Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Sammendrag

13. juni 1995 fatta Stortinget følgjande vedtak i plenum:

Alle nærradioar med konsesjon skal ha høve til å sende program mellom kl. 06.00 og kl. 18.00, også i område med berre ein frekvens.

1. juli 2008 tek ein ny konsesjonsperiode for lokalradio til. Det vil bli fastsett nye rammevilkår for lokalradio, m.a. om deling av sendetid mellom radioane. Prinsippa for deling av sendetid vil kunne vere i strid med plenumsvedtaket. Vedtaket må såleis opphevast.

Dei nye prinsippa for sendetidsdeling vil gi lokalradioane betre rammevilkår. Det er viktig å sikre at radioar med vanleg konsesjon får eit tilstrekkeleg driftsgrunnlag ved at dei får rett til eit minimum av samanhengande attraktiv sendetid på kvardagar. Økonomien i bransjen har vore og er svak. Berre i nokre få område har det til no vore mogleg å drive med lønsemd. Dei nye prinsippa for sendetidsdeling vil kunne bidra til å rette dette opp.

Dei nye prinsippa gjer at det i konsesjonsområde med berre eitt sendarnett ikkje vil vere mogleg å sikre nisjeradioane sendetid mellom kl. 06.00 og 18.00 dersom ein samstundes skal sikre forsvarleg drift av vanleg radio. Opplysingar frå Medietilsynet og Norsk Lokalradioforbund syner at det berre vil vere nokre få konsesjonsområde der nisjeradioane ikkje vil vere sikra sendetid mellom kl. 06.00 og 18.00. Hovudregelen vil såleis vere at delinga av sendetid framleis vil vere i samsvar med Stortingets vedtak av 13. juni 1995.