Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Kultur- og kyrkjedepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 63 (2007-2008)
- Kildedok: St.prp. nr. 23 (2007-2008), kap. 340, 341, 342, 3340, 3341 og 3342
- Dato: 03.12.2007
- Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Departementet opplyser at oppdragsverksemda ved Kyrkjerådet og bispedømmeråda får eit langt større omfang enn tidlegare budsjettert, venteleg 9 mill. kroner høgare. Meirutgiftene under kap. 340 post 21 blir dekte av meirinntekter under kap. 3340 post 2.
Etter gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift blir arbeidsgjevaravgifta frå 2007 rekna ut etter den avgiftssatsen som gjeld i den kommunen der presten har sin tenestestad. I forhold til tidlegare utrekningar blir utgiftene til arbeidsgjevaravgift etter dette redusert med kr 5 470 000 f.o.m. 2007. Løyvingsforslaget under kap. 341 post 1 er redusert tilsvarande i budsjettforslaget for 2008.
Utgiftene til ulike samlingar, etterutdanningskurs m.m. for prestane og til enkelte prestestillingar oppretta i samarbeid med ulike kyrkjelege institusjonar, blir om lag 4 mill. kroner høgare i 2007 enn tidlegare venta. Desse meirkostnadane blir dekte av meirinntekter under kap. 3341 post 1.
Departementet gjer etter dette framlegg om at løyvinga i 2007 under kap. 341 post 1 blir redusert med kr 1 470 000.
Omvisning i Nidaros domkyrkje og Erkebispegarden, sal av ulike bok- og souvenirprodukt og eksterne oppgåver som Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider gjer for andre, blir 4,5 mill. kroner høgare i 2007 enn tidlegare venta. Desse driftsutgiftene blir dekte av meirinntekter under kap. 3342 post 1.
Utleige av lokale i Erkebispegarden får noko større omfang enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir utgiftene knytte til utleigeverksemda venteleg om lag 2,7 mill. kroner i 2007. Dette er 0,6 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter under kap. 3342 post 4.
Departementet gjer etter dette framlegg om at kap. 342 post 1 blir auka med til saman 5,1 mill. kroner.
Departementet viser til at det i juni 2006 blei opna eit nytt besøkssenter ved Nidaros domkyrkje og ei permanent riksregalieutstilling i Erkebispegarden. Sals- og billettinntektene vil som følgje av dette bli høgare enn venta. Dei samla inntektene i 2007 er venta å bli om lag 15,2 mill. kroner. Dette gir ei meirinntekt på 4,5 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje meirutgifter knytte til drifta av besøkssenteret og riksregalieutstillinga og meirutgifter til vakthald m.m., jf. ovanfor.
Leige av lokale i Erkebispegarden har noko større omfang i 2007 enn venta. Inntektene frå utleige av desse lokala er venta å bli om lag 2,7 mill. kroner i 2007. Dette gir ei meirinntekt på 0,6 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje meirutgifter knytte til drifta av Erkebispegarden, jf. ovanfor.
Departementet gjer etter dette framlegg om at kap. 3342 post 1 blir auka med 4,5 mill. kroner og post 4 Leigeinntekter blir auka med 0,6 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til proposisjonen. Komiteen har ingen merknader
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2007 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter |
|||
340 |
Kyrkjeleg administrasjon |
||
21 |
Særskilde driftsutgifter, blir auka med |
9 000 000 | |
frå kr 15 570 000 til kr 24 570 000 |
|||
341 |
Presteskapet |
||
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
1 470 000 | |
frå kr 747 238 000 til kr 745 768 000 |
|||
342 |
Nidaros domkyrkje m.m. |
||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
5 100 000 | |
frå kr 43 685 000 til kr 48 785 000 |
|||
Inntekter |
|||
3340 |
Kyrkjeleg administrasjon |
||
2 |
Inntekter ved oppdrag, blir auka med |
9 000 000 | |
frå kr 15 570 000 til kr 24 570 000 |
|||
3341 |
Presteskapet |
||
1 |
Ymse inntekter, blir auka med |
4 000 000 | |
frå kr 7 266 000 til kr 11 266 000 |
|||
3342 |
Nidaros domkyrkje m.m. |
||
1 |
Ymse inntekter, blir auka med |
4 500 000 | |
frå kr 10 722 000 til kr 15 222 000 |
|||
4 |
Leigeinntekter, blir auka med |
600 000 | |
frå kr 2 105 000 til kr 2 705 000 |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 3. desember 2007
Ine Marie Eriksen Søreide leiar og ordførar |