Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenrikskomiteen om nordisk samarbeid

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Stortingsmeldinga om nordisk samarbeid er utarbeidd av sekretariatet til samarbeidsministeren i Utanriksdepartementet i samarbeid med Statsministeren sitt kontor og alle departementa. Kapittel 2 handler om særleg aktuelle problemstillingar, dvs. dei utfordringane Norden står overfor i ei globalisert verd og grensehindringar. I kapittel 3 vert det gjort greie for samarbeidet med Norden sine naboar, medrekna statar, regionale råd og den nordlege dimensjonen. Kapittel 4 gjev eit oversyn over det faglege og det tverrsektorielle samarbeidet gjennom dei ulike ministerråda, og kapittel 5 orienterer om det uformelle nordiske samarbeidet utanfor Nordisk Ministerråd.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.

Regjeringa prioriterer det nordiske samarbeidet. Soria Moria-erklæringa slår fast at Regjeringa vil utvikle det potensialet som ligg i det nordiske samarbeidet gjennom ein nær dialog med nordiske naboar. Det nordiske regjeringssamarbeidet legg vekt på klare målsetjingar, relevans og fornying.

Den norske formannskapen i det nordiske regjeringssamarbeidet i 2006 la særleg vekt på å løfte fram nordområda og den nordiske velferdsmodellen, og vidareutvikla samarbeidet om utdanning, forsking og innovasjon, nedbygging av grensehindringar og budsjettreform. Dei nordiske innsatsane vart auka i samarbeidet med Nordvest-Russland, Arktis, Vest-Norden, Barentsrådet, Kviterussland og den nordlege dimensjonen. Til sesjonen i Oslo i 2007 skal Ministerrådet leggje fram forslag til å styrkje deltakinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet.

Den finske formannskapen i 2007 legger vekt på EU-dimensjonen i det nordiske samarbeidet og vil styrkje Norden ved å nytte seg av regionalt samarbeid i ei globalisert verd. Dei nordiske statsministrane bad i juni 2007 samarbeidsministrane om å vurdere ei rekkje konkrete forslag som kan medverke til å gje Norden ei meir sentral stilling i global samanheng.

Med ein likearta og avansert ståstad når det gjelder kunnskap, kompetanse, kreativitet og kulturarv har dei nordiske landa store sjansar til å bidra med gode løysingar på globale utfordringar. Samtidig er den nordiske velferdsmodellen utsett for eit aukande press og felles utfordringar på mange område, til dømes den demografiske utviklinga. Arbeidsmarknaden og arbeidsmiljøfeltet står sentralt i den vidare utviklinga av dei nordiske velferdssamfunna. På denne bakgrunn har samarbeidsministrane sett i gang ein prosess for å kartleggje om det lèt seg gjere med konkrete fellesnordiske innsatsar for å styrkje dei nordiske landa på område der auka samarbeid kan gje meirverdi. Politiske satsingsområde i det nordiske samarbeidet vert i første rekkje forsking, innovasjon, klima, energi og miljø. Eit viktig element i samarbeidet vil vere å synleggjere og profilere Norden som ein føregangsregion på ei rekkje område, og dette arbeidet skal drøftast på sesjonen i Rådet i 2007. Desse spørsmåla vart og tekne opp under statsministrane sine møter gjennom året.

Etter initiativ frå den norske samarbeidsministeren vart det i 2006 vedteke å etablere særlege pådrivarordningar for å redusere grensehindringar på to område: næringslivet og sosial- og helseområdet. Pådrivarane er forankra i dei relevante nordiske fagministerråda, og skal ha politisk og fagleg tyngde til å utøve trykk på både dei administrativt og politisk ansvarlege nasjonalt og innanfor rammene av Nordisk Ministerråd. Pådrivaren som er engasjert av dei nordiske næringsministrane vil særleg fokusere på dei hinder som små og mellomstore føretak vert ramma av, forenkle administrative prosedyrar og betre informasjonen om dei utsiktene og rettane små og mellomstore føretak har i ein etableringsfase. Sosial- og helsepådrivaren har starta med å konsentrere seg om konkrete problemstillingar knytte til uførepensjon og førtidspensjon og dessutan problem for langtidssjukmelde som arbeider i eitt nordisk land og er busette i eit anna. Vidare vil pådrivaren sjå nærare på problemstillingar knytte til fedrane sin rett til permisjon i Noreg, tilhøve som er viktige i dei tilfella der mora til barnet verken bur eller arbeider i Noreg.

Informasjonstenesta Hallo Norden er etablerte i alle dei nordiske landa som operative kanalar for formidling av informasjon om relevant regelverk for nordiske innbyggjarar og tilvising til rette ansvarlege styresmakt. Ministerrådet utviklar òg stadig nettbaserte informasjonsportalar med dette føremålet, og fleire regionale og bilaterale prosjekt arbeider kontinuerleg for å redusere konsekvensane av grensehindringane.

Statsministrane har bede om at dei kvart år i samband med sesjonen i Nordisk Råd får lagt fram ei liste over aktuelle grensehindringar og forslag til handtering. Etter forslag frå Nordisk Råd skal ministerrådet diskutere oppretting av ein overordna samordnar for arbeidet med nordiske grensehindringar.

I arbeidet med å byggje ned grensehindringar mellom dei nordiske landa er det vedteke endringar i den nordiske konvensjonen om sosialhjelp og sosiale tenester.

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet. På dagsordenen står både nordiske, europeiske og andre internasjonale spørsmål. Regjeringa ser på statsministermøta som viktige for det nordiske samarbeidet.

