestene. Det kan også liggje føre kontrollansvar direkte overfor organ som samarbeider og utvekslar informasjon med tenestene.
Som eit ledd i dette arbeidet møtte utvalet i 2007 Utlendingsdirektoratet (UDI). I møtet med direktoratet fekk utvalet ei nærare orientering om verksemda generelt og om samarbeidet med PST. Leiinga i direktoratet og leiinga i PST møtest regelmessig for å drøfte problemstillingar som samarbeidet reiser. Direktoratet opplyste at dei arbeider med å formalisere samarbeidet i større grad, bl.a. gjennom skrivne retningslinjer for informasjonsutveksling og kontakt.
UDI understreka at dei vurderer ei sak etter vilkåra i utlendingslova, sjølv om PST skulle ha komme med opplysningar i saka. Vurderinga eller tilrådinga frå PST kan likevel få noko å seie innanfor den skjønnsmarginen direktoratet har etter lova. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har også høve til å bruke instruksjonsmyndet sitt etter utlendingslova § 38 dersom departementet meiner at gradert informasjon frå PST i ei sak tilseier eit bestemt utfall eller ein bestemt handlingsmåte.
Utvalet vil undersøkje informasjonsutvekslinga mellom PST og UDI nærare.
Kontrollen med arkiv og register utgjer ein sentral del av inspeksjonsverksemda som utvalet driv i PST. Utvalet har særleg som oppgåve å sjå til at PST ikkje urettmessig behandlar opplysningar om enkeltpersonar, og å sikre at opplysningane som ikkje lenger er nødvendige og relevante, blir sletta.
Utvalet har også i 2007 gjennomført regelmessige stikkprøvekontrollar blant arbeidsregistreringar som er førte vidare etter femårsevalueringa. Utvalet kontrollerer at fristen for å revurdere registreringane blir halden, korleis PST praktiserer skjønnsunntaksføresegna, og at grunngivinga for å føre registreringane vidare går fram av arbeidsregisteret. Konsekvensen av vidareføring er at registreringa blir ståande i ytterlegare fem år.
For arbeidsregistreringane er dei viktigaste kontrollpunkta om det er gjort ei konkret og individuell vurdering, både av kvaliteten på dei opplysningane som ligg føre, og av kor fagleg relevante dei er. Utvalet ser på om grunngivinga som blir oppgitt, og dei faktiske opplysningane som ligg til grunn for registreringa, fyller krava i PST-instruksen til at registreringane skal vere knytte til formålet, at dei skal vere nødvendige, og at dei skal ha ein god kvalitet. Som det går fram nedanfor, har utvalet gjennom retningslinjene for å behandle opplysningar i PST fått meir konkrete krav til korleis ein skal behandle opplysningar, og som arkiva og registra i PST skal målast opp mot.
Utvalet har i 2007 teke opp fleire enkeltregistreringar med tenesta. Det er stilt spørsmål både om grunnlaget for registreringane og grunnlaget for å føre dei vidare etter fem år. Tenesta har i somme tilfelle revurdert og sletta registreringa, i andre tilfelle er registreringsgrunnlaget blitt betre klarlagt som følgje av undersøkingane, slik at utvalet ikkje har hatt merknader.
Innsynsutvalet blei oppnemnt ved kgl. res. 22. desember 1999 for å behandle søknader om innsyn og erstatning etter midlertidig lov om begrenset innsyn i overvåkingspolitiets arkiver og registre 17. desember 1999 nr. 73 (innsynslova). Enkeltpersonar fekk høve til å fremje søknad om innsyn i opplysningar om seg sjølve frå perioden 8. mai 1945 til 8. mai 1996. Søknadsperioden strekte seg frå 1. januar 2000 til 31. desember 2002.
Innsynsutvalet og klagenemnda for behandling av klager over vedtaka i Innsynsutvalet avslutta i 2007 arbeidet sitt og gav 15. januar 2008 frå seg sluttrapportar til Justisdepartementet. Innsynslova blei oppheva med verknad frå 31. desember 2007. Arkivet til Innsynsutvalet er overført til Riksarkivet.
Justisdepartementet oppheva 26. juni 2007 makuleringsstoppen for PST, som har omfatta dokument registrerte i tenesta i perioden frå 8. mai 1945 til 8. mai 1996, og som har vore grunngitt i omsynet til arbeidet i Innsynsutvalet. Departementet legg til grunn at tenesta har gått gjennom arkivmaterialet i PST frå denne perioden, slik at materialet no skal overførast til Riksarkivet med mindre tenestegrunnar tilseier at dei skal lagrast i PST. Tenesta har opplyst at det blir arbeidd med å avlevere dokument frå PST til Riksarkivet. Departementet føreset at det blir etablert rutinar som sikrar at PST, Justisdepartementet eller EOS-utvalet får tilgang til materialet dersom dei treng det.
I Instruks for Politiets sikkerhetstjeneste, fastsett ved kgl. res. 19. august 2005 (PST-instruksen), er det i kapittel IV gitt overordna reglar om og krav til korleis tenesta skal behandle opplysningar. Instruksen § 16 andre ledd pålegg tenesta å utarbeide nærare retningsliner for korleis opplysningar skal behandlast. Justisdepartementet skal godkjenne retningslinjene.
I samsvar med PST-instruksen § 16 første ledd skal retningslinjene supplerast av eit internkontrollsystem i PST. PST har opplyst til utvalet at tenesta arbeider med internkontrollsystemet.
Retningslinjene gjeld ifølgje § 1-1 for korleis PST skal behandle opplysningar når tenesta utøver dei førebyggjande oppgåvene sine som er heimla i politilova, og for korleis tenesta behandlar opplysningar i samband med utlendings- og personkontroll.
Både PST-instruksen og retningslinjene bruker same terminologi som personopplysningslova. Såleis blir krava i retningslinjene knytte til uttrykket "behandling av opplysninger", eit uttrykk som er definert svært vidt og omfattar all elektronisk eller manuell handtering av opplysningar. Ei "arbeidsregistrering" er i § 1-2 nr. 7 definert som "behandling av opplysninger som anses nødvendige for PSTs oppgaveløsning, og som ikke kvalifiserer til opprettelse av eller innleggelse i forebyggende sak".
Retningslinjene for å behandle opplysningar i PST inneber at regelgrunnlaget for denne heilt sentrale funksjonen i verksemda til PST blir styrkt. Arbeidsregisteret i tenesta er omfattande og inneheld store mengder sensitive personopplysningar. Eit samordna regelverk om korleis registeret skal brukast, er derfor svært viktig.
Utvalet har i 2007 stilt spørsmål om fleire enkeltregistreringar på grunnlag av funn i stikkprøvekontrollar. Utvalet har peikt på at opplysningane i nokre registreringar ikkje har vore tilstrekkelege til å vurdere kor relevante registreringane er for oppgåvene PST har, og i andre at tenesta burde ha følgt ei registrering tettare opp for å få avklart f.eks. tilknytinga til eit miljø eller ein organisasjon. Når det gjeld evalueringa av registreringar som har lege i fem år utan at det er tilført ny informasjon, har utvalet i eit større tal tilfelle hatt kritiske merknader til grunngivinga for å føre registreringa vidare. Ei problemstilling som ofte går att, gjeld krava til vurdering der ein person er registrert berre på grunn av tilknyting til ein annan, og der spørsmålet gjerne er om ein må sjå på tilknytinga i seg sjølv som tilstrekkeleg. I 2007 har tenesta sletta eller endra opplysningar om nærare 20 personar frå registeret sitt på grunnlag av spørsmål frå utvalet etter stikkprøvekontrollar.
