Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Vegpakke Salten fase I, som inneheld dei to prosjekta rv 80 Røvika-Strømsnes i Fauske kommune og rv 17 Tverlandet-Godøystraumen i Bodø kommune. I tillegg inngår to mindre tiltak på rv 80: rv 80 Mjøneskleiva i Bodø kommune og rv 80 gang- og sykkelveg Stranda-Klungseter i Fauske kommune. Kostnadsoverslaget for prosjekta og tiltaka er samla på 551 mill. kroner inkludert bomstasjonar.

Samferdselsdepartementet har merka seg at det er eit lokalpolitisk ønske om å komme i gang med fase I-prosjekta snarast råd. Vidare er det ønskje om å fremje desse med eitt felles bompengeselskap.

Departementet understrekar at vegpakkar over 500 mill. kroner som trafikalt og/eller finansielt heng saman, i utgangspunktet skal underleggjast ekstern kvalitetssikring. Samferdselsdepartementet har komme til at det ikkje er naudsynt å gjennomføre ekstern kvalitetssikring i dette tilfellet, sidan dei to store enkeltprosjekta i pakken knapt har nokon trafikal samanheng og kvar for seg har kostnader langt under 500 mill. kroner. Samstundes legg departementet til grunn at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring for ein framtidig fase II av Vegpakke Salten, der dei planlagde prosjekta i langt større grad heng saman trafikalt og finansielt.

Rv 80 mellom Fauske og Bodø er ei av dei mest trafikkerte stamvegstrekningane i Nordland, og vegen er svært viktig både for befolkninga og næringslivet. Innkortinga av strekninga mellom Røvika og Strømsnes på 6,2 km, som delvis skal gå i tunnel, samt standardhevinga, vil gi store framkomstgevinstar. Ei overføring av gjennomgangstrafikken til ny rv 80 vil betre miljøet for dei som bur langs dagens rv 80, som blir lokalveg etter omlegginga. I tillegg blir trafikktryggleiken betra. Gang- og sykkelveg mellom Stranda og Klungset betrar forholda for mjuke trafikantar og tilgjenget til Klungsetmarka.

Anleggsarbeida på rv 80, prosjektet Røvika-Strømsnes, skal etter planen starte opp sommaren 2008, med trafikkopning i løpet av 2010. Kostnadsoverslaget er 231 mill. kroner, inkl. 5 mill. kroner til bygging av bomstasjon (2007-prisnivå).

Utbetringsarbeidet ved Mjøneskleiva kan truleg skje i 2008. Kostnadene er utrekna til om lag 11 mill. kroner.

Gang- og sykkelveg Stranda-Klungset omfattar forlenging av dagens gang- og sykkelveg med 2,5 km og sanering av ei rekkje avkøyrsler. Bygginga kan truleg skje i 2010. Kostnadene er vurderte til å liggje på om lag 10 mill. kroner.

Rv 17, som er hovudferdselsåra langs kysten mellom Helgeland og Salten, har i dag låg standard nær Tverlandet, med dårleg kurvatur og vegbreidd. Omlegginga gir store forbetringar i standard og trafikktryggleik. Forholda for randbusetnaden på Tverlandet blir vesentleg betra når mykje av trafikken blir overført til ny rv 17. Rv 17 er ein del av ein nasjonal turistveg, og har omfattande turisttrafikk samt fritidsreiser frå Bodø-området i sommarhalvåret.

Det blir lagt opp til anleggsstart hausten 2007, med trafikkopning hausten 2009. Kostnadsoverslaget er 231 mill. kroner, inkl. 5 mill. kroner til bygging av bomstasjon (2007-prisnivå).

Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen. Det er lokalpolitisk semje om å fremje Vegpakke Salten i to fasar, slik at ein kan komme i gang med dei prosjekta som er komne lengst i planlegginga (fase I-prosjekt).

Eventuell prioritering av fase II vil bli behandla i samband med neste rullering av Nasjonal transportplan.

Det blir lagt vekt på at dei to hovudprosjekta på rv 17 og rv 80 blir bygde ut som to enkeltprosjekt. Opplegget med etterskottsinnkrevjing i bomstasjonar på kvar utbyggingsparsell gir godt samsvar mellom betaling og nytte, i tråd med føringane i St.meld. nr. 24 (2003-2004). Bompengeopplegget er nærare omtala i pkt. 5.2 i proposisjonen. Det er føresett takst- og rabattsystem i tråd med gjeldande retningslinjer. Det blir ikkje betalingsfritak ved passering av begge bomstasjonane innanfor eit tidsrom, men det er lagt opp til felles rabattsystem for dei to bomstasjonane.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at begge kommunane og fylkeskommunen har stilt garanti for lånet til bompengeselskapet og at fylkeskommunen har gjort vedtak om betinga refusjon.

Med om lag 15 års innkrevjingstid for begge bomstasjonane sluttar Samferdselsdepartementet seg til at det må vere eit vilkår at bompengeselskapet har ei renteavtale som sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen. Departementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven. Det blir elles lagt til grunn at det blir vurdert trafikkregulerande tiltak på rv 80 for å redusere høvet til omkøyring dersom bomstasjonen ved Strømsnes får vesentleg inntektssvikt som følgje av dette.

Det er lagt til grunn ein finansieringsplan for rv 17 som vist i tabell 5.1 i proposisjonen. Det er føresett at 51,6 pst. av kostnadene skal finansierast med bompengar. Det blir etablert tovegs bompengeinnkrevjing på rv 17 ved Godøystraumen sør for krysset mellom ny og gammal veg. Dette medfører at trafikantane ikkje får høve til betalingsfri omkøyring. Bompengeopplegget er basert på etterskottsinnkrevjing frå trafikkopning hausten 2009. Innkrevjingskostnadene utgjer om lag 18 pst. av bompengeinntektene.

Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan rv 17 (tal i mill. 2007-kr)

Statlege midlar

112

Bompengar

119

Sum

231

Det er lagt til grunn ein finansieringsplan for rv 80 som vist i tabell 5.2 i proposisjonen. For prosjekta på rv 80 skal 60 pst. av kostnadene finansierast med bompengar. Det blir etablert tovegs bompengeinnkrevjing på rv 80 ved Strømsnes. I tråd med kommunane sine vedtak om innkrevjingsopplegg vil det vere gratis å køyre dagens rv 80 mellom Røvika og Strømsnes. Bompengeopplegget er basert på etterskottsinnkrevjing frå trafikkopning i løpet av 2010. Innkrevjingskostnadene utgjer om lag 10 pst. av bompengeinntektene.

Tabell 5.2 Forslag til finansieringsplan rv 80 (tal i mill. 2007-kr)

Statlege midlar

128

Bompengar

192

Sum

320

Etter at Stortinget har gjort vedtak om den foreslåtte finansierings- og utbyggingsplanen for Vegpakke Salten fase I, blir det inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen.