1. Sammendrag
- 1.1 Kap. 300 Kultur- og kyrkjedepartementet
- 1.2 Kap. 305 Lotteri- og stiftelsestilsynet
- 1.3 Kap. 315 Frivillig verksemd
- 1.4 Kap. 320 Allmenne kulturformål
- 1.5 Kap. 321 Kunstnarformål
- 1.6 Kap. 323 Musikkformål
- 1.7 Kap. 324 Teater- og operaformål
- 1.8 Kap. 325 Samordningstiltak for arkiv, bibliotek og museum
- 1.9 Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål
- 1.10 Kap. 329 Arkivverket
- 1.11 Kap. 334 Film- og medieformål
- 1.12 Kap. 3300 Kultur- og kyrkjedepartementet
- 1.13 Kap. 3305 Inntekter frå spel, lotteri og stiftelsar
- 1.14 Kap. 3324 Teater- og operaformål
- 1.15 Kap. 3325 Samordningstiltak for arkiv, bibliotek og museum
- 1.16 Kap. 3329 Arkivverket
- 1.17 Kap. 3334 Film- og medieformål
I proposisjonen legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2007.
Kultur- og kyrkjedepartementets inntekter blir høgare enn budsjettert som følgje av at Utanriksdepartementet i 2007 har betalt tilbake midlar som blei rammeoverført frå Kultur- og kyrkjedepartementet i 2003, jf. omtale under kap. 3300 nedanfor. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter i 2007 på om lag 2,1 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 300, post 1 Driftsutgifter blir auka med kr 2 142 000.
Oppdragsverksemda ved Lotteri- og stiftelsestilsynet får langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 venteleg 6,75 mill. kroner. Dette er 6,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3305 post 7 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 305, post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 6,0 mill. kroner.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har i 2007 fått 448 søknader om meirverdiavgiftskompensasjon frå frivillige organisasjonar. Dette er ein auke på 11 søknader frå året før. Det er 24 fleire søkjarar som oppfyller vilkåra for å få kompensasjon samanlikna med 2006. Som følgje av dette gir ikkje løyvinga i år rom for å gi dei frivillige organisasjonane full kompensasjon. For å unngå avkorting i kompensasjonen er det behov for å auke løyvinga i 2007 med 3,7 mill. kroner. Det endelege kompensasjonsbeløpet avheng av resultatet av klagehandsaminga, som enno ikkje er avslutta.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 315, post 70 Meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar blir auka med 3,7 mill. kroner.
Under kap. 320 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak er det for 2007 løyvt 0,8 mill. kroner til dekking av utgifter knytt til Mangfaldsåret 2008. Beløpet skal dekkje lønns- og driftsutgifter knytt til sekretariatet for Mangfaldsåret. Desse midlane må derfor utbetalast frå post 1 Driftsutgifter. Behovet for løyving under kap. 320 post 78 blir redusert tilsvarande.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 320, post 1 Driftsutgifter blir auka med 0,8 mill. kroner og at løyvinga under kap. 320, post 78 Ymse faste tiltak blir redusert tilsvarande.
Løyvinga under kap. 321 Kunstnarformål, post 1 Driftsutgifter skal dekkje utgiftene til statsstipendiatar. Utgiftene blir i 2007 lågare enn tidlegare forventa. Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 321, post 1 Driftsutgifter blir redusert med 1,4 mill. kroner.
Til arbeidet med etablering av eit opplevingssenter for pop/rock i Trondheim er det for 2007 løyvt om lag 3,0 mill. kroner under kap. 323 Musikkformål, post 78 Ymse faste tiltak. Kultur- og kyrkjedepartementet skal betale lønn til prosjektleiaren. Lønnsutbetalinga må gjerast frå post 1 Driftsutgifter. Lønnsutgiftene er rekna til kr 765 000.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 323, post 1 Driftsutgifter blir auka med kr 765 000 og at løyvinga under kap. 323, post 78 Ymse faste tiltak blir redusert tilsvarande.