På møta sine har statsministrane mellom anna diskutert dei norske og finske formannskapsprogramma i Nordisk Ministerråd for høvesvis 2006 og 2007, medrekna nordisk samarbeid i nordområda, den nordiske velferdsmodellen, EU-samarbeid og den nordlege dimensjonen. I nordområda har Ministerrådet utvikla eit omfattande nettverks- og utvekslingsprogram for Nordvest-Russland og sett i verk eit nytt arktisk samarbeidsprogram. Det er òg utvikla eit program for støtte til eit eksiluniversitet i Vilnius for kviterussiske studentar.

Eit anna tema har vore å identifisere fellesnordiske aktivitetar som kan styrkje dei nordiske landa i dei internasjonale globaliseringsprosessane.

Statsråd Heidi Grande Røys har vore nordisk samarbeidsminister sidan regjeringsskiftet i 2005. Under leiing av den norske formannskapen i 2006 vart budsjettet for 2007 vedteke i ein god og konstruktiv dialog med Nordisk Råd. Budsjettforslaget for 2008 vert endeleg vedteke under sesjonen i Oslo 2007 og føreset i uendra ramme. Forslaget har innarbeidd ei pro rata nedskjering på 2 pst. for alle sektorer for å sikre midlar til ein prioriteringspott. Frå Noreg si side er det føreslått at landa bør vurdere andre metodar enn pro rata nedskjeringar for meir politiske og direkte budsjettmessige prioriteringar. Venteleg vil den svenske formannskapen i 2008 forfølgje dette forslaget. Etter norsk initiativ er det gjennomført eit større prosjekt for reform av budsjettdokumentet og av sentrale budsjettmekanismar. Føremålet er å tydeleggjere prioriteringane og satsingsområda i budsjettet og å styrkje mekanismane for budsjettkontroll for m.a å styrkje prosjektstyringa og redusere likviditeten. Reformen skal tre i kraft frå og med budsjettet for 2008.

Ministerrådet har eit nytt og heilskapleg operativt samarbeid med Nordvest-Russland med utgangspunkt i eit nettverks- og utvekslingsprogram som skal styrkje demokratiutviklinga i området. Noreg og Russland har óg forhandla fram ein avtale om visumlette som tilsvarar ein avtale inngått mellom EU og Russland. I samspel med landa og andre regionale råd speler Nordisk Ministerråd og Noreg ei aktiv rolle i helse og sosialsamarbeidet i Norden sine naboområde. Særleg i samarbeidet med Nordvest-Russland er det lagt vekt på arbeidet for utsette barne og unge, livsstilsrelaterte sjukdommar og hiv/aidsproblematikken.

Det samarbeidet Ministerrådet har med dei andre regionale råda og den nordlege dimensjonen, vert styrkt kontinuerleg, og det vart i 2006 etablert eit konkret samarbeid også med Barentsrådet. Det nye og utvida arktiske samarbeidsprogrammet til Ministerrådet er under gjennomføring. Støtta til det kviterussiske eksiluniversitetet i Vilnius er ført vidare i nært samarbeid med EU. Ministerrådet er ein nær samarbeidspartnar og bidragsytar i den nordlege dimensjonen, der Norge og Island no er fullverdige deltakarar. Samarbeidet i Vest-Norden vart styrkt i 2007 gjennom auka vektlegging på Nordisk Atlantsamarbeid (NORA).

Sameministrane og sametingspresidentane meiner det er viktig å styrkje statusen for samar og andre urfolk i Barentsregionen, og har oppmoda samarbeidsorgana i regionen til å fokusere meir på situasjonen til urfolka og støtte til tiltak som medverkar til å sikre ekstistens-grunnlaget, språket og kulturen deira.

Det er eit omfattande justis- og innanrikspolitisk samarbeid i Austersjøområdet mellom anna når det gjeld vidareutvikling av øvingar, utdanning og avtalar innan rednings- og beredskapssamarbeidet og samarbeid mellom kriminalomsorga i dei nordiske landa og fengselsvesenet i dei baltiske landa. Det er òg samarbeid når det gjeld grensekontroll og utvikling og modernisering av institusjonar og funksjonar i kampen mot kriminalitet og i strafferettsapparatet, samt styrkjing av samarbeidet innan fornybar energi og energieffektivisering. Fleire av desse aktivitetene føregår parallellt med samarbeid utvikla innan til dømes EØS-finansieringsordninga og Europarådet.

Sverige har hatt formannskapen i Austersjørådet i perioden juni 2006 til juni 2007 og lagt særleg vekt på energi og miljø, sivil tryggleik og handel og investeringar. I formannskapsperioden tok Sverige initiativ til å setje i verk ein gjennomgang av Austersjørådet med sikte på reformering og revitalisering i lys av nye utfordringar sidan rådet blei danna i 1992. Noreg har støtta det svenske initiativet og har mellom anna peikt på kor viktig det er å trekkje det lokale og fylkeskommunale nivået og parlamentarikarsida med i reformarbeidet. Latvia har teke over formannskapen for perioden fram til juni 2008 og vil prioritere utdanning, energi og sivil tryggleik.

Dei konkrete oppgåvene for Barentsrådet har vore å styrkje og fremje regionalt samarbeid over eit breitt spekter: næringsliv, miljø, samferdsel og kommunikasjonar, utdanning og forsking, helse, kultur, urfolk, justisspørsmål, redningssamarbeid, ungdomsspørsmål o.a. Det viktigaste målet er å fremje ei berekraftig utvikling i vidaste forstand. Etter initiativ frå Noreg skal det etter planen åpne eit internasjonalt sekretariat i Kirkenes 1. januar 2008. Sekretariatet skal stø opp om dei ulike samarbeidsaktivitetane, vere eit institusjonelt minne, styrkje det multilaterale aspektet og vere eit viktig kommunikasjonsledd til Europa og den nye "nordlege dimensjonen".