Som utvalet har gjort greie for i tidlegare årsmeldingar, er kravet til individuell vurdering før tenesta behandlar opplysningar om enkeltpersonar, eit prioritert kontrollområde. I samband med behandlinga av årsmeldinga til utvalet har komiteen understreka at dette er eit viktig felt. Ei individuell vurdering er påkravd frå tenesta for å oppfylle krava til formål, nødvendige føresetnader og relevans, som følgjer av PST-instruksen og dei nye retningslinjene. Det kan sjå ut til at dei nye retningslinjene kjem til å skjerpe krava her ytterlegare gjennom dei krava som blir stilte om at formålet med behandlinga skal vere konkret oppgitt, og kravet om at PST skal formulere ein konkret arbeidshypotese første gongen tenesta behandlar ei arbeidsregistrering, jf. retningslinjene §§ 2-1 og 3-4.
Det generelle inntrykket utvalet har av korleis PST behandlar opplysningar i arbeidsregisteret, er at tenesta arbeider for ei felles forståing av regelverket, og at dei "tersklane" som bør gjelde for å behandle opplysningar om enkeltpersonar i arbeidsregisteret, er etter måten lik i heile tenesta. Det er grunn til å tru at dei nye retningslinjene for korleis tenesta skal behandle opplysningar, kjem til å bidra ytterlegare til dette.
Kontroll med emnearkiv og personsaksarkiv i PST i 2007 har særleg vore retta mot å sjå etter at tenesta har gått gjennom og sortert ut saker og dokument utan fagleg relevans, og at det materialet som er gjennomgått og førebudd for makulering etter avlevering, er blitt lagra åtskilt frå anna arkivmateriale. Utvalet har ikkje avdekt manglar på dette området i 2007.
Når makuleringsstoppen for PST no er oppheva, skal tenesta både sentralt og i dei enkelte politidistrikta avlevere uaktuelt materiale til Riksarkivet. Utvalet kjem til å halde seg orientert om korleis tenesta arbeider med dette i 2008.
På bakgrunn av at PST i mars 2005 etablerte eit felles arbeidsregister som føresette at tenesta avvikla alle tidlegare manuelle og elektroniske arbeidsregister ved avdelingar og i politidistrikta, har utvalet følgt med på dette, særleg ved inspeksjonar i distrikta. Utvalet har tidlegare rapportert om at det somme stader har teke tid å avvikle lokale register.
Utvalet har også i 2007, da det inspiserte eit lokalt PST-ledd, komme over eit lokalt arbeidsregister. Utvalet tok saka opp med DSE, som i svaret til utvalet opplyste at dei hadde teke opp den konkrete saka med distriktet.
Utvalet har i 2007 skriftleg teke opp med DSE to problemstillingar knytte til behandling av opplysningar i arbeidsregisteret SMART i tenesta. Det eine spørsmålet som blei stilt, var om krava til konkret å vurdere formål, nødvendige føresetnader og relevans o.a. som følgjer av PST-instruksen §§ 13-15, også gjeld for personar som blir omtalte i arbeidsregisteret utan å vere registrerte som objekt.
På bakgrunn av at tenesta tydeleg klargjer at krava til kvalitet og relevans o.a. gjeld alle personopplysningar i registeret, gav ikkje dette spørsmålet grunn til noko meir oppfølging.
Den andre problemstillinga som blei teken opp, gjaldt slettingsomgrepet i SMART. Det sentrale spørsmålet dreidde seg om skiljet i SMART mellom objekt og omtalte, også førte til at personar som var registrerte som objekt, var omfatta av dei gjeldande reglane om evaluering og eventuell sletting etter fem år. Bakgrunnen var at det ved stikkprøvesøk i arbeidsregisteret på sletta objekt, hadde komme fram tilfelle der personen framleis låg i registeret med den same etterretningsinformasjonen. I avsluttande brev til tenesta hadde utvalet følgjande merknader:
"(…)
Slik slettingsrutinene for SMART er lagt opp vil mao opplysninger om en person som er slettet som objekt fortsatt forekomme i alle hendelser der vedkommende er omtalt så lenge det fortsatt er knyttet andre objekter til hendelsen. Opplysningene vil enkelt fortsatt kunne gjenfinnes gjennom søk i hendelser i SMART, og vil kunne forbli lagret i lang tid dersom andre objekter knyttet til samme hendelse fortsetter å være av interesse for tjenesten. Følgelig vil det i mange tilfeller forekomme negative opplysninger om en person i SMART selv etter at tjenesten har kommet til at det ikke lenger er faglig grunnlag for å opprettholde registreringene på vedkommende.
