Innstilling fra utenrikskomiteen om endring i statsbudsjettet for 2007 under Justis- og politidepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 56 (2007-2008)
- Kildedok: St.prp. nr. 18 (2007-2008), kap. 480
- Dato: 27.11.2007
- Utgiver: Utenrikskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Skatteinntektene på Svalbard har auka meir enn venta inneverande år. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) Svalbardbudsjettet blei det budsjettert med 83 mill. kroner på kap. 3030 Skatter og avgifter, post 70 Skatter m.m., og 3,5 mill. kroner på kap. 3030 Skatter og avgifter, post 71 Utførselsavgift.
Basert på rekneskapstal pr. 30. september 2007 er anslåtte skatteinntekter på Svalbard inneverande år 105 mill. kroner på kap. 3030 Skatter og avgifter, post 70 Skatter m.m., og 5 mill. kroner på kap. 3030 Skatter og avgifter, post 71 Utførselsavgift. Dette vil gi svalbardbudsjettet auka skatte- og avgiftsinntekter på 23,5 mill. kroner i 2007. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 480 post 50 med 23,5 mill. kroner.
Ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skole blei overført frå Kunnskapsdepartementet til Longyearbyen lokalstyre frå 1. januar 2007. Løyvinga til skolen blei frå same tid budsjettert over Svalbardbudsjettet.
I beløpet som blei rammeoverført i 2007 frå Kunnskapsdepartementet sitt kap. 222 post 1 blei det ikkje lagd inn feriepengar som skal utbetalast i 2007 for oppteningsåret 2006. Longyearbyen lokalstyre sette ikkje av feriepengar i 2006 for utbetaling i 2007, sidan dei tilsette ved skolen då hørde til staten. Samtidig som Longyearbyen lokalstyre i juni 2007 måtte utbetale feriepengar for dei tilsette på skolen, må dei gjennom heile 2007 sette av opptente feriepengar for utbetaling i juni 2008. Dette gjer Longyearbyen lokalstyre ei dobbel belastning det første året etter at skolen er overførd frå staten.
Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 480 post 50 med 1,457 mill. kroner.
I samband med overføringa av ansvaret for Longyearbyen skole til Longyearbyen lokalstyre frå 1. januar 2007 blei det rammeoverført midlar frå Kunnskapsdepartementet sitt kap. 222 post 1 til Justisdepartementet sitt kap. 480. Tilskottet på kap. 222 har tidlegare årleg fått tilført eventuell kompensasjon for lønsoppgjeret vedkommande år. Den same ordninga er ikkje gjort gjeldande for svalbardbudsjettet. Dette betyr at Longyearbyen lokalstyre ikkje er tilført kompensasjon for auka lønsutgifter som er påført etter lønsoppgjeret i vår.
Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga til kap. 480 post 50 med 0,4 mill. kroner.
Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 480 post 50 med 21,643 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I statsbudsjettet for 2007 gjøres følgende endring:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter |
|||
480 |
Svalbardbudsjettet |
||
50 |
Tilskudd, nedsettes med |
21 643 000 | |
fra kr 143 909 000 til kr 122 266 000 |
Oslo, i utenrikskomiteen, den 28. november 2007
Olav Akselsen leder |
Anette Trettebergstuen ordfører |