Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 1,6 mill. kroner til fleire store tiltak i Handlingsplanen mot tvangsekteskap (2008-2011).

Løyvinga på posten blei i saldert budsjett for 2007 styrka med 2,4 mill. kroner som ein kompensasjon for betaling av meirverdiavgift på kjøp av administrative tenester frå UDI. IMDi har av Oslo Fylkesskattekontor fått utsett avgiftsplikta. Løyvinga blir derfor foreslått nedjustert med 2,4 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at den samla løyvinga under posten blir redusert med 800 000 kroner.

Utgiftene til norskprøver for vaksne innvandrar er berekna til 2,15 mill. kroner meir enn det som blei løyvd i saldert budsjett. 550 000 kroner blir foreslått omdisponert frå andre tiltak på same post.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,6 mill. kroner.

Løyvinga blir i hovudsak redusert på grunn av mindre busetting i 2007, og at ein større del av busettinga skjer mot slutten av året, slik at tilskotet ikkje blir utbetalt til kommunane før i 2008.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 147 mill. kroner.

Personar som var i målgruppa for norskopplæring før 1. september 2005, utløyser tilskot etter overgangsordninga, som er ei vidareføring av ordninga som gjaldt for slik opplæring før 1. september 2005. Utbetaling etter overgangsordninga i 2007 blir på om lag 650 mill. kroner, eller 50 mill. kroner lågare enn det som blei lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

Frå 1. september 2007 får personar som oppheld seg i mottak tilbod om opplæring i norsk. Talet på personar som får tilbod er lågare enn det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Utgiftene til tiltaket blir derfor redusert med 1,8 mill. kroner.

Løyvinga blir samla foreslått redusert med 51,9 mill. kroner.

Visse utgifter som er knytte til norskopplæring for asylsøkjarar i mottak kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Antal personar i mottak som kjem frå ODA-godkjende land har frå våren 2007 endra seg frå 90 pst. til 85 pst. Saman med eit lågare tal på personar som fell inn under ordninga med opplæring i mottak fører dette til ein nedgang i utgiftene som kan ODA-godkjennast på 3,6 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,6 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet og senteret er samde om at prosjektet ikkje bør førast vidare i sin noverande form.

Departementet gjer framlegg om at oppgåvene knytt til senteret blir ført over til Arbeids- og velferdsetaten i Finnmark, og at løyvinga over denne posten blir redusert med 875 000 kroner. Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 1 Driftsutgifter blir foreslått auka med tilsvarande beløp. Dette inneber at Ressurssenter for natur- og reindriftstenester blir avvikla.

Totalt blir det lagt det til grunn ei auke på 460 personar i det gjennomsnittlege belegget i statlige mottak i forhold til det som ligg til grunn for løyvinga på posten.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over denne posten med 30 mill. kroner. Forslaget er basert på eit overslag over gjennomsnittleg belegg i mottak på 7 100 personar, jf. romartalsvedtak om fullmakt om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar.

Fordi ein ventar at 500 fleire enn det som ligg til grunn for løyvinga vil søkje asyl, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga over denne posten med 2 mill. kroner.

Av ei auka løyving på 30 mill. kroner på kap. 690 post 21, kan 10,8 mill. kroner innrapporterast som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp kan då bli ført som inntekt.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over denne posten med 10,8 mill. kroner.

Mange av barnesakene har blitt avgjort i nemndmøte utan personleg frammøte. Når klagaren ikkje møter personleg blir utgiftene redusert. Det er òg sakstypar der det har kome fram praksisavklaringar slik at påfølgjande saker av liknande karakter kan avgjerast av nemndleiar aleine.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over denne posten med 4,74 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under denne posten blir auka med 50 000 kroner til 4,7 mill. kroner, slik at løyvinga på utgifts- og inntektskapitlet til Samefolkets fond blir lik.