Det er i norsk interesse å utdjupe og vidareutvikle samarbeidet i Arktisk råd som eit organ for sirkumpolart samarbeid. Noreg har formannskapen i Arktisk råd til neste ministermøte våren 2009. I samråd med Danmark og Sverige er det laga eit koordinert formannskapsprogram for perioden 2006-2013 for å skape eit meir langsiktig og fokusert arktisk samarbeid. Programmet har tre hovudprioriteringar: heilskapleg ressursforvaltning, klimaendring og effektivisering av samarbeidet. Det norsk-dansk-svenske samarbeidet i tilknyting til etterfølgjande formannskapsperiodar har òg resultert i etableringa av eit felles sekretariat i Tromsø fram til 2013. Noreg har teke initiativ til eit nytt samarbeidsprosjekt for å samle dei røynslene medlemslanda har når det gjeld økosystembasert ressursforvaltning innanfor det arktiske området. I lys av klimastudien Arctic Climate Impact Assessment (ACIA) har Noreg komme med framlegg om eit prosjekt for vurdering av status og konsekvensar av klimaendringaen i dei isfylte områda i nord. Det er semje om å få ein oversikt over kunnskap om tilpassing til arktisk klimaendring for å auke den evna urfolk og andre lokale innbyggjarar har til å hanskast med verknadene av klimaendringane.

Dei nordiske landa har ei rekkje felles interesser og synspunkt når det gjeld utviklinga i EU. Sett frå norsk side er det særleg viktig å syte for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i ein nordisk krets på eit tidleg tidspunkt. Samstundes er det viktig for oss at vi held oppe dei nordiske modellane på området der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid, til dømes innan det konsulære samarbeidet, politisamarbeidet og visumsamarbeidet. Dei mest konkrete og synlege døma på nordisk samarbeid i EU-samanheng det siste året er etableringa av den nordiske militære stridsgruppa som skal stå i beredskap i eit halvt år f.o.m. 1. januar 2008, og den aktive innlemminga av Noreg og Island i det EU-initierte samarbeidet i den nordlege dimensjonen.

Det nordiske kultur- og mediesamarbeidet fekk ny profil frå 1. januar 2007. Hovudpilarane i det nye samarbeidet er tre program: eit medieprogram som gjev støtte til utvikling av dataspel for barn og unge med nordisk "innhald", kunst- og kulturprogrammet og mobilitets- og residensprogrammet. Endringa vil skape nye samarbeidsformer for kunstnarar og kulturaktørar og ny substans og tverrfagleg arbeid, og det vert frigjort midlar til program, prosjekt og aktivitetar. Hovudoppgåva til Ministerrådet den neste treårsperioden når den nye strukturen skal konsoliderast, er å vurdere om mål og verkemiddel er kulturpolitisk føremålstenlege og relevante, mellom anna gjennom ei kontinuerleg evaluering. I lys av den globale utviklinga er det viktig å styrkje Norden som ein berekraftig kulturregion og som ei plattform for internasjonalisert samarbeid ved å verne om og fremje eit mangfald av kulturuttrykk i Norden.

Den nordiske avtalen om tilgang til høgare utdanning i alle nordiske land er forlenga. Eit felles nordisk masterprogram - Nordic Masters - er etablert og blir utvikla i kommande studieår med første studentopptak hausten 2008. Nordplus-programma er forlengja med eitt år. Neste generasjon Nordplus blir frå 2008 utvida til å omfatte dei baltiske land og blir eit rammeprogram med ein tverrsektoriell del og tre sektorprogram for skuleområdet, høgare utdanning og vaksnie si læring. Samarbeidet om internasjonale undersøkingar i grunnopplæringa skal styrkjast. Etter Noreg sitt initiativ blir det i 2007 lagt fram ein rapport om effektiv organisering av språkpolitikken med sikte på å styrkje nabospråksforståinga i Norden. Noreg har støtta opp om globaliseringsarbeidet til Ministerrådet der utdanning, forsking og innovasjon speler ei viktig rolle. Ministerrådet har òg engasjert seg i Bologna-prosessen.

Noreg har støtta opp om den sterke vektlegginga av samarbeidet mellom forsking og innovasjon i strategien til Nordisk Ministerråd og i globaliseringsarbeidet. Vidare har Noreg lagt vekt på den rolla Norden har som ein føregangsregion innan arktisk forsking og framheva behovet for å styrkje samarbeidet, særleg med tanke på å auke kunnskapen om klima-endringane i Arktis.

På fleire sentrale område er det behov for eit sterkare nordisk samarbeid innan IT-politikk og IT-koordinering. Samordning og koordinering av felles nordiske initiativ overfor EU vil gje ytterlegare verdi til det nordiske IT-samarbeidet.

Prioriterte satsingsområde på miljøsektoren under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006 var miljøutfordringeane i Arktis med vekt på miljøgifter og klima og folkeleg deltaking i miljø- og berekraftarbeidet. I tillegg har det vore sterkt fokus på dei globale klimaproblema. Eit viktig område innan miljøsamarbeidet i Norden er òg å påverke og følgje med i utviklinga av regelverket i EU og andre internasjonale prosessar.

Den nye organisasjonsstrukturen i Nordisk Ministerråd tredde i kraft 1. januar 2006 og innebar at dei tidlegare tre ministerråda for høvesvis nærings-, energi- og regionalpolitikk vart samla til eit felles ministerråd (MR-NER). Prioriterte område under formannskapen i 2006 var fokusering på nedbygginga av grensehindringar for næringslivet, entreprenørskap og innovasjon og å føre vidare arbeidet med å vidareutvikle Norden til ein grenselaus og konkurransekraftig region.

