Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Frode Kielland Asmyhr, Øyvind Korsberg og Kåre Fostervold om tiltak for økt konkurranse i meierisektoren. Forslagsstillarane vil at Stortinget skal be Regjeringa nedsette eit uavhengig utval som kan komme med forslag til ei ny marknadsordning for mjølk, samt forslag til kompensasjon til dei aktørane i meierisektoren som har lidt tap på grunn av dagens regelverk. Dei foreslår vidare at Stortinget skal be Regjeringa ta ifrå TINE BA rolla som marknadsregulator og leggja dette til ein uavhengig aktør.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet,viser til at det er eit mål å leggja til rette for konkurranse innan foredling av mjølk til meierivarer, og at dette må sjåast i samanheng med den heilskaplege landbrukspolitikken.

Avkastning på kapital i foredlingsleddet er ikkje avgrensa av målprisen som er forhandla fram på råvarenivå sju år på rad frå 2000 til 2006. Fleirtalet viser til Budsjett-innst. S. nr. 8 (2006-2007) der eit fleirtal fastslo at auka konkurranse innafor mjølkesektoren "ikke var ment å skulle føre til lavere produsentpris". Fleirtalet la derfor til grunn at løysingar på konkurransesituasjonen i mjølkemarknaden må "sikre jordbruksavtalens målpris". Dette er å forstå slik at målprisen ikkje skal reduserast som følgje av tilrettelegging for like konkurransevilkår i foredlingsleddet.

Fleirtalet viser vidare til at prinsippa i prisutjamningsordninga om differensierte prisuttak på ulike meieriprodukt, for å bidra til å ta ut målpris gjennom eit administrert prisanslag frå marknadsregulator, har brei støtte, under føresetnad av at den verkar konkurransenøytral i foredlingsleddet.

Etter etableringa av Tine Råvare, som er administrativt og regnskapsmessig skilt frå Tine si foredlingsverksemd, skal alle aktørar kjøpe mjølk til same pris og på like vilkår.

Fleirtalet legg til grunn at marknadsreguleringa har som mål å sikre avsetnadsmuligheiter for mjølkeprodusentar over heile landet til stabile og like priser. Marknadsreguleringa har vidare som mål å sikra forsyninga av meierivarer i alle forbruksområde i landet og også her til om lag dei same prisane. I Noreg har det vore vanleg at jordbrukssamvirket har hatt oppgåva som marknadsregulator, som skal sikre at oppgåvene vert utført. Denne rolla heng òg saman med bestemmingar i omsetningslova og i jordbruksavtala der ansvaret for finansiering av marknadsreguleringa er pålagt jordbruket og produsentane sjølve. Det norske systemet er slik sett forskjellig frå dei fleste andre land, for eksempel i EU, der både oppgåver og finansiering i større grad er eit ansvar for det offentlege.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, vil òg peike på at reglane for mottaks- og forsyningsplikt, som er ein del av marknadsreguleringa og marknadsoppgåvene til Tine, er eit viktig ledd i å leggje til rette for konkurranse i foredlinga av meierivarer, og ein viktig del av landbrukspolitikken. Tine som marknadsregulator har plikt til å ta imot mjølk frå alle produsentar over heile landet, noko som særleg er sentralt for å nå dei distriktspolitiske måla som er sette i landbrukspolitikken.

Marknadsregulator er òg forplikta til å selje mjølk til konkurrerande selskap innan foredling av meierivarer. Ved ei anna foredling enn til konsummjølk, er denne forsyningsplikta uavkorta dersom selskapa sjølve har valt å ikkje skaffe seg eigne leverandørar av mjølk. Ved produksjon av konsummjølk er det eit krav at selskapet skal ha eigne leverandørar, samstundes som marknadsregulator òg på dette området har ei forholdsvis omfattande forsyningsplikt.

Dette fleirtalet meiner at det samla sett er riktig og nødvendig å vidareføre desse reglane om forsyningsplikt for marknadsregulator, som eit viktig grunnlag for den vidare konkurransen i foredling av meierivarer.

Samstundes kan eit tredje fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ikkje sjå bort ifrå at dette kan føre til både drifts- og kostnadsmessige ulemper for Tine si verksemd i nokre deler av landet, som dei ikkje vert kompensert for.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet,viser til at det under høyringa kom fram at ingen av høyringsinstansane støtta framlegget om at Tine ikkje lenger skal ha rolla som marknadsregulator. Fleirtalet viser til at tillit til dagens kontrollsystem er viktig for alle partar.

Fleirtalet legg til grunn at Tine si rolle som mark­nadsregulator vert vidareført.