Utvalget vil på denne bakgrunn henstille til tjenesten om å gjennomgå de problemstillingene som er reist, og eventuelt gjøre nødvendige endringer i praksis eller regelverk. Det skal understrekes at utvalget har stor forståelse for de politifaglige argumentene som kan foreligge for å beholde hendelser uendret dersom delvis sletting eller anonymisering går ut over meningsinnholdet. Det er imidlertid av stor betydning for utvalgets kontrollarbeid og rapportering at det er samsvar mellom regelverk og praksis og mellom begrepsbruk og realiteter."
Utvalet har bede tenesta om ei tilbakemelding.
Utvalet har i 2007 ført vidare praksisen med å ta regelmessige stikkprøvekontrollar av utlevering av personopplysningar frå DSE til utanlandske samarbeidande tenester. Den etablerte kontrollrutinen inneber at tenesta til kvar inspeksjon i DSE legg fram ei oversikt over det som er utlevert sia førre inspeksjon. Frå oversikta blir det teke ut stikkprøver der utvalet ber om at DSE legg fram alt tilgjengeleg underlagsmateriale som kan kaste lys over bakgrunnen for utleveringa. I 2007 har utvalet i tillegg teke stikkprøver i form av søk på utleverte opplysningar som er journalførte i det elektroniske journalføringssystemet i tenesta.
Stikkprøvekontrollane i 2007 har ikkje gitt grunnlag for kritikk av tenesta. Utvalet har inntrykk av at omfanget av utleveringar framleis er aukande, særleg ser dette ut til å gjelde den bilaterale informasjonsutvekslinga. Samtidig gir tenesta uttrykk for at ho er merksam på dei negative følgjene det kan få å levere ut opplysningar, f.eks. for familie i heimlandet, og generelt sett er tenesta varsam både med kva opplysningar som blir gitt, og til kven. Som det tidlegare er orientert om, har utvalet avgrensa høve til å prøve grunnlaget for utleveringane fordi informasjonstilfanget i mange tilfelle er sparsamt samtidig som vilkåra for utlevering er skjønnsprega. Utvalet går likevel ut frå at det siste er noko endra med dei nye retningslinjene som blir omtalte nedanfor. Tenesta har hjelpt til med informasjon så langt det lèt seg gjere, i enkeltsaker der utvalet ønskjer å gå i djupna.
Vilkåra for å levere ut opplysningar frå PST til samarbeidande tenester har ikkje vore nedfelte skriftleg tidlegare, men PST har opplyst til utvalet at praksis til no har vore i samsvar med krava som er formulerte i retningslinjene. Også dei nye reglane er prega av skjønn, men det er regelfesta eit krav om at formålet med å levere ut opplysningane skal stå i forhold til konsekvensane av å levere dei ut, og vurderinga skal knytast til fleire opprekna konkrete moment. Ein må rekne med at reglane kjem til å leggje til rette for ein betre ekstern kontroll.
Utvalet orienterte i meldinga for 2006 om kontrollen med korleis PST bruker skjulte tvangsmiddel. PST har tilgang til dei same skjulte tvangsmidla som resten av politiet. Typiske tvangsmiddel er kommunikasjonskontroll, romavlytting, ransaking o.a. Endringar i straffeprosesslova og politilova som tok til å gjelde i 2005, gav PST, og resten av politiet, høve til å nytte tvangsmiddel under etterforsking for å avverje straffbare handlingar – og ikkje som tidlegare berre for å oppklare. I tillegg fekk PST som einaste politimakt høve til å bruke tvangsmiddel utanfor etterforsking for å førebyggje straffbare handlingar.