I den norske formannskapsperioden vart det lagt vekt på å setje i verk det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeidet for 2006-2009 og konsentrerer seg om kjerneområdene energimarknader (særleg elektrisitetsmarknaden), berekraftige energisystem og Norden i det internasjonale energisamarbeidet. Nordisk energiforsking skal styrkjast og ha fokus på nye energiløysingar og ein velfungerande marknad med fem tematiske satsingsområde: integrasjon av energimarknaden, fornybar energi, energieffektivitet, hydrogensamfunnet og konsekvensane av klimaendringar på energiområdet.

Den norske formannskapen tok initiativet til eit samarbeidsprosjekt som regionalt tilpassa innovasjonspolitikk i dei nordiske regionane og eit samarbeid om fornybar energi ved å setje i gang eit demonstrasjonsprosjekt innanfor biodiesel. Den finske formannskapen i 2007 fokuserer på regional konkurransekraft og innovasjon og på basistenester for befolkninga og å utvikle den nordlege dimensjonen gjennom å styrkje det regionale samarbeidet med dei baltiske statane.

På det nordiske ministermøtet i 2006 vart det vedteke ei erklæring om ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) med særleg fokus på oppgraderinga av hamnestatskontrollen. Dei nordiske landa ønskjer å medverke til at det kjem på plass ein global avtale om hamnestatskontroll i regi av FAO.

Berekraftig fiskeri har vore eit anna viktig emne for fiskerisektoren. Under den norske formannskapen vart det i september 2006 halde ein internasjonal konferanse i Bergen om økosystemtilnærming til fiskeriforvaltning. Konferansen, som var organisert i samarbeid med FAO, samla 150 deltakarar frå 38 land. Som oppfølging av konferansen vart det utarbeidd ei nordisk ministererklæring som viser til dei viktigaste konklusjonane frå konferansen. Erklæringa og den offisielle oppsummeringa av konferansen vart sendt til FAO som inspirasjon til møtet i fiskerikomiteen i FAO (COFI) i mars 2007. Noreg har i FAO komme med forslag om at det vert laga ei global utgreiing om dei konsekvensane klimaendringane har for fiskeria, og dei nordiske landa ønskjer å støtte opp om dette med nordiske initiativ

I ei erklæring frå eit felles baltisk-nordisk ministermøte i november 2006 uttrykte ministrane uro for dei sosioøkonomiske konsekvensane den stadig aukande selbestanden hadde for kystnære samfunn.

Det nordiske samarbeidet på jord- og skogbrukssektoren er breitt og omfattande. Det vart halde to ministermøte i Noreg i 2006. På møtet i juli 2006 deltok 12 ministrar frå dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. På det nordisk-baltiske ministermøtet i november deltok det ni ministrar frå Norden og Baltikum.

Regjeringa opplyser at omorganiseringa av genressurssamarbeidet var ei viktig sak i 2006-2007. Det er no vedteke å slå Nordisk genbank - plantar, Nordisk Genbank - husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd saman til Nordisk Genressource Center (NordGen) med verknad frå 1. januar 2008. Ressursane og kompetansen som ligg i det nordiske samarbeidet om genetiske ressursar, skal samlast i NordGen. Det nordiske samarbeidet om genressursar vil med dette få eit fagleg løft og verte meir effektivt.

Det nye sikringslageret for frø som er under bygging på Svalbard, har fått stor internasjonal merksemd både i FAO og i den internasjonale pressa. Det vil vere særskilt viktig for utviklingsland. Noreg har inngått ein avtale med Global Trust Diversity Fund og Nordisk genbank om administrering og finansiering av drifta.

Det treårige programmet for Ny nordisk mat vart starta opp i november 2006. Det er oppretta med ei eiga nordisk styringsgruppe med norsk leiing. Programmet har vorte svært populært i dei nordiske landa og gjev nye sjansar for utviklinga av lokal og regional mat, matkultur, regional utvikling og verdiskaping og profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Det kan alt seiast at programmet kan vere eit godt døme på korleis Norden kan profilere seg i ei stadig meir globalisert verd.

Det er elles semje om at Norden har eit svært stort potensial for auka bruk av bioenergi, og at det var rasjonelt med eit nordisk samarbeid om kunnskapsutvikling m.a. for betre rammevilkår, medrekna å løyse dei hindringane som er.

Regjeringa seier i meldinga at dei nordiske finansministrane har vedteke å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling. Ved å opptre samla vil dei nordiske landa både ha større gjennomslagskraft og kunne spare vesentlege ressursar. Det er sett i gang forhandlingar med ei rekkje skatteparadis, og ein ventar at den første avtalen vil liggje føre hausten 2007.

Den nordiske skatteportalen (www.NordiskeTax.net) er eit samarbeidsprosjekt mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa og tek sikte på å gjere det enklare for personar busette i Norden å få hjelp til å løyse dei skatteproblema som lett vil oppstå for personar som har inntekt eller formue som rører ved fleire land.

Dei nordiske finansministrane har tidlegare uttalt at minimumsskatten på alkohol innanfor EU bør hevast. På møtet i MR-Finans i oktober 2006 vart det såleis vedteke ei fråsegn med støtte til forslaget frå EU-kommisjonen om å auke minimumsskatten på alkohol.

Frå utgangen av 2007 kjem Noreg til å delta i EU-handelssystemet for CO2 -utsleppskvoter. Frå norsk side vert det lagt vekt på at dei nordiske finansministrane engasjerer seg i spørsmålet, og at ein undersøkjer om det lèt seg gjere med ei felles nordisk haldning i spørsmålet. Noreg har teke på seg å koordinere dette arbeidet.

