Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår til at Stortinget gjer slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Haugesundsområdet (Haugalandspakka) med prosjekt og tiltak i Karmøy kommune. Vilkåra går fram av St.prp. nr. 45 (2007–2008) og Innst. S. nr. 242 (2007–2008). Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå ein tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  • 2. bompengeselskapet får høve til å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand for å finansiere mindre målretta investeringstiltak for å styrkje trafikktryggleiken og betre tilhøva for kollektivtrafikken og gåande og syklande i Kristiansandsregionen. Vilkåra går fram av St.prp. nr. 45 (2007–2008) og Innst. S. nr. 242 (2007–2008).