Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Med denne meldinga legg Regjeringa fram informasjon om norsk eksportkontroll når det gjeld våpen, ammunisjon og anna militært materiell og fleirbruksvarer. Meldinga gjev innsyn i omfanget av den faktiske eksporten av forsvarsmateriell i 2006. I tillegg blir det gjort greie for norsk eksportkontrollregelverk og -praksis, samarbeidet med andre etatar og det internasjonale ikkje-spreiings- og eksportkontrollsamarbeidet som Noreg deltek i både når det gjeld forsvarsprodukt og fleirbruksvarer.

Regjeringa legg vekt på at det skal vere størst mogeleg innsyn i utførselen av norsk forsvarsmateriell. Sidan meldinga om omfanget av slik utførsel blei lagt fram første gong i 1996, har det blitt større openheit om dette. Meldinga om utførselen av forsvarsmateriell for 2005 (St.meld. nr. 19 (2005-2006)) inneheldt mellom anna for første gong informasjon om forsvarsstyresmaktenes utførsel av eige materiell og om utførselen av handvåpen frå Noreg. I tillegg inneheldt meldinga informasjon om avslag på lisenssøknader og kva for eitt av dei åtte kriteria i EU-kodeksen som låg til grunn for avslaget. Ho inneheldt dessutan informasjon om formidlinga av forsvarsmateriell mellom tredjeland og om overføringa av produksjonsrettar for forsvarsmateriell til utlandet.

Stortingsbehandlinga av meldinga for 2005 viste at det er brei tverrpolitisk semje om at det er oppnådd ein tilfredsstillande grad av openheit.

Den auka graden av innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, som har utvikla seg dei siste åra, medfører omfattande rapportering frå bedriftene si side. For å sikre at informasjonen som blir lagt fram i meldinga, er så korrekt og komplett som mogeleg, krevst det òg gode rutinar og system. Regjeringa er oppteken av å vidareføre dette arbeidet og oppnå ein størst mogeleg grad av openheit knytt til eksporten av norsk forsvarsmateriell.

Meldinga i år følgjer i hovudsak det same formatet som den førre meldinga.

Til liks med tidlegare stortingsmeldingar er talmaterialet i denne meldinga basert på utførselen av varer som står på Utanriksdepartementets liste I og tenester og teknologi knytt til desse varene. Liste I omfattar både A-materiell, som er våpen og ammunisjon, og B-materiell, som er andre varer spesielt utvikla eller modifiserte for militære formål. Den samla verdien av eksporten i 2006 var om lag 3,5 mrd. kroner. Av dette utgjer sal 2,9 mrd. kroner, tenester om lag 362 mill. kroner og reparasjonar for utanlandske eigarar ca. 194 mill. kroner. A-materiell utgjorde i overkant av 1,4 mrd. kroner og B-materiell utgjorde tilnærma 1,5 mrd. kroner.

I 2005 utgjorde den samla eksporten ca. 2,9 mill. kroner. Til samanlikning var den samla verdien av eksporten om lag 2 mrd. kroner i 2004 og 3 mrd. kroner i 2003.

I 2006 utgjorde eksporten av A-materiell til NATO-landa 86 pst. og av B-materiell 55 pst., dei nordiske landa utgjorde høvesvis 8 pst. og 13 pst. I 2005 utgjorde eksporten til desse landa til saman høvesvis 82 pst. for A-materiell og 70 pst. for B-materiell.

Eksporten av våpen og anna militært materiell til NATO-land eller andre nærståande land byggjer på eit etablert samarbeid der Noreg deltek med spissteknologi på visse område.

Noreg praktiserer ei svært streng handheving av eksportkontrollregelverket. Dette er bakgrunnen for at hovudmottakarane av norsk forsvarsmateriell er NATO-medlemsland og andre nærståande land. Før det blir gjeve utførselsløyve, må det liggje føre dokumentasjon som godtgjer kven som er mottakar av forsvarsmateriellet. Regjeringa vil vidareføre denne politikken i tida framover.

Utanriksdepartementets kontroll med eksporten av våpen og militært materiell er basert på eiga lov, forskrift og retningslinjer for korleis departementet skal behandle søknader om løyve til eksport av forsvarsmateriell. Utgangspunktet for regelverket og praksisen er ei regjeringserklæring og eit stortingsvedtak av 11. mars 1959. Erklæringa slo fast at "hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig". Stortinget tok

"til etterretning den erklæring statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted".

I 1997 slutta eit samrøystes storting seg til ei presisering om at

"Utenriksdepartementets vurdering av disse for­holdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter".

Eksportkontrollen tek òg sikte på å hindre at varer og teknologi til framstilling av masseøydeleggingsvåpen blir utførte i strid med norsk regelverk, internasjonale avtalar og internasjonalt samarbeid som Noreg har slutta seg til. Slike varer er omtalte på Utanriksdepartementets liste II (fleirbruksvarer).