Det går fram av meldinga at Europarådet og Nordisk Ministerråd har starta eit samarbeid der målet er å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne i nordområda. Under konferansen som Europarådet heldt i St. Petersburg 21.- 22. september 2006 vart det lansert ein ny handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne. Konferansen var eit samarbeid mellom den russiske formannskapen i Europarådet og den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd. I det norske programmet for formannskapen i Nordisk Ministerråd for 2006 var universell utforming ei hovudprioritering. Nordiska samarbetsorganet för handikappfrågor har sett i gang eit treårig samarbeidsprogram retta mot barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira i dei tre baltiske landa og Nordvest-Russland.

Ein rapport om å omstrukturere dei nordiske institusjonane på helse- og sosialområdet er no til handsaming i Nordisk Ministerråd. Ei avgjerd i saka er venta før sesjonen i Nordisk Råd i Oslo 29. oktober-1. november 2007.

Utgreiingsarbeidet om felles nordisk produksjon av influensavaksine har vore ført vidare i 2007, men det har så langt ikkje vore grunnlag for å einast om ein produksjons- og eigarskapsmodell som omfattar alle dei fem medlemslanda. Ministerrådet tar sikte på å komme fram til ei avgjerd tidleg i 2008.

Dei nordiske landa har lang tradisjon for helseberedskapssamarbeid, og frå norsk side ser Regjeringa på dette som eit svært viktig samarbeidsområde i framtida.

Den nordiske handlingsplanen for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet frå 2006 er fulgt opp av ei erklæring om marknadsføring av og tilgang til mat for barn og ungdommar. Føremålet er å utarbeide felles, frivillige etiske reglar for å avgrense marknadsføringa av usunne næringsmiddel til barn og unge, noko som må setjast i samanheng med det arbeidet som pågår i WHO på området. Ei slik erklæring vil vere ei felles nordisk plattform for arbeidet i WHO og i EU på området.

Ministerrådet har òg vedteke ein felles nordisk-baltisk strategiplan for veterinært beredskapssamarbeid.

Det er planar om eit eige nordisk pilotprosjekt om risikobasert kjøtkontroll innanfor rammene av EUs hygiene- og kontrollregelverk. Målsetjinga er å skaffe dokumentasjon som på sikt medverkar til ei omlegging av kjøtkontrollen i EU slik at han vert meir kostnadseffektiv.

Under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006 var aktiviteten høg på familie- og likestillingsområdet. Det vart halde to ministermøte, eit ordinært ministermøte og eit nordisk-baltisk ministermøte, og det vart vedteke eit nytt samarbeidsprogram for likestilling for perioden 2006-2010, "Med fokus på kjønn er målet eit likestilt samfunn".

Det er eit utstrakt nordisk samarbeid innanfor justissektoren. Kontakten vert mellom anna nytta til å samkøyre nordiske synspunkt og forsøke å oppnå felles nordiske standpunkt i internasjonale forum. Det vert t.d. halde årlege møte om barnebortføring. Føremålet er å diskutere problemstillingar og utveksle erfaringar når det gjeld handteringa av barnebortføringssaker.

Det nordiske lovsamarbeidet har som føremål å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Den norske formannskapen i 2006 fokuserte t.d. på lovgjeving mot internettrelaterte overgrep mot barn og felles tiltak i samband med det. Justisdepartementet arbeider med eit lovforslag som skal gjennomføre konvensjonen om nordisk arrestordre i norsk rett. Konvensjonen har som mål å forenkle og effektivisere kampen mot kriminalitet over landegrensene.

Det nordiske politisamarbeidet er forankra i ein eigen avtale og er understøtta av einsarta lovgjeving på ei rekkje område av betydning mellom anna for det daglege samarbeidet om kampen mot kriminalitet.

Det nordiske redningstenestesamarbeidet (NORDRED) er grenseoverskridande og har som føremål å hindre eller avgrense skadar på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker.

Innanfor ramma av nabopolitikken til Ministerrådet vart det i 2006 vedteke eit nytt støtteprogram for frivillige organisasjonar i Austersjøområdet. Føremålet er å fremje NGO-verksemd og styrkje NGO-nettverk i Austersjøområdet, primært ved å mobilisere nordiske og baltiske frivillige organisasjonar til aktivitetar for å styrkje det sivile samfunnet i Nordvest-Russland og til ein viss grad i Kviterussland.

Regjeringa ser det som svært viktig å vareta og vidareutvikle dei nordiske utanrikspolitiske møtestrukturane og nettverka. Samarbeidet har ein tilleggsverdi i lys av at Noreg står utanfor EU og difor ikkje deltek i det kontinuerlege samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske EU-landa (NB 6-samarbeidet). Utanriksministrane og statssekretærane møtest årleg i den nordisk-baltiske kretsen (NB 8). Det at seks av dei åtte landa i NB 8-kretsen er EU-medlemmer, tilseier at fokus særleg vert sett på spørsmål som gjeld utviklinga innanfor EU, EØS og Schengen. Spørsmål som gjeld nordområda og Nord-Europa vil venteleg få ein større plass i diskusjonane i åra framover, m.a. fordi den nordlege dimensjonen har fått ei ny plattform frå 2007 der EU, Russland, Noreg og Island er likestilte partnarar. Noreg støttar det uformelle amerikansk-nordisk-baltiske samarbeidet i Nord-Europa, e-Pine. Utviklinga i Kviterussland, Ukraina, Moldova og Georgia vil framleis stå sentralt i drøftingane, og det er ønskjeleg å få til eit konkret samarbeid om assistanse til desse landa.

Det nordiske tryggleikspolitiske samarbeidet har utvikla seg sterkt dei siste åra, og godt styresett, menneskerettar, forsoning, reformer i tryggingssektoren, kampen mot internasjonal terrorisme og organisert kriminalitet, miljø- og kvinneretta bistand og kompetanseoppbygging er aktuelle samarbeidsområde. Det er ei rekkje døme på nordisk samarbeid på desse områda, mellom anna på Balkan, i Afghanistan og i Afrika (Sudan/Darfur).

