Tilråding frå komiteen
Tilrådinga frå komiteen blir fremma av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar for finansieringa av Vegpakke Salten fase I. Vilkåra går fram av St.prp. nr. 61 (2006-2007) og Innst. S. nr. 244 (2006-2007).
II
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærmare reglar for finansieringsordninga.