Fleirtalet meiner at dagens system i Noreg legg like godt til rette for ei effektiv gjennomføring av nødvendige oppgåver som alternative modellar, slik dei er utforma i andre land. Fleirtalet viser her òg til Stortinget si behandling av St.meld. nr. 19 (1999-2000) om norsk landbruk og matproduksjon.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at kapitalselskap og samvirke er ulike selskapsformer der eigarar og medlemer har ulike mål for si deltaking. Medan hovudmålet for kapitalselskap er avkastning på investert kapital, har samvirke ei breiare medlemsnytte som målsetting. For mange mjølkebønder som er Tine-medlemer, er til dømes trygging for å kunne selja mjølk eit viktig mål. Dette fleirtalet viser i denne samanheng til dei prinsipielle vurderingar som er gjort rundt fordeler og ulemper med ulike selskapsformer i Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) Om lov om samvirkeføretak (samvirkelova).

Dette fleirtalet legg til grunn at den vidare utforminga og utviklinga av marknads- og prisutjamningsordninga for mjølk må ta omsyn til dei ulike selskapsformene sine mål, og at det ikkje kan vere aktuelt å nedfelle prinsipp som går på tvers av dette.

Når det gjeld spørsmålet om verdivurdering, viser dette fleirtalet til brevet frå statsråden til komiteen, dagsett 6. desember 2006 (lagt ved innstillinga).

Eit tredje fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, rår til at forslaget ikkje vert vedteke.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at Stortinget har slått fast at det skal legges til rette for like konkurransevilkår i meierisektoren. Disse medlemmer viser til at flere analyser og ekspertuttalelser om prisen på råvaren melk har påvist at det ikke er like konkurransevilkår, men tvert imot en grov og systematisk økonomisk forskjellsbehandling i disfavør av de uavhengige meieriaktørene. Dette fremgår både av ECON-rapport 2006-076 "Å sette pris på melk - om betydningen av kapitalkostnader i meierisektoren" og av en rapport utarbeidet av professor Trond Bjørnenak m.fl. "På like vilkår i meierisektoren - krav til Tines produktregnskap og vurdering av dagens etterregning".

Disse medlemmer viser til at Regjeringen og næringskomiteen er kjent med de faglige vurderinger og konklusjoner som foreligger når det gjelder mangelen på like konkurransevilkår. Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen la i forbindelse med presentasjonen av rapportene fra Econ og Bjørnenak-utvalget ut en pressemelding på departementets hjemmesider som slo fast at dette var kjent stoff. Disse medlemmer viser til at det innenfor dagens målsettinger for jordbrukspolitikken og dagens ordning med markedsregulering av melkeomsetningen er fullt mulig å oppnå konkurranse på like vilkår, og at flere tiltak raskt kan iverksettes dersom dette skulle være Regjeringens politikk. Disse medlemmer viser til at ansvaret for å kompensere for de feil som ligger i dagens system, ligger hos Regjeringen.

Disse medlemmer viser til at flere forhold må på plass for å oppnå like konkurransevilkår. Korrigeringer i markedsordningen er nødvendig. For å kunne beregne en riktig melkepris må kapitalspørsmålet i Tine løses. Det betyr at Tine BA, inkludert sidevirksomheter, må takseres for å kvantifisere den reelle kapitalen i selskapet. Det må videre stilles krav til et normalavkastningskrav på denne kapitalen. Det må også kontrolleres at Tines produktkalkyler dekker alle kostnader i foredlingsleddet, og stilles krav til hvordan disse skal fordeles på produktgrupper.

Disse medlemmer viser til at Tine både godtgjøres over omsetningsavgiften for oppgavene som markedsregulator og samtidig får en kompensasjon gjennom reduksjon av kapitalverdiene i reguleringskalkylene. Disse medlemmer mener denne dobbeltkompensasjonen må opphøre og at Tine får godtgjørelse for markedsregulering gjennom omsetningsavgiften alene.

Disse medlemmer mener det er oppsiktsvekkende at Regjeringen ikke iverksetter verdsettelse av Tine. Taksering ble varslet allerede i statsbudsjettet for 2006. I Dokument nr. 15 (2005-2006), Spørsmål nr. 436 fra stortingsrepresentant Torbjørn Hansen, datert 7. februar 2006, skriver landbruks- og matministeren at anbudet for arbeidet med taksering var planlagt sendt ut innen 1. april 2006, og at arbeidet med selve takseringen burde være realistisk å få ferdig til ca. 1. august 2006. Per starten av februar 2007 er takseringen fortsatt ikke iverksatt. Disse medlemmer viser til at verdsettelse er en virksomhet som utøves av mange miljøer både innenlands og internasjonalt, og til at Nærings- og handelsdepartementet jevnlig får slikt arbeid utført for selskaper staten er eier i. Treneringen av verdsettelse av Tine fremstår i dette perspektiv som en administrativ obstruksjon av en mulig forbedring av konkurransevilkårene i meierisektoren.