Det samarbeidet Finland og Sverige har med NATO, og deltakinga deira i NATO-operasjonane på Balkan og i Afghanistan, og Noregs samarbeid med EU betyr at dei institusjonelle rammene er vortne vesentleg utvida og gjort at dei militære styrkane i dei nordiske landa har fått større evne til felles operasjonar. Slike einingar har ein sett i Kosovo og i Afghanistan. Regjeringa ønskjer å leggje tilhøva til rette for ei ytterlegare utvikling på dette området. Planen om ei felles norsk-svensk eining i ein FN-operasjon i Darfur, og den nordiske innsatsstyrken (Nordic Battle Group, NBG) som skal nyttast i EU-leidde operasjonar, illustrerer utviklinga i samarbeidet.

Alle dei nordiske landa medverkar til krisehandtering i EU-regi på det sivile området. Regjeringa legg stor vekt på å vidareføre det nordiske samarbeidet om aktuelle FN-spørsmål. I dei seinare åra har FN-reform vore eit viktig tema for nordiske politiske konsultasjonar. Valsamarbeidet og ordninga med felles nordiske kandidatar er ein viktig grunn til å ta vare på ein nordisk profil der det er naturleg. Felles nordiske innlegg vil vere ein måte å profilere Norden på, særleg på område der Norden som gruppe kan tilføre debatten noko ut over det EU kan.

Dei nordiske utanrikstenestene har eit tett administrativt og konsulært samarbeid. Det kan vere samlokalisering av ambassadar, felles administrative støttefunksjonar, felles visumseksjonar, avtalar om gjensidig representasjon når det gjeld visumbehandling m.m., og bistand i konsulære saker og akutte kriser når det trengst. Ved fleire nordiske utanriksstasjonar er, eller har det vore, innplassert utsende tenestemenn frå andre nordiske land. Dei norske ambassadane samarbeider lokalt med dei andre nordiske ambassadane om krise- og beredskapsplanlegging og om kriseøvingar. På norsk side vert det lagt stor vekt på det nordiske samarbeidet på dette feltet, og samarbeidet vil verte vidareført på fleire nivå.

Regjeringa legg stor vekt på at det utanrikshandelspolitiske samarbeidet vert pleidd og utvikla vidare. EØS-/indre marknadsspørsmål har fått meir å seie i det nordiske utanrikshandelspolitiske samarbeidet. På same måte har samarbeidet med Nordens nærområde på det økonomiske og handelspolitiske område vorte viktigare. Det er god uformell kontakt om WTO-spørsmål gjennom møte mellom dei nordiske delegasjonane i Genève og med dei nordiske deltakarane i handelskomiteen i OECD. Denne kontakten gjev Noreg informasjon om drøftingane i EU, samtidig som dei andre nordiske landa kan dra nytte av at Noreg deltek i grupperingar der EU berre er representert ved Kommisjonen.

Det nordiske tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet er omfattande og vert høgt prioritert både på politisk og fagmilitært nivå. Det er stort samanfall i tryggingspolitiske vurderingar og interesser mellom dei nordiske landa, og samarbeidet fungerer svært godt trass i ulik forankring til EU og NATO. Samtidig deler dei nordiske landa ei rekkje føresetnader på forsvarssida som i mange tilfelle gjer samarbeid både aktuelt og gjensidig gunstig. For Noreg er det nordiske samarbeidet ein viktig arena som medverkar til å realisere ei rekkje forsvarspolitiske ambisjonar.

Det nordiske samarbeidet er karakterisert av ei rekkje samarbeidsprosjekt på nær sagt alle nivå. T.d. fungerer NORDCAPS (Nordic Coordinated Arrangement for Peace Support) som eit viktig element for å koordinere og samordne nordiske bidrag til fredsbevarande operasjonar. Det nordiske forsvarssamarbeidet står òg sterkt innan materiellsektoren gjennom NORDAC (Nordic Armaments Cooperation). Helikopter, stormpanservogner, artillerilokaliseringsradarar og pansra hjulgåande personellkøyretøy er døme på system som har vore gjenstand for kostnadseffektivt nordisk innkjøpssamarbeid av stor betydning industrielt, operativt og kompetansemessig.

Dei nordiske landa deler eit sterkt humanitært og fredsskapande engasjement og forsøker difor å koordinere ei rekkje av bidraga sine innanfor ei nordisk ramme. Mellom anna vil Noreg delta i den svenskleidde EU-stridsgruppa i 2008 og 2011, og Noreg og Sverige har i lengre tid planlagt eit felles bidrag til innsats i FN-regi i Darfur. Det er ein ambisjon mellom dei nordiske landa å styrkje dette operative samarbeidet.

Dei nordiske landa samarbeider òg tett om støtte til landa på Vest-Balkan gjennom Nordic Initiative. Dette omfattar mellom anna omskolering av overflødig militært personell og hjelp til å utøve demokratisk kontroll over militære styrkar.

Noreg har eit nært samarbeid med dei andre nordiske landa for å betre bistandseffektiviteten gjennom det breiare Nordic Plus-samarbeidet der òg Irland, Nederland og Storbritannia inngår.

Samarbeidet med Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er formalisert gjennom ei omfattande nordisk koordineringsprosess og ein rotasjonsordning for representasjon i dei styrande organa. Felles posisjonar vert utforma heile tida, og det vert halde felles innlegg under årsmøte og møte i utviklingskomiteen i Verdsbanken og Det internasjonale valutafondet (IMF).

