5. Forskning og utvikling
Av kapittel 5 i meldinga går det fram at IKT-forsking er nødvendig for vidare framgang.
Forsking har vore, og vil òg framover, vere heilt avgjerande for utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi, også for bruken av teknologien. Forskinga må vere brei og femne over teknologi, samfunnsvitskap, jus og humaniora.
Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er avgjerande også for norsk forskingsinnsats. Ein annan føresetnad er tilstrekkeleg realfagskompetanse i samfunnet.
I 2003 utgjorde dei samla driftsutgiftene til IKT-forsking i Noreg 5,3 mrd. kroner, fordelte med 4,3 mrd. kroner i næringslivet, noko over 700 mill. kroner i instituttsektoren og nærmare 300 mill. kroner i universitets- og høgskolesektoren.
Næringslivet står i dag for litt under halvparten av den totale FoU-innsatsen i Noreg. Om lag ein tredjedel av dette er forsking i IKT-næringane, som altså er meir forskingsintensive enn andre næringar.
Den offentlege forskingsinnsatsen viser eit noko anna bilete. Løyvingane til IKT-forsking over budsjetta til Forskingsrådet har stagnert dei seinare åra, trass i at IKT allereie i 1999 blei utpeikt som eitt av fire prioriterte område. Denne prioriteringa blei stadfesta i St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning, der IKT blei utpeikt til eitt av tre prioriterte teknologiområde. Regjeringa ønskjer å sikre IKT-forskinga betre kår i åra som kjem. IKT-forskinga skal derfor opprioriterast innanfor dei gjeldande rammer for forskinga.
IKT-forskinga skal også bidra i satsinga på nordområda og gjennomføringa av det internasjonale polaråret. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien har gode føresetnader for å kunne bidra til verdiskaping, velstand og tryggleik i nord- og polarområda. Ein del av tildelingane til desse særlege satsingane skal derfor gå til IKT-forsking.
Informasjons- og kommunikasjonsteknologien har stor og aukande innverknad på økonomisk vekst og produktivitet, vert teken i bruk i aukande grad i heile samfunnet og påverkar samfunnet på nye måtar. Regjeringa vil fremje ein kultur for nyskaping og gründerverksemd på alle forskingsområde, gjennom eit samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Regjeringa ønskjer at IKT-forsking skal gi vesentlege bidrag til ein slik kultur og eit slikt samspel.
Regjeringa vil intensivere IKT-forskinga på brei basis:
1. Regjeringa har som mål å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til 3 pst. av bruttonasjonalprodukt innan 2010. Dette er eit ambisiøst mål, som legg til grunn ei kraftig offentlig satsing og ein sterk auke i FoU-innsatsen til næringslivet.
2. Regjeringa vil prioritere og styrkje IKT-forskinga i dei generelle løyvingane til FoU i tråd med føringane som ligg i St. meld. nr. 20 (2004 - 2005) Vilje til forskning.
3. I satsinga på nordområda vil Regjeringa prioritere mellom anna IKT-forskinga.
4. Regjeringa vil arbeide for å styrkje IKT-forskinga gjennom eit breitt spekter av verkemiddel under Noregs forskingsråd og bidra til at dei ulike satsingane blir sedde i samanheng. Programmet Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT) vil vere eit sentralt verkemiddel.
5. Regjeringa vil styrkje rekrutteringa til IKT og IKT-relevante fag, mellom anna gjennom oppfølging av Kunnskapsdepartementets realfagsstrategi og Forskingsrådets strategi for grunnforsking innan matematikk, naturvitskap og teknologi.
6. Regjeringa vil vidareutvikle offentleg sektors rolle som god og krevjande kunde innanfor IKT-feltet. Ut over løyvingane til FoU spelar det offentlege ei viktig rolle i næringsutviklinga som kunde og bestillar av ulike produkt, utviklingsprosjekt og tenester.
7. Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og vil leggje fram ein eigen proposisjon om norsk deltaking etter at endeleg vedtak er treft i EU, venteleg rundt årsskiftet.
8. Noreg er invitert og har takka ja til å delta i utforminga av europeiske teknologiplattformar. Dette er viktig både for norsk IKT-forsking og for anna norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid. Regjeringa vil oppfordre til at fleire norske nasjonale teknologiplattformer blir oppretta der det er etablert store europeiske teknologiplattformer med aktiv norsk deltaking.
9. Regjeringa legg opp til at den norske EUREKA-deltakinga innanfor IKT-området blir vidareført og om nødvendig styrkt.
10. Regjeringa vurderer jamleg deltaking i ulike handlingsprogram innanfor IKT-området i EU.
11. Regjeringa vil òg styrkje samarbeidet om IKT-forsking med land utanom Europa, mellom anna gjennom å utnytte dei nye bilaterale avtalane med USA og viktige asiatiske land.
Komiteen har merket seg at IKT-næringens organisasjoner, herunder SINTEF, Hydro, Telenor og Det Norske Veritas, har pekt på et betydelig behov for å øke utdanningen av forskere innen IKT. Komiteen har merket seg at Simula School of Research and Innovation at The University of Oslo (SSRI) har blitt opprettet. Komiteen er tilfreds med at Regjeringen synes å følge opp med støtte til SSRI.
Komiteen mener økt forskerutdanning er et helt sentralt element i å realisere ambisjonene for økt forskningsinnsats i norsk næringsliv. Komiteen har merket seg at SSRI, i tett samarbeid med UiO, vil utdanne doktorander med god tilknytning til næringslivet. Etter komiteens mening er dette en svært spennende modell som utvilsomt vil være ett av flere mulige tiltak som man med fordel kan videreutvikle for å styrke norsk IKT-forskning.
Komiteen vil videre understreke betydningen av at man sikrer rekruttering til IKT- og IKT-relevante fag. Til tross for positive effekter knyttet til realfagssatsingen som har preget utdannings- og forskningssystemet de senere år, er det viktig at man opprettholder et bredt fokus og trykk innenfor dette området.
Komiteen vil understreke betydningen av å bygge videre på tankegangen knyttet til etableringen av inkubatorer i tilknytning til universiteter og høyskoler for å styrke kommunikasjon og samarbeid mellom forskning og næringsliv. Dette er særlig relevant i forhold til satsing på IKT-relatert forskning.
Komiteen viser til den grundige gjennomgangen i meldingen som forteller at statlige bevilgninger til forskning og utvikling innenfor IKT har sakket akterut, til tross for at IKT allerede i 1999 ble utpekt som ett av fire prioriterte områder.
Komiteen er derfor enig med Regjeringen i at det er nødvendig å prioritere og å ha en mer offensiv satsing på IKT-forskningen i de generelle bevilgningene til FoU. Komiteen vil spesielt understreke behovet for økt grunnforskning innenfor IKT. Dette kan blant annet gi grobunn for ny industri og nye arbeidsplasser.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, er enig i at programmet Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT) er et sentralt virkemiddel som må styrkes. Flertallet er også enig i at FoU er et betydelig virkemiddel i nordområdestrategien og utviklingen av en helhetlig og bærekraftig forvaltning av området Lofoten-Barentshavet. Flertallet mener det er viktig at styrket IKT-forskning i nord- og polarområdene må ha som mål å styrke FoU-miljøene også i Nord-Norge. Flertallet vil også vise til betydningen av å satse på FoU innenfor intelligente transportsystemer (ITS). I tillegg til å fremme effektive transportløsninger vil satsing på ITS kunne bidra til reduserte klimautslipp og andre miljøforbedringer i transportsektoren.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil også peke på at Regjeringen i budsjettet for 2007 ikke har bevilget penger til en eneste ny stipendiatstilling. Regjeringen bryter dermed den vedtatte opptrappingsplan, noe som bidrar svært negativt i arbeidet med å styrke IKT-forskningen.