Riksteatrets sal av billettar og program m.m. blir høgare enn tidlegare budsjettert. Dette gjer at driftsutgiftene aukar med 6,0 mill. kroner i 2007. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3324 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 324, post 1 Driftsutgifter blir auka med 6,0 mill. kroner.
Oppdragsverksemda ved ABM-utvikling får eit langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 venteleg 35,0 mill. kroner. Dette er 15,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3325 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 325, post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 15,0 mill. kroner.
ABM-utvikling disponerer ei eiga løyving til prosjekt- og utviklingstiltak under kap. 325 post 73. I tillegg har ABM-utvikling hatt som praksis å prioritere prosjekttildelingar innanfor driftsløyvinga under post 1, når det har vore rom for dette. Riksrevisjonen har hatt merknader til at eksterne prosjekt har fått tilskott under post 1. For å kunne utnytte interne og eksterne prosjektmidlar mest mogleg fleksibelt og effektivt, er det behov for å kunne disponere delar av løyvinga under kap. 325, post 1 Driftsutgifter til prosjekt- og utviklingstiltak under kap. 325, post 73 Prosjekt- og utviklingstiltak og omvend ved at nemnde postar får stikkordet "kan nyttast under post 73" og "kan nyttast under post 1". Dei nemnde postane er gitt tilsvarande stikkord i budsjettforslaget for 2008, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008).
I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det opplyst at Kultur- og kyrkjedepartementet tek sikte på eit samla tilskott på 15 mill. kroner til prosjektet Henrik Ibsens Skrifter ved Universitetet i Oslo i perioden 2007-2010. Universitetsleiinga garanterer at prosjektet vil bli gjennomført som planlagt med eit slikt tilskott frå departementet. Det er løyvt 3 mill. kroner til prosjektet i 2007. Dette beløpet vil bli vidareført i perioden 2008-2010, og utgjer til saman 12 mill. kroner. For å nå eit samla tilskott på 15 mill. kroner er det behov for ytterlegare 3 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 326, post 78 Ymse faste tiltak blir auka med 3,0 mill. kroner.
Under kap. 326, post 76 Ibsenprisen m.m. er det i 2007 løyvd 3 mill. kroner til etablering av Den internasjonale Ibsen-prisen, utdeling av stipend og arrangement knytte til prisutdelinga. Førebuingane til utdeling av prisen har teke lengre tid enn tidlegare venta, og prisen vil derfor bli delt ut først i 2008.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 326, post 76 Ibsenpris m.m. blir redusert med 3,0 mill. kroner.
Utgiftene til Arkivverket blir i 2007 4,6 mill. kroner høgare enn budsjettert. Av dei samla meirutgiftene kjem 1,4 mill. kroner av meirutgifter til drift av bygningar og husleige knytt til Riksarkivbygninga og Statsarkivet i Trondheim. Det er ikkje mogleg å dekkje desse meirutgiftene ved innsparingar i andre utgifter utan at dette får negative konsekvensar for drifta i Arkivverket. Som følgje av dette er det behov for å auke løyvinga til Arkivverket med 1,4 mill. kroner i 2007.
Salet av kildepublikasjonar, fotokopiar og transkripsjonar av arkivmateriale ved Arkivverket blir vesentleg høgare enn tidlegare venta. Dette gjer at driftsutgiftene aukar med 3,2 mill. kroner i 2007. Desse meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3329 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 329, post 1 Driftsutgifter blir auka med til saman 4,6 mill. kroner.
Oppdragsverksemda ved Norsk filminstitutt får eit større omfang enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 om lag 7,7 mill. kroner. Dette er 2,5 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3334 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 334 , post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 2,5 mill. kroner.
