1. Sammendrag
- 1.1 Fornyings- og administrasjonsdepartementets innleiing
- 1.2 Fornyings- og administrasjonsdepartementets merknader til Datatilsynets årsmelding for 2006
- 1.3 Fornyings- og administrasjonsdepartementets merknader til Personvernnemndas årsmelding for 2006
- 1.4 Administrasjon og ressursar
Det er ei uttalt målsetjing for Regjeringa å fornye og utvikle offentleg sektor, ikkje minst gjennom ein offensiv IKT-politikk som inneber utvikling av fleire og betre tenester på Internett, vidareføring av arbeidet for ei døgnopen forvalting og auka satsing på universelt utforma teknologi. Målsetjinga er at det skal etablerast ordningar som både tek omsyn til samfunnets behov for innsyn og kontroll, og enkeltmennesket sin rett til personvern. Regjeringa ønskjer å ha fokus på at personvernet ikkje blir svekt, noko som kjem tydeleg fram i St.meld. nr. 17 (2006-2007) Eit informasjonssamfunn for alle.
Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2006 gir både ein situasjonsrapport og eit forsøk på å sjå inn i framtida. Diskusjonane som kjem fram i meldingane, er eit viktig ledd i den gjensidige tilpassinga mellom teknologi og sosial bruk av teknologien.
Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2006 viser korleis nye løysingar innverkar på personvernet til den enkelte. Datatilsynets årsmelding er delt opp i to delar, der den eine er tilbakeskodande og gir faktiske opplysningar, mens del II er meir resonnerande og framtidsretta. Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppfattar det slik at særleg den siste delen gir verdifull innsikt i utviklinga av personvernet.
I årsmeldinga til Datatilsynet er det trekt fram som ein tendens at mange nye løysingar ikkje gjer det mogleg å velje anonymitet. Når ein veg tapet av personvern opp mot dei økonomiske og praktiske fordelane i ei konkret sak, kan det framstå som riktig å akseptere at vernet skal avgrensast noko. Men ved ei slik fragmentarisk tilnærming er det vanskeleg å overskode den samla konsekvensen av inngrepa.
Blant anna på bakgrunn av slike utfordringar blei Personvernkommisjonen oppretta og oppnemnd 25. mai 2007. Det er lagt vekt på å skape ein personvernkommisjon som skal vurdere utfordringar og moglegheiter for personvernet som heilskap, særleg i lys av den teknologiske utviklinga. Ein ventar at kommisjonen vil setje ulike tema på dagsordenen og skape debatt. Personvernkommisjonen skal gi sin rapport til Fornyings- og administrasjonsdepartementet 8. desember 2008.
Personvernundersøkinga i 2005 viste at det er liten kunnskap om personopplysningsloven både blant enkeltmenneske og i private og offentlege verksemder. I 2006 har derfor Datatilsynet hatt fokus på å gi informasjon om regelverket.
Både Datatilsynet og Personvernnemnda viser i sine årsmeldingar til at det er behov for endringar og revisjon av personopplysningsloven på ei rekkje felt, for eksempel med omsyn til bruk av biometri. Justisdepartementet har ansvaret for revisjonsarbeidet. Både Datatilsynet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet assisterer i denne prosessen.
Parallelt med arbeidet med revisjon av loven blei det i 2006 sett ned ei arbeidsgruppe sett saman av tilsette i Justisdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Datatilsynet, som utarbeidde eit forslag til forskrift til personopplysningsloven om innsyn i e-post. Som utgangspunkt foreslo arbeidsgruppa at det ikkje skal vere rett til innsyn i ein enkeltpersons e-postkorrespondanse, men at innsyn likevel kan vere tillate i konkrete situasjonar. Det blei òg foreslått at reglane i ein viss grad kunne avvikast gjennom fastsett instruks. Forslaget blir justert på bakgrunn av dei mottekne høyringsfråsegnene.
Departementet har merkt seg at omgjeringsprosenten for klagesaker som blir avgjorde av Personvernnemnda er etter måten høg.
Fornyingsdepartementet har merka seg at Datatilsynet har fokus retta mot brot på teieplikta og mogleg misbruk av opplysningar i så vel helsesektoren som finanssektoren.
Datatilsynet uttaler i årsmeldinga at publisering av saker på tilsynets heimeside kombinert med ein aktiv mediekontakt gjer tilsynet godt synleg.
Departementet er fornøgd med Datatilsynets val av kommunikasjonsprosjekt, og overføringa til informasjonstiltak på 2 mill. kroner blir vidareført i 2007. Departementet er særleg nøgd med satsinga mot barn og ungdom og har bestemt at det for 2007 blir satt av ytterlegare 1,1 mill. kroner øyremerkte til prosjekt retta mot barn og unge.
