Samandrag
Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om plan for utbygging og drift (PUD) av Gjøa og plan for utbygging og drift (PUD) av Vega og Vega sør, samt forslag til løyve til plan for anlegg og drift (PAD) av røyr frå Gjøa.
Gjøa er eit gass- og kondensatfelt med ei oljesone, som ligg nord for Trollfeltet - rundt 65 km sørvest for Florø. Rettshavarane i Gjøa er Statoil ASA (Statoil), Gaz de France Norge AS (GdF), RWE Dea Norge AS (RWE Dea), AS Norske Shell (Shell) og Petoro AS (Petoro). Statoil er operatør i utbyggingsfasen, medan GdF tek over operatøransvaret i driftsfasen. Dei reservane det er forventa å utvinne er rekna til 39,7 milliardar (mrd.) standard kubikkmeter (Sm3) rikgass og 13,2 millionar (mill.) Sm3 olje og kondensat, der 9,2 mill. Sm3 er olje.
I samarbeid med mellom anna Gassco, har rettshavarane på Gjøa gjennomført ei omfattande vurdering av gasstransportløysingane. Ut frå kapasitetssituasjonen i det norske systemet og økonomiske omsyn, valde utvinningsløyvet for Gjøa ei løysing der rikgass og stabil olje frå Gjøa vert planlagt at skal skipast gjennom dedikerte eksportrøyr og eksisterande infrastruktur til høvesvis St. Fergus i Skottland og Mongstad.
Størsteparten av den elektriske krafta plattforma vil forbruke er planlagt dekka med straum frå land. Kraftkabelen frå land vil ha ein kapasitet på 42 MW. Samanlikna med ei løysing der all kraft blir produsert på plattforma, fører løysinga med kraft frå land, til reduksjonar i årlege CO2- og NOx-utslepp tilsvarande 50 000-110 000 tonn CO2 og 50-100 tonn NOx.
Ulike metodar for reinsing og injeksjon av produsert vatn er vurdert for utbygginga. Feltet har ingen nærliggjande reservoar som kan ta imot vatnet ved injeksjon. Reinjeksjon av produsert vatn i reservoaret ble forkasta fordi den fører til svært høge kostnadar og tap av olje- og gassressursar. Produsert vatn frå produksjonen vil difor bli reinsa før det blir sleppe til sjø.
Det er planlagt at produksjonen skal starte opp 4. kvartal 2010. Økonomisk levetid for Gjøa er estimert til 14 år av operatøren. Driftsansvaret for Gjøa vil bli lagt til GdF sin driftsorganisasjon i Stavanger. GdF sin logistikkorganisasjon vil bli lagt til Florø, med ein forsyningsbase og helikopterbase som skal fungere som basar for forsyningar, driftsinnkjøp, transport av personell og lager/verkstad i både utbyggings- og driftsfasen.
Dei totale investeringane ved utbygginga av Gjøafeltet er utrekna av operatøren til 26 766 mill. kroner (faste 2006-kroner), inkludert 2 449 mill. kroner for eksportrøyra. Av utbyggingskostnadane skal rettshavarane i Vega og Vega sør betale for utstyr i samband med tilknyting til Gjøa-plattforma, utrekna av operatøren til 1 898 mill. kroner. Operatøren sine lønsemdsvurderingar gjev ein noverdi før skatt på 3 678 mill. kroner ved 7 pst. diskonteringsrente.
Felta Vega og Vega sør ligg nord for Trollfeltet. Båe felta er gass- og kondensatfelt. Vegafeltet er igjen samansett av to separate funn, Vega nord og Vega sentral. Felta er planlagt bygd ut med installasjonar på havbotnen knytt opp mot Gjøa-plattforma for prosessering og eksport. Dei totale reservane det er mogleg å utvinne er rekna til 18 mrd. Sm3 gass og 4,1 mill. Sm3 kondensat. Norsk Hydro Produksjon AS (Hydro), Statoil og Petoro er rettshavarar i Vega. I Vega sør er rettshavarane Hydro, Revus Energy ASA, Statoil, Idemitsu Petroleum Norge AS og GdF. Hydro er operatør for utbygging og drift av felta. GdF, som operatør for Gjøa, vil utføre den daglege drifta av Vega og Vega sør.
Rettshavarane i Vega og Vega sør har inngått ein avtale om felles utbygging av feltinstallasjonar på dei to felta og ein avtale med rettshavarane på Gjøa om prosessering av brønnstraum frå Vega og Vega sør på Gjøa-plattforma. Vega og Vega sør startar produksjonen sams med Gjøa i fjerde kvartal 2010. Investeringane ved utbygginga av Vega og Vega sør vil bli 7 309 mill. kroner. I tillegg kjem kapitalbidraget til Gjøa utrekna av operatøren til 1 906 mill. kroner. Noverdien av utbyggingane har operatøren rekna til 2 634 mill. før skatt ved ei diskonteringsrente på 7 pst.
Departementet har fått ei vurdering frå Oljedirektoratet av forholda knytt til ressursar, og dei tekniske sidene ved utbygginga av Gjøa, Vega og Vega sør. Vidare har departementet fått ei vurdering frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet av forholda knytt til tryggleik og arbeidsmiljø i prosjekta.
På vegne av rettshavarane i dei respektive utvinningsløyva har Statoil og Hydro utarbeida konsekvensutgreiingar for Gjøa, Vega og Vega sør. Konsekvensutgreiingane har vore på høyring, det har ikkje kome fram forhold i høyringsfråsegnene som tilseier at utbyggingsplanane ikkje bør godkjennast, eller at spesielle avbøtande tiltak bør setjast i verk. Høyring av konsekvensutgreiinga for utbygging av Gjøa og for utbygging av Vega og Vega sør er inntatt som vedlegg i proposisjonen.
Departementet meiner at utbyggingane av Gjøa, Vega og Vega sør er samfunnsøkonomisk lønsame og robuste prosjekt. Utbyggingane legg til rette for utbygging av tilleggsressursar i området i framtida. Departementet meiner også at utbyggingane kan bli gjennomført innafor akseptable rammer for miljø, fiskeri og tryggleik.
Departementet viser til at Statoil har lagt til grunn at Gjøa skal dekkje hovuddelen av kraftbehovet for drift av Gjøa-plattforma med kraft frå land frå hausten 2010, og at Gjøa-plattforma skal knyte seg til kraftnettet ved Mongstad i Hordaland.
Regjeringa vil leggje stor vekt på forsyningstryggleiken i regionen ved handsaming av dei aktuelle nettforsterkingsprosjekta. Konsesjonssøknad om kabel mellom Gjøa og Mongstad er no til handsaming i NVE etter energilova, og NVE har bedt Statoil utrede Lutelandet i Sogn og Fjordane som alternativ tilknyting til nettet.