Disse medlemmer viser til at et reelt eierskille mellom Tine Råvare og Tine Industri vil være et bidrag til like konkurransevilkår. Et administrativt og regnskapsmessig skille er et skritt i riktig retning, men virksomhetene har fortsatt en identisk eierstruktur. Det medfører at fordeling av overskudd mellom Råvare og Industri er lite relevant for eierne. Disse medlemmer mener at regulator og industrivirksomheten bør skilles klarere fra hverandre, og fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen ta initiativ til å gjennomføre et eiermessig skille mellom Tine Råvare og Tine Industri. Skillet skal skje på en måte som ivaretar bøndenes eiendomsrett til verdiene i begge virksomheter."

Disse medlemmer viser til at etterkontrollen er et viktig element som må sikres for å gi aktørene like muligheter. Krav til hvilke kostnader som skal dekkes og fordelingen på de ulike produktgruppene må på plass for å kunne beregne en "riktig" melkepris. Produktspesifikk kalkyleoppfølging og etterkontroll vil være nødvendig for å sikre at Tine ikke overfører sin fortjenestemargin til råvaren eller til produkter med liten eller ingen konkurranse. Disse medlemmer viser til at etterkontrollen må følges av en etterregning som korrigerer for ulik melkepris.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til at det fortsatt er mange påstander om de faktiske forhold knyttet til gjennomføringen av Stortingets vedtak om konkurranse i meierisektoren, og fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge fram en ny vurdering av konkurranseforholdene i meierisektoren i Revidert nasjonalbudsjett for 2007, spesielt om hvorvidt det er nødvendig med forbedringer av rammevilkårene for private aktører for å sikre en reell mulighet til konkurranse."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til komiteens åpne høring i forbindelse med behandlingen av forslaget hvor det fremkom fra flere høringsinstanser at det er behov for endringer i regelverket for å sikre lik konkurranse for alle aktører i meierisektoren. Disse medlemmer viser til den betydelige støyen som har vært helt siden Stortinget vedtok at det skal være konkurranse i meierisektoren, og spesielt den støyen som var i 2006 rundt de rammevilkår som den ikke-samvirkebaserte industrien har å forholde seg til. Disse medlemmer merket seg at representanter for Synnøve Finden tydelig ga uttrykk for at støyen rundt rammevilkårene vil fortsette dersom man nå ikke finner en løsning som alle parter kan godta. Dette viser at det er behov for justeringer av regelverket, slik at alle aktører i næringen kan føle seg likebehandlet. Stortinget har et betydelig ansvar for å rydde opp i dette, da Tine i altfor mange år har drevet under monopollignende forhold. Etter disse medlemmers oppfatning er det statlige myndigheters oppgave å sikre at det er tilstrekkelig konkurranse i alle sektorer, noe man har unnlatt å følge opp på meierisektoren gjennom mange år. Dette er et statlig ansvar, og Tine kan ikke klandres for statens unnfallenhet. Disse medlemmer mener det derfor blir spesielt når statsråden i brev til komiteen av 6. desember 2006 (vedlagt) hevder at det nå blir opp til Konkurransetilsynet å følge opp at det er konkurranse i meierisektoren. Statsråden glemmer tydeligvis at den nåværende regjeringen har fratatt Konkurransetilsynet all gjennomslagskraft og troverdighet i landbrukssektoren ved å gripe inn i nesten samtlige konkurransesaker som har vært på dette området i den korte tiden Regjeringen har sittet. Disse medlemmer erkjenner at verken det politiske flertallet på Stortinget eller den sittende regjeringen har noen vilje til å rydde opp i den anspente situasjonen i meierisektoren.

Disse medlemmer erkjenner at tiden ikke er moden til å kunne få flertall for å frata Tine markedsregulatorordningen, selv om det er uryddig at en aktør i markedet har en slik rolle. Disse medlemmer ser at Fremskrittspartiet nok en gang er tidlig ute med et forslag som om noen år vil være vedtatt politikk. Disse medlemmer viser til at Tine under høringen uttalte at det er en utfordring for selskapet at rollen skaper et ekstra fokus på Tine og at støyen ikke er heldig for selskapet. Dersom Tines konkurrenter fortsetter med å ta markedsandeler i meierimarkedet, vil det på sikt bli vanskelig for Tine å opptre som markedsregulator.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å iverksette taksering av Tine snarest."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å tilføre Q-Meieriene den lovede omstillingsstøtten."

"Stortinget ber Regjeringen om å nedsette et uavhengig utvalg som kan komme med forslag til en ny markedsordning for melk, samt forslag til kompensasjon til de aktører i meierisektoren som har lidt tap på grunn av dagens regelverk."