Under post 78 Ymse faste tiltak er det i 2007 løyvt 4 mill. kroner til utvikling av teknologi for attkjenning av tale. Prosjektet var i utgangspunktet planlagt å starte i 2006. Oppstarten blei forseinka, og prosjektet kom ikkje i gang før i inneverande år. Som følgje av endra framdrift i prosjektet, bl.a. fordi prosessane med innhenting av tilbod ikkje kan forserast, vil dei utgiftene som var venta å kome i 2007 ikkje kome til utbetaling før i 2008.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 334 post 78 blir redusert med 4,0 mill. kroner.
I 2003 blei det rammeoverført midlar frå Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett til Utanriksdepartementets budsjett til dekking av utgiftene til ei midlertidig stilling som spesialråd ved ambassaden i Washington. Stillinga blei dregen inn ved utgangen av 2006, og midlane er rammeoverført til Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett f.o.m. 2008.
For 2007 er midlane utbetalt frå Utanriksdepartementet og inntektsført under kap. 3300, post 1 Ymse inntekter. Dette gir ei meirinntekt i 2007 på om lag 2,1 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 300 ovenfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3300, post 1 Ymse inntekter blir auka med kr 2 142 000.
Ved utarbeiding av budsjettforslaget for 2007 blei det lagt til grunn ei reduksjon i gebyrinntektene frå gevinstautomatbransjen på grunn av den varsla avviklinga av automatmarknaden frå 1. juli 2007. Det viser seg at reduksjonen blir noko større enn budsjettert. Gebyrinntektene frå lotteriaktørane er venta å bli om lag 36,5 mill. kroner i 2007. Dette gir ei mindreinntekt på 1,7 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3305, post 2 Gebyr-lotteri blir redusert med 1,7 mill. kroner.
Plikta til å vere registrert i stiftelsesregisteret tok til å gjelde frå 1. januar 2007 for alle stiftelsar. 2007 er derfor det første året med fulle inntekter frå den årlege avgifta for stiftelsar. Det viser seg at inntektene frå registreringsgebyra blir høgare enn budsjettert. Inntektene under posten er venta å bli om lag 18,8 mill. kroner i 2007. Dette gir ei meirinntekt på om lag 11,5 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3305, post 4 Avgift, gebyr-stiftelsar blir auka med kr 11 502 000.
Lotteri- og stiftelsestilsynets oppdragsverksemd knytt til handlingsplanen mot pengespelproblem og informasjon og kontroll i samband med avviklinga av det private gevinstautomatmarknaden frå 1. juli 2007, har fått større omfang enn tidlegare budsjettert. Dei samla inntektene er venta å bli 6,75 mill. kroner i 2007. Dette gir ei meirinntekt på 6,0 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 305 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3305, post 7 Inntekter ved oppdrag blir auka med 6,0 mill. kroner.
Riksteatrets inntekter i 2007 frå sal av billettar og program m.m. blir vesentleg høgare enn budsjettert. Dei samla inntektene er venta å bli om lag 22 mill. kroner i 2007. Dette er 6,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 324 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3324, post 1 Inntekter ved Riksteatret blir auka med 6,0 mill. kroner.
Oppdragsverksemda ved ABM-utvikling får eit langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Dei samla oppdragsinntektene er venta å bli om lag 35 mill. kroner i 2007. Dette er 15 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 325 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3325, post 2 Inntekter ved oppdrag blir auka med 15,0 mill. kroner.
Inntektene frå Arkivverkets sal av publikasjonar, fotokopiar og transkripsjonar av arkivmateriale får eit langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Dei samla inntektene er venta å bli om lag 4,6 mill. kroner i 2007. Dette er 3,2 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 329 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3329, post 1 Ymse inntekter blir auka med 3,2 mill. kroner.
Inntektene frå Norsk filminstitutts oppdragsverksemd blir høgare enn tidlegare venta. Dei samla oppdragsinntektene er venta å bli om lag 7,7 mill. kroner i 2007. Dette er 2,5 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 334 post 21 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3334, post 2 Inntekter ved oppdrag blir auka med 2,5 mill. kroner.