Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Kommunal- og regionaldepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 84 (2007-2008)
- Kildedok: St.prp. nr. 13 (2007-2008)
- Dato: 06.12.2007
- Utgiver: Kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Kap. 3571 Tilbakeføring av forskot
- 1.2 Kap. 580 Bustønad
- 1.3 Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak
- 1.4 Kap. 587 og kap. 3587 Statens bygningstekniske etat
- 1.5 Kap. 2412 og kap. 5312 Den norske stats husbank
- 1.6 Kap. 2412 Den norske stats husbank og kap. 5615 Renter frå Den norske stats husbank
- 1.7 Andre orienteringssaker
- 2. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Kommunal- og regionaldepartementet legg i proposisjonen fram forslag til omprioriteringar og tilleggsløyvingar i statsbudsjettet for 2007.
Utbetalte forskot på rammetilskot til kommunar i 2006 skal tilbakeførast til staten i 2007. Derfor blir det foreslått ei løyving på 27,209 mill. kroner på kap. 3571, post 90 Tilbakeføring av forskot.
Samansetjinga av bustønadmottakarane har endra seg noko i løpet av 2007. Vidare har talet på mottakarar i 1. termin 2007 auka. Derfor blir det foreslått at kap. 580, post 70 Bustønad blir auka med 31 mill. kroner.
Utgreiing og forsking på bustadområdet blir finansiert over posten. Einskilde av oppdraga er omfattande og komplekse, og tek lengre tid enn venta. Derfor blir det foreslått at kap. 581, post 21 Kunnskapsutvikling og -formidling blir tilførde stikkordet "kan overførast" i 2007.
Statens bygningstekniske etat har auka oppfølginga av verksemdene som deltek i ordninga med sentral godkjenning av verksemd for ansvarsrett. Gebyra blei derfor auka frå 1. juli 2007 med kr 300 til kr 1400. Derfor blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 587, post 1 Driftsutgifter med 4,7 mill. kroner, frå 38,8 mill. kroner til 43,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 3587, post 4 Gebyr.
Nye prognosar tilseier ein lågare del forseinkingsrenter og at utfasinga av låneporteføljen til eldre særvilkårslån tek meir tid ein venta. Det blir foreslått at kap. 2412, post 72 Rentestøtte blir auka med 1 mill. kroner, frå 20 mill. kroner til 21 mill. kroner, og at kap. 5312, post 90 Avdrag blir auka tilsvarande med 1 mill. kroner, frå 9 310 mill. kroner til 9 311 mill. kroner.
Det blir forventa at om lag 1 500 mill. kroner av låneramma til Husbanken på 13 000 mill. kroner ikkje vil bli nytta i 2007. Hovudforklaringa er at lånevilkåra på den private kredittmarknaden er gode. 45 prosent av ramma blir forventa utbetalt i 2007. Derfor blir det foreslått at løyvinga på kap. 2412, post 90 Lån til Husbanken blir redusert med 675 mill. kroner, frå 11 088 mill. kroner til 10 413 mill. kroner.
Renteposten blir direkte påverka av at 1 500 mill. kroner av låneramma ikkje blir brukt i 2007. Det blir foreslått å redusere post 80 Renter med 36,5 mill. kroner, frå 4 073 mill. kroner til 4 036,5 mill. kroner.
Kommunal- og regionaldepartementet har motteke ei innbetaling på ca. 2,6 mill. kroner frå Innovasjon Noreg på tidlegare gitt tapsløyving til lån gitt i 1990 og tidlegare. Inntekta er førd på kap. 5309, post 29 Ymse inntekter under Finansdepartementet, då det ikkje er formålstenleg å ha ein eigen post til slike overføringar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Tore Hagebakken, Saera Khan, Tom Strømstad Olsen, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
580 | Bustønad | ||
70 | Bustønad, overslagsløyving, blir auka med | 31 000 000 | |
frå kr 2 321 500 000 til kr 2 352 500 000 | |||
587 | Statens bygningstekniske etat | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 4 700 000 | |
frå kr 38 767 800 til kr 43 467 800 | |||
2412 | Den norske stats husbank | ||
72 | Rentestønad, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 20 000 000 til kr 21 000 000 | |||
90 | Lån til Husbanken, overslagsløyving, blir redusert med | 675 000 000 | |
frå kr 11 088 000 000 til kr 10 413 000 000 | |||
Inntekter | |||
3571 | Tilbakeføring av forskot | ||
(NY) | 90 | Tilbakeføring av forskot, blir løyvd med | 27 209 000 |
3587 | Statens bygningstekniske etat | ||
4 | Gebyr, sentral godkjenning verksemd, blir auka med | 4 700 000 | |
frå kr 15 155 000 til kr 19 855 000 | |||
5312 | Den norske stats husbank | ||
90 | Avdrag, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 9 310 000 000 til kr 9 311 000 000 | |||
5615 | Renter fra Den norske stats husbank | ||
80 | Renter, blir redusert med | 36 500 000 | |
frå kr 4 073 000 000 til kr 4 036 500 000 |
II
Tillegg av stikkord
Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak, post 21 Kunnskapsutvikling og - formidling får lagt til stikkordet "kan overførast".
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 6. desember 2007
Tore Hagebakken leder |
Tom Strømstad Olsen ordfører |