Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at meldinga gjeld statsrekneskapen for 2006, og viser til finansministeren sitt rettebrev av 30. mai 2007.

Komiteen tek meldinga til orientering.

Komiteen viser til at det i Dokument nr. 1 frå Riksrevisjonen, som blir handsama av kontroll- og konstitusjonskomiteen, blir rapportert om departementa si forvalting og gjennomføring av budsjetta. Dokument nr. 1 omfattar resultatet av rekneskapsrevisjonen og selskapskontrollen. Resultata av forvaltningsrevisjonen blir rapportert i Dokument nr. 3.