Også i 2007 har utvalet ført kontroll med bruken av tvangsmiddel i enkeltsaker. Kontrollen gjeld bl.a. undersøking av det samla informasjonsgrunnlaget tenesta har i enkeltsaker, for å sjå om det er samsvar mellom dette og grunngjevinga for kravet som er framsett til retten. Eit anna viktig kontrollpunkt er å sjå etter at PST nyttar tvangsmiddel i tråd med løyvet frå retten – eit typisk døme er at eit tvangsmiddel ikkje blir brukt utover den tida retten har fastsett. Utvalet ser også på at tiltaket blir avvikla dersom føresetnadene fell bort, f.eks. dersom mistanken eller undersøkingsgrunnlaget blir avkrefta. Den samla bruken av tvangsmiddel er også eit kontrollpunkt for utvalet.
Da Stortinget behandla lovforslaget, føresette det at heimelen til å bruke tvangsmiddel førebyggjande skulle vere eit svært avgrensa supplement og ein smal tryggleiksventil for PST som berre skulle brukast til å førebyggje dei alvorlegaste straffbare handlingane, som terrorhandlingar. Det blei føresett at tenesta alltid skal velje etterforskingssporet der det er mogleg. Stortinget føresette også ved lovbehandlinga at EOS-utvalet særleg hadde merksemda retta mot korleis tenesta brukte dei nye tvangsmidla.
Kontrollen av korleis tenesta brukte tvangsmiddel i enkeltsaker i 2007, har ikkje gitt grunnlag for å rette kritikk mot PST. Utvalet har likevel sett ein auke i bruken av dei nye heimlane i PST, sjølv om bruken framleis er varsam. Denne auken gjeld særleg bruk av førebyggjande tvangsmiddel. Det er særleg bruk av metodar som kommunikasjonsavlytting og romavlytting som har hatt ein klar auke i førebyggjande saker.
Utvalet går ut frå at denne utviklinga kan henge saman med at tenesta i større grad er bevisst på å opprette ei førebyggjande sak og ikkje ei etterforskingssak når tenesta i praksis driv med førebygging. Grensedraginga mellom avverjande etterforsking og førebygging kan vere vanskeleg både juridisk og faktisk. For utvalet er det viktig å føre kontroll med at tenesta ikkje set i verk etterforsking med avverjande tvangsmiddelbruk i saker som i realiteten er førebyggjande. På bakgrunn av føresetnaden om at ein skal vere varsam med å bruke førebyggjande tvangsmiddel, vil utvalet framleis følgje med på kva løysingar tenesta vel. Sia tvangsmiddelbruk i førebyggjande saker krev svakare undersøkingsgrunnlag, vil utvalet også følgje med på at tenesta berre bruker inngripande tvangsmiddel ved å førebyggje dei alvorlegaste straffbare handlingane, i samsvar med føresetnaden frå Stortinget. Eit viktig kontrollpunkt i denne samanhengen er om informasjonen som blir gitt til retten, gir eit korrekt bilete av saka.
Ein kontroll av korleis PST bruker skjulte tvangsmiddel, er utfordrande og krev i stor grad at utvalet går inn i enkeltsaker. Vidare er særleg den etterfølgjande kontrollen utvalet gjer av om det er samsvar mellom det samla informasjonsgrunnlaget hos tenesta og kravet som er framsett til retten, svært ressurskrevjande, slik at det berre kan gjerast i avgrensa omfang i den pågåande inspeksjonsverksemda. Utvalet vil vurdere om det er ei meir høveleg kontrollform å undersøkje eit utval av avslutta enkeltsaker i eit prosjekt. Utvalet viser til omtalen av ein slik arbeidsmetode i avsnitt 3 i kapittel VI.
Utvalet har i 2007 undersøkt ein samarbeidsoperasjon mellom PST og E-tenesta. Som ledd i undersøkinga er det reist spørsmål om korleis straffeprosessuelle tvangsmiddel blir nytta i ein slik samanheng, og meir generelt om kva reglar som skal nyttast, og kva synsvinkel ein skal leggje til grunn når ein skal overføre ansvar og dele informasjon i fellesoperasjonar som omfattar metodebruk.
Undersøkinga av den konkrete operasjonen er framleis i gang og blir ikkje omtalt nærare her. Men dei undersøkingane som allereie er gjorde, har vist at det er behov for å sjå nærare på regelverkssituasjonen for samarbeidsoperasjonar, særleg knytt til metodebruk. Utvalet har i møte med PST gitt uttrykk for dette og at situasjonen ikkje er tilfredsstillande.