Det nordiske utviklingsfondet (Nordic Development Fund, NDF) er ein samnordisk bistandsorganisasjon som vert finansiert over bistandsbudsjetta til dei nordiske landa. NDF samfinansierer med andre multilaterale institusjonar, hovudsakleg Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane. I 2005, etter mislukka påfyllingsforhandlingar, konkluderte dei nordiske utviklingsministrane med at det var semje om å avvikle aktivitetane til NDF.

Ministerrådet for forbrukarspørsmål (MR-K) vart lagt ned frå 1. januar 2006 som følgje av at ministerrådsstrukturen vart omstrukturert. Forbrukarministrane vedtok å vidareføre samarbeidet på uformelt plan med vekt på dei prioriteringane som ligg i samarbeidsprogrammet for forbrukarsektoren 2005-2010, som Nordisk Råd og MR-K har vedteke.

Ministerrådet for transport blei òg lagt ned frå 1. januar 2006 i samband med omstruktureringa. På det nordiske transportministermøtet i Vejle i august 2005 vart det avgjort at det nordiske transportsamarbeidet skulle halde fram utanfor ramma av Nordisk Ministerråd. Ordninga dei seinare åra, der dei nordiske transportministrane møtest like før rådsmøta i EU, vert ført vidare.

Regjeringane i Finland, Sverige og Noreg er samde om å vidareføre arbeidet med ein nordisk samekonvensjon, i første omgang gjennom vedvarande nasjonalt arbeid med høyringsoppfølgingar og eventuelle konsekvensanalysar.

Sametinga i Finland, Noreg og Sverige har organisert arbeidet sitt gjennom Samisk parlamentarisk råd i saker der det er naturleg å ha ein samordna politikk for å vareta dei felles interessene til det samiske folket. Regjeringa ser på Samisk parlamentarisk råd som eit viktig organ for det nordiske samarbeidet og eit organ som i internasjonale samanhengar har betydning for eit styrkt samarbeid urfolk imellom og mellom urfolk og andre aktørar.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Anne Margrethe Larsen, viser til at Nordisk Råd er et samarbeidsorgan for de nordiske landenes parlamenter og, for Nordisk Ministerråds vedkommende, regjeringer, samt at samarbeidet er basert på Helsingfors-avtalen av 1962 med senere endringer.

Komiteen vil innledningsvis vise til Nordisk Råds og Ministerrådets betydning for kontakt og samarbeid mellom landene i Norden. Felles språk, verdier og like samfunnsmodeller legger et godt grunnlag for det nordiske samarbeidet, noe som avspeiles i konkrete resultater som felles arbeidsmarked, passfrihet, opprettelse av Nordisk Investeringsbank, av Kulturfondet og nedbygging av grensehindre mellom landene, for å nevne noen.

Komiteen er kjent med at Nordisk Ministerråd har tatt initiativ til en avvikling av Nordisk utviklingsfond og imøteser en nærmere redegjørelse om dette.

Komiteen vil trekke fram at det nordiske samarbeidet er under press, og at samarbeidet i regionen vil bli stadig viktigere, ikke minst som en markering av regiontilhørighet i et Europa av regioner. For Norge blir Norden som region spesielt viktig fordi Norge ikke er medlem av EU. Norges geopolitiske plassering gjør det viktig å trekke EUs oppmerksomhet mot nord. Politisk oppmerksomhet kan bidra til å sikre en helhetlig forvaltning av de store havområdene i nord, samt å rette oppmerksomhet mot utfordringer som i særlig grad berører nordområdene.

Komiteen viser til at nordisk samarbeid er blitt revitalisert langs flere akser som for eksempel samfunnssikkerhet, beredskap for sivil krisehåndtering, miljøutfordringer og tiltak mot internasjonal kriminalitet og terror.

Komiteen vil fremheve at utviklingen i nordområdene har skapt en ny arena for norsk utenrikspolitikk. Samarbeidet i Nordisk Råd bør brukes til å fremme norske prioriteringer, men også til å skape gode relasjoner mellom landene i Norden.

Komiteen vil trekke fram forholdet til og samarbeidet med Russland som en felles utfordring for nordiske myndigheter, organisasjoner, bedrifter og enkeltpersoner. Komiteen understreker den politiske betydningen av samarbeidet med Russland, blant annet gjennom det nordisk-baltisk-russiske samarbeidet, samarbeidet i Arktisk Råd, i Østersjøsamarbeidet og i Barentssamarbeidet.

Komiteen mener et aktivt samarbeid i Barentsregionen er meget viktig som møteplass for myndigheter, bedrifter og organisasjoner, og komiteen vil også vise til Arktisk råd som en viktig møteplass for de landene som har naboskap til de arktiske områdene. Rådet spiller en viktig rolle i arbeidet med miljø- og klimaspørsmål som under det norske formannskapet må brukes aktivt i arbeidet i Det internasjonale polaråret 2007-2008.

Komiteen har merket seg at Norge tok over det toårige formannskapet i Arktisk råd i oktober 2006 og vil bli etterfulgt av et svensk og så et dansk formannskap, noe som betyr at formannskapet vil forbli innen Norden i seks år fremover. Komiteen mener dette gir mulighet for et mer langsiktig perspektiv på både styring av virksomheten og en markering av nordiske synspunkter på de politiske utfordringer i regionen. Komiteen vil også trekke fram Barentssamarbeidet som en viktig del av den politiske dialogen i nord.

Komiteen vil vise til at Finland i 1997 lanserte begrepet "EUs nordlige dimensjon". Komiteen har merket seg at Finland også har vært pådriver for den nye nordlige dimensjonen som ble iverksatt 1. januar 2007. Denne er tuftet på de to dokumentene som ble vedtatt på toppmøtet om den nordlige dimensjon i Helsingfors 24. november 2006. Komiteen vil understreke betydningen av at EU, Norge, Island og Russland nå er likeverdige partnere i den nordlige dimensjon.

