Tilråding frå komiteen
Komiteen si tilråding vert fremma av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget samtykker i at Tromsø Veg AS får løyve til å utvide innkrevjinga av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø kommune til å delfinansiere utvidinga av Tromsøpakke 2 frå fire til åtte år i samsvar med vilkåra som er gitt i St.prp. nr. 33 (2006-2007) og Innst. S. nr. 117 (2006-2007).
II
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med Tromsø Veg AS og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.