Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på kapittel og postar på statsbudsjettet for 2007.

Det viser seg at kontingentane for deltaking i fleire av organisasjonane, mellom anna IMO (Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen), EMSA (Det europeiske sjøsikkerheitsorganet) og Paris MoU (Internasjonal avtale om hamnestatskontroll) blir om lag 2,5 mill. kroner lågare enn berekna i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 23,05 til 20,55 mill. kroner.

Ordinær løyving gjennom St.prp. nr. 1 (2006-2007) var 1 330 mill. kroner. På grunnlag av berekningar og prognose etter utbetalingane for 6. temin 2006 (for november og desember) og 1. termin 2007 (for januar og februar) vart løyvinga auka med 150 mill. kroner, til 1 480 mill. kroner, i revidert statsbudsjett 2007 i vår, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006-2007).

Tilskotsordninga er regelstyrt, og særleg talet på sjøfolk som er omfatta av ordningane, er avgjerande for storleiken på refusjonsutbetalingane. Auken i tilskotsutbetalingane i høve til berekningane i saldert budsjett skuldast i hovudsak at fleire sjøfolk blir omfatta av nettolønsordninga til offshorefarty i NOR, og auka lønsutbetalingar.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke løyvinga med 100 mill. kroner, frå 1 480 til 1 580 mill. kroner.

Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den budsjetterte. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 0,1 mill. kroner. Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Dei samla kontingentforpliktingane i perioden er uendra, men den årlege utbetalingstakta er justert. Totalt auka innbetaling i høve til budsjett for 2007 utgjer 2,7 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 105,4 til 108 mill. kroner.

Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA og to utbetalingar i amerikanske dollar til Radarsat International Inc til andre kursar enn dei budsjetterte. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 0,1 mill. kroner.

Vidare gjer endra framdrift i gjennomføring av programma at utbetalingane av programmidlar til ESA i 2007 blir 32,5 mill. kroner lågare enn berekna i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å redusere løyvinga med 32,6 mill. kroner, frå 294 til 261,4 mill. kroner.

På statsbudsjettet for 2007 er det løyvd 11,5 mill. kroner til å dekkje transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting.

Dei samla utgiftene for 2007 er venta å bli om lag 23 mill. kroner. Mellom anna er det utbetalt om lag 9 mill. kroner i honorar til juridiske og finansielle rådgjevarar i samband med samanslåing av petroleumsverksemda til Norsk Hydro ASA med Statoil ASA. Løyvinga er elles nytta til å dekkje avgift på 2,8 mill. kroner for deponering av aksjar i børsnoterte selskap i Verdipapirsentralen, og til fagleg bistand i samband med eigarmessige vurderingar.

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga under posten med 10,8 mill. kroner, frå 11,5 til 22,3 mill. kroner.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, samtykte Stortinget i at ramma for å utgiftsføre betalingar knytt til pålagte miljøtiltak etter verksemda til Raufoss ASA utan løyving på førehand, vart auka frå 50 til 90 mill. kroner.

Ved utgangen av 2007 vil om lag 61 mill. kroner av garantiramma på 90 mill. kroner vere disponert til konkrete oppryddingsprosjekt. Det er utbetalt til saman om lag 25,5 mill. kroner i refusjon for utførte miljøtiltak i 2005 og 2006. I 2007 har departementet ved utgangen av oktober utbetalt om lag 14,5 mill. kroner for kostnader knytt til pålagte, utførte miljøtiltak. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare utbetalingar i 2007.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å løyve 20 mill. kroner på statsbudsjettet for 2007.

Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid.

Innlån og avdrag har auka i 2007 fordi Innovasjon Norge nyttar meir kortsiktige lån enn det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber òg at avdraga aukar om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325 post 90.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke løyvinga med 5,4 mrd. kroner, frå 33,2 til 38,6 mrd. kroner.

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, vart løyvinga auka med 3 251 mill. kroner, til 3 261 mill. kroner, som følgje av forventa innbetaling frå tilbakekjøp av eigne aksjar i DnB NOR ASA, Norsk Hydro ASA og Yara International ASA. Dei faktiske innbetalingane vart 18,1 mill. kroner høgara.

På denne bakgrunnen legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke inntektsløyvinga med 18,1 mill. kroner, frå 3 261 til 3 279,1 mill. kroner.

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa, jf. omtale av opplegget for innlån under kap. 2421 post 90. Som følgje av hyppigare refinansiering av lån enn forventa er det behov for å auke løyvinga. I tillegg har Innovasjon Norge redusert dei totale innlåna sine i statskassa i løpet av året slik at avdraga aukar meir enn innlåna under kap. 2421 post 90.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke løyvinga med 5,6 mrd. kroner, frå 33,4 til 39 mrd. kroner.

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet 2007, vart Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S gitt eit ansvarleg lån på 250 mill. kroner til ei rente på 9 pst. p.a. Lånet skal tilbakebetalast når forsikringssaka etter brannen i Svea Nord-gruva i 2005 er endeleg avgjort. I desember 2007 skal selskapet betale 11,46 mill. kroner i renter på lånet.

På dette grunnlaget gjer departementet forslag om å inntektsløyve 11,46 mill. kroner under nytt kap. 5612 post 80 på statsbudsjettet for 2007.

Utbytet vil auke med vel 7 mill. kroner, hovudsakeleg på grunn av at det vart innbetalt utbyte frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S.

På denne bakgrunnen legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke utbyteløyvinga med 7,4 mill. kroner, frå 13 619,6 til 13 627 mill. kroner.

Målsettinga for satelittnavigasjonssystemet Galileo er at det, saman med det amerikanske Global Positioning System (GPS), skal bli Europas og Noregs primære system for posisjonsbestemming, tidfesting og navigasjon.

For perioden 2005-2007 er det sett av til saman 76 mill. kroner til utviklingsfasen av Galileo. Forhandlingane med EU om ei samarbeidsavtale om Galileo er ikkje sluttført. Dei avsette midlane er derfor ikkje utbetalt. Inntil ei avtale med EU ligg føre blir dei avsette midlane under kap. 922 post 72 (16 mill. kroner) og kap. 2421 post 72 (60 mill. kroner) halde tilbake. Norsk industri har allereie fått industriretur tilsvarande dei norske forpliktingane. Framdrifta i Galileo-programmet er også omtala i statsbudsjettet for 2008 under kap. 922 post 72.