Komiteen har merket seg at det i Nordisk Råd har pågått en diskusjon om hvordan arbeidet med å fjerne resterende grensehindringer kan forsterkes. Komiteen viser til at det viktig å videreføre tidligere formannskapsinitiativer, herunder fokus på de effektivitetsgevinstene som kan ligge i å bygge ned grensehindringer i Norden. Dette bør ses i sammenheng med innsatsen for å utvikle Norden som en næringsregion.

Komiteen vil understreke at arbeidet med å fjerne gjenstående grensehindringer for de nordiske innbyggerne er viktig, og vil vise til et tidligere ønske om en institusjonalisering av arbeidet knyttet til en nordisk ombudsmann. Komiteen mener et slikt tiltak kan være hensiktsmessig som kontaktpunkt for å få hjelp i konkrete saker, samtidig som samordner vil være en pådriver overfor de nordiske myndigheter for å løse opp i unødvendige og dårlig begrunnede grensehindringer.

Komiteen viser til at samarbeidet med de baltiske land er gått over i en ny fase, og at neste generasjon Nordplus starter opp i 2008 og gir de baltiske land rett til å delta i programmene på lik linje med de nordiske land, unntatt i Nordplus Språk. Komiteen tar dette til inntekt for at en forsterket politisk dialog gir konkrete resultater, og for at samarbeidet i Norden også har vært med på å bryte ned gamle politiske skillelinjer i Europa.

Komiteen viser til at Norden er en region hvor det settes krav til samspill og dialog med en rekke land, og i første rekke de vi grenser opp til. Komiteen vil derfor vise til den senere tids aktiviteter fra regjeringen Stoltenbergs side og det sikkerhetspolitiske samarbeid som er iverksatt fra Utenriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Det nordiske samarbeidet er omfattende og blir prioritert både på fagmilitært og politisk nivå. Komiteen registrerer at det er stort sammenfall både i sikkerhetspolitiske vurderinger og interesser mellom landene i Norden, og at samarbeidet fungerer svært godt til tross for ulik forankring til EU og NATO. Komiteen støtter derfor synspunktene som tilsier at det nordiske samarbeidet er en egnet arena for å samordne en rekke sikkerhets- og forsvarspolitiske saker.

Komiteen vil også vise til at Norge styrker det utenriks- og sikkerhetspolitiske samarbeidet med Island, og at våre to land har utviklet et rammeverk for forsvars- og sikkerhetspolitisk samarbeid som inkluderer en avtale (MoU) om assistanse og bistand i fredstid.

Komiteen viser til at tidligere sikkerhetspolitiske skillelinjer mellom Norge, Finland og Sverige i den nåværende situasjon er forandret til å bli et politisk rom av nye muligheter. Den kalde krigens storpolitiske ramme er fjernet som begrensning på samarbeidet, og komiteen vil vise til ytterligere politisk og militært samarbeid i militære utenlandsoperasjoner som ISAF i Afghanistan og en mulig deltagelse i EUs stridsgrupper.

Komiteen vil understreke at NATO forblir hjørnesteinen i norsk sikkerhetspolitikk, og at økt nordisk forsvars- og sikkerhetspolitisk samarbeid må sees innenfor en allianseramme. Komiteen vil vise til at både Sverige og Finland er partnerland i NATO og bidragsytere til alliansens operasjoner.

Komiteen vil vise til at under det norske formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2006 var aktiviteten særskilt høy på familie- og likestillingsområdet. Blant annet forhandlet Norge fram en ny samarbeidsavtale med Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforskning (NIKK). Det norske formannskapet fikk også nordisk ungdom til å lage en hvitbok om ungdommens syn på og oppfatning av likestilling. Arbeidet er fulgt opp av det finske formannskapet i 2007.

Komiteen vil vise til behovet for et sterkt samarbeid mellom de nordiske land for å bekjempe trafficking og prostitusjon. Komiteen mener det er nødvendig med felles nordiske tiltak overfor de land som i dag er leverandører av prostituerte i de nordiske land, i tillegg til samarbeid om å gi jenter som greier å komme seg ut, både beskyttelse, utdanning og jobbtrening. Komiteen vil vise til behovet for tilnærmet like bestemmelser for å hindre at enkelte land i Norden blir fristeder for mafia som står bak trafficking.

Komiteen har merket seg at det nordiske politisamarbeidet har utviklet seg til å bli et velfungerende og ubyråkratisk samarbeid som er forankret i en egen avtale, og som er understøttet av lovgivning på en rekke områder som skal bidra til felles kamp mot bl.a. internasjonal kriminalitet.

Komiteen er kjent med at Nordisk Råd i etterkant av krisen med Muhammed-tegningene har arbeidet for å fremme en mangekulturell utvikling gjennom prosjektet Coexistence of Civilizations, der mottagere får i oppdrag å løse et antall utfordringer for sameksistens og føre stafetten videre. Fra Rådets side ble regjeringene oppfordret til å ta et initiativ til et dialogforum om kulturell kompleksitet.

Komiteen vil vise til at hovedtemaet ved det nordiske toppmøtet under Nordisk Råds sesjon 2006, der alle de nordiske statsministere deltok, var Norden som global vinnerregion og balansen mellom velferdsstat og markedskrefter. Formålet var å søke å identifisere samnordiske strategier for at Norden skal forbli en konkurransedyktig og ledende region. Komiteen har videre merket seg at satsing på forskning skulle være en sentral oppgave for de nordiske landene i den forbindelse.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 41 (2006-2007) - om nordisk samarbeid - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 17. oktober 2007

Olav Akselsen

leder

Marit Nybakk

ordfører