Utvalet meiner at ein bør ta initiativ til ein gjennomgang og ei evaluering av dei regelsetta som er relevante, og som vil kunne komme i bruk ved denne typen samarbeid.
Situasjonen vil ofte vere at openberre effektivitetsomsyn knytte til å ta vare på nasjonale tryggingsinteresser står mot omsynet til individuell rettstryggleik. Avveginga mellom slike omsyn bør vere avklarte i lov eller anna regelverk så langt det lèt seg gjere, og ikkje vere overlatne til fortolkingar. Utvalet skal etter kontrollova særleg ha rettstryggleiken for kvar enkelt for auget. I ein uklar regelsituasjon er det ei oppgåve for utvalet å stille spørsmål ved bruk av metodar som grip inn i privatlivet til den enkelte, og det er ei oppgåve utvalet må ta alvorleg, sjølv om det skulle føre til usemje med tenestene. Utvalet har ønskt å presisere at dette er kontrollansvaret, men ønskjer å understreke at forholdet til og kommunikasjonen med tenestene ikkje er problematisk på nokon måte i dag.
Samarbeidsinstruksen for E-tenesta og PST (fastsett ved kgl. res. 13. oktober 2006) har lagt til rette for auka samarbeid og informasjonsutveksling mellom tenestene. Det er også i samsvar med § 1 eit uttrykkeleg formål med instruksen. Instruksen presiserer at kvar av tenestene må operere innafor ramma av sitt eige rettsgrunnlag. Slik rettsgrunnlaga er utforma i dag, er det i praksis ikkje alltid enkelt å trekkje ei klar grense i ein samarbeidsoperasjon.
I 2007 har utvalet følgt opp saka ved å gå etter grunnlaget for dei to førespurnadene frå PST om tollkontroll. I den eine saka kom det fram at PST ikkje har gitt nærare informasjon til tollstyresmaktene om kva saka gjaldt, men at førespurnaden hadde form av eit "tips" til tollvesenet. Da utvalet gjekk gjennom saksdokumenta i PST, kom det ikkje fram noko som gav indikasjonar om at grunnlaget for mistanken som PST hadde, knytte seg til lovgivinga. Derfor bad utvalet om at PST konkretiserte nærare grunnlaget for tipset. PST svarte at personen det blei tipsa om, var i familie med hovudpersonen i ei sak PST hadde som gjaldt mistanke om førebuing av ei terrorhandling i utlandet, og reisa var til det landet der den moglege terrorhandlinga ifølgje etterretningsinformasjonen skulle utførast. PST meinte at vedkommande kunne ha ting i bagasjen som kunne vere eigna til å gjennomføre handlinga.
Da utvalet avslutta saka, peikte det på at det først var i ettertid at tenesta hadde konkretisert eit mistankegrunnlag knytt til tollovgivinga. Utvalet merkte seg at heller ikkje dei opplysningane som til slutt blei gitt, var veldig konkrete – relatert til lovgivinga.
Når det gjaldt den andre tollkontrollen som blei undersøkt, viste det seg at PST hadde henta inn rettsavgjerd for hemmeleg ransaking av bagasjen til den mistenkte. Det kom likevel fram av eit tollnotat, som låg føre i PST, at tollkontrollen var meir omfattande enn det som var heimla i rettsavgjerda. Toll- og avgiftsdirektoratet opplyste på spørsmål frå utvalet at årsaka til tollkontrollen berre var førespurnaden frå PST, og at det ikkje låg føre andre tollfaglege indikasjonar som grunnlag for å gjennomføre tollkontrollen. Direktoratet vedgjekk som følgje av dette at kontrollen ikkje skulle ha gått utanfor rammene i rettsavgjerda, og sa seg lei for at dei aktuelle personane var utsette for utvida tollkontroll. Vidare skreiv direktoratet at ein det siste året hadde fokusert spesielt på dei problemstillingane utvalet hadde reist, og at det var understreka overfor tollregionane at "man ikke skal gå utenfor de hjemler for kontrolltiltak som anmodende myndigheter må forholde seg til".
