Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Truls Wickholm, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud, leiaren Per Sandberg og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker og Beate Heieren Hundhammer, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Kristeleg Folkeparti, Jan Sahl, frå Senterpartiet, Jenny Klinge, og frå Venstre, Borghild Tenden, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram ein del saker under programkategori 21.30 Vegformål og 21.50 Jernbaneformål.

Komiteen viser til at det er avgitt ei eiga innstilling i sak 2.2, rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad kommune i Østfold, jf. Innst. S. nr. 211 (2007–2008). Vidare vert det lagt opp til å avgi ei eiga innstilling i sak 2.1 System for styring og rapportering i Statens vegvesen.