Utførsel av forsvarsmateriell til land utanfor NATO-alliansen og gruppa av nærståande land må vurderast nøye, og retningslinjene som er nemnde ovanfor, må praktiserast nøye. Dersom konklusjonen er at det kan gjevast løyve til slikt sal, blir det kravd sluttbrukardokumentasjon der mottakaren erklærer at han eller ho er den endelege mottakaren av materiellet, opplyser om kvar det skal installerast og brukast og forsikrar om at materiellet ikkje skal seljast vidare utan med samtykke frå norske styresmakter.

For å sikre at rammevilkåra blir så like som mogeleg, er det behov for ei internasjonal samordning av dokumentasjonskrava og sluttbrukarkontrollen. Innanfor relevante internasjonale forum blir det arbeidd for å komme fram til meir einsarta standardar og prosedyrar. Eksportkontrollregimet Wassenaar-samarbeidet (WA) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) har mellom anna utarbeidd ei rettleiing for ein nasjonal sluttbrukarkontroll.

Utanriksdepartementet arbeider heile tida med å sikre eit tidsmessig og effektivt regelverk. I 2004 blei det gjort ei rekkje endringar i eksportkontrollforskriftene. Det blei gjort greie for desse endringane i St.meld. nr. 36 (2004-2005) og St.meld. nr. 19 (2005-2006).

Med verknad frå 1. juli 2005 blei det gjort endringar i eksportkontrollova for å spegle at eksportkontrollen òg er retta mot leveransar som kan vere meinte for å utøve terrorhandlingar. Ved endringa blei det òg oppretta heimel for å kontrollere formidlinga av visse sensitive fleirbruksvarer mellom to framande land. Utanriksdepartementet arbeider no med å gjere dei nødvendige endringane i forskriftene for å sikre at lovendringane blir gjennomførte på ein mest mogeleg føremålstenleg måte.

I tillegg har ei rekkje internasjonale vedtak som er bindande for Noreg, særleg knytt til resolusjon 1373 (2001) og 1540 (2004) frå Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane, ført til at det er behov for gjennomføring i norsk rett. Resolusjonane fører til at medlemslanda er forplikta til å setje i verk nasjonale tiltak for å hindre at terroristar og spreiingsland får tilgang til sensitive varer og sensitiv teknologi i samband med masseøydeleggingsvåpen. Arbeidet med å styrkje eksportkontrollregelverket er nærare omhandla i meldinga.

FNs tryggingsråd vedtok i oktober 2006, desember 2006 og mars 2007 bindande sanksjonar mot Nord-Korea og Iran. Sanksjonane rettar seg mot dei kjernefysiske programma til desse landa og omfattar òg leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen og forbod mot transport, formidling og eksport av konvensjonelle våpensystem. Det er utarbeidd norske forskrifter for å sikre at forpliktingane i resolusjonane blir gjennomførte.

Auka internasjonal innsats fører til auka forventningar til at dei enkelte landa er i stand til å etterleve og gjennomføre ein effektiv eksportkontroll. For å sikre at det blir gjennomført ein forsvarleg og effektiv eksportkontroll, samarbeider Utanriksdepartementet med ei rekkje andre etatar. For å styrkje den norske innsatsen på eksportkontrollområdet ytterlegare, tok Utanriksdepartementet i januar 2007 initiativ til å opprette eit tverrinstitusjonelt samarbeid med Politiets tryggingsteneste, Tollverket og Forsvaret. Formålet er å drøfte, planleggje og koordinere aktivitetane til dei einskilde instansane for å sikre ein mest mogeleg effektiv eksportkontroll i alle ledd.

Som forvaltnings- og kontrollorgan legg Utanriksdepartementet òg vesentleg vekt på eit nært samarbeid med den enkelte eksportøren frå sak til sak. Når det blir gjeve løyve til å selje forsvarsmateriell, vil spørsmålet om vedlikehald, reparasjonar og levering av reservedelar i framtida vere ein del av totalvurderinga til departementet. Omsynet til dei norske leverandørane sitt truverde som handelspartnarar er òg eit tilhøve som styresmaktene må vurdere når det gjeld å gje løyve til oppfølgingsleveransar.

Noreg slutta seg til EU-kodeksen for eksport av våpen og militært materiell i 1998. Kodeksen har blitt vesentleg styrkt dei siste åra og dannar i aukande grad eit internasjonalt rammeverk for prinsippa om leveransar av våpen og militært materiell. I 2004 innleidde Noreg, som einaste ikkje-medlem, eit nærare samarbeid med EU med EU-kodeksen som ramme.

Multilaterale ikkje-spreiingsavtalar og nedrustingsinstrument er sentrale uttrykk for det arbeidet verdssamfunnet driv med nedrusting og for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og ein ukontrollert flyt av andre våpen. Eksportkontrollregima er eit viktig instrument i dette arbeidet.