På bakgrunn av utgreiinga frå direktoratet fann ikkje utvalet grunn til å gjere noko meir når det gjaldt den konkrete kontrollen.
Da årsmeldinga for 2006 blei behandla, bad kontroll- og konstitusjonskomiteen utvalet om å følgje opp arbeidet med å lage retningslinjer og komme tilbake til saka med ei orientering. Utvalet har i inspeksjonar i DSE i 2007 blitt orientert om arbeidet, og har også teke det opp med Toll- og avgiftsdirektoratet. Direktoratet har opplyst at det 24. januar 2008 blei underteikna ein samarbeidsavtale mellom PST og direktoratet som bl.a. slår fast at informasjonsutveksling og samarbeid skal skje innanfor heimelsgrunnlaget til partane, og at det skal vere notoritet på informasjonsutvekslinga. Det er likevel ikkje utarbeidd nye retningslinjer enno. I samband med at sakene som det er gjort greie for her, blei avslutta, understreka utvalet både overfor direktoratet og PST kor viktig det er at det blir utarbeidd nærare retningslinjer for det operative samarbeidet.
FN har sia 2001 gjennom eit eige regime administrert av FNs sanksjonskomité ført ei liste over personar og organisasjonar som høyrer til eller er knytte til Taliban eller Al-Qaida. Listeføring i FNs sanksjonskomité kan gripe sterkt inn overfor kvar enkelt ved at ei listeføring fører til bindande plikt for alle medlemslanda i FN til å fryse finansielle midlar som høyrer til vedkommande. I tillegg kan vedkommande få avgrensa høve til å reise. Det har vore reist kritikk mot prosedyrane både for å føre opp på og slette frå lista, særleg på grunn av manglande høve til å prøve avgjerder om listeføring for domstolane. Utanriksdepartementet har det nasjonale ansvaret for å gjennomføre dei pliktene som listeføringa inneber. Da utvalet inspiserte KRU i 2007, blei det orientert om eit utgreiingsarbeid som er i gang for kva prosedyrar som skal gjelde for å føre opp personar på terrorlista i FN. Utvalet bad i inspeksjonen om å bli halde orientert om arbeidet. På bakgrunn av dette har utvalet sett seg inn i reglane for listeføring på FN-lista.
Sanksjonskomiteen er sett saman av representantar frå alle dei 15 medlemslanda i Tryggingsrådet som har ansvar for å føre tilsyn med gjennomføringa av sanksjonar mot Taliban-regimet i Afghanistan på bakgrunn av støtta frå regimet til Al-Qaida og Osama bin Laden. Oppføring på sanksjonslista krev konsensus frå medlemsstatane om at personen eller føretaket det gjeld, går inn i den personkrinsen sanksjonsregimet omfattar. Alle statar som er medlemmer i FN, kan gjere framlegg om individ, grupper eller føretak som skal førast opp på lista, og det blir i samband med dette ikkje kravd at dei som blir førte opp på lista, er sikta eller dømde.
I desember 2006 blei Najmuddin Faraj Ahmad (mullah Krekar) oppført på FN-lista. Han er etter det utvalet kjenner til, det einaste individet som oppheld seg i Noreg, og som ved namn er listeført av FNs sanksjonskomité. Utvalet vil i 2008 halde seg orientert om korleis norske styresmakter gjennomfører listeføringar, og kva eventuell plikt styresmaktene har til å gi supplerande opplysningar til FNs sanksjonskomité.
Komiteen konstaterer at hovedtyngden av klagene – i alt 18 – fra enkeltpersoner har vært rettet mot PST, og vil uttrykke tilfredshet med at gjennomgangen av disse sakene ikke i noe tilfelle ga grunnlag for kritikk.
På bakgrunn av avslag på krav om innsyn fra enkeltpersoner, har utvalget funnet grunn til å se nærmere på PSTs praktisering av sikkerhetsloven og offentlighetsloven og hvorledes reglene er utformet. Komiteen har merket seg at spørsmålet er tatt opp både med PST og Justisdepartementet, og ber om å bli orientert om resultatet av gjennomgangen i årsmeldingen for 2008.
