Innstilling fra utenrikskomiteen om samarbeidet i NATO i 2006
Dette dokument
- Innst. S. nr. 232 (2006-2007)
- Kildedok: St.meld. nr. 28 (2006-2007)
- Dato: 30.05.2007
- Utgiver: Utenrikskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Førebuingane til toppmøtet i Riga i Latvia 28.-29. november prega samarbeidet i NATO i 2006. Dette møtet var det første i ein serie på tre som skal haldast med korte mellomrom i åra framover. Det neste finn stad i Bucuresti i Romania i første halvår 2008, og det tredje møtet i 2009 vil markere sekstiårsdagen for opprettinga av NATO.
Riga-møtet blei halde med bakgrunn i den omfattande omforminga alliansen gjennomgår. Dei siste fem åra er rolla til NATO blitt vesentleg utvida. Det handlar om eit aukande engasjement i freds- og stabilitetsoperasjonar, med særleg vekt på Afghanistan, trening og andre kapasitetsbyggjande tiltak retta mot partnarland, og om utvida dialog og samarbeid med andre internasjonale organisasjonar som FN, EU og Den afrikanske unionen.
Internt har denne utviklinga etter Regjeringa sitt syn skapt ny dynamikk i det politiske samarbeidet. Skiljelinjene går mellom medlemsland som ønskjer seg ein organisasjon med eit breitt globalt engasjement, og dei som legg meir vekt på dei tradisjonelle NATO-oppgåvene. Det har gjort det til ei utfordring å skape semje om aktivitetane i alliansen og ført til auka behov for å styrkje den politiske dialogen.
Samtidig er den transatlantiske interesse- og verdifellesskapen limet i NATO. Trass i dei politiske utfordringane munna Riga-toppmøtet difor ut i semje om å trekkje opp rammene for den vidare politiske og militære tilpassinga av organisasjonen.
Dei pågåande NATO-operasjonane stod særleg sentralt. Utfordringane i samband med spreiing av masseøydeleggingsvåpen og terrorisme var viktige spørsmål. Riga-toppmøtet stadfeste at NATO i aukande grad har teke på seg ansvar for å byggje internasjonal fred og stabilitet i tett samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, særleg som støttespelar for FN.
Den NATO-leidde stabiliseringsoperasjonen i Afghanistan (ISAF) stod høgst på saklista i NATO i 2006. Målet er at alliansen, i samarbeid med andre organisasjonar, skal setje afghanske styresmakter i stand til å overta ansvaret for utviklinga i landet og skape grunnlag for eit levedyktig og stabilt samfunn. I to omgangar blei ISAF utvida, høvesvis sørover og austover i landet, slik at NATO ved utgangen av 2006 hadde utvida sitt ansvarsområde til å omfatte heile Afghanistan.
Utvidinga stilte dei allierte overfor nye utfordringar. Det medførte eit aukande behov for troppar. Oppfylling av styrkebehova var difor ei konstant utfordring. På same tid fekk spørsmålet om betre balanse mellom sivile og militære verkemiddel tiltakande merksemd, og det var aukande semje om at utfordringane kravde ein breiare strategi med større vekt på oppbygging av sivile institusjonar. På det uformelle utanriksministermøtet i NATO i New York 21.-22. september 2006 tok Noreg til orde for å leggje meir vekt på behovet for utvida og betre samordna utviklingsinnsats, med FN i den koordinerande rolla.
Før toppmøtet i Riga sende utanriksminister Støre ut eit brev til utanriksministrane i landa som stiller mannskap til ISAF og til nokre internasjonale organisasjonar. Frå norsk side blei det teke til orde for ein heilskapleg og betre koordinert innsats i Afghanistan. Det vart understreka at verdssamfunnet ikkje kan lukkast i Afghanistan utan at ein i langt større grad ser tryggingsutfordringane i samanheng med innsatsen for gjenreising og utvikling. Det norske initiativet blei godt motteke, og fungerte som ei rettesnor for konsultasjonane før og etter toppmøtet.
Eit positivt resultat av ISAF-utvidinga var at fleirtalet av dei amerikanske styrkane i Afghanistan vart lagt under NATO-kommando. Desse styrkane opererer no på grunnlag av operasjonsplanen og engasjementsreglane som gjeld for NATO. Det medførte at det internasjonale militære engasjementet i Afghanistan no står fram som vesentleg meir heilskapleg enn tidlegare.
Etter utvidinga tel ISAF om lag 35 000 soldatar. Ved årsskiftet 2006-2007 var totalt 37 land direkte involverte i operasjonen, deriblant partnarlanda Sverige og Finland og kontaktlanda Australia og New Zealand.
ISAF-utvidinga auka behovet for samordning mellom den NATO-leidde styrken og den amerikansk-leidde koalisjonen ("Operation Enduring Freedom"), som heldt fram med sine operasjonar i Afghanistan. Prinsippet om to separate operasjonar, med ulike oppgåver og mandat, stod ved lag.
Med omsyn til kva rolle NATO skal spele, understreka stats- og regjeringssjefane på Riga-møtet at dei allierte står saman om ansvaret for å sikre at NATO har både styrkane, ressursane og fleksibiliteten som skal til for å utføre oppdraget i Afghanistan. Dei framheva òg kampen mot narkotikatrafikken som viktig for å skape grunnlag for eit levedyktig og stabilt samfunn.
NATO-operasjonen i Kosovo (KFOR), treningsmisjonen i Irak (NTM-I), den maritime overvakingsoperasjonen i Middelhavet ("Operation Active Endeavor") og støtta til operasjonen som Den afrikanske unionen (AU) utfører i Darfur (AMIS), heldt fram.
Fram mot Riga-møtet fekk vi ein politisk debatt om NATO-nærværet i Kosovo på lengre sikt. Det var semje om at KFOR måtte vidareførast med noverande styrkenivå og oppgåver, slik at styrken kunne sikre stabiliteten og tryggleiken i området etter at sjefsforhandlaren for FN, Martti Ahtisaari, hadde lagt fram sitt forslag til løysing på spørsmålet om framtidig status for Kosovo. Samtidig blei det på norsk initiativ sett i gang ein debatt om det langsiktige NATO-engasjementet i området i samarbeid med EU.
Stats- og regjeringssjefane sa seg i Riga samde om at erfaringane frå Balkan og Afghanistan hadde vist at sterkare koordinering må til både i førebuings- og gjennomføringsfasen av operasjonane. Trass i denne semja står utvikling av NATO-samarbeidet med andre aktørar, særleg FN, framleis att som ei utfordring i omforminga og tilpassinga av alliansen. Det har vakse fram eit godt praktisk samarbeid på bakken i dei ulike operasjonsområda, men det er ikkje følgt opp med styrking og formalisering av samarbeidet på hovudkvarternivå. Behovet er særleg tydeleg i samband med operasjonen i Afghanistan, men gjer seg òg gjeldande i arbeidet for å styrkje kontakten med FN og AU i Sudan.
Årsaka til den manglande politiske dialogen er delvis prinsipiell motstand hos enkelte allierte mot å formalisere kontaktane, mest på grunn av skepsis mot at NATO skal ta på seg nye og ikkje-militære oppgåver. Ei underliggjande årsak er nok uro over at ei sterkare NATO-rolle overfor FN og AU vil gje den tryggingspolitiske dimensjonen i EU mindre spelerom. Samtidig er det framleis ein viss skepsis i FN og AU mot å byggje ut kontakten med eit NATO der USA spelar ei leiande rolle.
Samarbeidet mellom NATO og EU var fastlåst også i 2006. Kontakten var i praksis avgrensa til konsultasjonar og samarbeid rundt den EU-leidde operasjonen i Bosnia-Hercegovina, der NATO støttar EU med utgangspunkt i "Berlin pluss"-ordningane (som inneber at NATO kan yte støtte til EU-leidde operasjonar). Motsetnaden mellom Tyrkia og Kypros gjorde sitt til den manglande framgangen, det same gjorde motstanden i enkelte EU-land mot eit samarbeid dei fryktar kan gje EU redusert avgjerdsautonomi. Difor stranda utviklinga av den strategiske partnarskapen som Noreg og eit fleirtal allierte land og EU-land legg så stor vekt på. Det er grunn til å vone at rettsstatsoperasjonane EU skal gjennomføre i Kosovo og Afghanistan, vil verke som katalysator for eit styrka samarbeid, også på strategisk nivå.
Eit politisk lyspunkt i samarbeidet med EU er dei uformelle møta som blir haldne i margen av utanriksministermøta i NATO. På møte i dette formatet kan ein drøfte heile spekteret av spørsmål som er av interesse for begge organisasjonane og medlemslanda deira. Det er eit viktig mål å vidareutvikle desse arbeidssesjonane som politiske verkstader for eit sterkare transatlantisk samarbeid.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Anne Margrethe Larsen, vil understreke at NATO er hjørnesteinen i norsk sikkerhetspolitikk. For Norge er det euroatlantiske samarbeidet i NATO viktig, og komiteen vil vektlegge den positive viljen i alliansen til å forsterke NATO som et viktig transatlantisk politisk forum.
Komiteen har i den forbindelse merket seg at det fortsatt er uenighet mellom land i EU om forholdet mellom EU og NATO og den rollen de to organisasjonene spiller, både som transatlantiske politiske aktører og i arbeidet med europeisk integrering og stabilitet. Komiteen har videre merket seg at samarbeidet mellom EU og NATO var fastlåst også i 2006. Komiteen mener det er positivt at NATO videreførte samarbeidet med EU om støtte til Den afrikanske union (AU) i Darfur, noe som har sterk norsk støtte. Den norske ambassaden i Addis Abeba har vært kontaktpunkt mellom NATO og AU.
Komiteen mener det er viktig å ha jevnlige kontaktpunkter mellom EU og NATO, der et bredere sikkerhetspolitisk spekter enn militært samarbeid etter Berlin-Plussavtalen blir drøftet.
Komiteen vil vise til at NATO etter den kalde krigens slutt har hatt en dynamikk som bl.a. har bidratt til fred og stabilitet i Øst-Europa og i postsovjetiske områder. NATO spiller også en konstruktiv rolle på Balkan.
Komiteen har merket seg at på toppmøtet i Riga fikk Albania, Kroatia og Makedonia såkalt MAP-status. Komiteen har videre merket seg at Serbia, Montenegro og Bosnia- Hercegovina ble tatt inn i Partnerskap for fred (PfP)-programmet. Disse landene kunne dermed slutte seg til Euroatlantisk samarbeidsråd (EAPC).
Komiteen vil vise til at Afghanistan både har hovedprioritet i NATO og fra norsk side når det gjelder internasjonale operasjoner. Komiteen vil understreke at det må være en balanse mellom sivil og militær bistand for å sikre stabilitet og utvikling i Afghanistan.
Komiteen har merket seg at NATO Response Force (NRF) ble erklært fullt operativ i Riga. Komiteen registrerer også at NRF ble satt inn i den humanitære hjelpeaksjonen etter jordskjelvet i Pakistan, og at det er enighet i alliansen om at man må stille seg positiv til mulige anmodninger om katastrofehjelp.
Komiteen registrerer at Norge ønsker å øke NATOs fokus på arbeidet med kjernefysisk nedrustning. Komiteen slutter seg til dette.
Komiteen har merket seg at arbeidet med mangel på kapasitet innen Prague Capabilities Commitment fra toppmøtet i 2002, fortsatte i 2006. Det er de store, strategiske prosjektene som er mest krevende, det gjelder spesielt transportfly, tankfly og strategisk sjøtransport.
Komiteen har videre merket seg at NATO arbeider med et missilforsvarssystem innen alliansen utenom det amerikanske missilforsvaret som planlegges utplassert i Tsjekkia og Polen.
Komiteen registrerer at Norge i 2006 stilte seg kritisk til utviklingen av et alliert, territorialt missilforsvar, og at det er knyttet stor usikkerhet til den videre oppfølgingen av et territorialt missilforsvar i NATO.
Komiteen er enig med Regjeringen i at et styrket NATO-Russland-samarbeid er et overordnet mål for Norge. Det er derfor et viktig signal at toppmøtet i Riga understreket den strategiske verdien av samarbeidet, og at det spesielt ble vist til kampen mot terrorisme.
Komiteen har ellers ingen merknader til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 28 (2006-2007) - om samarbeidet i NATO i 2006 - vedlegges protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 30. mai 2007
Olav Akselsen leder |
Marit Nybakk ordfører |