Samandrag
Olje- og energidepartementet foreslår i proposisjonen at det skal gis løyve til plan for utbygging og drift av Skarv og til anlegg og drift av røyret frå Skarv til Åsgard transportsystem - i samsvar med planane operatøren har lagt fram og på vilkår som det er gjort rede for i denne proposisjonen.
Skarvfeltet er eit gass-, olje- og kondensatfelt som ligg om lag 35 km sør for Norne og 45 km nord for Heidrun i nordre del av Norskehavet. Rettshavarane i Skarv er BP Norge AS (operatør), StatoilHydro ASA, E.ON Ruhrgas Norge AS og PGNiG Norway AS.
Skarv er planlagt utbygd med rammer på havbotnen kopla opp til eit produksjonsskip. Olja vil bli bøyelasta, medan gassen vil bli eksportert gjennom eit nytt røyr frå Skarv til Åsgard transportsystem. Plan for utbygging, anlegg og drift av Skarv omfattar Skarvfunnet, som inneheld olje og gass, og Idunfunnet, som inneheld gass. Plan for utbygging og drift (PUD) gjeld for utbygging og drift av Skarvførekomstane. Plan for anlegg og drift (PAD) gjeld for eksportrøyret for gass mellom Skarv og Gassled sone B (Åsgard transportsystem). Utbyggingsløysinga inkluderer eit flytande produksjons- og lagringsskip, installasjonar på havbotnen og eksportrøyr for gass. Planlagt oppstart for Skarv er 3. kvartal 2011.
Investeringane er estimert til 31 371 mill. kroner. Operatøren har anslått reservar det er råd å utvinne til 48,3 milliardar Sm3 våtgass og 16,8 millionar Sm3 olje og kondensat. Med prisforutsetnadene til departementet er forventa noverdi før skatt 4 669 mill. kroner ved 7 pst. diskonteringsrente. Utrekningar utført av Oljedirektoratet stadfestar at utbygginga gjev god samfunnsøkonomisk lønsemd, og at prosjektet er tilfredsstillande robust med omsyn til endringar i kostnader, prisar og ressursar.
Det er utarbeidd konsekvensutgreiing (KU) for plan for utbygging, anlegg og drift for Skarv, som gjev ei oversikt over forventa verknader gjennomføringa får for anna næringsverksemd og allmenne interesser som natur og miljø. Utgreiinga viser mellom anna korleis omsyn til forhold knytt til miljø og fiskeri er teke vare på gjennom utforminga av tekniske løysingar. Utgreiinga peikar også på framlegg frå rettshavarane om tiltak for å bøte på eventuelle problem.
Operatøren har sendt konsekvensutgreiinga på høyring til aktuelle høyringsinstansar. Eit samandrag av høyringsfråsegnene og operatøren sine kommentarar til desse er tatt inn som vedlegg til proposisjonen. Departementet viser til at KU-prosessen ikkje har avdekka forhold som tilseier at prosjektet ikkje bør bli gjennomført eller at ytterlegare avbøtande tiltak må bli sett i verk.
Departementet viser vidare til at utbygginga av Skarv vil føre med seg utslepp til luft og sjø. Ulike alternativ for handtering av produsert vatn har blitt vurdert, mellom anna reinjeksjon. Mengdene produsert vatn på Skarv vil vere låge, og prosjektet har eit lågt forbruk av kjemikaliar. Miljøpåverknadene knytta til boring av ein dedikert injeksjonsbrønn samt utslepp til luft på grunn av kraftkrevjande reinjeksjonspumper er vurdert til å vere større enn miljøpåverknadene frå utslepp av låge volum reinsa produsert vatn. Den valde løysinga er venta å redusere innhaldet av olje i det produserte vatnet til nivå godt under dei krava regelverket stiller for utslepp av olje til sjø, medan utsleppet av oppløyste komponentar i det produserte vatnet ikkje vert redusert i same grad. Det er likevel vurdert slik at den valde løysinga vil vere den beste miljøløysinga.
Departementet viser til at kraftanlegget på Skarv vil vere fire turbinar med låg-NOx-teknologi og varmegjenvinning. Kraft frå land har vore vurdert. I dag finnest det ikkje teknologi for å kunne nytte kraft frå land til eit produksjonsskip med dreieskive, og prosjektet er ikkje stort nok til å bere kostnadene og risikoen ved ei slik teknologiutvikling.
Departementet meiner det er viktig å kome vidare i utviklinga av teknologi for kraftoverføring til havs, og at dette kan kome til nytte også på andre felt. Departementet vil difor påleggje rettshavarane i Skarv å gjennomføre eit program, som skal leggje til rette for utvikling av teknologi for overføring av store kraftmengder til produksjonsskip. Programmet skal bli førelagt styresmaktene innan utgangen av 2008.
For gasstransportrøyret frå Skarv er det i første omgang ikkje aktuelt å transportere volum frå andre felt. Dette gjer at det i dag ikkje er naudsynt å regulere tariffane i røyret, men dersom det på eit seinare tidspunkt vil vere aktuelt å transportere tredjepartsgass, vil departementet stille som vilkår at ein på det tidspunktet kan regulere tariffane i røyret, opprette eit eige interessentskap, utpeike ny operatør og eventuelt innlemme røyret i Gassled.
Departementet viser til at operatøren har føreslått å leggje ei driftsstøtteeining med ansvar for logistikk, innkjøp, vedlikehald og modifikasjonar i tilknyting til forsyningsbasen i Sandnessjøen. Dei resterande funksjonane ved driftsorganisasjonen vil bli samlokalisert med BP sine øvrige driftsorganisasjonar i Stavanger for å drage nytte av synergiar mellom desse og vere nær eit breitt lokalt fagmiljø for ekstern rekruttering. Helikopterbasen i Brønnøysund vil bli nytta til personellfrakt. Dette kan gje samordningsgevinstar med Statoil si personellfrakt til Nornefeltet som allereie går frå Brønnøysund.
Vidare vil operatøren leggje ein del funksjonar til Stavanger, men også ein god del til Helgeland. Dette gjev ein god balanse mellom å nytte eigen organisasjon, samtidig som det blir bygt opp ein organisasjon i tilknyting til Skarv i nærleiken av feltet. Denne løysinga gjev bod om interessante ringverknader og ei styrking av basemiljøet i Sandnessjøen og industrimiljøet på Helgeland, og departementet er positiv til løysinga som er foreslått frå operatøren.