Samandrag
Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om å utvide ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø. Framlegget inneber at dagens innkrevjingsordning blir utvida med fire år fram til 31. juli 2012.
Dagens innkrevjingsordning starta opp 1. august 2004 og gjeld i fire år fram til 31. juli 2008, jf. St.prp. nr. 62 (2003-2004), Innst. S. nr. 222 (2003-2004), og St.prp. nr. 1 (2004-2005). Dei viktigaste prosjekta i den vedtekne ordninga er utbetring av Langnestunnelen og bygging av gang- og sykkelveg over Sandnessundbrua. I tillegg er det lagt opp til ei satsing på andre gang- og sykkelvegtiltak, trafikktryggleikstiltak, miljøtiltak og kollektivtrafikktiltak.
Bakgrunnen for framlegget om å utvide den gjeldande ordning er at eitt av dei store prosjekta i pakka, Langnestunnelen, er blitt dyrare enn føresett. Dermed blei satsinga på andre tiltak i pakka svekka. I tillegg ønskjer Tromsø kommune å endre profilen i Tromsøpakke 2 slik at det blir ei reell satsing på tiltak for å betre miljø og trafikktryggleik. Tromsø kommune har derfor søkt om å forlenge innkrevjingsperioden frå fire til åtte år for å sikre eit finansieringsgrunnlag for dei høgast prioriterte prosjekta i Tromsøpakke 2.
Finansieringsopplegget tek utgangspunkt i det opphavelege forslaget for åtte år. I tillegg er det lagt til grunn auka inntekter frå drivstoffavgifta og overførte midlar frå Tromsøpakke 1.
Stortinget gav i 1990 tilslutning til å krevje inn avgift på omsetnad av drivstoff til motorkøyretøy for å delfinansiere hovudvegutvegbygginga i Tromsø (Tromsøpakke 1), jf. St.prp. nr. 7 (1989-90), St.prp. nr. 69 (1989-90) og Innst. S. nr. 116 (1989-90). Innkrevjinga skulle avsluttast i 2001, men blei seinare forlenga ut 2003, jf. St.prp. nr. 1 (1995-96).
Ved slutten av innkrevjingsperioden tok Tromsø kommune initiativ til å forlenge ordninga for å finansiere ei rekkje andre tiltak (omtala som Tromsøpakke 2). I tillegg til vegtiltak var det også ønske om ei sterk satsing på utbygging av gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikktiltak og tiltak for å betre miljø og trafikktryggleik. Det blei lagt opp til at innkrevjingsperioden for Tromsøpakke 2 skulle vere 8 år.
Ved handsaminga av saka i departementet blei både den føreslåtte innkrevjingstida og den ønskte økonomiske ramma halvert. Til grunn for ei slik vurdering låg det at den lokale drivstoffavgifta var ei prøveordning, og at ordninga ikkje måtte oppfattast som ei ny kommunal avgift for å løyse ordinære oppgåver på vegnettet.
Tromsø kommune ønskjer no å utvide Tromsø-pakke 2 til 8 år for å sikre eit finansieringsgrunnlag for dei høgast prioriterte prosjekta i pakka.
Tromsø kommune og Troms fylkeskommune har i samarbeid med Statens vegvesen utarbeidd forslag til ei utvida Tromsøpakke 2. Den lokale behandlinga er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.
Det er lagt til grunn at finansieringstilskottet blir vidareført på dagens nivå, dvs. 80 øre per liter drivstoff i 2006-prisnivå. Finansieringstilskottet kan indeksregulerast kvart år etter same praksis som for Tromsøpakke 1.
Ei utvida Tromsøpakke 2 er som tidlegare føresett finansiert av statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar, i tillegg til det lokale finansieringstilskottet på omsetnad av drivstoff. I prinsippet er det slik at dei ulike forvaltningsnivåa finansierer tiltak innanfor sitt eige ansvarsområde.
Samferdselsdepartementet vil understreke at finansieringa av ei utvida Tromsøpakke 2 skal vere i samsvar med dei prinsippa som ligg til grunn for ordinære bompengepakkar. Dette inneber at forvaltningsnivåa skal finansiere tiltak innanfor sine eigne ansvarsområde, og at drivstoffavgifta berre kan finansiere tiltak som det er heimel for i veglova § 27a.
Tabell 5.1 i proposisjonen viser forslag til revidert finansieringsplan for ei utvida Tromsøpakke 2 og tabell 5.2 utvida i finansieringsplan.
I tråd med gjeldande praksis er det lagt til grunn at meirverdiavgifta blir refundert gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Denne løyvinga er stipulert til å utgjere 4 mill. kroner per år.
Rekneskapstala frå Tromsø Veg AS viser at nettoinntekta frå drivstoffavgifta er høgare enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 62 (2003-2004). Derfor er netto inntekt frå drivstoffavgifta oppjustert frå 16 mill. kroner til 18 mill. kroner per år.
Tromsø Veg AS har overført 7 mill. kroner frå Tromsøpakke 1 som er brukt til tiltak i Tromsøpakke 2.
For å sikre rasjonell framdrift av prosjekta, uavhengig av takten i offentlege løyvingar og inntekter av drivstoffavgifta, er det lagt opp til Tromsø Veg AS får løyve til å ta opp lån på inntil 50 mill. kroner. Samla kapitalkostnad vil venteleg ikkje overstige 15 mill. kroner og skal dekkast av midlar frå drivstoffavgifta.
Når det gjeld kommunale og fylkeskommunale tilskott til pakka, er det lagt til grunn at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune følgjer opp eigne vedtak om finansiering av ei utvida Tromsøpakke 2.
I det opplegget ein no er samd om lokalt, vil midlar frå finansieringstilskottet i all hovudsak gå til å gjere ferdig utbetringa av Langnestunnelen og til bygging av eit hovudvegnett for sykkel. I tillegg kan midlar frå drivstoffavgifta brukast til å finansiere andre tiltak som inngår i eit hovudvegnett for bil, sykkel, eller kollektivtransport i Tromsø. Midlane frå Troms fylkeskommune går til å finansiere kollektivtrafikktiltak, og midlane frå Tromsø kommune går i hovudsak til å finansiere miljø- og trafikktryggingstiltak.
Prioritering av tiltaka i ei utvida Tromsøpakke 2 må tilpassast plansituasjon og dei årlege løyvingane av riksvegmidlar i statsbudsjettet.
Departementet legg til grunn at avtalen med Tromsø Veg AS om innkrevjing av finansieringstilskottet blir vidareført. Selskapet er eigd av Tromsø kommune (2/3 av aksjane) og Troms fylkeskommune (1/3 av aksjane).
Føresetnaden om at Langnestunnelen blir omklassifisert til riksveg, og at Statens vegvesen overtar tunnelen utan vederlag når den er rusta opp til tilfredsstillande standard, står ved lag.