I Datatilsynets årsmelding er personvernproblematikk knytt til bruk av Internett trekt fram som ein viktig tendens. Problemstillinga er blant anna illustrert med fire saker om sletting frå Internett.
Gjennom eit prosjekt retta mot ungdom og Internett blei det utvikla eit undervisningsopplegg for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, der bodskapen er at unge i stor grad kan ta kontroll over sine eigne opplysningar, og at dei også sjølve er ansvarlege for å respektere andres rett til personvern.
I meldingsåret blei det satt av pengar til eit prosjekt som skulle ta sikte på å bevisstgjere verksemder om pliktene i personopplysningsloven og samtidig motivere og rettleie dei til å etterleve regelverket. Det er utarbeidd rettleiingsmateriale med ferdige malar som verksemdene kan nytte ved utvikling av internkontrolldokument.
Som eit ledd i arbeidet med å gjere personopplysningsloven kjent har Datatilsynet i 2006 satsa spesielt på ordninga med personvernombod. Satsinga har blant anna vore retta mot kommunesektoren og bank- og finanssektoren. Talet på personvernombod er nesten tredobla i meldingsåret, noko som truleg er ei direkte følgje av satsinga til Datatilsynet.
Departementet meiner auken i talet på personvernombod er eit signal om at satsinga har vore vellykka. Dette tilseier ei vidareføring av arbeidet, og ordninga bør evaluerast etter ei tid.
I 2006 blei det gjennomført tilsyn mot i alt 150 verksemder, ca. 15 pst. fleire enn i 2005. Tilsyna er i stor grad gjennomførte som prosjekt retta mot bestemte bransjar eller bestemte typar verksemd. På denne måten har Datatilsynet kunna avdekkje i kva grad feil og manglar er tilfeldige eller utslag av ein meir gjennomgåande tendens innanfor gjeldande bransje eller type verksemd. Ei slik fokusert tilsynsverksemd verkar fornuftig, og departementet støttar opp om framgangsmåten som er vald.
Konklusjonane frå kontrollane som Datatilsynet har gjennomført i 2006, synest å vere på linje med resultata frå tidlegare år. Etterlevinga av regelverket for dokumentert datatryggleik og internkontroll er framleis relativt dårleg. Dette ser igjen ut til å medføre at det blir registrert unødvendig mange personopplysningar som ofte blir lagra unødvendig lenge. I tillegg ser rutinar i forhold til samtykke og informasjon ut til å vere noko tilfeldige.
Personvernnemnda har som hovudoppgåve å avgjere klagar på Datatilsynets vedtak. Personvernnemnda er oppteken av å reindyrke rolla som klageorgan og ønskjer derfor ikkje å delta aktivt i personverndebatten. Departementet ser at det kan vere vanskeleg for Personvernnemnda å reindyrke rolla som klageorgan og samtidig bidra med kunnskapsformidling. Departementet meiner likevel at det er viktig at Personvernnemnda bidrar med generell informasjon om viktige prinsippavgjerder.
Datatilsynet arbeider retta mot allmenta. Datatilsynets budsjett for 2006 låg i underkant av 25 mill. kroner, av desse var 2 mill. kroner øyremerkt til kommunikasjonsprosjekt. Ca. 65 pst. av desse midlane går til lønnskostnader fordelte på 32 medarbeidarar.
Departementet ser med interesse på at det blir prøvd ut andre former for tilsyn enn ved besøk, som for eksempel skriftlege spørjeundersøkingar til forskjellige bransjar, for å oppnå ein formålstenleg bruk av ressursane.
Datatilsynet deltek i ein del internasjonale fora, og ein del av budsjettet til Datatilsynet er derfor bundne opp i reiseutgifter. Departementet erkjenner at personvernproblemstillingar strekkjer seg over landegrensene, og er positive til at Datatilsynet prioriterer internasjonal deltaking.
Det er gjennomført 11 møter i Personvernnemnda, og 13 saker er avgjorde. Saksmengda til Personvernnemnda har vore stabil sidan 2005, og nemnda reknar med at den vil halde seg på ca. 20 saker i året. Departementet meiner at det er svært viktig at Personvernnemnda har ein beredskap for auke i talet på saker eller arbeidsmengd slik at ein unngår lang saksbehandlingstid.
Departementet meiner det er viktig at Personvernnemnda gjennom sine arbeidsmetodar sikrar ein viss kontinuitet ved skiftet av leiing. Det kviler i denne samanheng eit stort ansvar på sekretariatet.