Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Justis- og politidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2007. Endringsforslaga på nokre av dei regelbundne postane er mellom anna baserte på rekneskapstal pr. 30. september 2007. Departementet understreker at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelege rekneskapstala kan avvike ein del frå desse prognosane.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 400 post 71 med 1 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret. Forbruket på posten er knytt til talet på og omfanget av saker, og er derfor ikkje styrbar.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 410 post 21 med 3 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, skifte, konkurs m.m. Inntektene er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410 post 1 med 30 mill. kroner.

Løyvinga på kap. 412 post 1 dekkjer mellom anna driftskostnader i samband med tinglysing i fast eigedom og tinglysing av burettsdelar. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 412 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3412 post 1. På bakgrunn av langt fleire registreringar av rettar i burettsdelar enn først lagt til grunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 412 post 1 med 14,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3412 post 1.

Løyvinga på kap. 3412 post 1 dekkjer inntekter i samband med registreringar av rettar i burettsdelar. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 412 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3412 post 1. På bakgrunn av langt fleire registreringar av rettar i burettsdelar enn først lagt til grunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3412 post 1 med 25 mill. kroner, jf. omtale under kap. 412 post 1.

Løyvinga på kap. 413 post 1 dekkjer driftsutgifter for jordskifterettane. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413 post 1. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 413 post 1 med 3,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3413 post 1.

Løyvinga på kap. 413 post 21 dekkjer sideutgifter som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 413 post 21 med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3413 post 2.

Løyvinga på kap. 3413 post 1 dekkjer inntekter ved at partane i saker ført for jordskifterettane betaler gebyr. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413 post 1. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3413 post 1 med 3,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 413 post 1.

Løyvinga på kap. 3413 post 2 dekkjer inntektene som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3413 post 2 med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 413 post 21.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til godtgjering til medlemmer av forliksråda og kompetansehevande tiltak i form av kurs.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414 post 21 med 9 mill. kroner.

Gjeldande løyving på posten i 2007 er 6,8 mill. kroner. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2007 blei det vedteke eit utbytte på 7,37 mill. kroner for rekneskapsåret 2006. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 5630 post 85 med 0,57 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga. Det er sett i verk eit program for leiingsutvikling på alle leiarnivå i kriminalomsorga. Justisdepartementet foreslår å samle utbetalingane under kap. 430 post 1. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 1,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 432 post 1.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 2. Ettersom utgiftene i arbeidsdrifta er venta å bli lågare enn løyvinga på posten og inntektene frå arbeidsdrifta er venta å bli høgare enn venta på kap. 3430 post 2, foreslår Justisdepartementet derfor å auke løyvinga på kap. 430 post 1 med 7,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430 post 21.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 3. På bakgrunn av at inntekter frå sal og tilskott i 2007 er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på posten med 7,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430 post 3.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 4. Som følgje av at tilskott frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2007 er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga med 0,254 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430 post 4.

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 16,554 mill. kroner.

Løyvinga på posten i 2007 er 53,981 mill. kroner. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 2. Inntektene på kap. 3430 post 2 er venta å bli 1,8 mill. kroner høgare enn løyvinga i 2007. Dette gir ei samla disponibel løyving på 55,781 mill. kroner. Samtidig er utgiftene knytta til arbeidsdrifta venta å bli 48,381 mill. kroner i 2007. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere den tilgjengelege løyvinga på posten med 7,4 mill. kroner. Samanlikna med saldert budsjett foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga med 5,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430 post 1 og kap. 3430 post 2.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under posten med 11,75 mill. kroner i 2007. Dette skuldast at utgifter til refusjon til kommunale omsorgstiltak for personar som er sette fri frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat er blitt lågare enn tidligare lagt til grunn.

Inntektene frå sal frå arbeidsdrifta er venta å bli 1,8 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 2. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430 post 2 med 1,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430 post 21.

Inntekter frå sal og tilskott på posten er venta å bli 7,7 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i løyvinga på posten i 2007. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 3. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430 post 3 med 7,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430 post 1.

Tilskott frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430 post 4. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga med 0,254 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430 post 1.

Justisdepartementet foreslår å samle utgiftene til program for leiingsutvikling under kap. 430 post 1, og foreslår å redusere løyvinga under kap. 432 post 1 med 1,2 mill. kroner, jf omtale under kap. 430 post 1.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432 post 3. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under posten med 0,63 mill. kroner etter at inntektene under kap. 3432 post 3 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn i løyvinga for 2007 på posten jf. omtale under kap. 3432 post 3.

Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 432 post 1 med 1,83 mill. kroner.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432 post 3. Inntektene på posten er venta å bli 0,63 mill. kroner lågare enn løyvinga for 2007. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 0,63 mill. kroner, jf. omtale under kap. 432 post 1.

Regjeringa legg vekt på at politiet skal vere synleg og tilgjengeleg. Ønsket om mellom anna betre responstid og behov for å ha ei større merksemd om den kriminaliteten som rammar folk flest, gjer at Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga til politiet generelt med 20 mill. kroner fordelt med 16 mill. kroner under kap. 440 post 1 og 4 mill. kroner under kap. 441 post 1.

For å førebygge seksuelle overgrep mot barn og utviklingshemma må søkjarar til ei rekkje helsefaglege utdanningar framleggje politiattest ved opptak. Dette er heimla gjennom endring av forskrift om opptak i høgare utdanning av 10. oktober 2005, som blei sett i kraft 15. juni 2007. Som følgje av dette får politiet meirutgifter til utskriving av politiattestar, og det blir foreslått å rammeoverføre totalt 1,615 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett til Justisdepartementet sitt budsjett. Av beløpet på 1,615 mill. kroner foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre 1,292 mill. kroner frå kap. 281 post 1 til kap. 440 post 1, jf. omtale under kap. 441 post 1 og omtale under kap. 281 post 1 i St.prp. nr. 7 (2007-2008).

Statens innkrevingssentral (SI) har overteke gebyrinnkrevinga i saker i tilknyting til den sivile rettspleien på grunnplanet frå Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra har framleis noko arbeid med sakene i 2007, og det er semje mellom Nærings- og handelsdepartementet og Justisdepartementet om overføring av 1,25 mill. kroner frå Brønnøysundregistra til SI. I tillegg foreslår Justisdepartementet å overføre 1,5 mill kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1.

Den nye tvistelova inneber at det må lagast nye rutinar for forliksrådsbehandling. Utgiftene er rekna til 1 mill. kroner og Justisdepartementet foreslår derfor å overføre 1 mill. kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1.

Det er vedteke nye reglar om utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret og om samordning av utleggstrekk frå ulike namsmyndigheiter.

Alle utleggsforretningar skal registrerast i Lausøyreregisteret grunna omsynet til kredittopplysningar. SI starta i slutten av 2006 arbeidet med å utvikle ein database der utlegg frå både alminnelege namsmenn og særnamsmenn blir registrert. Utviklinga av systemet har halde fram også i 2007. Vidare vil SI i 2007 gjennomføre tilpassingar i kjeldesystemet SIAN som skal avlevere utleggsinformasjon til utleggsdatabasen. For å dekke utgifter i 2007 foreslår Justisdepartementet å overføre 1,5 mill kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1.

Samla foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre 4 mill. kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1, jf. omtale under kap. 1634 post 1 i Finansdepartementet sin stortingsproposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2007.

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 13,292 mill. kroner.

Politiet har hittil i år uttransportert færre personar frå landet enn planlagt. Dette skuldast ei rekke forhold. Mellom anna har det vore problem knytta til returar til fleire land. Måltalet for uttransporterte personar i 2007 vil derfor ikkje bli nådd. Med bakgrunn i dette ligg det an til ei innsparing på posten. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440 post 21 med 15 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstala hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 4 med 0,6 mill. kroner.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstala hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 6 med 10 mill. kroner.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstala hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 7 med 35 mill. kroner.

I samband med NATO sitt uformelle utanriksministermøte i april i år blei det løyvd 42 mill. kroner på kap. 441 post 1, jf. St.prp. nr. 58 (2006-2007). Av dette blei det forbrukt 32,665 mill. kroner, noko som gjev ei ubrukt løyving på 9,335 mill. kroner. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 9,335 mill. kroner.

For å styrke Oslo Politidistrikt foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 441 post 1 med 4 mill kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1.

Som følge av at politiet får meirutgifter til utskriving av politiattestar, jf. endring av forskrift om opptak i høgare utdanning av 10. oktober 2005, foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre totalt 1,615 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett til Justisdepartementet sitt budsjett. Av beløpet på 1,615 mill. kroner blir det foreslått å rammeoverføre 0,323 mill. kroner frå kap. 281 post 1 til kap. 441 post 1, jf. omtale under kap. 440 post 1 og omtale under kap. 281 post 1 i St.prp. nr. 7 (2007-2008).

Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 441 post 1 med 5,012 mill. kroner.

Det har ikkje vore mogleg å avslutta arbeidet til Innsynsutvalet sommaren 2007. Rydding i saker, statistikkføring, rapportering med vidare gjer at dette arbeidet ikkje blir ferdig før ved utgangen av året. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 443 post 1 med 1,7 mill. kroner.

Som følgje av at erstatningsutbetalingane er lågare enn venta foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 443 post 70 med 1,7 mill. kroner.

Løyvinga på posten utgjer 6,248 mill. kroner i 2007. Basert på erfaringstal, rekneskapstal dei seinare år og forbruket hittil i 2007, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 455 post 21 med 1,5 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer mellom anna diverse investeringar knytt til hovudredningssentralane. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 455 post 45 med 1,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 455 post 21.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Dei totale utgiftene på kapitlet heng saman med talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 35 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gjeve heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 70 med 9 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 71 med 30 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelstyrt, og har stikkordet overslagsløyving.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471 post 71 med 24 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475 post 1 med 5 mill. kroner.