3. Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1300 | Samferdselsdepartementet | ||
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med | 2 000 000 | |
frå kr 18 400 000 til kr 16 400 000 | |||
1313 | Luftfartstilsynet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 140 950 000 til kr 145 950 000 | |||
1314 | Statens havarikommisjon for transport | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 4 000 000 | |
frå kr 37 600 000 til kr 33 600 000 | |||
1320 | Statens vegvesen | ||
23 | Trafikktilsyn, drift og vedlikehald m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 39 000 000 | |
frå kr 6 825 400 000 til kr 6 864 400 000 | |||
1350 | Jernbaneverket | ||
30 | Investeringar i lina, kan overførast, kan nyttast under post 23, blir auka med | 7 000 000 | |
frå kr 2 234 600 000 til kr 2 241 600 000 | |||
1354 | Statens jernbanetilsyn | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 3 500 000 | |
frå kr 35 087 000 til kr 31 587 000 | |||
Inntekter | |||
4313 | Luftfartstilsynet | ||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 97 100 000 til kr 102 100 000 | |||
4380 | Post- og teletilsynet | ||
1 | Diverse avgifter og gebyr, blir auka med | 1 636 000 | |
frå kr 179 400 000 til kr 181 036 000 | |||
5623 | Aksjer i Baneservice AS | ||
80 | Renter, blir auka med | 1 500 000 | |
frå kr 1 400 000 til kr 2 900 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at:
1. stikkordet "kan overførast" blir tilføydd løyvinga under kap. 1310 Flytransport, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311 post 71.
2. stikkordet "kan overførast" blir tilføydd løyvinga under kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 60 Særskilt tilskot til kollektivtransport.
3. stikkordet "kan overførast" blir tilføydd løyvinga under kap. 1351 Persontransport med tog, post 70 Kjøp av persontransport med tog.
4. stikkordet "kan overførast" blir tilføydd løyvinga under kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 70 Tilskot til teletryggleik og -vernebuing.