"Stortinget ber Regjeringen om å frata Tine rollen som markedsregulator og legge dette til en uavhengig aktør."

Komiteens medlemmer fra Høyre viser også til forslag fremmet i Budsjett-innst. S. I (2006-2007) av Høyre om å gi Q-meieriene 9,5 mill. kroner i omstillingsstøtte.

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti syner til at spørsmålet om kor stor del av mjølkeprisen til bonden som er kapitalavkastning for innskot i Landbrukssamvirket, er svært viktig å få avklara. Denne medlemen legg til grunn at departementet legg fram resultatet av takseringa av Tine så snart denne ligg føre, og konkluderer på bakgrunn av denne om mjølkeprisen er sett for høgt eller ikkje for levering av mjølk til dei uavhengige aktørane i meierisektoren.

Denne medlemen meiner at verken landbruksnæringa, landbrukssamvirket eller dei uavhengige aktørane er tent med ein lang og vedvarande diskusjon om rammevilkåra i meierisektoren opnar for rettvis konkurranse, gitt dei overordna måla som er satt for norsk landbrukspolitikk. Difor vil denne medlemen gå imot at eit nytt utval skal gå gjennom heile marknadsordninga på nytt, så få år etter at gjeldande marknadsordning vart etablert med brei semje i Stortinget.

Denne medlemen viser òg til framlegget frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2006-2007) med fylgjande ordlyd:

"Stortinget ber Regjeringa leggja fram ei ny vurdering av konkurranseforholda i meierisektoren i Revidert Nasjonalbudsjett 2007, spesielt om det er naudsynt med forbetringar av rammevilkåra for private aktørar for å sikra eit reelt høve til konkurranse. Det må takast utgangspunkt i at dei overordna måla for landbrukspolitikken står fast, og at landbrukssamvirket må ha ei rolle som dominerande aktør i marknaden for å sikra desse måla."

Komiteens medlem fra Venstre konstaterer at det gjennom de siste årene har oppstått reell konkurranse på alle viktige meieriprodukter. I så måte er konkurransesituasjonen vesentlig bedre enn den har vært. Ikke minst har etableringen av Q-meieriene bidratt til nødvendig og viktig konkurranse innenfor konsummelkområdet og også bidratt til at (noen) melkebønder har konkurrerende mottakere av melk.

Det er imidlertid ikke til å unngå at det tar tid å et­ablere konkurranse innenfor et område hvor det har vært monopol i mange, mange år og hvor monopolisten (i dette tilfellet Tine) har hatt betydelige fordeler av å bygge seg opp i en situasjon uten konkurranse. Dette medlem mener derfor at det både er nødvendig og riktig at det i en overgangsperiode gis økonomiske fordeler til de aktørene som gjør jobben med å etablere konkurranse, ikke minst gjelder dette for Q-meieriene.

Dette medlem stiller seg derfor svært undrende til Regjeringens håndtering av forespørselen fra Q-meieriene om omstillingsstøtte til Gausdalsmeieriet gjennom våren og sommeren 2006, hvor søknaden til slutt (26. oktober 2006) ble oversendt fra Landbruks- og matdepartementet til Innovasjon Norge samtidig som Regjeringen måtte vite at Innovasjon Norge ikke har anledning til å gi slik støtte uten spesielle føringer. Dette ble også bekreftet i brev til Lars Sponheim fra departementet, datert 20. november 2006, hvor landbruksministeren bl.a. skriver:

"Det tilkommer Innovasjon Norge å foreta en nærmere vurdering om og eventuelt i hvilken utstrekning søknaden kan imøtekommes. Jeg har ikke gitt Innovasjon Norge noen føringer for saksbehandlingen utover det å vise til fastsatte regler og retningslinjer som gjelder for alle bedrifter som søker om støtte."

Dette medlem er av den oppfatning at det pr. i dag bare er Tine som på en effektiv måte er i stand til å være markedsregulator innenfor dagens markedsreguleringssystem. Det er ikke en oppgave staten eller en uavhengig aktør har kapasitet eller mulighet til å gjennomføre på en like effektiv måte. Det er også etter dette medlems syn grunn til å tro at det som tidligere kunne antas å være en fordel for Tine, ikke lenger er det, jf. at Tine selv flere ganger uttrykte ønske om å fratre rollen som markedsregulator høsten 2003 i forbindelse med arbeidet med endringer i markedsordningen for melk.

Det største problemet innenfor dagens markedsreguleringssystem er etter dette medlems syn at vi har en markedsordning for melk som er svært komplisert, og som ingen av aktørene har tillit til. Regjeringen må derfor foreta en fortløpende vurdering av ordningen og foreslå endringer som gjør at ordningen er bærekraftig og inngir den nødvendige tillit.