Noreg har teke eit særleg ansvar internasjonalt for å styrkje arbeidet med nedrustings- og ikkje-spreiingsspørsmål. Saman med ei gruppe på seks land (Chile, Romania, Australia, Sør-Afrika, Indonesia og Storbritannia) er Noreg pådrivar på dette området. Denne såkalla 7-landsgruppa blei oppretta før FN-toppmøtet i september 2005 og har i tida etterpå hatt regelmessig kontakt.

For Noreg er det ei prioritert oppgåve å medverke til at den kjernefysiske nedrustinga skal halde fram. For å lukkast på dette området er det viktig å komme med konkrete og realistiske nedrustingsframlegg. I dette arbeidet har Regjeringa styrkt kontakten med norske og utanlandske forskingsmiljø. Dette samarbeidet vil saman med 7-landsinitiativet bli særleg viktig fram mot NPTs tilsynskonferanse i 2010. Det førebuande arbeidet her starta i april i 2007.

Noreg tek aktivt del i det omfattande internasjonale samarbeidet som er oppretta på eksportkontroll- og ikkje-spreiingsområdet. Dette samarbeidet er eit viktig bidrag til å hindre ulovleg våpenhandel og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Kontrollen med fleirbruksvarer (liste II) byggjer heilt og fullt på det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet. Handelen med konvensjonelle våpen og militært materiell (liste I) er i utgangspunktet eit nasjonalt ansvar, men her òg har utviklinga dei seinare åra gått i retning av auka internasjonal dialog og koordinering. Samarbeidet har dei siste åra vore drive fram ytterlegare av kravet til og ønsket om større openheit om handelen med forsvarsmateriell.

Noreg har vore medlem av styret i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) frå 2005 og fram til styremøtet hausten 2007. Som medlem av styret har Noreg arbeidd aktivt for å styrkje innsatsen til IAEA på ikkje-spreiingsområdet. Deltakinga i styret er likeins ein viktig arena for å arbeide for norske synspunkt når det gjeld kjernefysisk nedrusting.

Innanfor dei multilaterale eksportkontrollregima er det oppretta eigne ekspertforum for handheving og kontroll, og informasjonsutvekslinga mellom deltakarlanda er vesentleg styrkt dei seinare åra. På dei årlege plenumsmøta blir det gjort vedtak som ein føreset blir gjennomførte i nasjonale regelverk og praksis i medlemslanda. Wassenaar-samarbeidet (WA) vil i 2007 gjennomføre forhandlingar for å styrkje og vidareut­vikle samarbeidet om kontrollen med konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi. Under ein tilsvarande gjennomgang i 2003 blei det mellom anna oppnådd semje om felles kriterium for kontroll med berbare luftvernsystem (MANPADS) og handvåpen og om felles kriterium for kontrollen med formidlinga av våpen mellom tredjeland.

Frå norsk side vil det bli arbeidd vidare for å styrkje utvekslinga av informasjon innanfor WA og for å styrkje retningslinjene når det gjeld kontrollen med konvensjonelle våpen og relevant høgteknologi.

EU-kodeksen og vedtaka om standardar for eksport av forsvarsmateriell frå Wassenaar-samarbeidet (WA) legg òg føringar for den norske praktiseringa når det gjeld kontroll med eksporten av forsvarsmateriell. Dei åtte kriteria i kodeksen og WA-vedtaka blir etterlevde innanfor ramma av det norske regelverket.

Noreg gjennomfører dei relevante vedtaka om våpen­embargoar frå Tryggingsrådet i FN og frå OSSE, uavhengig av om dei har bindande eller ikkje-bindande karakter. I praksis har Noreg òg slutta seg til og etterlever EU-vedtak om våpenembargoar. Dette er ein politikk Regjeringa tek sikte på å føre vidare.

Meldinga gjer òg greie for saksbehandlinga i Utanriksdepartementet når det gjeld behandlinga av søknader om utførselsløyve for både forsvarsmateriell (liste I) og fleirbruksvarer (liste II). Det at Utanriksdepartementet legg vekt på dialog med bedrifter og institusjonar om eksportkontroll, medrekna informasjonsverksemd, er òg omtalt.

Dei siste åra har forsvarsindustrien blitt vesentleg tilpassa ein endra internasjonal marknad. Omstrukturering og internasjonalisering har ført til at norske forsvarsmateriellbedrifter har satsa på å utvikle nisjekompetanse innanfor ramma av eit fleirnasjonalt samarbeid. Dette spørsmålet blir òg omtalt i denne meldinga.

Som eit ledd i målet om openheit kring internasjonal våpenhandel, vil eit samandrag av stortingsmeldinga bli omsett til engelsk og lagt ut på heimesida til departementet (www.eksportkontroll.mfa.no).