Komiteen har videre notert at utvalget vil se nærmere på rutinene for informasjonsutveksling mellom PST og Utlendingsdirektoratet, og vil understreke betydningen av et nært og ryddig samarbeid mellom de to organene.
Kontroll med tjenestens arkiv og register er en viktig del av utvalgets virksomhet. Komiteen har merket seg at utvalget i 2007 har stilt spørsmål ved grunnlaget for flere enkeltregistreringer og ved begrunnelsen for å opprettholde dem etter fem år. Komiteen konstaterer at man i samtlige saker er kommet fram til en tilfredsstillende løsning.
Komiteen viser til at innsynsloven som ga enkeltpersoner rett til innsyn i opplysninger om dem selv i overvåkningspolitiets arkiv, nå er opphevet og forutsetter at aktuelle dokumenter sikres for etterslekten ved overføring til Riksarkivet.
Komiteen har merket seg at utvalget har gått tungt inn i spørsmål rundt interne retningslinjer for behandling av opplysninger i PST og hvorledes tjenesten praktiserer kravet om individuell vurdering før registrering. Det er viktig at det sikres en felles forståelse og praktisering av regelverket. Komiteen forutsetter at utvalget følger utviklingen.
Spørsmålet om hvorvidt en person som er slettet eller ikke registrert som eget objekt, skal kunne figurere i PSTs register i tilknytning til et annet objekt, er av prinsipiell betydning. Komiteen vil understreke viktigheten av klare retningslinjer og har merket seg at utvalget har bedt om en tilbakemelding fra PST. Komiteen ber om å bli holdt orientert om saken.
I vår globaliserte verden oppstår det stadig oftere behov for utlevering og utveksling av personopplysninger mellom samarbeidende tjenester over landegrensene. Komiteen vil understreke kravet om at formålet med å utlevere slike opplysninger må stå i forhold til konsekvensen for den personen det gjelder. Komiteen har merket seg at foretatte stikkprøvekontroller i 2007 ikke har gitt grunnlag for kritikk. Komiteen ser det som et fremskritt at vilkårene for utlevering av slike opplysninger nå er slått fast i retningslinjer, og forutsetter at EOS-utvalget fører kontroll med at regelverket følges.
Spørsmålet om bruk av skjulte tvangsmidler var et tema under behandlingen av utvalgets årsmelding for 2006. Bruk av kommunikasjonskontroll, romavlytting, ransaking mv. for å oppklare forhold, men også for å avverge straffbare forhold, stiller strenge krav til utøverne av myndigheten. Komiteen vil understreke at utvalgets kontroll av denne virksomheten er av særlig betydning, og at det er viktig at man finner fram til relevante kontrollformer. Komiteen noterer at gjennomført kontroll i 2007 ikke har gitt grunnlag for kritikk.
Komiteen viser til utvalgets påpeking av behovet for å se nærmere på regelverkssituasjonen for operasjoner som skjer i samarbeid mellom PST og E-tjenesten, og ber Regjeringen foreta en gjennomgang og evaluering av relevante regleverk.
Komiteen viser til sine merknader til EOS-utvalgets årsmelding for 2006, hvor man forutsatte at det ble utarbeidet retningslinjer for samarbeidet mellom PST og tollmyndighetene. Ifølge Toll- og avgiftsdirektoratet er det undertegnet en samarbeidsavtale mellom direktoratet og PST, men det foreligger fortsatt ikke retningslinjer på området.
Komiteen forutsetter at arbeidet med å utarbeide retningslinjer gis høy prioritet, og ber om tilbakemelding i tilknytning til EOS-utvalgets årsmelding for 2008.
Komiteen har merket seg at utvalget har engasjert seg i Norges forhold til prosedyrene ved oppføring på og sletting fra FNs terrorliste, og er tilfreds med at utvalget vil følge med i hvorledes norske styresmakter håndterer slike problemstillinger.