Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet Hauge-Lonevåg på rv 567 i Osterøy kommune i Hordaland.

Finansieringa er basert på delfinansiering med bompengar gjennom utviding av eksisterande bompengeordning i Osterøy. Bompengar som i dag blir kravde inn i bomstasjonen (på rv 566 ved Osterøybrua), går til å finansiere Osterøybrua og vidare til Tiråstunnelen og Hannisdalslinja på Osterøy. I tillegg til bompengar omfattar finansieringsplanen for prosjektet Haug-Lonevåg statlege midlar og lokalt tilskot.

Utbygginga omfattar om lag 3,3 km ny riksveg. Av dette er om lag 1,5 km tunnel. Prosjektet vil gi fullgod standard på tilnærma heile strekninga mellom Osterøybrua og kommunesentret Lonevåg. Utbygginga vil gi gevinstar for trafikktryggleik og gjere det enklare å komme til kommunesentret for ein stor del av innbyggjarane. Utbetring av vegen er også viktig for å effektivisere transporten for næringslivet.

Omrekna til 2007-prisnivå er kostnadsoverslaget 198 mill. kroner. Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til - 0,4.

Anleggsarbeida er planlagt å starte hausten 2008, med opning for trafikk i 2011.

Osterøybrua ga Osterøy kommune landfast tilknyting til E16 over Sørfjorden, jf. St.prp. nr. 5 (1989-1990) og Innst. S. nr. 78 (1989-1990), og vidare St.prp. nr. 37 (1992-1993) og Innst. S. nr. 110 (1992-1993). Ved opninga av brua i 1997 blei ferjesambandet Haus-Garnes lagt ned, medan ferjesambandet Valestrandfossen-Breistein blei vidareført.

Andre byggetrinn i prosjektet, Tiråstunnelen på Osterøy sto ferdig i 1998, jf. St.prp. nr. 1 (1996-1997) og Budsjett-innst. S. nr. 14 (1996-1997). Tredje byggetrinn i prosjektet, Hannisdalslinja på Osterøy, sto ferdig i 2002, jf. St.prp. nr. 60 (1999-2000) og Innst. S. nr. 246 (1999-2000).

Etter utvidinga med Hannisdalslinja var bompengeperioden rekna til 17 år. Osterøy Bruselskap AS har søkt om å få delfinansiere utbygginga av rv 567 Hauge-Lonevåg ved ei utviding av dagens bompengeordning utan at føresett bompengeperiode på 17 år blir forlenga. Bakgrunnen er i hovudsak større trafikkvekst og lågare rentenivå enn det som er lagt til grunn tidlegare. Dersom bompengeordninga ikkje blir utvida, er det rekna med at bompengeperioden kan avsluttast etter om lag 14 1/2 år.

Osterøy kommune, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har slutta seg til å forlenge bompengeinnkrevjinga på rv 566 ved Osterøybrua for å delfinansiere utbygginga av rv 567 mellom Hauge og Lonevåg. Lokalpolitisk behandling er nærmare omtala i kapittel 3 i proposisjonen.

Totalt er det rekna med 98 mill. kroner i statlege midlar til prosjektet.

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei lagt om frå 1. januar 2004. Styret for kompensasjonsmidlane i Osterøy kommune har gått inn for at kompensasjonsmidlane for 2004 på 8 mill. kroner skal gå til bygging av prosjektet rv 567 Hauge-Lonevåg.

Det er lagt opp til delfinansiering med bompengar innanfor bompengeperioden på 17 år som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 60 (1999-2000). 17 års bompengeperiode inneber at innkrevjinga blir avslutta hausten 2014. Utan utvidinga med utbygginga mellom Hauge-Lonevåg er det venta at selskapet si gjeld er nedbetalt tidleg i 2012.

Hovudregelen ved innkrevjing av bompengar er nytteprinsippet. Dei som betalar bompengar, skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt også skal betale bompengar, jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Bompengar som i dag blir kravde inn i bomstasjonen, går til å finansiere Osterøybrua, Tiråstunnelen og Hannisdalslinja. Bompengetaksten er lik uavhengig av om ein nyttar ein, to eller alle dei tre vegprosjekta.

Samferdselsdepartementet har merka seg at utbygging av rv 567 mellom Hauge og Lonevåg er viktig for Osterøy kommune. Det er den lokale trafikken som må betale bompengar, og sjølv om berre ein del av trafikantane som passerer bomstasjonen ved Osterøybrua vil ha direkte nytte av prosjektet Hauge-Lonevåg, vil truleg fleire av trafikantane ha nytte av det nye prosjektet over tid.

Finansieringsføresetnader går elles fram av pkt. 5 i proposisjonen.

Det er ikkje lagt opp til justeringar/endringar av takstane ved utviding av bompengeprosjektet med prosjektet Hauge-Lonevåg.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til at det må vere eit vilkår at bompengeselskapet har ei renteavtale som sikrar eit rentenivå minimum i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen. Departementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen (tilleggsavtalen) blir underskriven.

Hordaland fylkeskommune har vedtatt å stille garanti for eit bompengelån på inntil 140 mill. kroner knytt til prosjektet Hauge-Lonevåg.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av rv 567 Hauge-Lonevåg, vil det bli inngått ein tilleggsavtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet Osterøy Bruselskap AS i tråd med føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen.